Eg har tenkt i same baner, og litt utover berre det å opprette ein eigen diskusjonskategori:
Det burde gå an å bygge inn nyttig funksjonalitet for lesesirklar i bokelskere.no, for eksempel
- ei "heimeside" for kvar lesesirkel
- verktøy for å nominere bøker til neste lesing
- verktøy for å stemme på kva bok som skal lesast
- automatisk utmelding av lesesirkel ved lengre tids inaktivitet (f.eks 6mnd)
- ... (sikkert mange andre muligheiter eg ikkje har tenkt over enno) ...
- ein administrator pr lesesirkel, som kan setje innstillingar på lesesirkelen, som f.eks. kor mange bøker kvar enkelt kan nominere, om alle bokelskere eller berre lesesirkeldeltakarar kan stemme på bøkene, etc.
Eg forestiller meg at det er mulig å snekre saman noko slikt utan at det blir uoverkomeleg vanskeleg.
Eg held det for sannsynleg at eg er på villspor, men som nevnt så har denne tanken festa seg, og eg synest den på mange måtar gir meining.
Eg trudde først oversetjaren hadde tatt seg friheiter på side 239, der Cal fortel om militæreksersisen han tek del i etter skuletid:
"Denne eksersisen med gamle Krag-Jørgensen er bare noe tøv."
Dei hadde no vel aldri Krag-Jørgensen i den amerikanske hæren, tenkte eg, det må vere oversetjaren som har nytta dette gamle norske våpenet for å få fram poenget med at det var eit utdatert gevær til militært bruk på tidspunktet for handlinga.
Men neidå, wikpedia fortel meg at det ei kort periode på 1890-talet faktisk var standardvåpen i den amerikanske hæren.Eg burde kanskje ha visst det sjølv om eg berre er måteleg våpeninteressert, men det gjorde eg altså ikkje. Derfor nevner eg det her, i tilfelle det er andre som heller ikkje visste det.
Er det nokon som les "Øst for Eden" på engelsk, og som ser om "Krag-Jørgensen"-navnet er nytta også i originalteksta, eller om det er Springfield-navnet som er nytta?
Har forøvrig hatt æra av å fyre av ei gamal Krage ein gang. Det var fryktelig moro. Spesielt sidan vi ikkje hadde lov.
Bakklandet med to k'ar, ja. Eg trudde du spurte om navnet på kafeen. Den fekk forøvrig navnet sitt i 1997, den tida heitte det også Bakklandet med to k'ar, men navnet er nok meint å gjenspeile tidlegare tider. Frå kafeen sine internettsider:
"I gården skal det tidligere ha vært drevet vognmannsforretning og skydsstasjon, men dette er ikke dokumentert. Fra 1860-årene fantes det en hattemakerforretning i gården."
Om "Baklandet" gjenspeiler gjengs skrivemåte i eit udokumentert tidsrom før 1860-talet er eg ute av stand til å avgjere, men for ein uvitande stakar som meg sjølv så fungerer det heilt greit som vikemiddel til å skape ei gamaldags atmosfære.
Apropos skjenkestadar og "Drømmeløs", bygninga som seinare blei flytta til Sverresborg og har navnet Tavern i dag er nevnt i boka. Ei fantastisk bygning, den er så vindskeiv at ein nesten blir sjøsjuk av å gå igjennom den.
Dette er helga der sola snur
Og eg pakkar bagasjen til jule-tur:
Ein halvferdig krimroman – Drømmeløs
Og Kafka’s Prosessen – for seriøs?
Som motvekt Grevinnen og Hovmesteren
Og Turen med Charley til heimvegen igjen
Eg har ikkje lest noko av Saramago enno. Spørs om eg ikkje må rette på det.
Ekå Pekå var så grei å legge ut ei bruksanvisning på korleis ein kan legge ut eigne bilete. Eg testa for sikkerheits skuld ved å redigere i eit gamalt, uinteressant innlegg før eg drista meg til å lage nytt innlegg med bilete. Nøgd med resultatet.
Baklandet Skydsstation er med ein k i "Baklandet", ja. Forøvrig greidde ikkje Brekke å gjengi navnet rett i boka, men dette føyer seg pent inn i rekka av mange små skrivefeil.
Eg hadde ei pussig oppleving medan eg var eit ærend i Trondheim i sommar. Etter endt arbeidsdag leitte eg opp ein fredelig kafé der eg kunne få meg noko godt å drikke medan eg las i boka eg hadde med. Baklandet Skydsstation heiter staden, og i vindaugskarmen ved det vesle bordet der eg slo meg ned var det skrudd fast eit messingskilt:
Odd Singsaker er helten i Jørgen Brekke sine populære krimbøker frå Trondheim, og det viste seg at bordet eg hadde satt meg ned ved var skildra i boka "Drømmeløs" (som eg forøvrig les no):
"Han kom omsider fram til Baklandet Skydsstasion.
På denne skjeve kneipa, som så ut som om den kunne falle ut i gaten når som helst, fant han sitt vanlige bord nærmest inngangen og satte seg ned."
Dermed hadde eg uforvarande ramla inn i kulissane til ei anna bok enn den eg holdt på med.
Er det andre som har hatt liknande opplevingar?
Lee nevner jo også for Cal fleire ganger i boka at han ikkje treng å vere ond fordi om mora er det, han kan velge sjølv om han vil gjere onde eller gode ting. Altså heilt i tråd med tolkning c) av timshel.
Eg vil også peike på starten av kapittel 34, der eg meiner Steinbeck langt på veg forklarer meininga med historia:
"Jeg tror det finnes bare én historie i verden, en eneste, og den har skremt oss og begeistret oss ..."
"I sin tilværelse, i sine tanker, i sine lengsler og ambisjoner, i sin griskhet og grusomhet, og i sin godhet og gavmildhet også, er menneskene fanget i et garn av godt og ondt. Jeg tror det er den eneste historien vi har, og den går igjen på alle følelses- og intelligenstrinn."
Apropos å bere med seg synda; korleis oppfattar de at Cal ikkje fekk kainsmerke? Både Charles og Cathy fekk jo eit kainsmerke i panna.
Takk for tips! Skal prøve photobucket.
Sjølv har eg prøvd å laste opp på Picasa, men eg fekk ikkje til å legge ut lenke derifrå.
Tøffe bilete!
Kva gjer du, reint praktisk, for å få til å legge dei ut her?
"Have you ever heard anything about God, Topsy?"
The child looked bewildered, but grinned as usual.
"Do you know who made you?"
"Nobody, as I knows on," said the child, with a short laugh.
The idea appeared to amuse her considerably; for her eyes twinkled, and she added,
"I spect I grow'd. Don't think nobody never made me."
Eg har tenkt på ein ting; Skriv Steinbeck om seg sjølv i denne boka? Reint bortsett frå dei litt pussige tilfella der han er observatør, meiner eg?
På eit eller anna tidspunkt fekk eg nemlig kjensla av at Cal og Aron representerer dei vonde og gode sidene ved forfattaren sjølv. Kanskje var det det at Aron droppa ut av universitetet som fekk meg til å lure på at der var ein slik samanheng? (Steinbeck sjølv droppa jo også ut). Men når tanken først har satt seg, så virkar det meir og meir sannsynleg for meg at det kan vere tilfelle.
Er det andre som har tenkt i same baner, eller som ser opplagde grunnar til at eg eventuelt er på villspor?
Resultatet ser rimeleg klart ut for mitt vedkomande.
Eg kan forøvrig tipse om at Bokklubben sel Middlemarch i innbunden utgåve til kr 79,- (mot før kr 420,-).
Eg har bestemt meg for å bli med på denne boka, og ser fram til å take fatt på eit verk som var totalt ukjent for meg før eg blei merksam på denne tråden.
Kjell k annonserte også felleslesing av Markens grøde i januar dersom eg hugsar rett. Eller er denne lagt på is?
Og så oppdaga eg i går (er litt treg av meg av og til) at det har blitt film av denne, med premiere 1. juledag. Enno ein grunn til å glede seg til jul.
Sidan "klassikarar" skal vere eit stikkord i lesesirkelen tenkte eg kanskje at "Kjell k's klassikere" kunne vere eit godt navn. Men ved nærmare ettertanke ser eg jo at det kan forkortast til kkk, og det kan fort gi heilt feil assosiasjonar ....
Eg har heller ingen bøker eg les kvar jul. Men eg fann denne på salg tidlegare i år, og sparer den til veslejulafta eller deromkring. Dessuten fann eg eit par Aukrust-bøker i kassertkassa på biblioteket i haust, og Je og'n Solan har eg tankar om å lese i romjula. Det høyrest passe triveleg ut.
Kokken Lee leiter fram ein type kinesisk brennevin, ng-ka-py, ved spesielle høve. Eg vart litt nyfiken på kva dette er for slag, og fann denne sida.
Er det nokon som veit om det er råd å få tak i denne merkelege drykken i Norge?
I kveld blir det julebord; god tradisjon
Med mat og skjenk i første rekke
Og resten av helga blir restitusjon
Med Drømmeløs av Jørgen Brekke
No, tenkjer eg.