Det var fælt å vere bortreist på jobbreise medan bøkene låg og venta på postkontoret. Men no har eg endeleg fått henta pakken, pakka den varsamt opp, og satt bøkene pent på plass i bokhylla. Herlig.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg hadde også denne boka som reiselektyre no i veka. Denne vesle flisa av ei bok er eit godt val, både med tanke på innhald og vekt. (For nokre veker sidan hadde eg med Middlemarch på tur - 1,4 kg og 900 sider, den tok litt for mykje plass i reiseveska)

Manglar framleis 30 sider på å lese den ferdig, men det skal det nok bli ei råd med før veka er omme.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eliot er ganske frisk i innleiinga av kapittel 74 når ho skildrar småbymentaliteten:

"Å være åpenhjertig betydde i Middlemarch det samme som at man benyttet enhver anledning til å la sine venner vite at man hverken satte pris på deres evner, deres oppførsel eller deres holdninger i sin alminnelighet"

og straks etterpå

"Så var det sannhetskjærligheten - et ord som kan innebære så mangt, men i denne sammenhengen betydde det en energisk motvilje mot at en hustru skulle se lykkeligere ut enn hennes manns karakter ga henne rett til"

og til slutt i avsnittet

"I det store og hele kunne man si at brennende nestekjærlighet virket til at en dydig sjel gjorde et medmenneske ulykkelig til hennes eget beste"

Eg får sterke assosiasjonar til jantelova av å lese dette. Tek Eliot eit oppgjer med byen ho vaks opp i her, på same måte som Sandemose truleg gjorde med sitt eige oppvekstmiljø når han formulerte jantelova?

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Å være åpenhjertig betydde i Middlemarch det samme som at man benyttet enhver anledning til å la sine venner vite at man hverken satte pris på deres evner, deres oppførsel eller deres holdninger i sin alminnelighet

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Komplimentet er tatt. Eg skal innrømme at slik som OL-sendinga utvikla seg i går så vart det meir interessant å skrive inn bokprisar i reikneark enn å følge med på bortsmurte medaljehåp.

Ang jobb så har eg teknisk utdanning, og ei stilling som er i tråd med dette. Men eg trur nok eg hadde hatt moro av å tumle med tal uansett kva slags utdanning eller jobb eg hadde hatt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg bøyer meg i støvet

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er fleire, meg sjølv inkludert, som har kommentert at prisnivået på salget ikkje er imponerende lavt. Det er sjølvsagt stor spreiing frå bok til bok, og det vil også vere slik at det nokon vil oppfatte som eit godt tilbod vil andre oppfatte som overprising i mammut-samanheng.

For å få talfesta kor bra salet eigentleg er, eller ikkje er, har eg reikna ut rabatten for kvar enkelt av dei 803 bøkene i katalogen (Jaudå, eg er nok ein nerd). Rabatten spriker frå 25% til 88%, og gjennomsnittleg rabatt for alle dei 803 bøkene er ganske nøyaktig 60%.

Eg har stilt opp eit stolpediagram som viser korleis bøkene fordeler seg på dei ulike gradene av rabattar.

skriv bildebeskrivelse her

Desse rabattane er beregna ut frå ein veiledende pris. Eg har ikkje gått etter korleis denne veiledende prisen er reikna ut, men eg meiner det er ganske strenge reglar for dette og eg gjeng ut frå at dei prisane som er opppgitt er i henhold til dette. Likevel er det ikkje særleg vanskeleg å finne ordinær-prisa bøker til lavare pris enn veiledende det året boka blir gitt ut. Eg meiner ein må sjå mammut-rabatten i forhold til lavaste ordinær-pris, ikkje veiledende pris, for å få eit fullgodt bilete av kor godt mammut-tilbodet eigengleg er.

Det er ei bortimot umogleg oppgåve for meg å finne fram til lavaste ordinær-pris på desse 803 bøkene. Derfor har eg gjort den enkle antagelsen at alle bøker som der dyrare enn 150 kroner er mogleg å få kjøpt 50 kroner billigare enn veiledende pris dersom ein leiter etter det beste tilbodet i nettbutikkar. (her overestimerer eg nok rabatten for billige bøker, eg vil tru eg treff ganske bra for bøker i prisområdet 300-500 kroner, og underestimerer sikkert for dyrare bøker). For bøker med veil. pris på 150 kroner eller lavare har eg sett bort ifrå ein slik prisjustering.

Då finn eg at den reelle rabatten spriker frå 0% til 86%, og at gjennomsnittleg rabatt er på knapt 53%. Stolpediagram for denne reikneøvinga er gjengitt nedanfor.

skriv bildebeskrivelse her

Når då den reelle Mammut rabatten er i gjennomsnitt på rundt halv pris av fullpris, meiner eg det er grunn for bokhandler- og forleggar-foreninga å vurdere om ikkje prisane må senkast noko meir til neste år dersom Mammut-salet skal framstå som den fremste sjansen til å gjere eit bokkupp i løpet av året.

Godt sagt! (25) Varsle Svar

Helga kjem nok godt på glid
Med Sotsji-gull i TV-stolen
Fiasko? Eg er like blid
For Gullkorn-jakt treng også tid
Med Middlemarch i bokreolen

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Dette er andre gangen på kort tid at eg les noko om denne boka, og eg har blitt nyfiken på den. Vil du seie at den sjangermessig fell utanfor krim/spenning?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du er ikkje aleine om ikkje å vere ferdig. Har hatt ein treg start på siste leseperioda, og har kome berre til kapittel 64, det andre kapittelet i bok VII. Men det er framleis ei veke att i følge planen, og eg reiknar med å vere i mål den 20.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har den ulest i hylla. Gleder meg veldig.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så flink du er, og fleire med deg, til å sjå bakom fasaden til litterære personar og finne forsonande omstende for usympatiske karaktertrekk. Eg ser at eg må gå litt i meg sjølv og tenke over korleis eg vurderer andre menneske, for eg trur nok at måten eg vurderer litterære figurar på også seier noko om korleis eg vurderer verkelege menneske.

Rosamond har eg oppfatta som ein bortskjemd bimbo og ho er i ferd med å bli ganske irrierende i mine auge, men du evner å sjå situasjonen frå hennar ståstad. På same måte var det i felleslesinga av "Om mus og menn", der eg ikkje såg på Curly sin kone som noko anna enn ei tankelaus tøyte (jaudå, eg spissformulerer) medan du og fleire med deg såg bakom desse karaktertrekka. Bravo.

Det er ikkje sikkert eg blir eit betre menneske av å reflektere litt over dette, men det skadar uansett ikkje.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Daniel kunde ikkje annat enn enn finna det staut, at ei so fin Dame heldt Lag med han; men det hadde voret væl så gildt, dersom ho hadde voret fagrare.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Beklager hvis eg tipser om noko du alt veit, men eg tek sjansen likevel:

Dersom ein gjeng til menyen "Finn bøker", og vel "Omtalte steder" frå nedtrekksmenyen får ein ei liste over byar, land og regionar som er registrert omtalt i bøkene her inne. Ved å klikke på "Vietnam" får eg denne lista, som i alle fall ved første augekast ser ut til å innehalde meir enn berre Vietnamkrig-bøker.

Eg håper du får meir konkrete boktips enn dette, og at dette innlegget kan vere til nytte i tilfelle du ikkje får annan respons.

God tur!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var ikkje so poetisk aa svelta som Daniel hadde tenkt.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Er ganske sikkert at du har rett. Eg meiner i alle fall å hugse at eg fekk bøkene på første Mammut-dag i fjor.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Haugenbok her også. Er småskuffa over pris og utval, men let meg likevel lokke til å handle nokre bøker. Og så lenge folk let seg lokke så gjeng nok ikkje prisane ned. Dermed er det min eigen feil.

Men uansett, dette har eg bestilt:
- Rolf og Alexandra Becker: Dickie Dick Dickens, kr. 149,-
- Rudyard Kipling: Jungelboken, kr. 129,-
- Rudyard Kipling: Den andre jungelboken, kr. 129,-
- Monica Kristensen: Kings Bay-saken, kr. 149,-
- Yann Martel: Historien om Pi, kr. 99,-
- Kristopher Schau: På vegne av venner, kr. 79,-

Og sidan eg først var innom nettsidene så plukka eg også med meg desse bøkene til redusert pris, men som ikkje var med på Mammut-salget:
- Helene Guåker: Pølsefabrikken, kr. 49,-
- Aino Kallas: Gjennom eld og vatn, kr. 99,-

Med litt tålmod kunne eg nok funne mange av desse enno billigare innan eg kjem så langt at eg får lest dei. Men på den andre sida er det ein handfull Mammut-bøker der eg gjer nettopp dette, drøyer litt for å sjå om eg ikkje finn betre tilbod dei nærmaste månadane.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var nok først og fremst motivert av ynskjet om å få ei bra historie å fortelje ved seinare høve, som t.d. no.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg saksar ein anekdote eg la inn i forkant av ei bokomtale eg skreiv om boka "Porra" for drygt eit år sidan:

"Porra" tyder sperm på portugisisk, men i dagligtale blir det bruka omlag som "drit" på norsk, som i "eg forstår ikkje ein drit". Derfor klarte eg ikkje å halde meg frå å lage litt moro ut av tittelen då eg hadde bestemt meg for å kjøpe boka i Brasil. Scena er ein respektabel bokhandel, med ei vakker, ung og velkledd eksepeditrise som kjem meg smilande i møte og lurer på om ho kan hjelpe med noko,
- Sel de drit ("porra") her, spør eg
Smilet blir ein anelse usikkert, og ho spør om eg kan gjenta
- Eg er på utkik etter drit, og eg tenkte de kanskje hadde det her
Dama ser seg rådvill rundt, og ein mannleg kollega som anar at ein vanskeleg situasjon er i emning kjem diskret til unnsetning
- Hei, kanskje du kan hjelpe, eg vil kjøpe drit
Mannen fekk ein lett raudfarge i kinna og trekte pusten djupt. Eg var egentlig klar for å dra spøken eit lite hakk lenger, men svogeren min som var med på handleturen meinte det var nok og før ekspeditøren rakk å seie noko skaut han inn:
- Han er på jakt etter boka med tittelen "drit"
Det var ein ubetaleleg augneblink, nesten verdig ei MasterCard-reklame, då ansiktsuttrykka til dei to ekspeditørane skifta frå indignasjon via overrasking og deretter lettelse som tilslutt enda i ein gapskratt. Herlig.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Ut og stjæle hester er ei forteljing om det å bli voksen, og om det å bli gamal. Forteljarstilen er lavmælt, og vekslar i hovudsak mellom forteljaren sine opplevingar som 15-åring på sommerferie i ei lita bygd nær grensa til Sverige i 1948, og forteljaren sine refleksjonar over daglege gjeremål og livet generelt i ei anna bygd han har flytta til som pensjonist.

1948-delen av forteljinga minner meg på mange måter om Knut Faldbakken sin Insektsommer. Ein ung bygut på bygde-ferie, opplevinga av nærleik til naturen, gryande seksualitet, vaklande venskap med ein jevnaldrande gut, konkurranse med ein vaksen familiemedlem om ei dame, og dramatiske hendingar som skiplar om på livet til dei involverte. No er det mange år sidan eg las Insektsommer, men eg opplever Petterson sin forteljing som enno litt meir dyster og lagnadstung.

Forholdet til faren er sentralt i forteljinga. Gjennom heile forteljinga uttrykker hovudpersonen ei nærmast grenselaus beundring for, og eit sårt sakn etter faren. Dette er i skrikande kontrast til den plassen forteljaren sjølv gir til sine eigne barn i livet sitt. Hovudpersonen reflekterer over mangt og mykje undervegs i boka, men ikkje ein einaste gang held han sine eigne ynskje om nærleik til faren opp mot den nærleiken han sjølv som far gir eller ikkje gir til sine eigne barn. Denne kontrasten er så underfortalt i boka at det ikkje er opplagt for meg at Petterson har meint at det var eit sentralt poeng i historia. Men for meg vart dette eit av dei sterkaste inntrykka etter at boka var ferdiglest.

I andre bokomtaler og diskusjonstrådar har enkelte holdt fram slutten av boka som litt skuffende. Eg kan til ein viss grad vere samd, eg opplevde slutten som ei avsporing frå resten av boka. Men samstundes så markerer den ein overgang frå ein fase av livet til ein annan, og slik sett så passa den godt. Og det ligg trass alt ein del livsvisdom i den siste setninga i boka.

Eg har ikkje lest noko av Petterson før, men denne boka gav meirsmak. Jeg nekter stend ulest i bokhylla, og forventningane til denne steig nok eit par hakk etter å ha lest Ut og stjæle hester.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Astrid Terese Bjorland SkjeggerudCecilie69Ingunn STone SundlandTerje MathisenAmanda ANorahKirsten LundrubbelTonje-Elisabeth StørkersenAkima MontgomeryKikkan HaugenChristofferritaolineTore OlsenPer LundOleEster STove Obrestad WøienAurora WeberBjørg L.Hilde Merete GjessingRisRosOgKlagingLinda NyrudSigrid Blytt TøsdalMona AarebrotToveTanteMamieAnniken RøilEllen E. MartolBård StøreEivind  VaksvikReadninggirl30HegeRonnyJohn LarsenMarteAnne ÅmoEli HagelundBente L.