Eg sit her i aller siste dagen av juli, og lurer på kvar sommaren vart av? Håper å få nokre fine soldagar i veken som kjem..
På lesefronten har det gått noko treigt- det har vore mykje bursdager og venetreff , så boka har lagt i ro nokre dagar. Men, eg gler meg til å halde fram i Årene av Annie Ernaux. Har spart på den ei stund, og kjenner at dette er litteratur som kan gi meg som lesar mykje- både språkleg og innholdsmessig.
Vil ynskje både deg og alle andre som likar ei god bok ein god søndag! :)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Har hatt ein flotte søndagstur mellom fjordar og kjempehøge fjell i strålande sommarver! - No er eg tilbake på sofaen og skal kose meg vidare med Å vanne blomster om kvelden - ein bestseljar av Valerie Perrin. Eg likar boka godt - synest også der er ein dose spenning mellom eit innhald som er både melankolsk og sårt.

Har fleire gode (trur eg) bøker som ligg på vent! Trur eg skal ønske meg leseslyst som gåve til fødselsdagen. Treng det…verkeleg.

Ha ein god lesesøndag vidare, både du og alle andre der ute :-)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Så har eg fullført romanen….og er nesten ikkje lei meg. Første delen likte eg svært, svært godt, medan eg nesten småkjeda meg no mot slutten. Både språket og innhaldet vart lite engasjerande - kanskje det hadde noko med temaet å gjere også….eller leseforma mi?
Uansett - alt i alt er det ei bok eg er glad for å ha lese….

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Heia!
Eg har endeleg fått sett meg ned i lesestolen, med Og bakom synger skogene.
Det er jammen ei bok som er verdt å bruke tid på- ikkje minst språkleg. Ganske mange gongar har eg sitert- eller lest- avsnitt for gemalen her.
Har lest godt og vel halvparten av romanen, og om eg er like fornøgd med siste delen, så vurderer eg å kjøpe boka- til ei overfylt bokhylle!

Ei god helg vidare, både til deg og til dei andre brukarane her!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg har hatt nokre dagar med ufrivillig lesepause- men har brukt litt tid no i ettermiddag. Rett så fornøyelig har det vore å lese om juleførebuingar og gamle tradisjonar på garden Bjørndal. Nyankomne Therese har fått litt av kvart å «bryne seg» på - ikkje minst det stålgrå blikket til Ane Hammarrbø som held seg til det som gir makt på garden.

Å lese denne gir god trivsel i vår moderne heim, trass i at regnet silar ned ute!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har nettopp fått boka i hus. Den ser ut til å ha vore lese i av mange før meg- og det er vel eit godt teikn?
Reknar med at eg får starta ein av dei første dagane neste veke!
Ser fram til god litteratur og god diskusjon!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne ser freistande ut, men vart litt skeptisk då eg såg at boka er nærmare 900 sider….eller er det det samansett av fleire bøker ?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg greier ikkje å kome på noke nytt, så eg berre kopierer eit framlegg eg har hatt før - for eit par år sidan, nemlig Allis sønn av Magnhild Haalke.

Det er ei god bok som fortener å kome «frem fra glemselen» - mykje positivt har kome fram om boka, og som iallfall eg gjerne les ein gong til.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Har omsider manna meg opp til å lese ferdig Skyggedanseren av Sara Omar. Ei skrekkelig historie som eg har lese ein gong før- men sidan den skal diskuterast i lesesirkel måtte eg lese den igjen. Har brukt lang tid sidan den gjorde så vondt at eg måtte legge den bort nokre perioder.

No har eg leita fram ei «vanleg» krim bok som så mange andre i påska: Skjebnesteinen av Svein Peter Næss. Håper å få ei bra stund saman med den.
Har elles ein haug med gode, ulesne bøker som ventar på meg i bokhylla.
Håper leselysta mi kjem tilbake!

Ei god påske vidare til dokke alle! 🐣

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Eg har lest ca halvparten av boka, og trur eg må sei at akkurat kjenner eg meg nesten uvel.
Oates skriv godt, likte svært godt første delen, der skildringa av Violet og pappa fekk mykje rom- der var mykje varme kjensler trass i det vonde som låg under overflata.
Men- i den delen der Violet vart så knytta til læraren, Mr. Sandman, vart det vonde litt for dominerande…..trass i gode skildringar….veit nesten ikkje om eg meistrar å fullføre..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då er eg glad for å ha denne liggande på vent….vart kjøpt på impuls no under Mammut, og ante ikkje noko om kva eg fekk i hus. Kjekt å ha noko å gle seg til !

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Heia!
Trur eg satsar på å prøve meg igjen…
Gjer det enkelt for meg sjølv og mitt forslag blir då: skriv lenkebeskrivelse her «Amerikansk jord» av Jeanine Cummins.
Ei bok som har fått mange gode kritikkar- Skal vere både intenst drivande og medrivande -ei gripande bok med godt språk.

Eg har nettopp fått boka i hus og ser fram til å lese den -enten åleine eller helst saman med fleire.
«Amerikansk jord er en intenst gripende roman om en mor og et barn på flukt - om sorgen over de som er borte, og om hvor langt vi er villige til å gå for å redde dem vi er glad i. Og samtidig er den en ulidelig spennende katt-og-mus-fortelling som ikke slipper taket i deg.»

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sven Øen lyste opp da han fikk øye på Bjørk, som knapt rakk å introdusere seg før 120 kilo bygd på potetgull, koffeindrikker og endeløse netter med sjakk og gaming spratt opp fra kontorstolen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg held meg litt i bakgrunnen for tida- det er ein del som skjer rundt meg og mine som gjer det vanskeleg å foreslå neste bok. Eg måtte dessverre lever tilbake forrige bok, nesten ulest.
Eg håper likevel at eg kan få vere med, og om situasjonen vår skulle betre seg, så vil eg gjerne vere med framover!
Lukke til- dei gode bøkene og diskusjonane er verdt å få med seg! :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har endeleg fått boka i hus- biblioteket har skaffa meg ei eldre utgåve frå nasjonalbiblioteket. Håper eg får energi til å lese romanen som skal vere ein verdssuksess (kan eg lese bake på omslaget)…Eg har heldigvis god tid på meg, og boka er ikkje så lang..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har nettopp kontakta biblioteket, og dei meinte dei skulle greie å skaffe den om nokre dagar. Så då må eg berre vente og sjå…

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hei- til deg og alle andre som kosar seg med ei god bok!
I vår del av landet har det storma ganske godt ei stund, men no ser det heldigvis ut til å gi seg.
Så då er det lettare å nyte Tabita av Iben Mondrup! Boka er god, sjølv om det er andre gongen eg les den. Skal diskutere i lesesirkel om ikkje så lenge. Ein god del å ta tak i der…

Når den er fullført, så ligg «Koke bjørn» klar - også den skal lesast for andre gong. Gler meg til å ta fatt på den også!
Ha ei retteleg god helg der du er! :)

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Hei!
Har lyst til å delta i denne felleslesinga! Har sett litt på kva de har skrive om den forrige boka, det er nesten så eg får lyst til å lese den også!….
Når det gjeld forslag til Ev, har eg fundert litt, og fleire gode bøker kunne eg tenke meg å lese saman med lesesirkelen.
No enda eg med ei bok eg har lese før, men som kan lesast igjen og igjen, nemlig Med livet foran seg av Emile Ajar.
Det er ei bok med godt, engasjerande innhald, og som har vunne prisar…Ei av dei bøkene som har selt mest i Frankrike…..

Godt sagt! (6) Varsle Svar

….»han gjorde som medisinane. Først kurerte han oss, så kom biverknadene, og no har vi det mykje verre enn før.»

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hei!
Eg sit her og er kjempeglad for at forma mi i dag har vore perfekt for ei god bok!
Sit med Dei vaksnes løgnaktige liv av Elena Ferrante. Henta den på biblioteket i dag, og har alt kome langt inn i romanen som skal diskuterast i ein lesesirkel eg deltek i. Ser fram til det…

Det er godt å sitte inne i det forferdelige uveret som herjar i vår del av landet- har det godt og varmt og fint på alle måtar!
Ynskjer deg og alle andre bokelskarar ei god helg!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Ann-ElinPer LundLene AndresenBente NogvaFiolGroBjørg RistvedtPiippokattaAmanda ABur1Reidun SvensliLena512LailaSolveigÅsmund ÅdnøyAnne-Stine Ruud HusevågTherese HolmBerit B LieG LHarald KTone NorenbergHanneKirsten LundDinaingar hHilde Merete GjessingEllen E. MartolSynnøve H HoelTorill RevheimBeathe SolbergTarjeiMartinePirelliIngvild SJulie StensethHilde VrangsagenAnniken LBeate KristinLars MæhlumHilde H Helseth