-- Kva er det som klemmer tårene ut av hjartet til Iracema?
-- Cashew-treet gret når stammen blir tørr og trist. Iracema mista gleden sin når du reiste frå ho.
-- Men er eg ikkje her saman med deg?
-- Kroppen din er her, men sjela di flyg i veg til heimlandet ditt, der den kvite jomfrua ventar på deg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

-- Honningen frå leppene til Iracema er som vokskaka som biene lager i stamma til andiroba-treet, der er gift i sødmen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Verdens tredje mest folkerike land har jo ein haug med forfattarar som har gitt ut bøker som reiknast som klassikarar. Steinbeck, Hemingway, Faulkner for å nevne nokre.

Verdens 10 mest folkerike land er, i ordna rekkefølge, Kina, India, USA, Indonesia, Brasil, Pakistan, Bangladesh, Nigeria, Russland og Japan. Ein kan sikkert anta at innanfor kvart enkelt land så er det produsert litteratur som reiknast som nasjonale klassikarar, utan at dei dermed får ein slik status internasjonalt. Eg har sjølv lest mange klassikarar frå brasiliansk litteratur (verdens 5. mest folkerike land) som er så godt som ukjende i Norge

Tenker ein spesifikt på ikkje-vestlige, folkerike land med bøker som får klassikar-status internasjonalt, så er det kanskje India som peiker seg ut blant dei tre landa du nevner. Dersom ein ser på bokklubben sitt Verdensbibliotek. eit forsøk på å lage ein serie med verdens 100 beste bøker, er India representert 5 gangar på den lista (Japan 2, Kina 1). Det er også inntrykket mitt at India er sterkare representert enn Japan og Kina i den samtidslitteraturen som kjem ut i Norge.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Så det er fredag, seier de? Ja ja, greit å vite, og det er deilig å ha ferie.

Nett no så held eg på med Iracema av José de Alencar, utgitt i 1865 og ein klassikar innan brasiliansk litteratur. Ei slags Pocahontas-forteljing frå tidleg 1600-tal, og i solid romantisk tradisjon.

Når eg blir lei av å lese på portugisisk, så har eg også nokre norske bøker i kofferten. Har såvidt starta på Jeg nekter, og liker den godt så langt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Femordsomtale: Artig kuriositet, og berre det.

Femavsnittsomtale:
Eg kom over denne rariteten ved ei tilfeldigheit; eit opptrykk av ei turist-handbok for den brasilianske delstaten Alagoas frå 1937. Denne delstaten er no mellom dei mest populære reisemåla for innanlandsturisme, men i 1937 fantest det så godt som ingenting av den slags. Ideen om å gi ut ei turist-handbok på dette tidspunktet framstår derfor som visjonært. (Eg vil tru at nordmenn flest assosierer namnet «Vade-mecuum» med munnskylle-middelet Vademecum, men i Brasil nyttast namnet om enkelte typer handbøker)

Boka, ei tynn flis, er delt inn i fire delar: Fakta om delstaten Alagoas, Pittoreske stadar, Samandrag av Alagoas sin historie, og Historiske stadar. Fakta- og historie-bitane er dei dominerande, og når ein les oppramsinga av pittoreske og historiske stadar det er slåande kor lite interessante ting delstaten hadde å by på for turistar utover storslått natur og … vel, storslått natur. Paulo Afonso-fossen i São Fransisco-elva er vel omtrent det einaste av interesse som blir nevnt i boka. Øvrige pittoreske stadar er avgrensa til raritetar som ei kokospalme med fire kroner, ei grotte der det har bodd ein røvar, ein stein som liknar på ein gris og eit fjell der det er fin utsikt både morgon og kveld.

I ei turist-handbok burde ein kanskje også vente å finne informasjon om overnattingsstadar, transportmiddel, spisestadar, tilgang til telefon eller telegraf, lokal skikk og bruk og tilsvarande informasjon som kan vere til nytte for den reisande. Men dette er totalt fåverande i boka. Eg stiller meg derfor undrande til kva nytteverdi boka kan ha hatt for eventuelle turistar i 1937.

Fofattaren hadde gangsyn nok til å omtale verket sitt som «eit lite knippe artiklar i en pamflett». Gangsynet sviktar derimot radikalt i to forord og eit etterord til nyopptrykket av boka, skrivne av særs prominente personar i delstaten. og især i forordet frå førstesekretæren i delstatsregjeringa. Makan til lovprising av ei forholdsvis middelmådig oppramsing av fakta og raritetar skal ein leite lenge etter.

Likevel var det på ingen måte bortkasta å lese igjennom boka/pamfletten. Det er jo artig å få eit innsyn i tilstanden til delstaten anno 1937 (eller 1936, då teksta var skriven), og det historiske oversynet var på mange måtar lærerikt. Og det var stor morskap, sjølv om det var utilsikta av forfattaren, i å lese oppramsinga av pittoreske stadar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I Viçosa, på fjellet Dois Irmãos, finnest det ein stein som er latterleg lik ein gris. Steinen er omlag 2,5m lang.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det finnest ikkje bibliotek i delstaten. Organisasjonane "Brorskap og opplæring av ekspeditørar i Pilar", "Konservering og bistand for tilsette i næringslivet i Maceió" og "Historisk institutt i Alagoas" har boksamlingar av eit visst omfang.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg må med skam å melde innrømme at det ikkje var boktitlar, men filmtitlar som passerte i revy under denne vanvittige kampen. Eksempelvis "Der Untergang" og "Night of the living dead". Brasil såg jo ut som ein gjeng zombier midtvegs i første omgang.

Forøvrig var det ein surrealistisk oppleving å vere til stades i det landet glir inn i sjokktilstand. Reaksjonene spenner frå gråt, fortviling og skam til hånlatter og sinne. Engasjementet er uansett til stades. Men, overraskande for enkelte kanskje, det finnest også her ein del menneske som ikkje bryr seg døyten om fotball.

Eg merkar meg forøvrig kommentaren om "Mitt liv som I". Spørs om eg må få tak i denne ein gang det passar slik (dvs salg).

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Flott kombinasjon av bok/reisemål. Eg tykte Jacobsen sin bok var framifrå når det gjaldt å formidle levesett og tradisjonar frå Helgelandskysten, og tipper du vil få stort utbytte av den.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Femordsomtale: Tett familiedrama med overraskande slutt.

Lengre omtale:
Denne romanen dreier seg i hovudsak om forholdet mellom Murilo Filho og sonen hans Neto. Murilo flytta til Rio frå landsbygda, og jobba seg fram frå ingenting til ein dyktig sportsskribent i dagspressa. Glanstida hans var om lag på same tid som militærdiktaturet i Brasil, frå 1964 til 1985, og han var ein signifikant person i kultureliten i landet på den tida. Sonen Neto opplevde at mora, som nyleg hadde skilt seg frå faren, tok livet sitt då han var 5 år gamal. Faren tok hand om Neto etter dette, men dei fekk aldri noko godt forhold under oppveksten hans og dei braut kontakta eit stykke ut på 1980-talet.

No er Murilo ein gamal og døyande mann, og han tek kontakt med Neto for at dei skal vere saman på søndagane dei siste månadane av livet hans. Murilo fortel om livet sitt, og veldig mykje om fotball, og fortel også historia om den myteomspunne fotballspelaren Peralvo, frå same landsby som Murilo, og som låg an til å bli enno betre enn Pelé, men som enda karriera si på ein tragisk og merksnodig måte.

Neto, på sin side, slit med å finne sin plass i livet. Han greidde aldri å leve opp til faren sine standardar. Middelaldrende, utan familie, og stadig på jakt etter ekspeditriser og servitriser han kan sjekke opp, er interessen for populærkulturen frå 1970- og 1980-talet det einaste ankerfestet i livet hans.

Historia er godt fortalt, den er spekka med referanser til fotball, litteratur og populærkultur (langt frå berre brasliiansk), der er solide doser med humor som for meg framstår som ganske intelligent, og slutten er mildt sagt overraskande. Lesaren blir rett og slett finta ut, noko ein egentlig burde vente seg ut frå tittelen. Og når ein sit der utfinta med rompa planta i grasmatta og ser Rodrigues setje ballen i mål på dei siste sidene er det berre å applaudere over prestasjonen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Men kva er det du seier, mann? Det er klart at populærkulturen har historisk verdi. Og arbeidet dit er jo eit prov på det."
"På ingen måte. Det som har historisk verdi er kunsten. Populærkulturen er det som kjem etter kunsten, syretanken som kunsten løyser seg opp i. Ser du boblene? Farvel kjære kunst! Gløym ikkje å ta med deg historia. Populærkulturen er dømt, my good old Kope Deleche, til å vere ein kontinuerleg straum. Den finnest berre i notida."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har du lest O negro no futebol Brasileiro? Sjølvsagt har du ikkje det. Den burde vært obligatorisk lesing i skulen, men det er få som har lest den. Skuleverket vil heller trykke José de Alencar ned i halsen på ungane slik at dei garantert får avsmak og aldri vil finne på å lese ei bok igjen for resten av livet, for ei tragedie. Brasil kjem aldri til å lære, Neto. Brasil. Lærer. Aldri.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Høyrest bra ut. Sjølv så les eg ein roman som har brasiliansk fotball som bakteppe. I Brasil. Blir ferdig i kveld, same kvelden som Brasil sitt fotballag let seg valse over på spektakulært vis av Tyskland. Håper i det minste at boka får ein bedre slutt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg mora meg litt over denne artikkelen i VG i dag, om bøker som "ingen" fullfører. Vinnaren er boka Captial in the Twenty-First Century av Thomas Piketty. Det blir anslått av berre 2,4% av dei som startar på boka fullfører den. Statistikken er basert på analyse av amerikanske e-boklesarar.

På bokelskere.no er det per dato 18 lesarar som følger boka. Av desse er det 6 som markerer at dei ønsker seg den, altså må ein anta at desse lesarane ikkje har starta på boka. Videre er det 5 som har markert at dei skal lese den, det er også rimeleg å anta at desse ikkje har starta på boka.

Av dei øvrige er det 1 som har markert "har lest", 2 har markert "leser" 5 har ingen markering, men ein av dei utan markering har gitt terningkast til boka.

I beste fall kan ein gjette på at personen utan markering men som har gitt terningkast har lest boka, og at dei øvrige utan markering ikkje har starta på boka. Då vil det vere 4 personar som har starta på boka, og 2 har fullført. Altså 50%.

I værste fall kan ein gjette på at alle utan markering har starta på boka men avbrutt den, også vedkomande som har gitt terningkast. Då vil det vere 8 som har starta på boka og 1 som har fullført, altså 12,5%.

Uansett så slår bokelskere.no dei amerikanske e-boklesarane ned i støvlane.
(Ja, eg veit at det statistiske grunnlaget for påstanden er tynt)

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Sjå der, ja. Greit å vite om. Veit ikkje om det er ein slags samlemani, men eg tenker på å skaffe meg papirkopiar av bøkene eg høyrer som lydbok.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fan veit eg ikkje om eg kan kalle meg, men eg hugsar teikneserien og at eg likte den. Artig å bli minna på den.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Arroz de Palma er herved anskaffa. Og igjen, takk for tipset.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er herlig med bøker som ein ender opp med å like sjølv om det tek tid. Eg har enno til gode å lese noko av Irving, men har "En bønn for Owen Meany" i bokhylla og gleder meg veldig til den. Skal hugse på å ikkje gi opp dersom eg ikkje liker den umiddelbart.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Femordsomtale: Knalbra krimbok, Kepler kan kunsten!

Fireavsnittsomtale:
Kepler har vært ein krimfavoritt sidan eg ved eit innfall plukka opp Paganinikontrakten i ein bokhandel for litt over to år sidan. Og denne boka er etter min forstand den beste dei har levert så langt.

Joona Linna får nok ein gang ei makaber draps- og forsvinningshistorie å hanskast med. Tilsynelatende umogleg å nøste opp i, men den finske etterforskaren har ei utruleg evne til å setje saman dei minste fragment av informasjon til brukbare spor for etterforskninga. Den umåteleg vakre og veltrente etterforskaren Saga Bauer får like mykje plass som Joona i denne forteljinga. Ho får ei særs utfordrande oppgåve, som blir meir krevjande for henne enn nokon kunne ane. Men ho viser til fulle at ho er rett person for oppgåva.

Forteljinga gjeng føre seg på vinterstid, og det er nærmast slik at ein kan kjenne kulden og uhyggen trenge inn i kroppen medan ein les. Eg har tidlegare kommentert at Kepler nyttar eit særs «visuelt språk», og slik er det også i denne boka. Skildringane er spekka med detaljar som gjer det lett for lesaren å sjå for seg scenene som på eit filmlerret. I det heile er det lett å leve seg inn i historia (og tilsvarande vanskeleg å legge fra seg boka når det er leggetid).

Skal ein pirke på noko, så er det at ikkje alle hendingane i boka har fått ei forklaring når boka er slutt (det er kanskje heller ikkje meininga?) og at det innimellom blei litt i overkant fokus på diverse legemiddel. Men dette hindrar meg på ingen måte å trille høgaste terningkast på denne boka, og samstundes utbryte eit begeistra «Bravo!».

Godt sagt! (2) Varsle Svar

-- Vi har samme interesse for seriemordere, sier Nikita og viser Joona inn i huset. - Fra mitt ståsted kan man på den ene side se dem som brønner man kan fylle med uløste forbrytelser ... hvilket er praktisk. Men på den annen side må vi pågripe dem for ikke å fremstå som inkompetente, hvilket gjør det hele mer komplisert ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Lars Johann MiljeAnneWangHeidi BBRandiAFrode Øglænd  MalminJarmo LarsenKristinAnn Helen EalpakkaEster SMorten MüllerHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTore HalsaAnne Berit GrønbechSiv ÅrdalEmil ChristiansenElisabeth SveeKirsten LundAlice NordliChristofferBerit RKjell F TislevollOdd HebækMarianne MEllen E. MartolPiippokattaFarfalleMonica CarlsenHeidi LTonje-Elisabeth StørkersenEgil StangelandMarit HøvdeIreneleserFiolingar hAnette Christin MjøsJ FTine SundalPer Lund