Heilt først til Lillevi: Eg tolkar det slik at tittelen peikar på noko som einsemd og isolasjon medfører. På s 36 les eg: « Alle visste at han var blitt tussete etter at kona døydde. At han gjekk ute på skjeret åleine og snakka med fuglane»
Dei fire som bur på fyret er også einsame- Johan søkjer til einsemda sidan han ikkje fekk det slik han ville med kjærleiken.
Opplever han som ein som gjer ting som han ikkje greier å sjå konsekvensane av- hendingar som får svært vonde følgjer. Han får det han vil - arbeide på fyret - men, framgangsmåten hans fører til ulukke for fleire enn han sjølv.
Det er både godt og vondt å lese - godt fordi det er god litteratur- og vondt fordi der er menneske som ikkje alltid har det godt...
Har såvidt fått starta på romanen - men det ser ut for at dette vert eit givande møte med ein (for meg) ny forfattar.
Ho skildrar eit miljø som er svært ukjent...ein familie på eit utsett fyrtårn...eit liv som skal verte prega av isolasjon og hardt ver mm les eg på baksida av boka. .Så spesielt at dei må binde borna for at ikkje havet eller vinden skal ta dei.
Skal bli spennande å gå meir inn i handlinga!
Er glad for at biblioteket skaffa denne til meg.
Eg var så heldig å få Bare en mor som gåve! Skulle eigentleg i gang med « Gul bok» av Shakar, og har lese litt i den....trur den også er bra, men no vart eg meir frista til,å reise til Barrøy der oppe i nord.
Vêret er heilt optimalt til å vere i godstolen med ei god bok.
Ha ein god søndag!
Eg har vore så heldig å ha fått Yt etter evne, få etter behov av Olaug Nilssen.
Har berre lese litt, så veit ikkje om eg har fått meg så mykje anna enn at det ulike personar i ein dysfunksjonell familie som fortel om kvardagen sin..på godt og vondt, trur eg. Boka har iallfall fått gode kritikkar.
Elles så har eg mykje bra som venter på leselista mi, så kva blir neste val veit eg ikkje. Har litt å gjere med kva som blir valt i lesesirkel også.
Ei god helg til deg og alle andre som er innom her! :)
Noen kjenner mitt navn av Lawrence Hill las eg ein gong for ein del år sidan...trur eg fann den ok.
Men ei eg las for ikkje så lenge sidan er Komme hjem av Yaa Gyasi , og den likte eg godt.
Om desse kan vere noko du kan ha nytte av, veit eg ikkje.
Håper du finn det du leitar etter :-)
Eg hadde vanskar med å velje framlegg til bok denne gongen....har så mange nye bøker som kanskje hadde vore noko å diskutere, men så tenkte eg at dei nyaste ikkje alltid er så lette å få på biblioteket om ein ikkje vil kjøpe...sikkert dumt tenkt, då men..
Derfor bestemte eg meg for at mitt forslag blir Skammen av Hobæk Haff. Kanskje er boka litt krevande....
Romanen skal vere brokete familiekrønike, ei usedvanlig historie som skal vere full av forunderlige personar og hendingar. Ser at den har fått mange positive omtalar...
Eg ser opp. Over meg strekkjer eit jakarandatre dei nakne greinene sine. Kvistene er fulle av blåfiolette blomstrar. Mange ligg strødde på fortauet, Tause, blå munnar.
Eg høyrer ikkje til her. Ingenting held meg fast. Eg får ei kjensle av at eg ikkje veit kven eg er når eg er ein annan stad.
Eg var så heldig å få låneFrøken Island av A A Olafsdottir på biblioteket. Eg likte svært godt den forrige -Arr- som eg las av henne.
Denne er heilt annleis, så eg har ikkje heilt bestemt meg for kva eg synest enno.
Elles så har eg hylla full av både heilt nye og nokre som ligg på vent, så det skal ikkje bli vanskeleg å finne noko godt å kose seg med.
God lesehelg til deg og alle andre som trivest nær bokhylla!
Eg «kastar inn handkleet»....Walden vart litt for tung for meg i den situasjonen eg er no. Takkar varmt for støtta eg har fått, og ynskjer gruppa lukke til med resten.
Håper eg kan kome sterkare tilbake neste gong! :)
Prøver å motivere meg til å kome i gang...har lese nokre få sider i dag, berre....får gi meg sjølv nokre dagar til før eg evt gir opp. Sjeldent til meg å vere...
Vårt lokale bibliotek har fått tak i ei bok, fjernlånt. Det er ei utgåve frå 2007, og det ser ut som om den har vore lesen noke gonger....
Eg har berre bladd litt i den, og er kanskje litt skeptisk til om det er noko for meg.
Uansett skal den få ligge i ro nokre dagar...om diskusjonen likevel skulle gjere meg freista til å delta, så gjer eg det :)
Åttiåringane Tom og Charlie bur djupt inne i ein skog i Canada - dei bur kvar for seg og er fornøgde med det. Utan band og ansvar kjenner dei seg fri! No og då er dei i kontakt med eit par karar som dyrkar hasj og skaffar dei nødvendige ting, Livet her og no er viktig-døden fryktar dei ikkje - den er ein del av livet.....
Så kjem ein kvinneleg fotograf og ei psykisk sjuk kvinne til dei. Den siste har rømt frå ein psykiatrisk institusjon som ho ikkje vil tilbake til! Einstøingane må gjere val.
Boka er spesiell både i form og språk. Forfattaren brukar språket meisterleg etter mi meining.
Romanen er original, uvanleg og gjorde inntrykk på denne lesaren
Natur, alderdom, kjærleik og framfor alt: Fridom!
Gamlingane er i livet så lenge dei lever!
Har nettopp lest ut Det regnet fugler av Jocelyne Saucier...ei lita litterær perle må eg nesten sei. Det er bok som både er snodig og rørande.. ...med eldre folk som lever i eit samfunn utanfor samfunnet, som ser på døden nesten som ei kvardagshending. Alderdom, kjærleik og fridom står heilt sentralt.
Så leita eg fram ei bok som har stått på vent ei god stund..Arkitektens læregutt av Elif Shafak. Håper den også kan vere noko som kan gi innhald til ei helg som ser ut til å bli grå og litt kjølig. 😊
God helg til deg og...
Hei! Eg trur eg bestemmer meg for at mitt forslag denne gongen blir ei bok eg har lest før: Tante Augusta av Graham Greene....trur den toler å bli lest igjen....
Kjende det kunne vere greit å samlese noko som er underhaldande og annleis, men som også kan gi grunnlag for diskusjon?
Og sidan vi ikkje bør reise så mykje no om dagen, så kan vi «reise» saman med tante Augusta og Henry Pulling til Istanbul, Paris mm
Hei! For meg passar det fint, nesten når som helst, sånn det er no....
Greit å ha eit par dagar til å pønske ut eit nytt bokforslag- eller kanskje repetere eit som eg har hatt før?....
Uansett er det kjekt å vere med, og kjekt at du Kjell tek ansvaret :-)
Hei, til deg også!
I min del av landet har vêret vore svært så variabelt, så litt tid til lesing har det blitt.
I går fullførte eg Det var engang en elv av Diane Setterfield - ei bok eg fekk i gåve, og som viste seg å vere betre enn eg hadde frykta. Den var både lettlesen og spennande, og kunne også få fram eit smil i ny og ne.
(PS...elva var svært sentral på mange vis...kunne nesten minne om besjeling til tider..)
I dag tok eg fram ei som har venta på tur ei god stund, nemlig Den svovelgule himmelen av Kjell Westö. Har lese berre nokre få sider, men trur det kan bli ei positiv oppleving. :-)
Etter å ha lest Skyggedanseren av Sara Omar - ei bok som nesten slo meg heilt ut, så sterk var den - tok eg berre den som låg øvst i haugen : Høstdåd, ei krimbok av Anders de la Motte. Jau, den er spennande, men kanskje litt for «søkt» komplott, trur eg...Har no ein god del att, og fullførast må den!
Sidan helga syng på siste verset, så får eg berre ønske god søndag til deg og alle andre som kosar seg med boka si! :-)
«Når man går mot vinden, mister man fart, men det betyr ikke at man skal snu.....»
Dettte var vondt å lese, ja! Men, ei svært god bok som gjorde så sterkt inntrykk at det nesten kjennest fysisk vondt å lese, vil gråte....Vondt- men viktig!
Er enig med deg i at Omar gjennom litteraturen kan vere med på gjere noko positivt for eit vondsinna miljø.....med menn som ikkje verdset kvinnene slik dei burde.
Trur eg må lese noko svært lett når eg får denne ut av systemet....