Her sitter vi høyt oppi treet på rad
og legger planer blant blomster og blad
Drømmer om ting vi snart skal få gjort
om noen minutter, i hvert fall fort
Noe vidunderlig, klokt og briljant
når bare vi prater, så blir det nok sant.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Aaarrgh! For seint ute igjen! Men eg ser jo at der er mange lesesirkel-medlemmer som ikkje var aktive i den førre felleslesinga. Derfor let eg forslaget stå.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Over feltet der ein skriv inn tekst er det nokre knappar, merka B, I, > etc. Knappen nest lengst til høgre har eit bilete av eit bilete, og er for å setje inn bilete. Når ein klikker på denne får ein opp eit lite hjelpevindauge som seier "Sett inn lenke til bilde", og som har eit felt der ein kan skrive inn (lime inn) lenka til biletet ein vil vise fram.

Så langt så godt.

Så må ein finne lenka til biletet ein vil vise fram. Det er viktig å finne lenka til sjølve biletet, ikkje berre lenka til sida der ein har funne biletet. For eksempel, dei fleste av bileta eg har lenka til i denne diskusjonstråden er frå wikipedia. Ta no nattverden, så er dette wikipedia-sida for maleriet:

http://no.wikipedia.org/wiki/Nattverden_(Leonardo)

Ved å klikke på sjølve maleriet kjem ein til ei ny side som fortel noko som sjølve bildefila som wikipedia viser fram:

http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Leonardo_da_Vinci_(1452-1519)_-_The_Last_Supper_(1495-1498).jpg

Dette er heller ikkje den sida ein skal lenke til. Det ser ein fordi der er masse tekst på sida. Men klikker ein på biletet ein gang til kjem ein hit

http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/0/08/Leonardo_da_Vinci_%281452-1519%29_-_The_Last_Supper_%281495-1498%29.jpg

og no er det berre biletet som visest fram. Dette er ein link ein kan lime inn i hjelpevindauget i bokelskere.no

På wikipedia og mange andre nettstadar er det lett å finne fram til lenka til sjølve biletet. Andre gangar kan det vere heller vanskeleg. Då kan ein like godt kopiere biletet over til eigen datamaskin og deretter legge dei ut på internett sjølv (og så kan ein tenke over korvidt ein bryt nokon kopi-rettigheiter). I denne tråden er det ein diskusjon om ulike måtar å gjere dette på.

Håper dette var til nytte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Gå utenom, sa Bøygen", "Peer, du lyver", dei aller fleste kjenner overfladisk til Henrik Ibsen sin Peer Gynt, og sitat som desse er allemannseige. Men eg mistenker sterkt at det er mange som, tilliks med meg sjølv, slett ikkje har lest denne boka / dette diktet / dette skodespelet (stryk det som ikkje passar). Så no er det pinadø på tide å få gjort noko med det. Er det mange nok som har det på same måten så blir dette neste fellesleseprosjekt!

"Ja, tenke det; ønske det; ville det med,--
men gjøre det! Nei; det skjønner jeg ikke!"

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Spørs om eg må svippe innom ein Fretex-butikk neste gang det høver slik. Berre for å sjå, altså, eg skal jo ikkje kjøpe noko (sjølvbedrag ...)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bra tenkt. Kva var prisen?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg trur nok dette er rette biletet. Men eg trur også Saramago tek feil når han skriv at vogna er på veg over elva. Eg trur tvert om at bonden har køyrt den tome vogna ut i elva for å la hjula trutne, slik at hjulbanda ikkje skal løsne under dagens bruk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg hadde berre 2-3 timar ledig mellom møtet eg var på, og å finne meg ein TV der eg kunne sjå Champions League semi-finalen mellom Bayern München og Real Madrid. Kunst det også, om enn på ein litt annan måte. (Med tanken på at Real audmjuka BM 0-4 så røper eg vel ikkje for mykje når eg seier at stemninga var ganske god på ute-restauranten eg sat på ...)

Guernica stend høgt på lista over ting eg skal sjå ved framtidige Madrid-besøk.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ei dame med eit barn på fanget; det er lett å tenke på Jomfru Maria med Jesusbarnet, spesielt sidan det er nevnt at dette er eit av dei vanlegaste motiva på eit maleri. Utan nærmare hint kan det vere kva som helst av slike maleri. Eg klistrar inn dette frå ca. 1450, av Jean Fouquet, mest fordi det slår meg som uventa moderne i stilen, og også fordi det var eit av bileta eg beundra i Prado-museet førre veke.

skriv bildebeskrivelse her

Så skal eg også innrømme at eg spekulerte litt på om dette biletet har tent som inspirasjon for moderne tider sin plastikk-kirurgi.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Her skal eg innrømme at eg ikkje hadde den minste ide om kva for eit bilete det kunne vere. Når høyvogna vart nevnt tenkte eg på eit bilete av Hieronymus Bosch, men med elv og engelsk malar så passa det brått veldig dårleg.

Redigert: Ein liten detalj; i Saramago sin tekst stend det at vogna er lasta med høy.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg tenkte på eit anna bilete eg har sett, men som eg ikkje hugsar namnet på og heller ikkje kven malaren er. Men når eg les det du skriv, og ser på biletet, så kan det fort vere dette Saramago hadde i tankane

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tretten karar som sit ved eit bord og et, det må då vere ei framstilling av nattverden. Og sidan teksten seier det var lett, tenker eg at det må vere det mest kjende biletet av alle som framstiller nattverden, nemlig da Vinci sitt:

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Den nakne dama i eit skjell kan vel nesten ikkje vere andre enn Botticelli sin Venus;

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg tenkte også på Goya sin hund. Eg var så heldig å få sjå dette biletet "live" på Prado-museet førre veke. Interessant, men det var mange av Goya sine bilete som greip meg mykje meir,

Hund av Goya

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det første biletet må vere van Gogh. Måtte google litt, han har jo malt mange bilete av kornåkrar, men eg finn ingen med både ravnar, sypressar og sol. Derimot finnest det kornåkrar med ravnar, kornåkrar med sypressar og kornåkrar med sol. Nokre kandidatar er gjengitt nedanfor:
Kornåker med ravnar

Kornåker med sypressar

Kornåker i soloppgang
men eg er ikkje sikker på om sola stemmer med skildringa av Saramago

Godt sagt! (1) Varsle Svar

På side 97 gir dei blinde seg til å fortelje om det siste dei såg før dei mista synet.

"Det siste jeg så var et maleri, Et maleri, gjentok gamlingen med den svarte lappen, og hvor befant De Dem, Jeg var på museet, det var en kornmark med ravner og sypresser, og en sol som så ut som så ut til å være satt sammen av deler av andre soler, Alt tyder på at dette er malt av en hollender, Ja, jeg tror det, men det var også en hund der, en hund som var i ferd med å bli begravet, den var allerede halvveis nedgravd, stakkar, Når det gjelder dette, kan det bare ha vært malt av en spanjol, ingen hadde malt en hund på denne måten før ham, og etter ham våget ingen å gjøre det, Og det var en vogn lastet med høy, trukket av hester, på vei over en liten elv, Lå det et hus til venstre, Ja, Så er det laget av en engelskmann, Kanskje det, men jeg tviler, for jeg så også en kvinne med et barn på fanget, Barn på kvinnefang er det man ser mest av på malerier, Sant nok, jeg har lagt merke til det, Jeg skjønner bare ikke hvordan det kan ha seg at så forskjellige malerier av så forskjellige malere kunne befinne seg i et eneste bilde, Og det var noen menn som spiste, Det har vært mange frokoster, lunsjer og aftensmåltider i kunstens historie, ut fra dette hintet alene er det ikke mulig å vite hvem som spiste, De var tretten, Å, da er det lett, fortsett, Det var også en naken kvinne der, med blonde lokker, hun stod i et muslingskjell som fløt på havet, og rundt henne var det mange blomster, En italiener, selvfølgelig, Og en slagscene, Her er det som med måltidene og mødrene med barn på fanget, det er ikke nok for å vite hvem som malte det, Døde og sårede, Naturlig nok, før eller senere vil alle barn dø, og soldatene også, Og en skrekkslagen hest, Med øyne som er i ferd med å springe ut av skallen på den, Akkurat, Det er slik hester er, og hvilke andre bilder fantest det i dette bildet Deres, Jeg rakk aldri å få vite det, jeg ble blind akkurat da jeg stod og så på hesten. Frykten gjør blind, sa piken med solbrillene, Det er sant som det er sagt, vi var allerede blinde i det øyebliket vi ble blinde, frykten blindet oss, frykten vil få oss til å fortsette å være blinde"

For mange av maleria har eg ei formeining om kva for eit det siktast til, men slett ikkje alle. Det hadde vært moro å finne ut av det. Forslag i kommentarar til dette innlegget.

Redigert; tekstfragmentet "Og en slagscene" mangla i den opphavelege postinga

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det eneste miraklet vi kan utføre, er å leve videre, å beskytte det skjøre livet fra dag til dag, som om det er livet selv som ikke kan se, som ikke vet hvor det skal gå, og kanskje er det sånn, kanskje det egentlig ikke vet det, men har gitt seg over til våre hender etter å ha formet oss til intelligente vesner, og dette er hva vi har gjort med det

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dette er jo det rene vanvidd, Ja kanskje det, vi befinner oss i et galehus.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Har også svart. Det hadde vært moro om du kunne lagt ut hovudkonklusjonane her når du kjem så langt. Lykke til!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mai, men vi snøar ned
Og derfor kan ein holde koken
Med i største ro og fred
Å lese ferdig Jungelboken

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Bård StøreKirsten LundEivind  VaksvikReadninggirl30Ingunn SHegeRonnyJohn LarsenMarteAnne ÅmoEli HagelundBente L.GunillaTatiana WesserlingLeseberta_23Fride LindsethEllen E. MartolMads Leonard HolvikRufsetufsaHelena ETove Obrestad WøienLinda NyrudLars Johann MiljeAnneWangHeidi BBRandiAFrode Øglænd  MalminJarmo LarsenKristinAnn Helen EalpakkaEster SMorten MüllerHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTore HalsaAnne Berit GrønbechSiv ÅrdalEmil ChristiansenElisabeth Svee