Det gjeng litt treigt rundt av og til, eg forstod ikkje kva Småsporven hadde med saken å gjere før eg googla litt og fann ut at det er frå Haugtussa. Vi lærte jo denne sangen i barneskulen, men opphavet var ukjent for meg. Fantastisk. Skal tru kva andre overraskingar ein har i vente ved å gi seg i kast med dette diktverket.
Apropos Småsporven, her er ein versjon med The Deep River Boys, genialt!
Apropos musikk, Grieg har tonesett enkelte av dikta. Sjekk her. Ikkje heilt min musikksmak dette, men kanskje det fell i smak hjå andre?
Beundringsverdig. Vi hadde nøyaktig same deal på vårt lokale bibilotek for nokre veker sidan, og eg raska med meg 17. Men eg skal lese alle saman. Æresord.
Det som er har vært. Det som skal skje er ikke annet enn et glemt år som går baklengs. Ti stille mens jeg teller disse mine år.
"Må jeg ha en grunn til alt jeg gjør?" sa Mowgli rasende.
"Det er er Menneske! Slik taler et Menneske!" mumlet Bagheera i bartene. "Akkurat slik snakket folk rundt Kongens bur i Oodeypore. Vi jungelfolk vet at menneskene er de klokeste av alle. Hvis vi bare skulle stole på ørene våre, ville vi tro de var de dummeste."
Så bra at du set fokus på dette. Sidan eg er så heldig å ikkje ha nærkontakt med denne sjukdomen så høyrer eg nok til dei som treng meir opplysning. Boktipset er notert.
Skriv ei bok til då, vel! Foreslår at du kaller den neste boka di for "Panserhjerte".
Hals teori, som han praktiserte på andre, var at man måtte herde seg.
Da Buck kom ut på dekk, sank labbene hans ned i noe hvitt og bløtt som minnet om dynn. Han fnyste og hoppet tilbake. Hele luften var full av dette hvite. Han rystet på seg, men ble fort tildekket igjen. Han snuste nyskjerrig på det, og fikk noe av det på tungen. Det brant som varme, og i neste øyeblikk var det borte. Dette forbauset ham. Han forsøkte igjen med samme resultat. De som stod rundt brølte av latter, og han skammet seg uten å vite grunnen. Dette var den første sneen Buck hadde sett.
Eg var innom sida til Nasjonalbiblioteket i eit anna ærend, då eg kom over denne kunngjeringa om eit seminar onsdag 14. mai i høve Fløgstad sin 70-årsdag.
Sidan eg bur langt unna Oslo er det nok ikkje aktuelt å reise. Men skulle nokon av dei øvrige bokelskarane finne vegen dit skulle det vært moro om nokon kunne gi ein liten stemningsrapport. For ikkje å snakke om kva som blir kåra til den mest fløgstadianske setninga.
Ja, katten og eg vi ser kvar vår veg
Eg ned i boka og katten mot skogen
Han spring for å jakte i lange steg
Held villdyra unna så eg får fred
Til å lese Den andre Jungelboken
Håper det er midlertidig!
Eg har leita litt etter pris. Den beste prisen blant nettbutikkane eg har funne er hjå Ark.no, innbunde utgåve til 200,-, og fri frakt (Ark annonserer med fri frakt på ordrer over kr 199,-). Men så oppdaga eg under søket at bokklubben har gitt ut ei jubileumsutgåve med illustrasjonar av Håkon Bleken. Den ser dessverre ikkje ut til å vere i sal, men eg fann eit brukt-eksemplar på bokloftet.no som eg bestilte. Skulle det vere fleire som er interesserte så finnest det også nokre eksemplar på http://www.antikvariat.net/. God bokjakt!
I den ytre handlinga malar Saramago ut eit skræmande scenario om kva som kan skje dersom eit heilt samfunn blir råka av ein smittsam tilstand som gjer alle blinde. Det startar med ein bilist som mister synet medan han stend i eit lyskryss, lækjaren som undersøker han dagen etter blir også blind, deretter andre pasientar som var på lækjarkontoret same dagen, og så ballar det på seg.
Myndigheitene prøver å få kontroll på situasjonen ved å internere dei blinde i eit nedlagt mentalsjukehus. Forfattaren gjer ein kjempeprestasjon når han skildrar dei håplause forholda som utviklar seg når stadig fleire ny-blinde blir stua saman og overlatne til seg sjølve i denne bygninga. Lesaren blir sugd inn i den fortvila situasjonen. Det sparast ikkje på detaljar om vanskane med å halde dei sanitære forholda under kontroll, ein kan nærmast kjenne møkka på fingrane når ein blar seg igjennom dei mest horrible passasjane.
Like ille som dei sanitære forholda er samanbrotet av lov og orden i institusjonen. Det er forstemmende å få innblikk i kva for mekanismer som kan tre i kraft i eit slikt mikrosamfunn når medkjensla for medmenneska pulveriserast i kampen om ressursar, og den som har makta tek seg til rette på uhyrleg vis. Det er lett å lese denne delen av boka som eit bilete på verdssamfunnet, der dei med makt og kontroll kan ture fram på bekostning av mindre ressurssterke grupper.
Språket til Saramago er forholdsvis særprega. Det blir nytta ein presis og tidvis nærmast akademisk tone, men likevel med mange eufemismer, bilete, og poetiske vendingar. Det mest slåande ved stilen er likevel teiknsetjinga. Saramago nyttar komma der det skal vere komma, men også dei fleste stadar der det skal vere punktum. Etter slike «punktum-komma» kjem det ein stor forbokstav i neste ord, slik at når ein først har vent seg til denne stilen så gjeng det trass alt greit å halde orden på dei sidelange setningane. Effekten av dette er at dialogane blir ein kompakt, samanhengande flyt av informasjon. Eg likte det.
Dette er den første boka eg les av Saramago. Det blir nok fleire med tida.
Det er mulig eg er i overkant naiv og uvitande, men min utgåve av Peer Gynt er på 169 sider inkludert etterord og notar, sjølve stykket er ferdig på side 144. Med mindre ein går inn for å analysere kvar setning i boka så bør det jo gå an å lese igjennom dette på eit beskjedent antal veker.
Ei nærmast fabulerende forteljing om hendingar i Värmland i Sverige på første halvdelen av 1800-talet. Hovudpersonen Gösta Berling er ein ung prest som blir avsatt på grunn av alkoholproblem. Han blir tatt inn som «kavaler» på godset Ekeby. Kavalerane ei gruppe fargerike og stort sett eldre menn, pensjonerte offiserer og fattige adelsmenn, som vier resten av leveåra sine sitt til eit slags bohem-liv på landsbygda. Gjennom ein serie anekdote-prega historier, stort sett med ein viss kronologi, fyl ein livet til Gösta og dei andre kavalerane i eit års tid.
Der er mange kostelege historier, andre er underfundige, og atter andre er vakre og nostalgiske. Gösta har eit visst drag på damene, og mange av historiene handlar om tildragelser med lokale skjønnheiter i det øvre samfunnslaget. Ein annan fellesnevner for mange av historiene er korleis kavalerane trår til for å hjelpe seg sjølve eller andre ut av vanskelege situasjonar. Favoritten min i så måte er kanskje historia om då dei leverte jern frå Ekeby.
Selma Lagerlöf er ein meister i å skildre natur og stemningar. Det er heimtraktene sine ho skildrar, og det med ein god porsjon kjærleik. Ho er også flink til å få fram motstridande karaktertrekk hjå dei enkelte i persongalleriet sitt. Når eg likevel ikkje trillar høgare terningkast enn 4 er det mest fordi eg har litt vanskeleg for å få grep på desse kavalerane. Kanskje ikkje kavalerane i og for seg, men settinga med at dei har fått tilhald på ein herregard og attpåtil får kontroll over den i ei periode.
Eg spekulerer litt på om ramma for forteljinga er basert på legendene om Arthur og riddarane av det runde bord. Eg har ikkje lest nokon av desse legendene og veit i det heile svært lite om dei, men det skulle vært interessant om nokon med meir kunnskap om temaet kunne ha uttalt seg om dette har noko for seg, eller om det berre er sprøyt.
Eg høyrde denne som lydbok i Ordflyt, med Kari Hepsø som opplesar.
Det å skremme en mungo er noe av det vanskeligste som finnes, for han er full av nyskjerrighet fra topp til tå. Alle mungoers motto er "Løp og finn det ut"
Og mange bokelskarar hugsar nok at Venus frå dette maleriet også pryder omslaget til Jan Wise sin Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede, ei bok eg ikkje har lest enno men som stend høgt oppe på "må ha"-lista.