Harriet Beecher Stowe gav ut denne boka i 1852, nokre år før slaveriet var avvikla i Sørstatane i USA, og boka blir reikna for å ha vært viktig i å påskunde denne avviklinga. Det gjeng også ei anekdote om at Abraham Lincoln skal ha møtt Stowe ved starten av den amerikanske borgarkrigen, og ha helsa henne med orda «så, dette er den vesle dama som starta denne store krigen».

Boka fortel historia til eit knippe personar. Hovudpersonen er Onkel Tom, ein middelaldrande, klok og from slave som grunna eigaren sin pengemangel blir seld av eigaren sin i Kentucky og send sørover til ein slavemarknad i New Orleans. Ein får inngåande kjennskap til mange slave- og slaveeigarskjebner undervegs, både frå Kentucky og frå Louisiana. Nokre slavar rømer og klarer seg, andre gjeng det mindre bra med.

Forfattaren legg ikkje fingrane imellom når ho malar ut dei umennesklege sidene ved slaveriet, eksemplifisert ved enkeltmenneska sine skjebner. Heltane i historia er umåteleg edle og tålmodige, og sjølv under dei største prøvingane gir dei aldri opp trua på Gud. Slik sett kan ein kanskje påstå at mange av personane i boka er eindimensjonale karikaturar med lita truverdigheit. Enkelte av rollefigurane framstår også som stereotype framstillingar av dumme og enkle negrar, noko Stowe sin bok har fått mykje kritikk for i moderne tid.

Men desse aspekta er etter mitt syn underordna. Heile persongalleriet og handlinga er nemlig kun eit sett virkemiddel som har som formål å vise det umennesklege og absurde i slavehandelen. Og her er Stowe virkelig strålende i utlegningane sine. Ein ting er dei reint moralske aspekta ved å slavebinde andre menneske, men Stowe er på sitt mest nådelause når ho med bitande sarkasmer gjeng i rette med den lovgjevande forsamlinga som har vedtatt åpenbart dobbeltmoralske lover. Forfattaren kjem med mange slike stikk i løpet av boka, og det med ein glimrande retorikk som stend seg godt også i våre dagar.

Den av dei norske omsetjingane som har flest følgarar på bokelskere.no virkar å vere ein sterkt nedkorta versjon, tilpassa barn og ungdom. Det første som slo meg etter å ha starta på originalteksta er at det er nytta eit forhodsvis omstendelig, nesten kronglete språk, langt frå kva ein kunne vente av ei bok tilpassa barn og unge. Mykje av dialogen krev også ein viss konsentrasjon, då den gjenspeiler dialektene (og sosiolektene) i dei ulike samfunnslaga i Sørstatane.

Eg høyrde denne som lydbok, nedlasta frå http://www.booksshouldbefree.com. Opplesaren gjorde ein framifrå jobb etter mitt syn, men varierende kvalitet på lyden trekker litt ned. Men når det er gratis så kan ein jo ikkje klage.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Les de fort, folkens?

Eg er ingen rask lesar, tvert om reiknar eg med at eg les saktare enn gjennomsnittet av dei som frekventerer denne internettstaden. No har eg ikkje for vane med å klokke inn kor mange sider eg les pr time i dei enkelte bøkene eg les, men sidan eg har det uvanleg travelt på arbeid for tida, med ekstra-økter på kveldstid, så har eg oppdaga at eg må henge i litt for å halde følge med progresjonen i Middlemarch. Dermed har eg uvilkårleg også lagt merke til at eg les berre omlag 10-15 sider, kanskje nærmare 10 enn 15, pr time i denne boka.

Ein viktig årsak til at det gjeng såpass seint er at eg må lese mange setningar, av og til heile avsnitt, opp att for å få med meg alt. Enkelte stadar er teksta så metta av betrakningar og observasjonar at eg rett og slett ikkje får med meg alt føste gangen eg les det.

Er det andre som har omlag same opplevinga, eller cruiser de heilt uanstrengt igjennom teksta med vind i håret og kun ei arm på rattet?

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Eg var så uheldig å kaste eit blikk på siste sida i kapitlet medan eg bladde meg fram til dit eg skulle, og har nok derved fått med meg svaret. Eller eit av svara, dersom det skulle vere fleire.

No er det heldigvis ikkje dette svaret i seg sjølv som er interessant, men vegen dit.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

... heldige er de som har en scene der publikum forlanger at de skal gjøre sitt beste.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

No one is so thoroughly superstitious as the godless man. The Christian is composed by the belief of a wise, all-ruling Father, whose presence fills the void unknown with light and order; but to the man who has dethroned God, the spirit-land is, indeed, in the words of the Hebrew poet, "a land of darkness and the shadow of death," without any order, where the light is as darkness. Life and death to him are haunted grounds, filled with goblin forms of vague and shadowy dread.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Apropos parallellar til norsk litteratur; Eg har fleire gangar tenkt på Hjalmar Ekdal i Vildanden medan eg les om Causabon i Middlemarch. No er det rundt 20 år sidan eg såg teaterstykket, men eg festa meg ved Ekdal sine ambisjonar, eller illusjonar kanskje, om å gjere ei stor oppfinning, men som det aldri blir noko av. Litt som Causabon sitt magnum opus.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Kanskje. Men eg tenker på at eg opplevde sjølv i barndomen/ungdomen at eldre folk kunne reagere med liknande utsagn etter å ha følgt intenst med på eit spanande TV-program. Eg oppfatta det som ei stadfesting på at vedkomande hadde vendt attende frå ei virkeligheitsflukt, og at det var det å gi seg ut i virkeligheitsflukt i seg sjølv som var tull.

Men det er sjølvsagt også mogleg at Cindy sin dame egentlig las ei ordentleg dårleg bok, men som trass alt var betre enn avisene eller sosial omgang med dei andre på huset.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Tipper det var ei god bok, eg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Med fare for å framstå som kverulerande, så vil eg peike på at det er ein viss nyanse mellom at handlinga ikkje engasjerer meg (ei klar subjektiv vurdering), og ein påstand om at handlinga er lite interessant (ei formulering som kan tolkast som ei objektiv vurdering). Eg har ingen vanskar med å forstå at mange finn sjølve handlinga interessant. Men hittil har den ikkje fenga meg meir enn måteleg.

"På denne tida", ja. Eg irriterte meg faktisk litt over min eigen latskap medan eg skreiv det. Eg sikta til tidsromet handlinga er lagt til, men gadd ikkje å sjekke opp om eg hugsa rett årstal så eg valgde den enkle løysinga.

Eg lurer også litt på dette med "reform bill". Det snakkast jo stadig om reformer i boka, men det er ikkje klart for meg om alle desse er reformer som følger av denne "billen".

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sjølve handlinga i boka engasjerer meg hittil ganske lite. Heldigvis har boka andre kvalitetar som veg opp for dette. Forteljarstilen framstår for meg som overraskande moderne, eg hadde venta meg ein langt meir arkaisk stil. Biletbruken er nærmast fri for klisjear, den er forfriskende, og av og til også uventa. Ein får inntrykk av, som det er nevnt i fleire innlegg nedanfor, at det er ein særs intelligent og kunnskapsrik forfattar som fører pennen. Teksta er eit oppkome av kloke observasjonar av menneskenaturen, og sitat-verdige setningar og passasjar kjem tett som hagl. Og ikkje minst, ein får eit truverdig inntrykk av kva for idear og strøymingar som prega dei øvre samfunnslaga i England på denne tida. Så, ja, eg kjem til å halde fram med lesinga.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Middlemarch er første pri
I utmåling av lesetid
Frelseren er nummer to
Den les eg når eg gjeng til ro
Kva er då min nummer tre?
Jau, TV-sport i ro og fred.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Det gir vel litt meir meining, vil eg tru.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Artig liste, med mange bøker/forfattarar eg ikkje kjenner til. Har lest De usynlige og Vareopptelling, og Vi ses i morgen er på lista over bøker eg sikkert kjem til å kjøpe når dei kjem på salg ein gang. Setningsskade er notert, den var hittil ukjend for meg, men eg må sjekke ut denne nærmare.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dersom du set ein < før lenka og ein > etter lenka (heilt inntil, utan mellomrom) så blir den klikkbar, slik:
http://www.buzzfeed.com/ariellecalderon/books-to-read-before-they-hit-theaters-this-year?bffb

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Steinbeck nærmar seg 60 år, bestiller ein spesialbygd bobil, som ikkje var så vanleg på denne tida, og bestemmer seg for å legge ut på ein 3-månadars rundtur i USA for å take pulsen på og gjenoppdage landet sitt. Reisa gjeng frå New York nordover til Maine, så grovt sett vestover langs grensa av Canada til Seattle, sørover til Salinas, austover til New Orleans, og derifrå Nord-Nordaust til New York igjen.

Gjennom reisa så reflekterer han ein del over likskapar og ulikskapar mellom dei ulike statane han køyrer igjennom, og han noterer seg mellom anna at den aukande industrialiseringa leier til meir rotløyse i folket. Men like mykje som han reflekterer over landet, så reflekterer han også over sin eigen situasjon, anten det er at han etter kvart vantrivest med å vere aleine på tur, eller korleis han har gjort seg sjølv til ein framand i sin eigen heimby, eller rett og slett berre korleis han skal forholde seg til det han ser og opplever.

Sidan han kallar bobilen sin for Rocinante (som også er navnet på Don Quijote sin hest) kan ein kanskje tru at Steinbeck ser ein viss likskap mellom si eiga reise og Don Quijote sin. No har eg ikkje lest Don Quijote, så det er ikkje klart for meg om der er ein slik likskap. Men det at han ofte held ein forholdsvis usjølvhøgtideleg tone når han skildrar opplevingane sine er kanskje eit hint i denne retninga?

Alt i alt var det triveleg å vere med Steinbeck på denne reisa, og take del i refleksjonane han gjorde seg undervegs. Dette var den siste boka i Lillevi sin felleslesing av Steinbeck haust/vinter 2013-2014. Som alltid har det vært moro å dele tankar og observasjonar med andre som les boka samstundes.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg kosa meg veldig med denne reiseskildringa, og fann også glede i å følge turen på Google maps. Enkelte stadar der eg var spesielt nyfiken på skildringane Steinbeck gav, så gjekk eg inn i Streetview-modus på Google, for å få eit eige inntrykk av omgjevnadane. Eg tenkte eg skulle dele nokre av bileta med dykk;

Brua over til Little Deer Island i Maine, heilt i starten av turen:skriv bildebeskrivelse her


Highway 52 ved Sauk Centre, Steinbeck ironiserte over at folket her først var rasande over bysbarnet Sinclair Lewis sine skriverier, men at han no er ein helt i byen.skriv bildebeskrivelse her


"Bad Lands" vest for Bismarck, Nord-Dakota, som blei til "Good Lands" om natta. Eg tykte no det såg triveleg ut om dagen også, eg då.skriv bildebeskrivelse her


Redwood-tre, trur eg i alle fall. Eg greidde ikkje å finne nokon på Streetview i sør-Oregon der Steinbeck skriv om trea. Dette er frå nord-California: skriv bildebeskrivelse her


Vasskiljet (Continental Divide) i New Mexico, der Steinbeck laga bursdagskake til Charley: skriv bildebeskrivelse her


William Frantz Elementary School i New Orleans, Louisiana, der Ruby Bridges var første svarte elev i ein kvit skule. Steinbeck navnga korkje jenta eller skulen, men det er vel liten tvil om at det var Bridges dei absurde scenene han skildra handla om. Skulen ser ut for å ha vært under ombygging medan Google sin bil køyrde forbi.skriv bildebeskrivelse her


Utkanten av Abingdon, Virginia, der turen mentalt sett tok slutt for Steinbeck.:skriv bildebeskrivelse her


Eg må nok lese fleire reiseskildringar i framtida, dette var moro.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det trengst nok mykje, det vil eg påstå,
Av Middlemarch-tid denne vinteren
Men denne helga så les eg også
I Nesbø sin Hole-bok Frelseren

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Bokkjøp er som regel spontane, men ikkje tilfeldige. Som regel handlar det om at eg kjem over eit bra tilbod på, eller finn i kassert-kassa på biblioteket, bøker eg alt har merka meg som interessante. Ein sjeldan gang gjer eg impulskjøp av bøker eg ikkje kjenner til, berre basert på ein tiltalande tekst på bokomslaget, eller endåtil berre tittel, og sannsynligheita for slik lettsindigheit er omvendt proporsjonal med både prisen og sidetalet på boka.

Eg har som regel rundt 20 uleste bøker i bokhylla, og som hovudregel plukkar eg mellom dei eg har hatt ståande lengst i hylla, og på ein slik måte at det blir variasjon frå førre bok (sjanger, tidsrom, språk). Det er berre heilt unntaksvis at eg startar på ei bok som ikkje har stått ei stund i kø i bokhylla. Men det å bryte ut av dette mønsteret er også ein form for variasjon, og er forfriskende.

Så skal eg innrømme at boka som har venta lengst på å bli lest har venta ganske lenge. Ei dokumentarbok frå 1902 på nær 600 sider, på portugisisk, om ein militæraksjon mot ein opprørsk landsby i audemarka i Nordaust-Brasil. (Forøvrig same militæraksjonen som er skildra i boka "Dommedagskrigen" (ei håplaus oversetjing av den spanske tittelen etter mi ukvalifiserte meining) av Mario Vargas Llosa.) Eg har grudd meg til å take fatt på denne fordi eg veit at språket er såpass krevande at det blir ein del jobb å kome seg igjennom. Men i år skal den til pers, truleg rundt mars/april.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

... alle de feiltrinn vi mennesker gjør når vi får bestemme selv, kan sannelig få en til å undres over hvorfor vi så gjerne vil gjøre det.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ang. at Dorothea til ein viss grad kan vere eit sjølvprotrett; eg tenker litt i same baner sjølv, og spesielt etter at eg såg Øystein Lillås sitt innlegg om hennar dragning mot det religiøse i ungdomen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Ina Elisabeth Bøgh VigreReidun SvensliMaikenEster SNorahRandiGrete AastorpJulie StensethBård StøreEgil StangelandKirsten LundKristinVibekeG LMarianne  SkageMarenPiippokattaIngebjørgalpakkaIreneleserAvaSynnøve H HoelLinda NyrudMarit HåverstadKarin BergHarald KLene AndresenPer LundelmeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVariosalillianerNikkaAnne Berit GrønbechBookiacingar hTatiana WesserlingSolveigHilde Merete GjessingMads Leonard Holvik