Eg har ikkje greidd å finne på noko nytt forslag, så eg kjem med ein repetisjon av ei bok eg har foreslått før: Allis sønn av Magnhild Haalke!
Boka har fått gode kritikkar -og kanskje den eignar seg godt til diskusjon også….

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hei! Eg har leita fram ei bok som har lagt «på vent» nokre dagar, og ei bok eg har spart for å få ei god krimbok i påska. Håper den innfrir: De bergtatte av Anders de la Motte! …og skulle den skuffe, så har eg fleire krimbøker å velje mellom- både leste og nye.

Ynskjer deg og alle andre som likar å kose seg med ei god bok: God Påske! 🐥

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg sit med Over havet av Isabel Allende mellom hendene no i ettermiddag. Sjølv om det er frå krigen i Spania i 1939 - så er det likevel tungt å lese. Vi har krigar både her og der, og det gjer inntrykk å lese om flyktningar som misser alt dei har.

Eg har vore «fan» av Allende-litteraturen før, men denne har lagt på vent lenge. Har fått mykje blanda kritikkar, så veit ikkje om eg hadde lese den no om det ikkje hadde vor fordi vi skal diskutere den i ein lesesirkel eg er medlem i.

God helg- og Kos deg med boka di!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg sat her og nesten brukte «elle -melle» på kva eg skulle lese no i helga…har så utruleg mange bøker eg skulle ha kasta meg over! Men- det vart Gjestene av Agnes Ravatn.
Har lese boka før, men om ikkje lenge skal eg vere med og diskutere romanen i ein lesesirkel eg er med i, så det var best å repetere.
Hugsar eg likte boka godt, og trur eg nesten likar den endå betre no. Her er det lett å drage på smilebanda….humor og ironi er det rikeleg av.
…og om eg skulle bli fort ferdig, så vil eg gå over til Den dagen Nils Vik døde av Frode Grytten.
Eg har fleire andre som ligg og ventar og freistar, men denne fekk eg i ei uventa gåve i går- og innbiller meg at den er verdt å bruke litt tid på…….trass i ein deprimerande tittel!

Ynskjer alle ei god helg, med farsdag og alt……

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Så fekk også eg forlate «Barndommens gate».
Likte boka godt - sjølv om slutten vart både vemodig og litt uklar. Kan det vere at Ester vende tilbake til Barndommens gate for å få hjelp mot einsemda si?
Ser at boka er filmatisert, og trur eg skal prøve å skaffe meg filmen.
Tove Ditlevsen kan eg godt lese meir av…..

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Av ulike årsaker har «Barndommens gate» fått ligge i fred nokre dagar- men no er eg godt i gang…reknar med å sjå det siste punktumet i morgon.

Eg likar godt å lese om Ester som slit med å finne seg sjølv i ei gate som gir henne så mykje av både lengt og einsemd. Tove Ditlevsen skildrar godt barndoms/ ungdomsåra i eit København der så mange vert styrte av fattigdom ….Og der Ester må styre finansane sine med sterk presisjon - sjølv etter at ho fekk seg arbeid kan ho ikkje unne seg kaffe kvar dag om ho skal ha råd til å kjøpe seg strømper som ho synest er fine….
Det er godt at dei fleste av oss har det betre i vår tid - iallfall økonomisk…..

Godt sagt! (4) Varsle Svar

«Barndommens gate»- har no vore der nokre gode timar, saman med Ester og Lisa og dei andre som Tove Ditlevsen skildrar..og skildrar godt… barndomsdagar med både glede og frykt.
Språkleg er dette godt, eg kjenner nesten fattigdommen på kroppen, og lengten - og dei gode gledesstundene.
Og berre den skildringa av det å kunne veksle ein femøring til eittøringar som kunne brukast til å skaffe noko godt …ei lita stund.
Eg ser fram til å fortsette å lese om det altoppslukande, nifse mørket …og den gode venskapen og gleda over lyset: « Lys er det beste i verden.» (s21 i mi utgåve)

Eg har lese til s 48 ..og har ei gamal bok som er illustrert av Svend Otto S.
- og gler meg til å vere meir saman med borna i Istedgade i deira leiting etter livet som vaksen.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Kanskje eg skal kome med eit forslag eg også….Barndommens gate av Tove Ditlevsen.
Eg las boka ein gong for «hundre år» sidan - og synest å huske at eg likte den godt. Trur ikkje vi har diskutert den før?
Romanen er frå dei fattige strøka av København i 1920-30 åra - innhaldet vert sett gjennom barneauge, og er sjølvbiografisk.
Her er både leik, røvarstrekar og alvor kan eg lese i presentasjonen fremst i boka.
Hendingane fekk stor betydning for hovudpersonen som vaksen…..

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Har lest ferdig romanen- som nesten slo pusten ut av meg…av fleire grunnar.
Skal skrive litt meir seinare om mitt inntrykk - om eg greier det.
No er eg også oppteken av at forfattaren nyttar symbolikk på fleire plan, og det er ikkje alt eg greier å tyde. Til dømes skriv hen fleire gonger om jødane som oppheld seg i kjellaren og som til tider kan gi gode råd….Har nokon gjort seg tankar om kvifor dei skal vere der?

«Jeg håper jødene rakk å gjemme seg bak veggen av eplemoskrukker» s 160

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Har fått starta på romanen eg og, no….Og det ser ut til å vere ei bok som grip takk meg. Forteljaren, vesle 10 år gamle Jas, får ei stor, uventa sorg inn i kvardagen
Ho skjønar ikkje heilt at storebroren er borte for alltid- at dei aldri skal få vere saman meir.

Forfattar skildrar godt både det fattige, religiøse bondesamfunnet i Nederland- og ein familie som i tillegg er fattig på kjærleik og varme.
Har akkurat fullført del I, og ser fram til å fylgje den vesle vidare.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg har greidd å bruke ein del tid - vel anvendt tid - i selskap med 304 dager av Simon Stranger.
Han skriv godt og skildrar både norske Nicholas og afghanske Arman- to unge menn som opplever Afghanistan utifrå sin ståstad!
eg har ikkje lese meir enn ein fjerdedel, og ser fram til å lese resten!
Ei god bok!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg har fleire bøker som kanskje kunne vere aktuelle til ein god debatt, men eg trur eg bestemmer meg for Kveldens ubehag av M L Rijneveld.
Romanen er kanskje ikkje så svært lysteleg, men er ei bok som har vunne prisar og som har fått god omtale.
Det skal vere ein roman som peikar på kor viktig det er med omsorg og kjærleik.
Det å prate saman er viktig…..og kanskje det er ei bok som kan gi ein god diskusjon?

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Gjett om eg er glad for å ha fått denne i gåve no nyleg! Den er er velskreven og svært spennande- las den ut på to dagar.
Det gjorde nesten fysisk vondt å lese om den infame Aidan- ein mann som utad er respektert og veletablert - og som greier å halde «Rachel» fanga under svært elendige tilhøve i mange år.
Sjølv om eg reagerte på at der var nokre sekvenser som nesten verka utrulege, så var det ei bok som greidde å halde på meg som lesar til siste slutt.
Ein kan trygt sei at dette er ein psykologisk krim som skildrar ein kamp på liv og død. Trur dette er den mest spennande romanen eg har lese på lange tider….

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Så har også eg fått starta på ein roman som har stått ei god stund i ventehylla.
Eg likar å lese om Brita Caisa som er på vandring i eit hardbarka miljø oppe i nord. Ho ber med seg hendingar som ho skammer seg over - og ho ventar på at ein sympatisk make skal kome i hennar veg.
Eg likar språket, det barske miljøet dei levde i - i 1859 - i nær kontakt med naturen og menneska rundt seg.
Eg har nesten lese 100 sider, så eg har ein god del igjen av boka som skildrar eit liv som er langt, langt unna det livet me lever i dag.
Ser fram til å sjå korleis det går med Brita Caisa og familien hennar…..

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Har omsider leita fram Northanger Abbey - og sit og kjenner meg litt snytt….det verkar ikkje som boka fenger meg. Hittil har det vore litt for mykje kjolar,vakre stoff, jenter og ball ….og leiting etter ein mann som kan vere av det rette slaget.
Trur eg skal gi romanen litt meir tid, men eg må nesten ta meg sammen for å lese her eg sit i solveggen i mai…

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då har eg omsider leita fram mi lånte utgåve av Nothanger Abbey.
Av ulike årsaker ville eg avslutte ei krimbok eg hadde begynt på- trass i at den ikkje er mellom det beste eg har lest.
No skal eg sjå kor langt eg kjem meg i veg i selskap med Jane Austen….skal bli spennande å sjå om eg greier å fullføre på den tida eg har til rådvelde….no, når det er så mange vårlige syslar som eg også vil bruke tid på!
Må elles ynskje alle lukke til med 17. mai🇳🇴

Godt sagt! (3) Varsle Svar

No har eg fått lese ca 1/3 av romanen Mordet på Henrik Ibsen.
Boka er eit av mine impulskjøp, og forventningane var berre sånn passe- det var tjukkelsen på romanen som gjorde at den vart med meg heim.
Men- eg las litt i går, og det tok ikkje lang tid før eg måtte le…høgt! Dette var komisk….og det var godt å få le litt i dette sure, kalde vinterveret vi har i vår del av landet. Så- dei få kronene eg brukte på denne var vel anvende kroner.
No gler eg meg til å lese resten, og håper å få meg ein god latter i dag med!

God helg til deg og alle andre som kosar seg med noko lesbart!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det er jammen bra at det er litt ekstra tid, ja! Mi bok er ei svært gammal utgåve frå 1954 - som kom ut i 1976…..Med eit svært stivt bokmål.
Eg har lese ei side, og ser at eg treng tid på å tyde enkelte ord og setningar. Berre etter nokre få setningar kom ordet veivspillet som stod på ein stake og spelte….For meg er det heilt ukjent.
Men- eg skal prøve å vere med- har vore glad i å lese Hamsun før, så,eg håper å få det til…

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jau, viljestyrken blir svak når det gjeld Mammut- så det vart nok eit par bøker på meg og. Gemalen kom også heim med ei. Bøkene som vart innkjøpte er: «304 dager» av Simon Stranger, og «Kveldens ubehag» av Rijneveld. Ein forfattar som er heilt framand for meg, men eg las eit par positive omtalar, så då….

No les eg: «Arsenikktårnet» av Anne B Ragde….ei bok eg har lese for mange år sidan, men skal diskuterast mellom nokre damer neste veke.
God helg!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Heia!
Eg har leita litt i hyllene mine og synest det er vanskeleg å velje….
Men- trur eg landar på kilden av gabriel scott
eg kan ikkje sjå at den har vore diskutert før, men det er iallfall ei bok som gjorde Scott velkjend som forfattar.
Den handlar om fiskaren Markus som lever eit stille, roleg liv i selskap med havet og fiskeutstyret sitt.
Eg har lese den. Inst to gongar før, men den toler godt eit gjensyn- ei vakker bok med gode skildringar.

(Om vi har hatt den før, så kan eg finne noko anna)

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Jarmo LarsenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer Smedaas