-- Joona, dette skjedde for tretten år siden, det har rent mye vann under broene ...
-- Ja.
-- Og du hadde helt rett den gangen, jeg sier jo det.
-- Hva var det egentlig jeg hadde rett i? spør Joona dempet og ser på sjefen.
-- Hva du hadde rett i? gjentar Carlos skarpt. - I alt, Joona. Du hadde rett i alt. Er det nok nå?
Sandmannen av Kepler. Fy flate for ei spennede bok. Blir nok ferdig med den i kveld.
Så er det jo fotball-VM, og eg blir aldri lei av å fortelje om at eg er i Brasil nett no (sjølv om mange sikkert begynner å bli lei av å høyre om det), og då må ein jo lese litt fotball-relatert litteratur. Eg var innom ein bokhandel i går og der fann eg mellom anna boka O drible, ei fotball-forteljing som stilmessig blir skildra som ei blanding av Turgenjev og Nick Hornby. Startar på den i morgon.Skal bli interessant.
Eg meldte meg inn i bokklubben igjen i fjor etter eit lengre tids opphald. Tidlegare medlemskap har resultert i gløymde avbestillingsfristar. Men no har eg lasta ned bokklubben sin app på telefon, og synest det fungerer kjempegreit. Ingen miss så langt. Og så er eg kjempenøgd med mange av kampanjane, og ikkje minst med bokklubben sine eigne utgåver av enkelte bøker.
Men er er heilt samd i at det virkar rart med alle desse tilboda på andre ting enn bøker, det er eg ikkje det minste interessert i. Det er kanskje slik at bokklubben tener såpass på dette at dei kan gi oss billigare bøker? I såfall er det heilt greit for min del at dei har denne bi-gesjeften.
Hæ? Sminker du deg ikkje før du leser?
August Strindberg sin "De lykksaliges ø". Kort-kort lydbok som eg fann på Ordflyt. Som papir-bok trur eg historia berre er tilgjengeleg som del av ei større samling med historier.
Herlig samfunssatire, den sat som eit skudd for denne lesaren (høyraren), eg gliste frå øyre til øyre medan eg køyrde bil og lytta til denne. Dette var mitt første møte med Strindberg, men eg må nok lese meir av han.
Og så er det litt frustrerende at ein ikkje får tilgang til noko særleg av bøker når ein er i utlandet, eller i det minste når ein er logga på via ei utanlandsk IP-adresse.
Femordsomtale: Inspirerende oppvekstskildring, men manglar kontekst
Omstendeleg omtale:
Tittelen kan overetjast til norsk som «Historien om Lula, Brasil sin son». Boka er ei kortfatta skildring av livet til Brasil sin førre president, Luiz Inácio da Silva, bedre kjend som Lula.
Lula blei fødd inn i ei fattig familie i det karrige innlandet i Nordaust-Brasil. Før han blei fødd reiste faren sørover til Santos saman med den purunge elskerinna si for å finne arbeid og tene pengar for familien sin (og etter kvart familiene sine). Lula, mora og søskenflokken flytta etter nokre år seinare, og opplever at faren favoriserer den nye familien han har saman med elskerinna.
Mora til Lula, Lindu, blir via stor plass i historia. Analfabet, og ei hardt-arbeidande dame med eit stort hjarte. Ho bryt opp frå den etter kvart valdelege ektemannen i Santos, og flytter med den stadig voksande ungeflokken til storbyen São Paulo. Når elskerinna til ektemannen ei tid seinare også finn å måtte flykte, er det Lindu som tek seg av henne og ungane.
Lula og søskena hans er skuleflinke. Likevel er muligheitene for innflyttarar frå Nordaust å klatre på den sosiale rangsstigen begrensa. Lula jobbar som skopussar frå 7-8-årsalderen, og får som 15-åring innpass på ein yrkesskule for mekanikarar. Læretida og etterkvart yrkeskarriera er som metallarbeidar i bilindustrien, og han blir involvert i fagforeningsarbeid. Med ei sterk personligheit, evne til å knyte kontakter og engasjement for arbeidarane sine kår blir han etter kvart fagforeningsleiar og ein sentral aktør i storstreikar og protestar mot militærregimet på 1970-talet. Etter å ha vært fengsla for engasjementet sitt stiftar han «Partido dos trabalhadores» (Arbeiderpartiet) i 1980, og etter å ha stilt som presidentkandidat i fleire val blei han til slutt valt som president i 2002.
Alt i alt er det ei inspirerande historie. Det er alltid fengande å lese om personar som kjem frå trange kår og kjem seg opp og fram i livet. Men forfattaren gjer alt for lite ut av historia. Den er avgrensa til ei oppramsing av fakta, tidvis pakka inn i sentimentale vendingar, men utan å setje dei inn i ein større samanheng. Eg saknar utdjupingar av samfunnstilhøva i dei ulike tidsepokene, sosiale og poltiske strøymingar, og framfor alt ei kritisk vurdering av Lula sitt virke. Ein må nok leite i andre tekster etter dette, for denne boka er først og fremst ein hyllest til ein arbederklassehelt og mora hans, som kjempar mot fattigdom og urettferd. Og for all del, hyllesten er fortent.
Boka gav også opphav til ein film med det same namnet, utgitt i 2010, og som blei kritisert for å glorifisere Lula i valåret for etterfølgaren hans.
Litt etter litt så vente Lula seg til å tale til publikum. Men det var ikkje gjort over natta. Første gangen han blei intervjua på TV var han så skjelven i beina at han måtte setje seg ned for ikkje å dette overende.
Lindu og søstera hennar Luzinete trudde lenge på ei forklaring som ei niese hadde kviskra til dei:
- Når ei dame skifter på seg klær på romet sitt, og ein mann kikar på igjennom nøkkelholet ... tada! Då blir dama gravid.
Som barn og ungdom las eg ofte bøker fleire gangar, men no gjer eg det så godt som aldri. Unntaksvis kan eg leite fram ei bok eg har lest for å finne fram til ein spesiell passasje el.l. som eg vil samanlikne med boka eg held på med.
Bøker eg høyrer som lydbok blar eg gjerne også igjennom som e-bok, oftast via Nasjonalbiblioteket sine sider.
Femordsomtale: Coelho passar meg enno ikkje
Litt lengre omtale:
La meg starte med å skrive nokre positive ord. Paulo Coelho nyttar eit lettfatteleg språk i bøkene sine. Dette er den andre Coelho-boka eg les, begge på originalspråket, og begge to kjem høgt opp på lista mi over lettleste bøker på portugisisk. Han skriv også ganske korte bøker. Med tanke på at eg ikkje likte bøkene så er jo det også eit stort pluss.
Eg innrømmer glatt at ein viktig grunn til at eg las denne boka no er at den enno ikkje er å få i engelsk (kjem i august) eller norsk utgåve, og at det gjev ein slags barnslig tilfredsstillelse å kunne lese den før dei fleste andre norske lesarane. Men eg hadde også eit ærleg ynskje om å gi Coelho ein ny sjanse. Det er no over 11 år sidan eg las Alkymisten, som eg hadde store forventningar til og blei veldig skuffa over, og det er jo ikkje utenkeleg at både min smak og Coelho sin stil kan ha endra seg såpass at det er bryet verdt å prøve på nytt.
Vel, boka er i det minste ganske ulik Alkymisten. Hovudpersonen Linda er ei sveitsisk dame, nærmare bestemt frå Genève, som fortel om nokre månadar av livet sitt i første person og i notid. Stakkars Linda er 31 år, har vært gift i 10 av dei, har meir enn nok av alt vanlige personar ynskjer seg, men er likevel på veg inn i ein depresjon. Meininga med livet og slikt tyngjer veldig, og når ho treff att ein ungdomskjæreste så blir ting litt komplisert.
Tittelen på boka, Adultério, tyder utruskap på norsk. Coelho utforskar mange kjensler omkring utruskap i denne boka, både kva slags kjensler som leier fram til det, kjensler undervegs, og kjenslene til den som blir utsatt for utruskapen. Det er berre eit par problem; for det første greier eg ikkje å tru på dei personkarakteristikkane som blir lagt fram. For det andre tykte eg historia var grusomt kjedelig. Dei mest interessante delane i historia i mine auge er faktisk der Coelho gjev smakebitar av Genève sin historie og innbyggarane sine særtrekk. Det er kanskje ikkje så rart at desse delane av historia er dei mest truverdige då Coelho sjølv bur i denne byen.
Eg vil ikkje seie at eg har gitt opp Coelho for alltid. Det må jo vere noko med bøkene som fenger sidan det er så mange som les dei. Men det gjeng nok nokre år igjen før eg eventuelt prøver på nytt.
.., vi gjekk ein fottur ved Matterhorn, og eg stoppa heile tida for å ta bilete. Heilt til han blei irritert: "Trur du at all denne storslegne og vakre naturen får plass på eit bilete? Du skal heller lagre slike minne i hjartet ditt. Det er viktigare enn å freiste å vise fram for andre kva du opplever."
Eg kan føye til at svaret skal vere 25 550, Coelho bommar med 200 i reiknestykket sitt. Eller er det kanskje ein finurleg måte å antyde at hovudpersonen har kasta bort 200 dagar av livet sitt på?
Eg finn fram iPad'en på nattbordet. Gangar saman 365 med 70. Det blir 25 350. I gjennomsnitt er det så mange dagar ein vanleg person lever. Kor mange har eg alt kasta bort?
Har denne ulest i bokhylla, kjøpt på impuls med forventningar om ei lettlest og morosam bok. Blanda omtaler hittil ser eg. Eg tåler godt å lese litt bannskap så akkurat den biten er eg ikkje uroleg for. Eg er meir utrygg på om eg kjem til å like at heltinna, slik eg forstår det, har eit avslappa forhold til arbeidsreglementet. Vi får sjå.
Det beste VM i mi tid som fotballinterresert, utan tvil. Får ikkje sett Nederland-Mexico for eg er på veg til Recife for å prøve å kome inn på Costa Rica-Hellas. CR har imponert så langt, håper dei held fram med det. Oi, dette er jo ei bok-side. Ehhh ... er det nokon som har tips om gode fotballbøker? Spesielt om Costa Rica? Og i sær om kampen i kveld?
Femordsomtale: Kunstferdige drodlerier om sår kjærleik
Tohundreogtrettifemordsomtale:
«Eu me chamo Antônio» tyder «Eg heiter Antônio». Dette er også ein del av forfattaren sitt fulle namn, Pedro Antônio Gabriel Anhorn, og tittelen antyder dermed at tekstene i denne boka er basert på eigne opplevingar.
Historia bak boka er om lag slik; Pedro Gabriel er glad i å sitje og drikke øl på baren Café Lamas i Rio de Janeiro. På eit tidspunkt starta han å drodle på serviettar på baren. Små fraser eller dikt, med særeigne, snirklete bokstavar og gjerne med ei teikning attåt som illustrerer poenget i teksta. I 2012 starta han facebook-sida Eu me chamo Antônio, der han la ut (og framleis legg ut) fotografi av drodleriet sitt. Sida blei raskt populær (ja, eg fylgjer også sida), og Gabriel bestemte seg for å gi ut eit utval av fotografia i bokform.
Tekstene, eller dikta om ein skal kalle det for det, er satt saman slik at dei fortel ei kjærleikshistorie. Frå det første blikket, via det første møtet og så til begeistra elskhug, over til usikkerheit, oppbrot, pinsle, freistnad på å gløyme, og så å finne attende til ein annan igjen. Fleirtalet av tekstene baserer seg på ordspel som er nærmast umogleg å oversetje til norsk. Mange av dei kan nok virke banale når ein ser isolert berre på teksta, men den spesielle kalligrafien og teikningane som høyrer til gjer at det likevel er ei flott oppleving å bla igjennom boka.
Eg har funne ein plass i draumane dine. Ver så snill å ikkje våkne.
Eg er ikkje bitter. Det er berre det, at livet av og til stel sødmen vår.
Femordsomtale: Tittelen held det den lovar
Og den litt lengre omtalen:
«Guia Politicamente Incorreto Da Historia Do Brasil» kan omsetjast til «Politisk ukorrekt vegvisar til brasiliansk historie», og det er nettopp det denne boka er. Forfattaren tek for seg ulike tidsepoker, historiske hendingar og brasilianske nasjonalikon, og held vanleg skulebok-lærdom opp mot eit nyansert bilete basert på nyare forskning og fraværet av eit politisk korrektheit-filter. Eller ein kan kanskje heller hevde at filteret er satt på vranga.
Eksempelvis argumenterer forfattaren for at indianarane sitt levesett i større grad øydela urskogen enn det kolonistane sitt levesett gjorde, at slaveriet var meir nyansert enn den alminnelege «kvit rik godseigar piskar forsvarslause svarte»-framstillinga (mellom anna får ein vite at slavar som kjøpte seg fri gjerne sjølve vart slaveeigarar), at monarkiet egentlig ikkje var så verst, i alle fall når det gjaldt Dom Pedro II, og at militærdiktaturet av 1964 og framover hadde vært meir smertefritt dersom ikkje kommunistane hadde satt i verk terroraksjonar med mål å innføre sitt eige diktatur. Med andre ord argument som gjeng på tvers med alminnelege oppfatningar.
Det er ikkje tvil om at forfattaren har mange gode poeng. Eg hugsar sjølv overraskinga første gangen eg kom til Brasil, i 1993, og blei fortalt at det var ein brasilianar, Santos Dumont, som hadde funne opp flyet. Dette er enno vanleg (men forhåpentligvis ikkje einerådande enno) skulelærdom i Brasil. Dumont var rett nok tidleg ute med å lage eit fly, men vart slått med 3 år eller der omkring av Wright-brødrene. Narloch viser korleis behovet for nasjonalheltar gjorde at denne myta om Dumont som fly-oppfinnar kunne oppstå i Brasil.
Men angåande mange av de andre temaa som blir tatt opp så lyt ein som lesar hugse på at forfattaren her legg vinn på å vere så politisk ukorrekt som han kan, i alle fall så langt han har belegg for det etter kjeldene sine. Som regel landar han på beina, men enkelte argumentasjonsrekker fell i mine auger i fisk, som når han i diskusjonen om indianarane sin lagnad held fram at det etter oppdagingsreisene på 1400-1500 talet var mange fleire europearar som døydde av sjukdomar frå Amerika enn det var indianarar som døydde av sjukdomar dei fekk frå europearane. Det fell seg så naturleg å spørje; kven var det egentlig som oppsøkte kven?
Likevel, ein lyt slå fast at dette er både ei lærerik og morosam bok. For ein ikkje-brasilianar får ein mykje kunnskap om historia til landet, uansett kva for briller ein har på når ein les, og det er alltid artig å lagre gode poeng i minnet for framtidige diskusjonar.