Takk for tips, men eg trur ikkje linken virkar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

De erfaringer dagens eldre faktisk har fått er ikke bare meningsløse for de yngre, men også for dem selv.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Rystande bok. Det er ungdommane sjølve som snakkar i boka, og fotografia er svært gode, sjølvsagt. Dette er i grunnen ikkje ei fotobok, slik eg kanskje hadde trudd i utgongspunktet, men meir ei "illustrert bok". Der eg synest boka er biletmessig best er når fotografen har hatt høve til å visa dei synlege, kroppslege skadene. Det er visuelt utruleg sterkt lada, og det trur eg òg har mykje å gjera med den avmålte måten det er gjort på. Tekstane handlar kanskje mest om det psykiske, og det er jo forferdeleg å lesa det òg. Eg får ein tanke om at eg skulle likt å sjå ei rein fotobok utan tekst, men dette er kanskje likevel den beste måten, slik det er gjort.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei sterk fotobok. Her er de Lange lenger frå Sally Mann-inspirasjonen som eg ser i Daughters, og nærare til dømes Anders Petersen sin stil. Arno-Rafael Minkkinen, som er ein fotograf eg har sansen for, men som har ein heilt annan stil, meir prega av visuell humor og oppfinnsomhet, har skrive ei innleiing. Der nevner han det same problemet som eg og slit litt med når eg ser på desse bileta; eg kjenner at samanhengen ikkje er tydeleg nok. Eg veit nesten ingenting om kven menneska på bileta er, og det er greit nok, men eg veit heller ingenting om stad eller tid, situasjon eller arbeidsmåte, og i følge innleiinga vil de Lange heller ikkje ut med noko informasjon om dette. Dermed er alt som står att henne som fotograf og temaet "surrounded by no one", som eg må tenka handlar om einsemd.

Men dette gjer også at ein heile tida merkar bileta på den måten at dei peikar på fotografen sjølv. Dei fleste bileta er av menneske, gjerne i private situasjonar, og ein kan ikkje unngå å tenka at dei ikkje er åleine, så kven er det då, kvar er einsemda, og kor mykje av den deler fotografen og subjektet (brått kjem det eit ikkje-menneskeleg motiv, og då vert det med eitt nesten berre fotografen det handlar om). Fotografen som hoppar frå subjekt til subjekt, heile tida i rørsle. Dette med "surrounded by no one" kjem til å stå for alle som ser fotografiet. Alle som får eit innblikk i den private situasjonen, omringar denne ikkje-staden, og dermed er både omringarar og ingen. Men det er samstundes eit slags ordspel: "no one" og ikkje "noone". Ein må ta tittelen nøye, sidan det er mest det einaste ein har å gå etter. Omringa av ingen spesielle? Nei, eg veit ikkje heilt kva det tyder, det er tvetydig, det òg. .

Eg må elles liksom kjenna på noko som oppstår mellom bileta, og det er heile tida noko tvetydig ved dei, mellom denne nesten påfallande framdyrka kroppslegheita dei stadig sirklar om og det gåtefulle i situasjonane, detaljane som ein heng seg opp i men som peikar ut av bileta, liksom vekk frå tematikken, som om bileta heile tida vil riva vekk grunnen under føtene eins.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bach? Nei, ikke Bach … Egentlig liker jeg ikke Bach… de, den moderne musikken, en dag vil de, hvis de ser nøyere gjennom sine briller, oppdage at Bach ikke var den rette veiviseren, og at han har ført dem til randen av bankerott. Dere dyrker ham fordi dere bare duger til matematikk, kosmos og renhet – akk, deres bleke, astronomiske ansikt piner og plager meg! Dere når de himmelske høyder, men jorden har glippet for dere – evnukker! Forelskede som dere er i Abstraksjonen, har dere glemt at sangen en gang tjente til å forføre hunnene, og nå sitter dere fast i denne Musikk som Sådan, den som dere har hengitt dere til i mangel av noe annet. Punktum. Finale. Hva gjelder Beethoven, har jeg også spist meg mett på hans symfonier, hans orkester klarer ikke lenger å lokke og fengsle meg på alvor – men kvartettene fra den siste perioden, med den vanskelige tonen, disse klangene som er på grensen, endog overskrider grensen … Å, du fjortende kvartett!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Alt det glitrende forventningsfulle vi innbiller oss å se i barneøyne og som i virkeligheten er de første stjerner på angstens nattehimmel.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Kulturen rundt fotobøker er liten i Norge, og det er sjeldan eg ser kritikk av fotobøker, Men fotoboka er ei svært særeiga uttrykksform, og som kjend har Tomas Espedal nyleg gitt ut ei, og forsøkt å fronta sjangeren litt. Elles har ein Knausgård sitt samarbeid med Thomas Wågström som har resultert i fotoboka Nakker, samt Alt som er i himmelen, som eg har omtalt her. Dette er vel dei mest populært kjende døma på det som litt flåsete kan kallast den seriøse fotoboka (eller fotoboka som kunstverk, kanskje). Elles har kanskje somme hørt om Andrea Gjestvang si sterke bok om Utøya-ofra.

Fotobok er også ein type bok som i større grad enn den gjengse roman tar inn over seg at ho er eit taktilt objekt, altså ei bok på papir, og ikkje noko digitalt. Blainga i ei fotobok, det umiddelbare og det langsame, samanstillinga og alt dette her som ein får ved å bla fram og attende i ei bok er ofte svært gjennomtenkt. Kort sagt meinar eg fotoboka ofte tar inn over seg bokformatets eigenart i større grad enn andre typar bøker. Det vert jobba med papirtype og trykkvalitet i større grad, og så vidare.

Då eg flytta til Oslo frå Bergen hadde eg håpar Deichmanske bibliotek var betre på foto enn Bergen offentlige, men førebels verkar det motsette å vera tilfelle. Eg som trudde det stod ille til i Bergen, vel … .

Uansett er det underleg for meg kor lite interesse det er å spore for denne sjangeren. Kanskje det går på biletkompetanse, eg veit ikkje, men vi er jo alle omgitt av fotografi på alle moglege måtar, så det er pussig at så få er interesserte i å få eit meir medvite forhold til det. Det er låg terskel for å opna ei fotobok, og fort gjort å kikke gjennom fleire for å få overblikk, så eg tenker meg det er ein kombinasjon av interesse og manglande formidling som gjer det så smalt som det er. Eg tviler ikkje på at det vert produsert fleire bøker om korleis ein fotograferer enn det vert produsert gode fotobøker. Og dermed vert samtalen om fotobøker ofte halde til akademia, og eit snev entusiastar innanfor amatørfotograf-miljøet, noko som ikkje er heilt heldig.

Men om nokon har lese heilt ned hit, så sit dei kanskje inne med eit tips om ei god fotobok?

PS: Eg må forresten også nemna Frode Grytten som ein formidlar av fotoboka i Norge, han har også samarbeidd med fotograf Jens Hauge.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Knausgård skriv jo i essayet om kaotiske fenomen som liknar andlet. Dette er ei kjent psykologisk effekt. I tidlegare tider har jo også skytolking vorte teke som ei rimeleg seriøs disiplin (Nils Gilje kallar det skyenes semiotikk, om eg hugsar rett).

Boka består av fotografi av skyer, og det er i grunnen godt gjort å skapa interesse for slike bilete, men dei er lekre, og eg tenker på ein annan fotograf som har drive med dette, nemleg no avdøde Tom Sandberg, som gjerne sat ved vindauget i passasjerfly og fotograferte.

For meg vert det eit problem når det verkar opplagt at ein skal sjå eit andlet i biletet, og dette verkar særleg tiltenkt på grunn av essayet i starten, så når dette skjer vert eg straks uinteressert i biletet. Somme liknar kroppar, dei likar eg gjerne betre, men i det heile tatt er det liksom eit problem at ein tenker at skyene skal likna på noko. Det vert liksom for platt. Då likar eg betre dei bileta der eg ikkje straks festar meg ved ei spesiell form, men meir ved nyansar og dynamiske biletflater, og slike meir abstrakte ting. Den kornete biletflata somme stader synest eg fungerer betre enn dei meir glatte bileta, fordi det abstraherer, gjer det meir poetisk, eller tilsløra, i mangel av betre måtar å seia det på.

Ein stad er eg i tvil om eg ser på skyer direkte, eller skyer reflektert i ei vassflate (det eldste trikset i boka, men eg les det som ein sjølvrefererande kommentar).

Men altså, der det brått finst eit andlet, noko som er for opplagt, blir liksom resten av biletet liksom sett ut av spel. Det er best når det fungerer som ein heilskap. Likevel må eg nyansera dette litt, det finst unntak, og boka held liksom på sitt mysterium. Her og der nærmar det seg noko tvetydig (liknar det på noko, eller gjer det det ikkje, er det berre meg, eller vil fleire sjå det slik), då er det bra, då er det liksom så langt inne i hovudet mitt at eg kan byrja å tvila på eit eller anna ved meg sjølv. Og så er det berre skyer, skyer, komposisjonar av skyer. Ein stad eit fly og ein fugl, ein stad ein horisont, men elles berre skyer.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er interessant å sjå korleis Oslo var på denne tida, men som gatefotografi i seg sjølv er ikkje dette noko sjangermessig høgdepunkt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fotografen jobbar som avisbud, og fotograferer det. I og for seg eit interessant utgongspunkt, men boka vert tynga av overforklarande tekstar, og den liksom kronologiske struktureringa, etter tid på døgeret, får heilskapsopplevinga til å stivna. Elles ber det preg av å vera for ufarleg og tilforlateleg fotografert til verkeleg å engasjere, og det hjelper ikkje at fotografen erklærer sin eigen voyeuristiske fascinasjon i tekstane, liksom for at det skal smitta over på lesaren, i tilfelle premisset var uklart frå før (sjølvsagt ikkje).

Det som etter kvart byrjar å interessere meg er vel samanlikninga av dei ulike bygårdane, men dette skjer liksom mest via teksten, og ikkje så mykje via ei slags klassifisert fotografisk undersøking av tinga.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eit par verkeleg gode enkeltbilete, men i det heile tatt verkar alt ved denne boka nokså tilfeldig.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

På en av de gatene jeg senere skulle gjennomstreife på nattlige vandringer som ikke tok slutt, ble jeg, da tiden var moden og under merkverdige omstendigheter, overrasket av kjønnsdriftens oppvåkning.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er fint å være for seg sjøl innimellom, ikke avhengig av annet enn penger og rutetider og trafikkregler.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg pleier vanlegvis å legga vekk bøker der verken stil eller øvrig innhald greier å vekka mi interesse. Men i håp om ei openberring tvang eg meg sjølv gjennom denne første delen av verket. Problemet med boka er at ho, slik eg forstår det på føreordet, er meint framstilla meiningane til ein karikatur, altså denne Estetikaren A (kanskje ein versjon av Kierkegaard sjølv), og at kunnskapen om dette set innhaldet i tekstane i andre rekke for lesaren. Det vil seia at når ein les er det vanskeleg å ta tekstane på alvor, sidan ein ventar seg at desse i del to (som eg enno ikkje har lese) liksom skal setjast på plass av Etikaren B. Dette gjer at eg heile tida les tekstane på eit slags overordna nivå, vel medviten om forfattarens intensjonar, samtidas mottaking og forfattarens vidare behandling av temaet, for ikkje å snakka om desse figurane A og B sine roller, og dermed ikkje klarar å interessera meg for stoffet tekstane behandlar. Dette stoffet er for øvrig også stort sett framstilt i ein stil som er overlessa, langtekkeleg og i ein syntaks som til dels grensar mot det uleselege. Greit nok om ein likar denslags, men eg synest livet er for kort.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk, Horace Engdahl.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Boka vert kalla eit meisterverk og ein perfekt roman. Det kan vera mange motiv for å seia slikt, men det er ikkje sant.

Det er vel ikkje umogleg at boka prøver på å vera ein slags "perfekt roman" eller ein slags sjablongroman, men boka seier ikkje det. Det påfallande for meg er kor "konvensjonelt" eller "logisk" alt er. Til og med språket, som for øvrig er godt handverk, klart og utan unødvendig dilldall. Og den kronologiske fortellinga av eit liv. Kor opplagte ting som skjer, og ubalansen i komposisjonen som kjem av dette, det vil seia at dei 160 første sidene verkar for det meste unødvendige når ein ser på siste del av boka, der dei få "saftige" delene kjem (då er eg usikker på om det er ein slags kiosklitteraturhunger som gjer dei interessante for meg, eller om det er noko anna).

Det var ting eg likte i siste delen av boka, innsikter og "klokskap", svært gjenkjennbart, kanskje så enkelt og opplagt gjenkjennbart at det kunne forvekslast med det geniale, det vil seia det som alle trur dei kunne ha sagt om dei berre kom på det først. Eg lurar på om det er desse tinga som får folk til å lika boka.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Gode refleksjonar, tidvis glitrande med humoristisk snert.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eit tillegg, eller kanskje ei slags oppdatering av Inger Christensens klassikar Alfabet. Men denne her er illustrert, og det på ein måte som verkeleg løftar leseopplevinga. Det er sjeldan.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Når det gjeld det du kallar trivielle variablar, så opplever eg at det har mykje å seie. Skriftstorleik, linjeavstand, kor lange linjene er og kvaliteten på trykket er eg veldig kjenslevar for. Eg har gitt opp bøker på grunn av slike problem, men klart å lese dei fint når eg har funne ei betre utgåve.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ja, det er jo ein medley av språk du nevner her. Takk for interessante døme.

Det som ofte kan vera påfallande er jo kvar ein nyttar dei ulike språka. At teikneseriar skal vera på bokmål er jo gjerne ein uskriven regel (moglegvis av kommersielle hensyn). Kan ikkje hugse sist eg såg ein på nynorsk, eller dialekt for den saks skuld. Men eg meinar at ein ei tid kunne abonnere på Donald Duck i nynorsk utgåve. Av ein eller annan grunn fekk eg lyst til å lesa det nett no, for å sjå korleis det vert. Eg las bokmålsutgåva i store deler av oppveksten, men at det skulle finnast på nynorsk fall meg ikkje inn.

Anglifiseringa av arbeidslivet og samfunnet for øvrig er jo elles velkjend stoff. Somme snakkar om snikislamisering, men snikanglifisering er jo faktisk noko.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsenHarald KsomniferumStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleser