Eg las Kjartan Fløgstad sin bok Magdalenafjorden samstundes som vi held på med Haugtussa, og måtte smile litt over at Fløgstad viser til Garborg på s. 255:
"Kan ein seia at Jæren stig av havet slik Arne Garborg gjorde? Knappast, det ligg der, lågt og flatt og stig ikkje i det heile tatt."
Artig når ein held på med to bøker, og finn at den eine refererer til den andre.
Erfaringane mine hittil er at det alltid er ein del å undre seg over i bøkene til Kjartan Fløgstad. Slik er det også med denne boka. Forteljinga gir seg i form ut for å vere ei dokumentarisk framstilling av historiske hendingar, men dette er fiksjon og fakta i vilter samrøre, og med spark både til høgre og venstre. Vel, egentlig berre til høgre.
Det er den nære fortida vår, om lag dei siste 100 åra, som det blir røska opp i i denne boka. Geografisk langs aksen frå Spania via Tyskland til Norge og Narvik, og politisk og kulturelt i spennet mellom mellom fascisme, borgarstand og kulturelite. Conrad I. Tandem er ein av figurane som bitt historia saman; skipsreiar, levemann, opportunist, og med sviktande moralsk gangsyn i tida før, under og etter andre verdskrigen. Namnet er så vidt eg kan forstå oppdikta, men det er uklart korvidt romanfiguren er tufta på ein verkeleg reiar, eller om han er meint å representere forfattaren sitt syn på skipsreiarar generelt.
To figurar som er reelle nok er Marina Noreg og Adi Enberg, to damer med tilknytning til Norge, og som spionerer henholdsvis for tyskarane under krigen og for Franco i Spania. Fløgstad malar ut korleis desse er del av ein større kulturelite som støttar fascismen og nazismen, og det er etter kvart mange som får passet sitt påskrive av Fløgstad, til dømes Gertrude Stein og Geirr Tveitt. Fløgstad held fram universitetet i den tyske byen Tübingen som ein klekkeanstalt for fleire av dei høgtståande nazistane som opptrer i historia. Det undrar meg at han ikkje også fall for freistinga til å trekke inn Joseph Ratzinger, bedre kjend som pave Benedict XVI, kritisert for å ha vært med i Hitlerjugend, og som var professor ved det same universitetet på 60-talet, inn i historia.
Så har vi forfattaren sjølv som i form av romanfiguren Franklin Tverrli røskar opp i historia. Franklin, med solid arbeidarklassebakgrunn frå Sauda, orsak, Lovra, dukkar opp ymse stadar undervegs i forteljinga og nyttar kjempekreftene sine til å snu opp ned på ting, helst bilar, og gjerne bilane til moralsk skrøpelege personar. Eller som Fløgstad sjølv skriv på side 239; «Han hadde ei eiga evne til å ta ting for seg, løfta dei, snu dei opp ned, eller berre setja dei ned på sin rette plass» Det er nettopp dette eg opplever at Fløgstad freistar å gjere i denne boka.
Avslutningsvis vil eg slutte meg til anmeldaren Ingunn Økland sine ord frå omtalen hennar i Aftenposten:
«Det siste man bør ønske seg fra Fløgstad, er balanserte og veltempererte romaner. Lesere som føler seg manipulert, får prøve å tenke bedre selv.»
I denne boka får ein take del i eit års tid av historia til Dmitrij Andreitsj Olenin, ein ung og rik adelsmann frå Moskva, som reiser ut for å gjere militærteneste under kaukasuskrigen midt på 1800-talet, der Russland freista å få kontroll over Kaukasus-regionen. Kosakkane er ei russisk/ukrainsk folkegruppe med sterke krigar-tradisjonar, og er ei av folkegruppene som bur i Kaukasus-regionen og er naturleg nok på russisk side i konflikta. Militæreininga han sluttar seg til slår seg til i ein kosakklandsby ved elva Terek. Olenin blir bergtatt av det vakre fjellandskapet, begeistra for det enkle men gode livet kosakkane fører, og forelska i ei kosakkjente.
Geografisk og kulturelt er det ei lang reise for den unge adelsmannen. Men han gjer også ei indre reise; etter som tida gjeng ser han det tidlegare livet sitt som overfladisk og meiningslaust, og han kjenner ei sterk dragning til naturen og til kosakk-livet. Han filosoferer mykje omkring kjærleik, lukke og meininga med livet, og finn etter kvart ut at han ville vært lukkelegast om han fekk vere kosakk.
Det er grunn til å tru at boka er delvis sjølvbiografisk, Tolstoj sjølv var av adeleg ætt, og han gjorde militærteneste under kaukasuskrigen. Konfliktane i Kaukasus er stadig brennaktuelle, og lesarar med litt meir historiekunnskap enn meg vil nok forstå bakteppet for handlinga i boka betre enn det eg gjer, og sjå det i forhold til dagens situasjon. Tolstoj gjer i denne boka i liten, faktisk ingen, grad greie for dei politiske tilhøva som låg bak krigen, men tsjetsjenarane var ein av motpartane då som no.
Eg høyrde denne boka som lydbok i Ordflyt. Opplesaren Sigmund Simonsen gjorde ein framifrå jobb. Dette var også den første Tolstoj-boka eg har lest (høyrt). Det blir nok ikkje den siste, både Anna Karenina og Krig og fred er jo bøker som ofte nemnast som litteratur ein bør få med seg i løpet av livet. Ein får ta tida til hjelp.
Støtter den. Sjølv har eg i tillegg nytta boardingkort frå Lufthansa og TAP det siste året.
Enkelte av bøkene eg les er av ein slik art at eg ynskjer å faktasjekke opplysningar undervegs, eller kanskje rett og slett finne meir bakgrunnsinformasjon. Då er det kjekt at lesestolen, som er ein 2-seter med stort armlene mellom seta, er plassert slik at eg har ein benk på høgre sida i ein knapp armlengde-avstand der EDB-maskina (for å børste støvet av ei gamal nemning) er tilgjengeleg, og at midt-armlenet er "dobbelt" slik at eg kan stable bøkene eg held på med der. Det er heller ingen ulempe at det same armlenet har kaffekopp-haldar.
Dikt og sanning er eitt og uskiljeleg, om dei så går kvar sin veg, dikt og sanning er uskiljeleg. På sikt, og alltid på likt, blir diktet sanning, og sanninga eit dikt.
Etter artium tok Conrad I. Tandem fatt på det som eufemistisk blir kalla merkantil utdanning i Sveits og Tyskland, hospiterte hos meklarar og dispasjørar i hamnebyar frå Hull og Terneuzen ved nordsjøbassenget til meir eksotiske hamner i Portugal og Spania. Mykje moro, rike år, flyktige affærer, knuste kvinnehjarte. Conrad Tandem hadde draget, men den som har draget har alltid noko å drita på, slik den misunnelege kompanjong Møring uttrykte det.
Der var i alle fall mange gode tips til andre bokelskarar i lista
Artig liste, har du lest alle? Sjølv har eg lest berre to av desse. Sør-amerika manglar, men utover det ser det ut for at du har fått med alle verdsdelar. Og det er vel ikkje overraskande at Europa dominerer i norskspråkleg litteratur.
Eg las også denne nyleg, og likte den godt. Er 47, så då gjeng eg ut frå at eg framleis vil like den om to år ....
Takk for svar. Eg føyer denne til lista over bøker eg skal sjå nærmare på dersom eg finn dei på sal el. l.
Eg har ti tommeltottar, og du får alle i veret for denne. Suveren replikk.
Kva synest du om "Stål" så langt? Eg har vært litt nyfiken på denne, og lurer på om det er ei bok eg bør sjå etter på framtidige sal.
kremt - no sveipa eg nettopp innom profilen din og ser at du er nesten jevngamal med meg. Eg trudde frå profilbiletet at du kunne vere rundt 20 år yngre, det var derfor eg ordla meg slik eg gjorde. Ja ja, ein får vone at det er eit feiltak som kan opplevast som positivt.
Når det er sagt, så har vi vel begge, reint statistisk sett, gode sjansar for å vere leseføre 20 år frå no, så får ein sjå om smaken held fram med å endre seg med tida.
God helg!
Er nok hybrid eg også, men ikkje bok/e-bok. Derimot lydbok/e-bok eller lydbok/papir. Eg må som regel bla litt i dei bøkene eg høyrer på øyret for å få fullt utbytte av dei.
Det var synd, men ingen skam. Men samle på boka uansett, kanskje finn du glede i den seinare? Sjølv les eg no for tida bøker som eg ikkje ville funne på å tenke på ein gang for 20 år sidan
Dersom nokon ynskjer å lese ei brennaktuell sakprosa-bok om Brasil i år, så er dette boka. Rett nok handlar boka om fotball, men det er ikkje naudsynt å vere fotballinteressert for å få utbytte av å lese den. Det er nemlig like mykje ei bok om brasiliansk samfunnsliv dei siste 100 åra, og om aktuelle strøymingar i dagens samfunn. Men klart, for den som korkje har interesse for fotball eller for Brasil er nok utbyttet av boka noko avgrensa.
Lien har levert eit imponerande stykke journalistisk arbeid med denne boka. Han har gått grundig til verks med kjeldemateriale frå aviser og andre trykte og elektroniske medier, han har intervjua eit stort utval av menneske; fotballspelarar, samfunnsvitarar, politikarar, fotballfans og «mannen i gata», han har sett eit utal av fotballkampar, både store prestisjeoppgjer, kampar mellom småklubbar, og løkkefotball, og knyter desse opplysningane og inntrykka saman til ei heilheitleg historie.
Dei fleste har vel fått med seg at det skal arrangerast fotball-VM i Brasil om nokre dagar, og for mange framstend det som uforståeleg at store delar av den ellers fotballgalne befolkninga i Brasil protesterer mot gjennomføringa av arrangementet. Forfattaren teiknar eit overtydande bilete av korleis korrupsjon og maktmisbruk gjennomsyrer det nasjonale fotballforbundet, og korleis arrangementet har blitt eit verkty for å styre offentlege midlar over i lommene til makteliten. Ein kan t.d. ikkje anna enn finne det motbydeleg at leiaren for forbundet har bakgrunn frå militærdiktaturet på 70-talet, og held fram med å styre forbundet etter dei same prinsippa.
Ja, eg skal til Brasil i sommar. Ja, eg skal sjå fotballkampar, i det minste på TV. Men etter å ha lest denne boka må eg innrømme at det blir med ein sterk bismak.
Dette er først og fremst ei historie om einsemd. Forteljaren i boka, ein ung mann som berre nemnast som K, er ein einstøing som har begrensa interessefellesskap med jenvaldrande. Glødande interesse for litteratur, klassisk musikk og jazz er vel berre unntaksvis ein vinnar i sosiale settingar blant ungdom. Under universitetsstudiane blir han kjend med Sumire, ei jente som har tilsvarande interesser, og som K blir grenselaust forelska i. Men Sumire er ikkje interessert i kjærleik, berre i å føre timelange filosofiske samtalar med K, og gjerne på telefon midt på natta. Når Sumire endelig blir forelska, er det i Miu, ei smart og elegant forretningskvinne, som på sin side ikkje gjengjelder Sumire sine kjensler. Frustrerende for alle partar.
Det skjer enkelte rare og uforklarlege ting i boka. Hendingar som utfordrar forestillingar om kva som er draum og kva som er røyndom. Likevel sklir det på ingen måte over i science fiction, eg oppfattar det meir som ei filosofisk øving.
Murakami liknar lagnadane til hovudpersonane med satelittar som sviv omkring i verdsromet, og som berre kan møtast ein kort augneblink i det banene kryssar einannan før dei sviv ut i einsemda på ny. I det heile er språket i boka poetisk og lettflytande, det har også noko draumeaktig over seg. Lesaren (i allefall denne lesaren) blir ikkje dradd inn i historia, men blir ein utanforståande tilskodar satt inn i si eiga boble av einsemd. Heldigvis varer denne kjensla berre så lenge ein les og fordøyer boka.
Eg har ikkje lest noko av Murakami før, og fekk på ingen måte skrekken av å lese denne. Det kjem nok fleire bøker av denne forfattaren på leseplanen min etter kvart.
Det er jo klart at en ung mann gjerne vil vise seg litt. Men alt har sin tid. Vel, han har slåss, han har stjålet, han har drept en abrek, og alt det er flott! Men nå kunne han ta det litt med ro. Ellers blir det bare elendighet av det.
Olenin var en ung mann som ikke hadde avsluttet sin universitetsutdannelse, som aldri hadde arbeidet noe sted, (som bare hadde hatt en rent nominell ansettelse i et eller annet embetsverk), som hadde sløst bort halvparten av sin formue og nådd en alder av fire og tyve år uten ennå å ha valgt seg noen som helst karriere og uten noensinne å ha gjort et slag. Han var det man i Moskvas finere selskap kalte "en ung herremann".
I femtito veker så har eg lagt inn
Eit innlegg om helgelektyren på rim
Men alt har sin ende, slik heiter det vel
Eg takkar for merksemda, her kjem i kveld
Eit avslutnings-bidrag i min disiplin:
I cup-helg med fotball og tenårings-sprell
Så tek eg meg økter med bøkene lell
Med Fløgstad sin siste i godstolen min
Og Hautussa-lesing før svevnen set inn
Kjem jamvekta til meg så alt blir på stell