I den ytre handlinga malar Saramago ut eit skræmande scenario om kva som kan skje dersom eit heilt samfunn blir råka av ein smittsam tilstand som gjer alle blinde. Det startar med ein bilist som mister synet medan han stend i eit lyskryss, lækjaren som undersøker han dagen etter blir også blind, deretter andre pasientar som var på lækjarkontoret same dagen, og så ballar det på seg.

Myndigheitene prøver å få kontroll på situasjonen ved å internere dei blinde i eit nedlagt mentalsjukehus. Forfattaren gjer ein kjempeprestasjon når han skildrar dei håplause forholda som utviklar seg når stadig fleire ny-blinde blir stua saman og overlatne til seg sjølve i denne bygninga. Lesaren blir sugd inn i den fortvila situasjonen. Det sparast ikkje på detaljar om vanskane med å halde dei sanitære forholda under kontroll, ein kan nærmast kjenne møkka på fingrane når ein blar seg igjennom dei mest horrible passasjane.

Like ille som dei sanitære forholda er samanbrotet av lov og orden i institusjonen. Det er forstemmende å få innblikk i kva for mekanismer som kan tre i kraft i eit slikt mikrosamfunn når medkjensla for medmenneska pulveriserast i kampen om ressursar, og den som har makta tek seg til rette på uhyrleg vis. Det er lett å lese denne delen av boka som eit bilete på verdssamfunnet, der dei med makt og kontroll kan ture fram på bekostning av mindre ressurssterke grupper.

Språket til Saramago er forholdsvis særprega. Det blir nytta ein presis og tidvis nærmast akademisk tone, men likevel med mange eufemismer, bilete, og poetiske vendingar. Det mest slåande ved stilen er likevel teiknsetjinga. Saramago nyttar komma der det skal vere komma, men også dei fleste stadar der det skal vere punktum. Etter slike «punktum-komma» kjem det ein stor forbokstav i neste ord, slik at når ein først har vent seg til denne stilen så gjeng det trass alt greit å halde orden på dei sidelange setningane. Effekten av dette er at dialogane blir ein kompakt, samanhengande flyt av informasjon. Eg likte det.

Dette er den første boka eg les av Saramago. Det blir nok fleire med tida.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Må bare si meg helt enig i det Marit Håverstad skriver her under. Jeg leste Klosterkrønike da den kom på norsk i 1987, og har siden lest alle Saramagos bøker. En fantastisk forfatter! Hvis du bestemmer deg for å lese flere av romanene hans, har du mye å glede deg til :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Min første Saramago-opplevelse var Klosterkrønike - og dermed var jeg "hekta". Veldig forskjell på disse to bøkene, men Saramago er uovertruffen, uansett emne.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Per Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit RgretemorAnn Christin