Det var der eg kjøpte den, og til den prisen du nemner. Vel anvendte pengar, og tid også, for min del. Allikevel er det greit å vere merksam på at boka inneheld ganske eksplisitte skildringar av særs uhygieniske forhold, og av gruppevoldtekt. Dette er ein del av den reisa i forfall og audmjukingar som Saramago tek lesaren med på. Ein må overvinne ganske mykje vemmelse for å kome seg igjennom boka. Men der er også fine skildringar av mellommennesklege forhold som veg opp for dette.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er ingen som peiker seg klart ut for min del i april, men skal eg først velge ei så blir det "En beretning om blindhet" av José Saramago. Vanskeleg å ikkje la seg imponere, og samstundes vemmast, over denne forteljinga.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Jaudå, eg ser det. Tøft. Ligg bildet på eit fotoalbum, eller ligg det berre som ein post? (Då eg prøvde meg fram, trur eg at eg prøvde å linke til eit bilete eg hadde posta, men som ikkje låg i album)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Jeg er Gösta Berling," roper han, "herre av ti tusen kyss og tredve tusen kjærlighetsbrev. Hurra for Gösta Berling! Ta ham den som kan!"

Godt sagt! (1) Varsle Svar

-- Jaså, du vil dø, jaså, det vil du. Jeg ville ikke undre meg stort over det, hvis det nå var slik at du levde. Se på denne utmagrede kroppen og disse kraftløse lemmene og disse matte øynene, og du mener du har noe igjen å drepe! Tror du det er nødvendig å ligge kald og stiv og nedspikret under et kistelokk for å være død? Tror du ikke jeg står her og ser hvor død du er, Gösta Berling?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Våren er her, beste tida
Fotballserien startar snart
Mesteren og Margarita
Stundar no mot siste sida
Tok meg med på mykje rart.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

-- Dostojevskij er død, sa borgerinnen, men likesom ikke så altfor sikker.
-- Jeg protesterer! utbrøt Behemot ivrig, - Dostojevskij er udødelig!

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Artig å sjå ei omtale frå samtida.

Eg stussa litt på referansen til lengda av boka.
I avsnitt nr. 2: "It is a very long novel"
I siste avsnitt: "the story stops after 600 pages"

Den norske utgava eg las var på 307 sider. Rett nok tettskrivne, men likevel så byrjer eg å lure på om eg er blitt snytt for ein del av historia. Er det nokon som veit korvidt den norske utgåva er nedkorta?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Som Lillevi er inne på så er det truleg uråd å gjere alle til lags når det gjeld lengda på leseperioda. For Middlemarch så tykte eg planen var litt knapp, men overkomeleg. Måtte legge meg i selen ved eit par høve for å henge med. For Himmelrike og Helvete var planen meir etter min smak. For Mesteren og Margarita kunne planen godt vært knappa inn med ei veke, kanskje enno meir.

Det ideelle er vel dersom ein finn eit nivå der ein får med flest mulig på lesingane, altså der færrast mulig fell ifrå fordi det gjeng for fort, men samstundes at færrast mulig forsvinn frå diskusjonane fordi dei er ferdige med boka lenge før tida.

Ein stad mellom 100 og 150 sider pr veke trur eg vil passe for mange. Sidetalet vil sjølvsagt avhenge av kor tettskrivne sidene er, og kor lett eller utfordrande stoffet er.

Avstemminga er super.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Har prøvd både facebook og Picasa før eg landa på Photobucket, men fekk ikkje til å lenke bileta slik at dei visest på bokelskere.no. Har du noko tips for korleis ein kan gjere det?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

-- Er det vodka? spurte Margarita med svak røst.
Katten gjorde et hopp på stolen, så fornærmet ble den.
-- Bevares, dronning, hveste den, tror De jeg ville tillate med å by en dame vodka? Dette her er ren sprit!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den einaste vinsten ein har av livet er å så gode frø, for når dauden kjem så tek han med seg alt det andre.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Zé dos sonhos, eller Drøyme-Zé som boka kanskje ville ha heitt på norsk, er ei forteljing om ein omreisande kramkar frå delstaten Alagoas i Brasil. Årstalet for forteljinga er ikkje nevnt, men ut frå skildringane må ein tru at det er seint 1800-tal eller tidleg 1900-tal. Den unge (25) og godhjarta Zé er i starten av karriera si, og driv handel mest rundt nærområdet til heimbyen sin, Palmeira dos Índios, i nordenden av delstaten. Men då ein eldre ven av han ber om hjelp til å finne dattera si, bestemmer han seg for å legge ut på ei lengre handelsreise, heilt til Penedo som ligg i sørenden av delstaten, for å kunne lokalisere jenta.

Alagoas er den nest minste delstaten i Brasil, om lag på storleik med Hedmark fylke. Reisa tur retur med hest, muldyr og esel, og som stort sett gjeng føre seg i det karrige innlandet, tek likevel 5 månadar. Som kramkar kjem han i kontakt med mange menneske undervegs, enkelte av desse har problem eller ynskje som dei ber Zé om å hjelpe seg med. Og Zé er ein samvitsfull fyr som gjer sitt beste for å hjelpe alle han møter, og det lagar seg slik at dei gode gjerningane til Zé løner seg og han får sjølv hjelp til å kome seg ut av kniper når det ein sjelden gang skjer. Ein lyt også nemne at Zé har ein tendens til å forelske seg i ei jente i kvar ny by han kjem til. Han kan vel neppe lastast for det når ein veit kor mange flotte jenter det finnest der.

Sjølve historia er for skjematisk og forutsigbar til at den fenger i særleg grad. Det som likevel gjer boka verdt å lese er at forfattaren Dacal har gode kunnskapar om lokal historie og skikk og bruk i eldre tider. Folklore, kokekunst, naturmedisin, overtru og andre trekk ved den lokale historia er skildra på ein levande og overtydande måte. For ein som interesserer seg for Nordaust-Brasil er derfor denne boka ei verdfull kjelde til innsikt. Boka er også ganske lettlest.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sekvensen der Margarita flyg avgarde på ein kost får meg til å tenke på skildringar av narkotikarus. Spørs om Azazello ikkje ville fått bra omsetjing av kremen sin i miljø som tyr til kjemiske substansar for virkeligheitsflukt

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Den aktuelle sangen er ikkje med i denne boka, så eg har dessverre ingen innspel. Kanskje høyrer den til i ein seinare sesong av høyrespel-serien?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tull og vas som rekvisita
Eller er det meining bak?
Mesteren og Margarita
Lurer nok på same sak

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg ville så fryktelig gjerne like denne boka kjempegodt. Dessverre var eg litt for ung til å få med meg Dickie Dick Dickens på radioteateret då denne var på det mest populære, men har høyrt gjetord om kor stor begeistring serien vakte rundt om i landet. Derfor var det med stor entusiasme eg tok fatt på denne i påska.

For den som ikkje kjenner til det; Dickie Dick Dickens er ein parodi på gangsterhistorier, der forfattarane ved å smørje ekstra tjukt på raljerer over klisjear og stereotyper i sjangeren. Boka tek føre seg historia om korleis Dickie Dick Dickens tek steget frå å vere ein anonym lommetjuv til å vere ein dominerande kriminell i Chicago under forbodstida på 1920-talet. Dickens kjempar mot både ordensmakta og rivaliserende gjengar, og greier på finurleg vis å sno seg ut av dei mest utrulege situasjonar. Eg vil tru kapitla i boka heng nokonlunde saman med episodene i den første sesongen av høyrespelet.

Men det er noko som er feil. Anten er det at historia høver betre som høyrespel enn som bok, eller så har humoren gått ut på dato (eller kanskje er det denne lesaren som har gått ut på dato). Eg greier rett og slett ikkje å la meg begeistre meir enn måteleg over Dickens sine krumspring, eller over forfattarane sine anstrengelsar for å setje opp morosame situasjonar. Det vittigaste i boka tykte eg nesten var forordet med kjeldehenvisningar, samt ein del underfundige fotnotar undervegs.

For min del låg dermed den største verdien i å ha lest boka i å få innblikk i eit historisk populærkultur-fenomen. Og det er i og for seg meir enn god nok grunn til å lese den.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Hester så ut til å beite fredelig på engen foran huset.
Det var utstoppede dyr. Inni dem satt skarpskyttere.
Dick visste svært godt at ideen med hestene ikke var ny. Så vidt han kjente til, hadde revolusjonære på Balkan tidligere en gang benyttet seg av et lignende knep. Han likte det.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Men hvordan skal en regjering kunne sørge for ro og orden når det ingen uro og ingen uorden finnes? Derfor, skatten min, finnes det en motregjering. En som skaper liv og røre, som sørger for at senatorer, statsadvokater og politisjefer hverken mister levebrød eller anseelse. Det offentlige livs kontrapunkt, så å si. Den enkle, uvitende borger kaller det underverdenen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det var den 29, juli 1924 at Dickie Dick Dickens gjennom denne avtalen ble anerkjent som selvstendig lommetyv av Chicagos underverden. En dato som den dag i dag lovbrytere av alle bransjer husker med stor ærefrykt. En - riktignok ubekreftet - overlevering beretter at i årene 1928 til 1936 flagget de fleste straffeanstalter i Amerikas forente stater på den 29. juli til ære for Dickie Dick Dickens. I tukthuset i Los Angeles feirer man fremdeles 29. juli ved at de innsatte får utporsjonert en ekstrarasjon vaniljepudding med bringebærsaus.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilBård StøreKirsten LundEivind  VaksvikReadninggirl30Ingunn SHegeRonnyJohn LarsenMarteAnne ÅmoEli HagelundBente L.GunillaTatiana WesserlingLeseberta_23Fride LindsethEllen E. MartolMads Leonard HolvikRufsetufsaHelena ETove Obrestad WøienLinda NyrudLars Johann MiljeAnneWangHeidi BBRandiAFrode Øglænd  MalminJarmo LarsenKristinAnn Helen EalpakkaEster SMorten MüllerHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTore HalsaAnne Berit GrønbechSiv ÅrdalEmil Christiansen