Dette er først og fremst ei historie om einsemd. Forteljaren i boka, ein ung mann som berre nemnast som K, er ein einstøing som har begrensa interessefellesskap med jenvaldrande. Glødande interesse for litteratur, klassisk musikk og jazz er vel berre unntaksvis ein vinnar i sosiale settingar blant ungdom. Under universitetsstudiane blir han kjend med Sumire, ei jente som har tilsvarande interesser, og som K blir grenselaust forelska i. Men Sumire er ikkje interessert i kjærleik, berre i å føre timelange filosofiske samtalar med K, og gjerne på telefon midt på natta. Når Sumire endelig blir forelska, er det i Miu, ei smart og elegant forretningskvinne, som på sin side ikkje gjengjelder Sumire sine kjensler. Frustrerende for alle partar.

Det skjer enkelte rare og uforklarlege ting i boka. Hendingar som utfordrar forestillingar om kva som er draum og kva som er røyndom. Likevel sklir det på ingen måte over i science fiction, eg oppfattar det meir som ei filosofisk øving.

Murakami liknar lagnadane til hovudpersonane med satelittar som sviv omkring i verdsromet, og som berre kan møtast ein kort augneblink i det banene kryssar einannan før dei sviv ut i einsemda på ny. I det heile er språket i boka poetisk og lettflytande, det har også noko draumeaktig over seg. Lesaren (i allefall denne lesaren) blir ikkje dradd inn i historia, men blir ein utanforståande tilskodar satt inn i si eiga boble av einsemd. Heldigvis varer denne kjensla berre så lenge ein les og fordøyer boka.

Eg har ikkje lest noko av Murakami før, og fekk på ingen måte skrekken av å lese denne. Det kjem nok fleire bøker av denne forfattaren på leseplanen min etter kvart.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Sidan eg likar svært godt Murakami, likar eg også denne!
Han får så godt fram einsemda og det sære ved dei tre hovudpersonane, og bildet av dei kryssande satelittane i verdsrommet er unikt!

Synest historia er engasjerande trass i det enkle, og til tider nesten draumeaktige. Språkleg er det av vanleg, god Murakamikvalitet!
Reint personleg har eg Kafka på stranden som favoritt....

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tone SundlandElla_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLaila