Det er frå desse to familiene vi har fargane grønt og gult som kjenneteikn for Brasil. Grønfargen symboliserer Bragança, familien til Dom Pedro I, og gulfargen symboliserer Habsburg-ætta til prinsesse Leopoldina. Det er ein myte at bruken av desse fargane er inspirert av den brasilianske naturen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Er komen til Brasil, og i byen eg bor i så regner det så mykje at det godt kunne vært sendt ut flaumvarsel her også. Ein får sjå positivt på det, det blir meir tid til lesing. Straumen er borte, håper den kjem att før kvelden, slik at ein kan lese då også.

Uansett, eg har nettopp gjort unna den politisk ukorrekte vegvisaren til brasiliansk historie. og ei slags diktsamling. Når eg kallar det for "ei slags diktsamling" så er det ikkje negativt meint, eg kjem nærmare inn på dette i bokomtalen etter kvart.

Så har eg starta på Paulo Coelho sin siste bok, Adultério. Eg veit ikkje kva tittel den vil få på norsk, men "Utruskap" vil vere ei grei oversetjing. Eg har ikkje kome lenger i boka enn at eg framleis har eit håp om at Coelho vil overraske meg på ein positiv måte. Og når eg blir lei av å lese på portigisisk, så har eg også lest litt i, og kjem til å halde fram med, Sandmannen av Lars Kepler.

Og medan eg skriv så har straumen kome attende. Håper det varer. God helg!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Femordsomtale: Fin historie fortalt på rim

For den som ynskjer å lese litt fleire ord:

Garborg fortel her historia om ungjenta Gislaug, alias Veslemøy, alias Haugtussa, ei fattig gjetarjente på Jæren. Som gjetarjenter flest så er ho ute saman med buskapen store delar av sommarhalvåret, og det var vel heller ikkje uvanleg at gjeterjenter fekk vitjing av kjekke gutar som dei forelska seg i. Det var heller ikkje uvanleg at kjærleiken tek slutt, og at minst den eine av partene blir djupt vonbroten over det. Det ein må tru var litt meir uvanleg var at Gislaug er synsk, og ser både avlidne, haugfolk, troll og stort sett alt ein kan tenke seg av overnaturlege skapningar. Ikkje berre ser ho dei, men ho er tidvis saman med dei.

Forteljinga er på rim, i form av 71 dikt, som ber fram historia kronologisk. Mange av dikta er nydelege naturskildringar, andre tek for seg Gislaug sine indre kampar, og atter andre er nærmast burleske framstillingar av dei overjordiske sitt liv. Språket opplevast som noko gamalmodig, ikkje uventa sidan teksta er nær 120 år gamal, og inneheld mange ord og vendingar som kan opplevast som krevjande. Men dette kompenserast i fullt monn av ein framifrå flyt i verselinjene, der først og fremst bokstavrima er med på å løfte dikta.

Mitt eksemplar av boka er illsutrert med maleri av Håkon Bleken. Det å beundre desse maleria og korleis Bleken gjennom dei tolkar teksta gjorde lesinga til ei høgtidsstund.

Eg las denne som ein del av kjell k sin lesesirkel i mai/juni 2014, og vil takke dei andre deltakarane for mange gode kommentarar undervegs.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Den galne guten min hug hev dåra;
eg fanga sit som ein fugl i snòra;
den galne guten, han gjeng so baus;
han veit at fuglen vil aldri laus.

Å gjev du batt meg med bast og bende;
å gjev du batt meg so bandi brende!
Å gjev du drog meg so fast til deg,
at heile verda kom burt for meg!

Ja kunde rett eg mi runelekse,
eg vilde inn i den guten vekse;
eg vilde vekse meg i deg inn,
og vera berre hjå guten min.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

På Skare-kula under eit sva,
der styggedans gjeng i joli,
der sit trollkjeringar tolv på rad
og galdrar med gjèling i hóle,
skal freiste å sløkkje soli.

(....)

Men soli smiler ovanum sky;
ho meiner ho kann det herde.
Dei når ikkje upp med sitt gnål og gny
og galdresongane svære, -
um aldri dei dette kann lære.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Artig øvelse, det fekk meg til å sjå over lista over bøker eg har lest dei siste par åra. Eg visste jo at eg for det meste les litt eldre bøker for tida, men at eg berre har lest 13 bøker frå 2012 eller nyare av i alt 117 bøker eg har lest sidan 2012 (altså 11%) var likevel litt overraskande.

Ja ja, nok navlebeskuende tøvprat, her er lista:
1 - Nostradamus' testamente av Tom Egeland
2 - Udødelighetens elixir av Gabi Gleichmann
3 - De usynlige av Roy Jacobsen

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk for god omtale. Denne boka stod alt høgt på ønskelista, og rykker no enno nokre hakk oppover. Gleder meg til å lese den når eg kjem så langt

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Gode avisspaltistar bruker å kommentere trendar, vurdere hendingar, og gi lesarane innsyn i korleis framtida til landet vil arte seg. Graciliano Ramos var ikkje spesielt god til dette. Forfattaren til Vidas Secas hevda i 1921 i ein kronikk at fotball var ein flyktig mote som aldri ville slå an i Brasil.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I det eg riggar meg til i godstolen for å sjå på den 3. VM-kampen i kveld må eg berre sakse inn denne frå fotballkommentator-legenden Arne Scheie:

"For mye fotball på TV? Jeg sier som Sølve Grotmol: Det er for mange bøker på biblioteket også"

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Er det mange av bokelskarane som har "litterære ferieplanar", om ein kan nytte eit slikt uttrykk, for sommarferien? Vitje spesielle bokhandlar eller bibliotek? Vere med på litteraturfestivalar eller liknande? Oppsøke stadar de har lest om? Eller omvendt, lese bøker som stadar de skal reise til?

Sjølv har eg ingen ambisiøse planar i så måte. Men eg har som mål å lese litt brasiliansk litteratur på originalspråket, og no begynner det å bli slunkent med uleste brasilianske bøker i bokhylla. Derfor reiser eg like godt til Brasil om nokre dagar for å etterfylle. Og sidan det også er fotball-VM i landet så kan det jo hende at eg finn på å sjå litt på det også, i det minste på TV. Når eg tenker meg om så har eg jo halve familien der også, best å passe på å stikke innom og helse på.

Godt sagt! (16) Varsle Svar

Sidan vi er i USA; vi hadde felleslesing av Steinbeck førre haust/vinter, og i Travels with Charley prøver jo Steinbeck å ta pulsen på landet sitt anno 1960. Hugsar ikkje om du var med på felleslesinga, men sjølv likte eg denne boka godt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Her gjeng det i "Guia Politicamente Incorreto Da Historia Do Brasil", eller "Politisk ukorrekt vegvisar til brasiliansk historie" som boka kanskje ville ha heitt i norsk omsetjing. (Jaggu flaks eg har slutta med helgerimsnekringa, det hadde ikkje vært lett å flette inn denne tittelen i ei verselinje)

Forfattaren virkar å ha ein klar agenda i å bryte ned vanlege forestillingar om indianarane sin skjebne, slaveri, samt bedriftene til eit knippe av Brasil sine nasjonale heltar. Han virkar også å ha nokre høner å plukke med den ytre venstresida i brasiliansk politikk. Uansett, boka er i alle fall politisk ukorrekt til gagns, så tittelen held det den lovar.

Finnest det liknande bøker om norsk historie skal tru?

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Det er kanskje ikkje naudsynt å nemne det, men sidan du har lest, og likte, Skyskraperengler, som eg ikkje har lest, så er det kanskje også grunn til å tru at du vil like Skyskrapersommer, som eg har lest og likte godt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg tenker på Ragnar Hovland sin 1964. Den stend ulest i bokhylla mi (har nyleg kjøpt den), så eg skal ikkje påstå at den stemmer 100% med ynskjet ditt, men ut frå det eg har lest om den ser den ut til å ligge ganske nær.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Først, den korte omtalen på fem ord:
God krimbok med klassisk preg.

Så den litt lengre omtalen som viser at eg egentlig ynskjer å anmelde for ei avis eller noko slikt:

Eg kjenner sjølvsagt til namnet Stein Riverton, kanskje først og fremst på grunn av Riverton-prisen som er kalla opp etter han, men eg har ikkje lest nokon bøker av han før no. Forfattaren sitt eigentlege namn var Sven Elvestad (Elvestad = Riverton, artig), og han gav ut ein haug med krimromanar tidleg på 1900-talet.

I Jernvognen, som kanskje er den mest kjende boka hans, er handlinga er lagt til eit idyllisk kystsamfunn nokre timars reise unna hovudstaden tidleg på 1900-talet. Forteljaren, som vi aldri får vite namnet til, er feriegjest på staden, og skildrar uhyggelige hendingar som skjer der. Ein av dei andre feriegjestane blir funnen ihjelslått nær hotellet, og det blir sendt bod etter ein etterforskar frå Kristiania. Den natta drapet skjedde hadde fleire også høyrt underlege lydar, lydar som ein meiner kjem frå ei jernvogn. Ei lokal segn seier at denne jernvogna høyrest når det er dødsfall i vente, og kort tid etter drapet høyrer ein jernvogna enno ein gang.

Boka er godt skrive, og kan karakteriserast både som psykologisk thriller og som klassisk krimgåte. Det er eit avgrensa persongalleri som er involvert, likevel greier forfattaren å utvikle historia på ein måte som gjer at lesaren svever i uvisse om korleis ting heng saman, og kven som er mordaren. Den kanskje største uvissa dreier seg om kva for grad av realisme som til sjuande og sist vil ligge til grunn. Er det overnaturlege krefter i sving? Dreier det seg om hypnose eller psykologiske fenomen? Er det element av science fiction anno 1909 med i biletet? Denne uvissa gjer at forteljinga etter kvart blir særs fengslande.

Ein må også nemne språket. Forteljaren er ein god obervatør, og i tillegg til å gjere greie for faktiske hendingar legg han også ut om natur og omgjevnadar i poetiske vendingar. Stilen kan virke noko gamalmodig, det skulle ellers berre mangle i ei over 100 år gamal forteljing, men den er sjarmerende. Dialogen er utsøkt høfleg. Men gjennom alt dette er det også ein tone av uhygge. Ein får litt «film noir»-kjensle av det heile.

Eg høyrde denne forteljinga som lydbok i Ordflyt. Opplesaren Leif Dubard gjer, sjølv om han av og til snublar litt i setningane, ein strålande jobb med å lese i eit toneleie som kler forteljinga veldig godt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Detektiven smilte.
- Jeg er i grunnen meget av en lyriker, sa han, - en lyriker i redsler.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

-- Man tror ikke på meg. Jeg har vært hos presten og fortalt mange underlige opplevelser jeg har hatt både på sjøen og i land. Jeg har vært hos skolemesteren også. Men de har bare smilt av meg og sagt at jeg har en livlig fantasi. Men nu, tenkte jeg, nu kunne du kanskje få rett, når du har en hovedstadsmann og en belest mann på din side, Ja, for De har jo hørt jernvognen, har De ikke?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For ikkje å snakke om Vaffelhjarte av Maria Parr, flottaste barneboka eg har lest.

Artige lister du lagar, forresten

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg les dette diktet som ei skildring av solnedgangen i havet. Når det ligg skyer eller skoddebankar lågt i synsranda så lyser jo desse opp etter at solskiva har gått bakom dei, nett som eit eventyrland av glitrande fjell.

Naar Dagen sig som Eld og Blod
i Blaae-Myr,
det logar upp med Glim og Glod
og Æventyr.

Blåmyra er jo ei vanleg omskriving for havet.

Så trur eg nok også at Garborg skriv inn ei tilleggsmeining i diktet, spesielt i siste verset, her heller eg til at han viser til det hinsidige.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Med forbehold om at det er dette diktet Fløgstad viser til (det kan jo hende Garborg har skive i ei anna tekst at Jæren stig av havet) så er eg samd med deg.

Ei anna sak er at dersom ein legg vrangviljen til, så skriv Fløgstad at også Garborg sjølv stig av havet. Fløgstad er jo ein meister i å formulere seg tvetydig, men det er ikkje sikkert at akkurat denne var tilsikta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

MarteAnne ÅmoEli HagelundBente L.GunillaTatiana WesserlingLeseberta_23Fride LindsethEllen E. MartolKirsten LundMads Leonard HolvikRufsetufsaHelena ETove Obrestad WøienLinda NyrudLars Johann MiljeAnneWangHeidi BBRandiAFrode Øglænd  MalminJarmo LarsenKristinAnn Helen EalpakkaEster SMorten MüllerHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTore HalsaAnne Berit GrønbechSiv ÅrdalEmil ChristiansenElisabeth SveeAlice NordliChristofferBerit RKjell F TislevollOdd HebækMarianne MPiippokatta