Eg har nyleg starta på Kjartan Fløgstad sin "Magdalenafjorden", og måtte glise litt då eg såg at han har kome denne avsporinga i forkjøpet. Sitat s. 18:
"Franklin Tverrli hadde slutta på framhaldsskulen på dagen, på timen, midt i ei setning som skulle fyllast inn på tavla, i same sekund som han fylte femten. Lat lysa din fred frå fjell til ...? Småsporven gjeng i ...? Franklin Tverrli trudde han visste svaret, det måtte jo vere baret småsporven gjekk i? For han gjekk vel ikkje rett i dass? Men han skreiv det ikkje, i staden sleppte han kritet rett ned, og strauk på dør."
Slik lærte eg denne gåta då eg var liten;
Fire hangande og fire gangande
To peiker opp mot sky, to viser veg mot by
Og ein diltar etter
Kva er det?
Ja, nettopp! Det var dette eg tenkte på. Takk for at du fann det fram.
Hugsar eg feil, eller har også Bjørneboe gitt ei lidenskapelig skildring av torskehovud-eting?
Fann den ... her!. Blanda terningkast frå dei som har lest den, ser eg. Men eg har lest eit lite utdrag på portugisisk, og det virka svært tiltalande.
Når eg ikkje har vært merksam på denne boka før, så mistenker eg at det kan skuldast omslaget. Det appellerte ikkje til meg, så dersom den har stått i ein bokhandel eg har vært i kan eg fort ha neglisjert den.
Eg har kika litt på sidene, og har nokre innspel.
For det første så opplevast det som unødvendig av at ein får opp duplikat-visingar av same bøkene (t.d. både innbunde og pocket) Det bør vere nok med ei vising av boka, og så kan ein når ein klikker på den finne ut av kva format den er å finne i.
For det andre ser eg for meg at det for enkelte byar eller land kan bli svært mange aktuelle bøker. Korleis kan den enkelte brukaren rangere desse slik at ein får løfta fram dei som er mest interessante for seg? Sortering etter stikkord, kanskje?
Når det gjeld reisemål så er Brasil eit land eg vitjar ofte, og har følgende tips til bøker som ikkje alt er med på lista
Dommedagskrigen av Mario Vargas Llosa
Den Store Sertão av João Guimarães Rosa
Dom Casmurro + Bras Cubas' posthume memoarer av Machado de Assis
Brasiliansk fotball av Marius Lien
Så vil eg til slutt takke for at sida dykkar gjorde meg merksam på boka Livet i et riskorn (Arroz de Palma). Eg prøver å orientere meg i kva som finnest av nyare, god brasiliansk litteratur, og sidan nokon tek seg bryet med å oversetje denne til norsk gjeng eg ut frå at den har noko for seg. Men skulle eg ende opp med å kjøpe den blir det nok ikkje hjå Norli (eller andre norske bokhandlar for den del), men i portugisisk språkdrakt i ein brasiliansk bokhandel.
Det var eit billig poeng av meg, beklager
Så kanskje blir det ironisk nok slik at annelingua, utan å ville det, likevel bidrar til å utvikle boktilreisen.no?
Vi ser det igjen og igjen. Idretten tiltrekker seg en spesiell type mennesker: Folk som har jobbet innen totalitære styresett. Som ikke klarer å takle en demokratisk virkelighet. De finner tydeligvis et spillerom i sportsadministrasjonen som ikke finnes ellers i samfunnet.
Da Tyskland begynte å spille "morsom" fotball et stykke ut på 2000-tallet, mente noen hovedgrunnen var påvirkningen fra innvandrere, og viste for eksempel til at midtbanespilleren Mezut Özil hadde tyrkiske besteforeldre.
Som fotball-frelst og bokvenn, utan tvil
Er himmelriket Fotball i Brasil
Og finn eg tid til annan poesi
Ligg Haugtussa på lur i hylla mi
Eg tykkjer det er heilt greitt å ta opp til debatt, slik eg oppfattar at du gjer, korvidt det høver seg å gjere seg nytte av bokelskere-sidene, eller brukarane til sidene, til komersielle foremål.
Det er ikkje sikkert vi kjem til å bli samde om dette, men eg meiner måten Heitmann gjer dette på er heilt OK. Ho legg ikkje skjul på at det ho ber om er til gagn for jobben hennar og arbeidsgivaren hennar, og ho gjer også greie for at det etter kvart vil kome meir reklame på desse sidene. Redeleg og greit lagt fram etter mitt syn. Eg har også sansen for måten ho ordlegg seg på når ho ber om hjelp:
"Om noen skulle ha lyst til eller glede av å tipse meg ..."
Men eg kan tenke meg eit knippe andre scenaria der eg ville ha reagert negativt på komersiell bruk av sidene eller brukarane. Til dømes dersom det blir lagt skjul på at ein førspurnad er i jobbsamanheng, eller dersom nokon finn på å nytte seg av bokomtaler eller anna tekst her inne utan å kreditere opphavspersonen og nettsidene.
Dersom ein set inn ein < før lenka og ein > etter lenka (utan mellomrom), blir den klikkbar, slik:
http://www.boktilreisen.no/
Er det først og fremst norske titlar du er ute etter?
Kan det vere både reisehandbøker, faktabøker og fiksjon, eller helst ein av desse kategoriane?
"Hvis ikke du har noe imot det, vil jeg gjerne stille deg et personlig spørsmål," sa jeg.
"Fyr løs."
"Hvis det er slik at alle mennesker ikke er likeverdige, hvor omtrent på skalaen vil du si at du selv befinner deg?"
Overbutikkvakt Nakamura trakk sigarettrøyken dypt ned i lungene, ristet på hodet og blåste røyken langsomt ut igjen, som om den var en mening han prøvde å skyve på noen. "Ingen anelse. Men ta det med ro, herr lærer, det er i alle fall ikke samme sted som deg."
Når du finner en årsak eller teori som tilsynelatende forklarer alt, vil det alltid være en fallgruve der et eller annet sted. Det er en empirisk regel som jeg har kommet fram til. Som noen en gang sa: Hvis det kan forklares med en bok, er det bedre å ikke forklare det i det hele tatt.
Nei, nei og nei. Finnest det ingen krav til dei som skriv tekstene på bokomslaga? Dette er tredje gangen på eit år at eg finn grovt misvisande eller direkte feil opplysningar i desse tekstene til bøker eg les. For denne boka:
"I tillegg til andre del av historiene om Mowgli, finner vi også fortellingene Purun Bhugat, Quiquern, Rød hund og Vårløpet."
Rød hund og Vårløpet er Mowgli-historier. Derimot er Begravelsesfolk, som ikkje er nevnt, ikkje om Mowgli. Pinlig.
Som i Jungelboken er dette ei samling forteljingar der ca halvparten er om Mowgli, og der ei av dei andre forteljingane er lagt til eit arktisk miljø.
Forteljingane om Mowgli er endå eit hakk kvassare i denne boka enn i den førre. Sinnelaget til guten svingar mellom glede og melankoli, godheit og drapslyst. Historia om korleis han hevna seg på landsbyen som forviste han, og med hjelp av jungeldyra utraderte den fullstendig, DEN skulle eg ha lyst å sjå korleis Disney skulle få til å passe inn i sin versjon.
Av dei andre historiene likte eg best Begravelsesfolk, der ei krokodille, ein sjakal og ein stork filosoferer over livet som åtsel-etarar, og krokodilla fortel om glade dagar under krigshendingar i landet. Passe morbid humor, eg gliste godt mange stadar medan eg las den.
Eg meiner denne boka i det heile er litt betre enn den første, og let terningkastet reflektere det.
Jungelboken er eit knippe forteljingar om menneske, dyr og natur frå slutten av 1800-talet, og for dei fleste er handlinga lagt til India. Ei forteljing er om selar i Beringhavet, ein kan kanskje argumentere med at denne ikkje passar inn i ei «jungelbok», men stil- og handlingsmessig heng den godt saman med dei øvrige. Det er mulig at historiene er tiltenkt ein yngre lesargruppe, men det er ikkje vanskeleg for ein vaksen lesar å finne ting å glede seg over.
Dei fleste har kanskje sett teiknefilm-klipp eller lest teikneseriar av Disney sin variant av Jungelboken, og som berre tek føre seg historiene om Mowgli, ein figur som gjeng att i omlag halvparten av forteljingane i boka. No har eg ikkje sett anna enn klipp frå filmen, men eg vil tru Kipling sin historie er langt mørkare og blodigare enn Disney sin variant. Som spedbarn kjem Mowgli bort frå foreldra i jungelen, og blir adoptert av og veks opp saman med ein ulvefamilie. Sidan han er eit menneskebarn blir han etterkvart kasta ut av flokken, og søker inn i landsbyen. Men han blir snart uglesett i landsbyen, og må flykte frå den også. Dermed blir han ståande utanfor både ulve- og menneske-samfunnet. Problematikken med å bli en framand mellom sine eigne er veldig godt skildra av Kipling.
Mellem dei historiene som ikkje handla om Mowgli likte eg best «Hennes høyhets tjenere», der ulike dyr som gjer teneste i ein engelsk militærstyrke reflekterer over oppgåvene sine, innbyrdes rang seg imellom, og forholda dei har til menneska i militærstyrken. Fornøyeleg raljering over kadaverdisiplin.
Alt i alt er det vel verdt å bruke tida det tek å lese igjennom desse historiene.
Den syttende mai som vi er så glad i
Skal feirast med hornmusikk tidleg og seint
Men likevel les eg nok ut Murkami
Sin Elskede Sputnik, og dessutan har vi
Snart Haugtussa-lesing slik som det er eint
Eg fekk min i posten i dag, eit pent brukt-eksemplar med maleri av Håkon Bleken som illustrasjonar. Fantastisk flott, eg er glad i slike prakt-utgåver.