Beklager, har lagt inn spoileralert no. Det hjelper jo ikkje deg, men kanskje for nokon andre? Men som du er inne på, tittelen vil uansett visast.
Når det er sagt, så oppfatta eg ikkje den omtalte hendinga å vere mellom dei mest sentrale i boka, og såg ikkje behovet for spoilervarsel. Men eg ser jo no, etter at du tok det opp, at andre kan oppfatte det på ein annan måte.
Håper du kan skrive litt om korleis du oppfatta boka etter at du har lest den. Det er framleis mange ting eg lurer på.
Trivelig historie. "BokANDelen", er det ei medviten omskriving som på ein humoristisk måte viser til profilbiletet ditt? Eg tykte uansett det var vittig.
En ond samvittighet er det beste springbrett for filantropi.
Tipper det skulle vere eit svar til innlegget under ditt. Det er fort gjort å blingse på svar-knappen.
Det høyrest fornuftig ut. Eg kunne til dømes tenke meg å vere med på "bok-til-bok"-basis, og utan å legge meg opp i kva bøker som skal opp på planen.
Det var ei suveren samanlikning!
"All right! Kom nå her. Har dere greie på åssen en forbrenningsmotor fungsjonerer?"
"Nei." sa Adam.
"Herre min Gud!" Han løftet opp blikklokkene. "Dette her er altså en forbrenningsmotor," sa han.
Lee sa stille: "Så ung og så lærd."
Mindre innslag av humor har vært holdt fram som eit moment som skil Øst for Eden frå mange av dei andre bøkene til Steinbeck. Men eg vil påstå at skildringa av Adam Trask som får instruksjon i å starte opp T-Ford'en sin er noko av det vittigaste eg har lest av Steinbeck hittil.
Eg kan nok ikkje bidra med forklaring, berre til den generelle undringa over korleis språka heng saman. På portugisisk, som er eit av dei latinske språka, heiter gaffel "garfo, eg kan ikkje forstå anna enn at desse orda må ha same opphav.
Oppvekstforteljingar blir ikkje mykje betre enn dette. Jean Louise Finch, med tilnamnet Småen, fortel om eit par år av oppveksten i ein småby i Alabama under depresjonen på 1930-talet. Sidan mora døde då Småen var 2 år gamal er ho svært nært knytta til faren sin, Atticus. Atticus er advokat i småbyen, og sidan Småen er interessert i kva faren driv med blir ho forholdsvis veslevaksen. I tillegg er ho, sidan ho har vakse opp med å slåss med den fire år eldre broren Jem, litt av ei slåsskjempe.
Innledningsvis er det truskuldige barndomsminne som pregar forteljinga, om korleis ho og broren blir venner med Dill, nabofrua sin nevø som er på vitjing i sommarferiane, om korleis dei spionerer på den mystiske og skumle naboen Boo, om det å starte på skulen, og liknande tema. Men via dei andre ungane blir Småen og Jem gjort merksame på at faren har tatt på seg å vere forsvarar for ein svart mann som er skulda for å ha voldtatt ei kvit jente. Dette er ikkje populært i byen, og gjennom dei vidare hendingane i byen oppdagar barna at folk ikkje alltid er slik det ser ut som, besteborgarar kan ha ganske grumsete haldningar, og meir uglesette personar i byen viser seg å vere heidersmenneske.
Atticus er ei klippe midt oppe i dette. Han gjer sitt beste for å forsvare den tiltalte, og sjølv om barna hans blir utsatt for sjikane av byfolk fordømmer han ikkje motstandarane sine. Atticus sin motivasjon for å strekke seg så langt for å gjere det han meiner er rett er paradoksalt nok omsynet til barna. I staden for å seie frå seg denne betente saka eller å gi etter for press frå opinionen, og derved skjerme barna, vil han at denne saka, sjølv om den er ei belastning for familien, skal lære barna noko om kva som er rett og galt.
Før forteljinga er over har Finch-barna lært meir om rett og galt enn mange vaksne menneske nokon gang gjer, og faren får til slutt også eit uløyseleg dilemma om kva som er rett å gjere. Alt i alt ei imponerende bok, ein fryd å lese, og den kjem til å sitje lenge i minnet.
Det er fleire som har gitt ros til oversetjinga. Eg skal vere samd i at det meste er bra. Men der er enkelte oversatte ord og uttrykk som eg oppfattar som litt klønete. I tillegg er der enkelte slurvefeil i rettskrivinga som skjemmer litt.
Det var sikkert ikkje enkelt å bestemme seg for kva den norske tittelen til boka skulle vere. "Mockingbird" heiter vel spottefugl på norsk, og navnet spottefugl gjeng att fleire gangar i teksta. Men i dei passasjene som tittelen referer direkte til så er det nytta "sangfugl". Og eg held med Elster i at det gir meir meining å nytte "sangfugl" i denne samanhengen.
Boka var forøvrig kjempebra, eg skulle lese berre litt i den av og til, men greidde ikkje å legge den frå meg før eg var ferdig.
Dette er første av to band i ein familiesaga frå Salinas-dalen i California. Ein følgjer familiene Hamilton og Trask frå tida rundt den amerikanske borgarkrigen og fram til etter århundreskiftet. Samuel Hamilton vandra ut frå Nord-Irland til California, og sidan den beste jorda i Salinas-dalen alt var tatt slo han seg ned på eit mindre fruktbart jordstykke oppe i åssidene. Adam Trask kom frå ein gard i Connecticut på austkysten, og etter å ha arva eit større pengebeløp reiser han til Salinas-dalen og kjøper ein av dei beste farmane der.
Historia om Kain og Abel er eit motiv som gjeng att i boka. Adam sin yngre bror Charles, som er den fysisk overlegne av dei, føler at faren avviser han og favoriserer Adam. Etter at Adam er reist til California blir han far til tvillingar, som får navna Cal og Aron. Det ligg i korta ved utgangen av bind 1 at det blir ei ny runde med Kain og Abel-dramatikk mellom desse to.
Boka handlar i stor grad om mennesket sine manglar og veikskapar, men også om venskap og storsinn. Det er t.d. sjokkerende å lese om Cathy, kona til Adam, sin råskap og egoisme, det er nedslåande å lese om Adam sin manglande tiltakslyst som gjer at han overser barna sine og vanskjøtter eigedomen sin, men det varmar å lese om Samuel som vil det beste for naboane sine, og om kokken Lee som på mange måter fyller morsrolla for tvillingane Cal og Aron. Det er ikkje klart for meg enno om der er ein overordna moral eller bodskap i historia, kanskje blir dette tydelegare etter del 2 er fullført. Men uansett er det ei knakande god forteljing.
Eg las denne under Lillevi sin felleslesing av Steinbeck haust/vinter 2013/2014, der dette er den 6. boka på leseplanen. Det har vært givande å vere med på dette tiltaket.
Ja, eller Gandhi for den del. Lee har skapt eit lysande førebilete i Atticus.
... i dag morges hadde herr Bob Ewell stanset Atticus på hjørnet ved posthuset, spyttet i ansiktet på ham, og sagt til ham at han skulle ta'n om han så skulle bruke resten av sitt liv på det.
- Jeg skulle ønske at Bob Ewell ikke tygget tobakk, -var det eneste Atticus sa om det.
... å kalle opp folk etter sydstatsgeneraler var et sikker middel til å skape seige vanedrankere.
Kan det ha vært TV-serien "En vakker dag" du tenker på? Den har strengt tatt ingenting med denne boka å gjere, men der er likevel enkelte fellestrekk. Og eg nektar å tru at det er tilfeldig at den svarte hushjelpa i serien har fått navnet Lilly Harper, som for meg framstår som ei "omskriving" av Harper Lee.
Eg gleder meg til helgefreden
Og andre bind av Øst for Eden
I tillegg så har eg ei bok på si
Drep ikke en sangfugl av Harper Lee
Her eg bor så passar "Inferno i hvitt" betre enn "Tatt av vinden" i dag, mot normalt må ein nesten seie.
Eg las "Tatt av vinden" for rundt 25 år sidan, og synest bøkene var OK men ikkje noko særleg meir enn det. Men smaken endrar seg gjerne med tida, kanskje hadde eg vurdert dei på ein annan måte i dag.
Min eigen overgang frå barne/ungdomslitteratur til meir voksen litteratur kom med "Ti små negerbarn" som 15-åring eller deromkring, ikkje slett så voksen bok som "Tatt av vinden", men likevel hugsar eg kjensla av å oppdage at det var moro å lese noko anna enn Hardy-guttene.
Av og til har en mann trang til å være dum, hvis han dermed kan gjøre noe som fornuften forbyr ham.
" ... Det føles litt som å hoppe fra et brennende hus. Å falle er bedre enn å brenne.."
"I hvert fall til du er kommet ned."