Don Camillo er suveren. Har av ein eller annan uforståeleg grunn aldri lest den frå perm til perm, berre bladd litt i den og lest enkelte stykke. Eg må nesten skaffe meg denne boka slik at eg får lest den ordentleg.

Sjølv trur eg eg kunne tenke meg ei stilling i Jorge Amado sitt univers, tett innpå bohemlivet i ein av byane i Nordaust-Brasil rundt 1920-1940, men ikkje så tett innpå at ein sjølv havnar på skråplanet. Restaurant-eigar, kanskje? Med klientellet frå bøkene blir ein neppe rik av det, men får garantert mykje moro.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Og dermed slapp eg det eg hadde i hendene (fjernkontrollen) og sprang ut for å sjekke postkassa. Men nei, ingen mammutkatalog. Berre fleire reikningar. Ja ja, tilbake til TV-stolen og OL.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ja.

Dette var noko eg strevde fælt med å få til sjølv. Ein må jo laste opp biletet på internett på ein eller annan måte, og deretter linke til dette biletet her på bokelskere. Eg prøvde først med Google sin Picasa-teneste, men av ein grunn eg aldri fann ut av så fekk eg ikkje til å linke til desse bileta her frå bokelskere.

Så fekk eg tips frå ekå pekå om ei side som heiter photobucket.com. Når eg lasta opp bilete dit så gjekk det heilt greit å linke til biletet herifrå. Det finnest sikkert mange andre biletlagringstenester på nettet som fungerer like bra. Kanskje du alt har lagra bilete på ein liknande stad?

Ein viktig ting å passe på er at sikkerheitsinnstillingane til katalogen du lagrar bileta på må vere åpen for alle å sjå på, ellers vil ikkje biletet du lenker til visest for andre enn deg sjølv, og då er jo litt av vitsen borte. Det beyr også at det er lurt å ikkje lagre andre bilete enn dei ein vil dele på denne katalogen. Sjølv har eg løyst dette ved å nytt photobucket kun til bilete eg vil dele med alle.

Lykke til

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ok. Vart nyfiken fordi eg prøver meg på portugisiske bøker innimellom.

Eg bor langt unna Oslo, men kikar gjerne innom butikken ved neste høve.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No er jo gjennomsnittet blitt 5, eller i det minste 4,5. Kanskje snittet blei litt meir representativt no når det er to som har trilla terning.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det same lurer eg på. Hadde vært kult med ein tjuvstart. Kanskje ikkje heilt i den olympiske ånd, men skitt au

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Les du portugisisk?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Middlemarch er tre-kvart ferdig
Attåt-bok eg les iherdig
Fram frå hylla har eg henta
Krimromanen Kråkejenta

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Hun så på meg med blikket jeg alltid hadde frykta og sa:
- Du er jo bare én av mange. Hun satte seg opp og var naken og tung på den måten jeg kjente, og hun fylte meg med lede til langt opp i halsen og samtidig med skrekk, og jeg ropte:
- Ikke i mitt liv, og så begynte jeg å gråte, for jeg hadde visst at denne dagen en gang ville komme, og jeg forsto at det jeg var mest redd for i verden var å være han på Magrittes maleri som ser seg sjøl i speilet og ser rett inn i sin egen nakke, igjen og igjen.
skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Eg veit ikkje om det er eit bra eller dårleg teikn, men for eit par netter sidan hadde eg ein særs livaktig draum som involverte persongalleriet frå Middlemarch.

I draumen var personane høgst virkelige, men eg møtte dei ikkje. Derimot kunne eg lese om dei i diverse avisreportasjer. Der var bilete i reportasjene, og Dorothea såg omlag slik ut som eg forestiller meg det når eg les boka. Men Mr. Causabon såg heilt annleis ut enn eg hadde venta. Mykje friskare, på ein måte.

Den største overraskinga var likevel Mr. Brooks. Han såg forsåvidt omlag slik ut som eg hadde venta, kanskje enno meir vimsete i framtoninga. Og så kika han på fotografen over kanten på eit par lesebriller, monokkelen frå boka såg eg ikkje noko til. Men der var to par auge. Først trudde eg det berre var ein illusjon frå lysbrytninga i brilleglasa, slik at eg såg augene både over kanten på brilleglasa og gjennom sjølve brillene. Men ved nærmare ettersyn var det faktisk fire auge som kika over kanten på brilleglasa.

Eg tykkjer det er rart, nesten kritikkverdig, at Eliot ikkje har nevnt noko om dette noko uvanlege særpreget i boka si.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Jeg ser meg i speilet over vasken. Ansiktet der er ikke annerledes enn det jeg hadde venta å se ved fylte sjuogseksti år. Jeg er for så vidt i takt med meg sjøl. Om jeg liker det jeg ser, er et annet spørsmål.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Er på ny jobbreise denne veka, og no blei Middlemarch att heime. Eg tok med Ut og stjæle hester i staden, fantastisk fin bok det også.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så lenge eg slepp å vokse leggane så er eg eigentleg ganske nøgd med situasjonen ....

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Kjenner att gleda over å finne kjekke bøker til ein lav pris (Eg har ofte tenkt at det er sunnmørs-genene som slår inn ...). Men hobbyen treng ikkje vere dyr i det heile, med midre ein insisterer på å eige alle bøkene ein les. Og av ein eller annan grunn insisterer eg på dette. Ja ja, eg veks vel av meg dette også.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Flotte bilete, ja. Bokhylla Billy blir skrøpeleg i samanlikning.

Mi største bibliotek-oppleving er nok då eg fekk tilgang til St.Pancras-avdelinga til The British Library i jobbsamanheng. Reint arkitektonisk og estetisk kan det nok ikkje måle seg med desse bileta, men sjølve opplevinga av å få tilgang til dei rike samlingane var overveldande.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har bokklubben-utgava av denne boka, med illustrasjonar av Håvard Vikhagen. Det er få bøker eg har opplevd slik glede over å starte på som denne. For det første, det reint fysiske ved boka er veldig tiltalande; papirkvaliteten, skrifttypa, formatet og illustrasjonane. Alt stemmer. For det andre har eg hatt høge forventningar til boka, og opplever heilt frå start at dette er ei bok som passar for meg. Har kome omlag 1/5 i veg, og den har vært strålende så langt. Håper denne kjensla varer resten av boka også.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sidan debatten omkring forslaget har vært forholdsvis moderat tipper eg du kan sjå på forslaget som vedtatt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det har du garantert rett i, og no er vi kjapt på veg over frå synsing til fakta, eller i det minste over frå synsing til gransking av historiske kjelder. Då må eg stille meg litt på sida av diskusjonen, for dette er noko eg har svært avgrensa kunnskapar om.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er alltid moro å uttale seg om ting ein ikkje veit noko om, så eg kastar meg uti det.

Eg trur, som sangvin er inne på nedanfor, at menneske ikkje tenkte grunnleggande annleis på 1800-talet enn i dag. Du er inne på at språket vil vere forskjellig, og eg vil føye til at ein like stor forskjel er nok kva det var akseptabelt å skrive om. Og då er vi også inne på dei sosiale og samfunnsmesige ramene som styrer handlemåtane våre, og i nokon grad også korleis vi tenker i enkelte situasjonar.

Det får meg til å tenke på opplevingar på arbeidsreiser til Japan, der eg ofast har kjensla av å forstå, og å vere på bølgelengde med, mine japanske kolleger, men så i neste augneblink å innsjå at det sosiale samværet er styrt av koder eg ikkje forstår. Eg vil tru eg hadde fått ei liknande oppleving dersom eg hade reist attende til 1800-talet.

Har eg svart på spørsmålet ditt? Nei, men eg har hatt moro av å tenke over det.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Slutten av bok V var strålende. Skurkestrekar og ei uventa opplysing skrur opp forventningane om den vidare handlinga.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

IngebjørgalpakkaIreneleserAvaSynnøve H HoelLinda NyrudMarit HåverstadKarin BergHarald KJulie StensethLene AndresenPer LundKirsten LundPiippokattaelmeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVariosalillianerNikkaAnne Berit GrønbechBookiacG Lingar hTatiana WesserlingSolveigHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikStein KippersundGodemineSolTorill RevheimHeidi LDaffy EnglundMarianne MEvaTone HEivind  VaksvikLyriaFriskusenFrode Tangen