Ein første observasjon etter å ha starta på boka etter leggetid i går, er at den er fysisk krevende å lese på senga. Etter nokre veker på rygg med denne boka bør eg ha bygd opp ein del ny muskelmasse. Skulle ein sovne under lesinga så er også faren for naseblod, blåauge eller verandaleppe ganske stor. Artig med ekstra spenningsmoment under lesinga.
Scena med Steinbeck som møter dei gamle kompisane i ein bar i Monterey seier ganske mykje om klassereisa han har gått igjennom, og korleis ein egentleg aldri kan vende attende når ein først har reist.
Men grunnen til dette innlegget er først og fremst at når dei pratar om alle kjenningane deira som har gått bort, så nevnast Pilon. Er dette Pilon får Dagdrivargjengen? Var Pilon i boka ein verkeleg person? Eller lånte berre Steinbeck navnet då han skapte denne figuren?
Du skreiv det jo, men eg oversåg det fram til eg las det i "Travels with Charley": Steinbeck sin familie hadde i forfattaren sin ungdom ein kinesisk kokk som heitte Lee. Dette styrker forestillinga mi om at Cal og Aron representerer dei vonde og gode sidene i forfattaren sjølv. Men sikker? Nei langt ifra.
Eg stadfester at etter del 2 er ferdiglest og solid grubla på, så er det heller ikkje klart for meg kva det er tittelen eventuelt skal vise til. Kanskje er det berre meint som ein referanse til den bibelske forteljinga, og ikkje noko meir?
Sparer på det siste ordet
No er det pinadø nok somling
Det ser ut for at fjellvettreglane kan kome til nytte også foran PC-skjermen ...
(Vend i tide - det er ingen skam å snu)
Takk for tips.
Heldigvis så hadde eg ikkje flagga noko nyttårsforsett om å ikkje kjøpe bøker (sjølv om eg var inne på tanken), så eg kan handle litt utan å skjemmast.
Men eg stoppa på 3 bøker, greide å unngå å gå i fella med å bestille bøker eg ikkje er heilt sikker på at eg har lyst på berre for å handle for minimum 295,- og dermed oppnå gratis frakt.
Bøkene? Far Goriot, Peer Gynt og Jeg nekter.
Nøgd med bestillinga.
I wonder why progress looks so much like destruction.
Same som gretemor. Gitt ut i 2008. Så oppdaga eg nettopp at dersom ein brettar ut smussomslaget, så er det eit stort portrett av forfattaren inni. Eg måtte berre dissekere dei to andre verdensbibliotek-bøkene eg har ståande, dei er på same måten. Artig.
Totusenogfjorten har starta godt
Med Turen med Charley snart unnagjort
Og komande mandag er første dag
Med Middlemarch-lesing i samla lag
Då har eg dratt i hus årets første bok. Medmenneske av Olav Duun. Restkassa på biblioteket, kr 5,- slikt kan ein jo ikkje unngå å plukke med seg sjølv om den er litt slitt i kantane. Teksta er nok like god.
Men det er likevel problematisk, i allefall i mine auge, at det kjem opp annonser som i følge Lillevi sin informasjon er i strid med norsk lov.
Leite derramado (på norsk tyder det "Spilt mjølk") av den brasilianske sangaren, musikaren, komponisten og forfattaren Chico Buarque. Først og fremst på grunn av den gode forteljarteknikken. Monologar frå ein døyande utgamal mann kan i utgangspunktet høyrest traurig ut, men eg meiner Buarque løyste det på ein strålande måte. Historia er solid underfortalt (er det eit ord, forresten?), som har den effekten at eg enno grip meg i å reflektere over boka, og undrast over enkelte av tinga som blei fortalt.
Tja, ein kan alltids argumentere for at dette heller ikkje blir heilt representativt (sjølv om det sikkert er eit betre mål på leseomfang enn antal bøker), for det kan vere stor skilnad på kor mykje tekst det er på ei bokside (storleiken på boksida, skriftstorleik, linjeavstand). Skal det bli heilt rett må ein kanskje angi antal bokstavar.
Sjølv er eg strålande nøgd med at det er oppført antal bøker pr leseår, men eg tykkjer også det er ein god ide å ha med antal sider i tillegg.
Det virkar forøvrig som om det for enkelte bøker som er registrert her inne ikkje er ført opp sidetal. Eg vil tru dette kan føre til problem med å få fram rett sideantal pr år dersom det blir lagt inn ein slik funksjon.
A farmer in upper New York State painted the word "cow" in big black letters on both sides of his white bossy, but the hunters shot it anyway.
Eg måtte glise litt over at Steinbeck ved starten av turen reflekterer over forbrukarsamfunnet og mengda søppel vi genererer og bekymrer seg for miljøet, medan han 2-3 sider etterpå lovpriser eingangskokekara i aluminium han har skaffa seg, og ved tidlegare høve har nytta i båten sin:
"You fry a fish and throw the pan overboard."
Var dette medvite av forfattaren? Hadde det vært skrive 20 år seinare hadde eg tenkt at han raljerte over det politisk korrekte synet på miljøspørsmål han først presenterte, men på starten av 60-talet var det vel heller radikalt å offentleg uroe seg for miljøet (det er inntrykket mitt, korriger meg dersom det er feil), og altså ikkje ein så opplagt ting å raljere over.
Eller er det rett og slett berre dobbeltmoral vi ser her?
Eg synest det er litt moro å vere nerdete, då.
Skal ein først reflektere over leseåret som har gått, så vil eg helst nytte talmateriale som underlag heller enn å gi meg ut på rein synsing. Derfor har eg telt opp bøkene eg har lest, gruppert på ulike måtar, og oppdaga eit par tendensar som eg ikkje hadde reflektert over før eg gjorde denne øvinga.
Først; eg har lest 62 bøker i år. Dette er mykje meir enn eg hadde reikna med å lese ved inngangen til året, og det er nok først og fremst deltakinga på desse sidene som har gjort at eg har lest, etter min målestokk, såpass mykje. Tusen takk til alle de som bidrar til desse sidene, og til administratoren som held dei i sving. Tre av bøkene eg har lest var lydbøker. Eg fekk også uvurderleg starthjelp til å kome i gang med lydbøker her på desse sidene.
Terningkast
Ingen av bøkene eg har lest har vært direkte dårlege, eg har ikkje delt ut terningkast 1 eller 2 i 2013, og det er ikkje for å vere grei. Det handlar meir om at eg har undersøkt bøkene litt på førehand før eg vel å lese dei (eller å ikkje lese dei). Dette er noko eg kjem til å halde fram med i 2014. Gjennomsnittleg terningkast i 2013 var 4,32, og 4 var det vanlegaste terningkastet.
Språk
49 av bøkene har eg lest på norsk, 7 på portugisisk og 6 på engelsk. Det vil vere naturleg å sikte på eit liknande antal framandspråklege bøker til neste år.
Lengde
Bøkene fordeler seg på 15 784 sider (lydbøker ikkje medreikna).Gjennomsnittslengda på bøkene eg har lest er 268 sider. Nesten alle bøkene eg har lest er på mellom 100 og 400 sider. Det kan sjå ut som eg har skrekk for lengre (eller kortare, for den saks skuld) bøker. Men leseplanen for neste år inneheld alt fleire verk på godt over 400 sider, så det er mogleg at fordelinga på sideantal vil sjå litt annleis ut neste år.
Årstal
Eg har lagt vinn på å lese både ny og eldre litteratur i året som gjekk, og eg er særs nøgd med fordelinga som gjeng fram av figuren nedanfor. Som ein kuriositet nevner eg at 3 av bøkene var frå 1966, året eg vart fødd. Den eldste boka eg las var ei japansk reiseskildring frå år 935.
Bok-kategori
Eg var klar over at eg har lest mest romanar, men eg trudde ikkje denne kategorien var slett så dominerende. Og eg trudde eg hadde lest fleire krim-bøker enn 8. Her er det rom for å variere litt meir til neste år.
Nasjonaliteten til forfattaren
Dette var den største overraskinga eg fekk frå denne øvinga. Så godt som halvparten av bøkene er skrivne av norske forfattarar. Sjølv om eg har lagt vinn på å lese variert i året som gjekk, så har eg ikkje tenkt over nasjonalitet når eg har lagt leseplan. Berre 2 forfattarar frå Asia, og ingen frå Afrika eller Oseania i 2013. Dette er heilt klart noko ein kan ta omsyn til når ein skal legge inn variasjon i leseplanen for 2014.
Apropos variasjon, så har eg prøvd å avgrense omfanget av å lese 2 eller fleire bøker av same forfattar i 2013;
John Steinbeck: 7 bøker (dette på grunn av felleslesing av Steinbeck sine verk)
Jo Nesbø 3 bøker
Machado de Assis, Kjell Aukrust, Jørgen Brekke, Kjartan Fløgstad, Erlend Loe og Arvid Møller: 2 bøker av kvar.
Då trur eg at eg har tværa lenge nok på talmaterialet frå leseåret 2013, og eg kjenner meg godt rusta til å take fatt på 2014.
Ei samling underfundige og sjarmerende snuttar om hendingar forfattaren opplever saman med Solan Gundersen. Det er uklart kva slags fugl Solan eigentleg er, eller korleis han har funne vegen til Aukrust sitt univers, men det virkar som om forfattaren sin familie og øvrige omgangskrets ikkje er merksame på Gundersen. Heilt usynleg for omverda er han likevel ikkje, han har hatt lønsforhandlingar med ex-arbeidsgivaren på Rustadsaga, og under turnéen med onemann-sjåv’et sitt blei han tilsnakka av ei dame. Derfor må ein anta at Solan, i det minste i boka, ikkje berre er eit produkt av forfattaren sin fantasi, men ein høgst levande og verkeleg skapning.
Ein god del av historiene handlar om bilar eller bilkøyring, og mange av forteljingane er krydra med kvasi-teknisk sjargong. Ein finn også att detaljar som seinare dukka opp i filmen Flåklypa Grand Prix. Boka er rikt illustrert med forfattaren sine eigne teikningar, eller kanskje skulle ein seie at boka er rikt utstyrt med teiknaren sine eigne tekster, for Aukrust var utdanna ved kunst- og handtverksakademiet og var egentlig teiknar og illustratør av yrke. Og teikningane i boka er strålande humoristiske.
Når terningen stoppar på 4, er det først og fremst fordi det er litt vanskeleg å få tak på mange av historiene. Kanskje er enkelte av dei kommentarar til aktuelle nyhende på midten av 60-talet? Uansett, det vart litt for mange enkeltståande hendingar og observasjonar som eg ikkje fullt ut forstod. Men triveleg lesing var det like fullt.