Artig artikkel. Eg gliste godt av dette:
The following day, she records, she and George went to the Museum, where Dr Rolleston (professor of anatomy and physiology) “dissected a brain for me”.
Det virker som om det var meir futt over samværet mellom akademikarar før i tida.
Boka er stor og tung ja, i alle fall Verdensbibliotek-utgåva. Eg drog den med meg på jobbreise søndag-torsdag denne veka, og det vart trangt i reiseveska, gitt. Heldigvis blei det ikkje merkbare skader på boka, berre litt ekstra slitasje på kantane av smussomslaget. Men målet mitt no er å lese meg såpass langt fram at boka kan ligge att heime til neste jobbreise. Så kan eg heller ta med meg ei lettare bok på tur.
Du er jammen bra snill.
Er Den siste revejakta og Sorgenfri framleis tilgjengelege?
I staden for å gi seg ut på fyll og ville fester
Så blir det heller innekos med Ut og stjæle hester
Og innimellom vekslar eg med samlesings-lektyre
Så Middlemarch gjeng framover slik leseplanen styrer
Eg trur det blir klart etter omlag midt i bok V kva tittelen siktar til.
Ang. sitatteksta i starten av kapittel 43; det er eit sikkert teikn på at ein les ei krevande bok når til og med notane har notar.
Eg tenkte først at dersom "march'en" skulle vise til eit grenseområdet måtte det vere mellom England og Wales, sidan eg har lest ein stad at Eliot muligens tok utgangspunkt i Coventry som modell for den fiktive byen Middlemarch, og Coventry ligg nærmare Wales enn Skottland.
Men etter kvart har det dukka opp referanser til byar lenger nord i landet; York, Liverpool og Manchester. Sjølv om det framleis er eit godt stykke att til skotske-grensa kan det likevel tyde på at dersom "march" er meint å leie lesaren inn på å tenke på eit slikt grenseområde så er det denne grensa det er sikta til.
Kanskje. Eller kanskje er det berre tøv.
Ein annan bokelskar, Stine, hadde ein liknande førespurnad for nokre månadar sidan, og fekk mange gode tips. Diskusjonstråden for denne er her.
Det endte med at ho laga ei "Bli belest"-liste, som eg tykte var svært god. Lista er å finne eit lite stykke nede i diskusjonstården. Håper nokre av desse kan passe for deg også.
... det er visst fryktelig vanskelig å være lærd; det virker som om slike mennesker sliter seg ut mens de strever med å tenke dypt og aldri får noen glede av tankene sine fordi de blir altfor trette.
Scenene i forkant av, samt sjølve opplesinga av testamentet, var eit høgdepunkt hittil i boka.
Eg registrerer med ei blanding av undring og begeistring at denne boka ligg høgt oppe på lista over bøker som lesast no, pr i dag på ein 8. plass. Eg har ikkje skaffa meg boka enno, men tenkte at den hadde mest karakter av eit oppslagsverk. Men sidan det er så mange som hakar av for at dei les den, tolkar eg det som at den er fullverdig lesestoff i seg sjølv.
Det er omlag 3,5 veke att av den stipulerte lesetida for Middlemarch, og eg gjeng ut frå at nominering av og stemming over neste bok startar om 1-2 veker frå no. Eg meiner rulleringsskjemaet du har satt opp er glimrende, og at neste bok bør bli norsk (nordisk) samtidslitteratur. Men innan den tid er det vel to ting som må avklarast:
1 - skal det vere norsk eller nordisk bok?
2 - kvar skal ein setje grensa (årstal) for kva som er samtidslitteratur?
Nesbø skriv godt. Han har særleg eit godt grep om miljøskildringar, og å dra lesaren inn i dei ulike scenene i boka. I denne boka har han i tillegg gjort utstrakt bruk av eit virkemiddel ved sceneskifte, der eit element i avslutninga i førre scene gjeng att i starten av neste scene. For eksempel at ei scene sluttar med at person A ringer på døra til person B, og neste scene startar med at ein person C åpner døra for person D ein heilt annan stad.
Oppbygginga av plottet er brukbart. Det er tydeleg at Nesbø gjer eit anstendig stykke med forundersøkingar til bøkene sine. Skildringar så vel frå Vukovar og Zagreb i Kroatia som frå Frelsesarmeen sitt indre liv virker truverdige. Men som i fleire av dei andre Harry Hole-bøkene eg har lest tykkjer eg starten på boka er betre enn slutten.
Dette er den fjerde Hole-boka eg les, og eg har etter kvart begynt å setje pris på referansene til hendingar, stadar og personar frå dei tidlegare bøkene. Det ender nok med at eg les heile serien, sidan eg no har ei oppfatning av at serien som heilskap er betre enn summen av dei enkelte bøkene.
På side 291 (ca 2/3 ute i kapittel 29:
"Forakt og sinne avholdt henne fra å lese brevene, slik vi gjerne slenger fra oss søppellitteratur vi tror andre har oss mistenkt for å like"
Der har vært fleire hint tidlegare i boka, men dette er vel det tydelegaste hittil på at Eliot hadde klare meiningar om kva som var god eller dårleg litteratur.
Stress og jag og jobb og mas
Er satt på vent for denne gang
Helga blir ein lystseilas
Med Middlemarch’en dagen lang
Eg har lurt litt på kvifor ho valde navnet "Middlemarch" på den fiktive byen, og om ho ville at lesaren skal assosiere noko spesielt ved navnet.
"March" som i marsjering, er det eit halvgått løp? Er samfunnet Middlemarch berre halvvegs utvikla?
"March" som i månaden mars, er det eit hint om vår? Gryande utvikling av den provinsielle byen?
Så oppdaga eg då eg slo opp i leksikon (Webster's) at "march" har ei tyding eg ikkje var klar over: "a tract of land along a border of a country; frontier", og meir spesifikt "the border districts between England and Scotland, or England and Wales". Dermed er det kanskje berre rett og slett ein geografisk referanse, og at lesaren skal forstå at den fiktive byen ligg i området rundt grensa mellom England og Wales.
"Pass på Harry. Drikking gjør deg ikke bare irritabel, men irriterende. Jeg har ikke kommet her for å ta fra deg verken selvrespekten, ballene eller ølet. Men problemet dit akkurat nå er at alle de tre tingene befinner seg oppi det glasset."
"Du har evig rett," sa Harry og løftet glasset. "Og det er derfor jeg må skynde meg å drikke det."
Psykolog Ståle Aunes kontor lå i den delen av Sporveisgata som ikke har noen sporvei, men derimot en interessant blanding av gangarter på sine fortau. Den selvsikre, spretne gangen til de kroppsdyrkende husmødrene på treningssenteret SATS, den forsiktige gangen til førerhundeierne fra Blindeforbundets hus og den uforsiktige gangen til det slitne, men uforferdete klientellet fra hospitset for rusmisbrukere.
Eg spekulerer også på mange av mottositata. Enkelte forstår eg kva dei hintar til, men for dei fleste er det heller uklart for meg.
Kanskje det er ein IQ-test frå Eliot sin side? "Forstår de ikkje dette, får de ikkje fullt utbytte av boka mi" ...
For min eigen del passar tidsroma du har satt opp veldig bra. Sjølv i travle perioder greier eg å henge med, og i rolige perioder les eg ei anna bok i tillegg. Og nett no så er eg glad for at leseplanen ikkje er strammare enn den er.