Dette er ein fengande og velskriven roman. Eg likte spesielt korleis bygdelivet blir behandla både frå utsida og innsida. Denne fortener fleire lesarar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein annan ting eg tenker i høve til dette er at Pessoa jo først og framst var poet. No hugsar eg ikkje heilt korleis dette avsnittet ditt står frå Pessoas hand – det kan vera han adresserer akkurat den saka – men poesi er ikkje like avhengig av å foregå innafor ei fiksjonalisert verd på same måte som skjønnlitterær prosa.

No finst det jo sjølvsagt òg ein masse romanar som tar dette inn over seg, gjennom den såkalla autofiksjonen (Espedal, Knausgård, etc.). Det les vi likevel på eit nivå som fiksjon – Espedal har t.d. sagt at det blir fiksjon med ein gong det kjem ned på papiret. Poesi kan, i alle fall for meg, vera ein meir direkte leik med verkelegheita, og språket som ein del av verkelegheita, og forholdet mellom språk og ting.

Men alt handlar om verkelegheit, og skjønnlitteraturen kan eigentleg ikkje lyge om verkelegheita. Det kan sakprosaen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette er jo ein klassikar, som ofte blir referert til, men eg trur ein må vera ideologisk ganske på linje med Thoreau om ein skal ha fullt utbyte av ho. Personleg likte eg å lese det i byrjinga, men etter kvart kjende eg ein veksande opposisjon mot måten han tenkte på, og det øydela eigentleg boka litt for min del.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er vel litt på linje med dette sitatet:

«I suspect it is the techniques of fiction, also often used by nonfiction writers, that are especially valuable now. I say this because it’s possible that we as a culture suffer from a particularly debilitating case of thinking we know much more than we know… .

This false sense of knowing — not a new problem, but perhaps a newly pressing one — has been made worse by the ease with which we find Web sites devoted to telling us what we already want to hear and already suspect is true. There are even algorithms for this; confirmation bias has never been more pervasive or insidious. We inhabit fanciful castles of facts.

Mostly we read the nonfiction that suits our fancy, and tend to ignore that which does not. Not for aphoristic economy alone did Nietzsche observe that convictions are more dangerous enemies of truth than lies. Because we are less sure of what fiction is “saying,” we are less pre-emptively defended against it or biased in its favor. We are inclined to let it past our fortifications. It’s merely a court jester, there to amuse us. We let in the brazen liar and his hidden, difficult truths.»

http://www.nytimes.com/2013/10/27/books/review/whats-behind-the-notion-that-nonfiction-is-more-relevant-than-fiction.html?ref=books&_r=3&pagewanted=all&

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Essaya til Montaigne må nemnast. Kanskje Minima Moralia av Theodor Adorno, der er det mange korttekstar, men den er kanskje litt meir om "kulturen" enn om "livet", uansett veldig bra. Kanskje Moralske småstykker av Leopardi, men den er nokså pussig, og ofte i dialogform.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dei forlaga som gir ut klassikarar må jo nødvendigvis besvare spørsmålet. Gyldendal har t.d. ein slik serie http://www.gyldendal.no/Skjoennlitteratur/Pocket/Gyldendal-Klassiker

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mine Saramago-favorittar til no er En beretning om blindhet, Dødens uteblivelse og Den andre mannen. Akkurat den du nevner har eg ikkje lese, men det må eg gjera, så takk for tipset.

To bøker som har gjort stort inntrykk på meg i det siste er Mine venner (Emmanuel Bove) og De utrøstelige (Kazuo Ishiguro). Gløymer ikkje dei med det første.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Armand av Emmanuel Bove (engelsk).
En vinterdagbok av Emmanuel Bove (svensk).

Undervurdert/gløymt forfattar, dette her. Så vidt eg kunne finne ut er kun Mine venner omsett til norsk, men den var såpass interessant at han fekk meg til å kjøpe desse to andre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Når eg brukar sida på ein netbook/minilaptop, så blir hovudinnhaldet fortrengt av overskrifter og andre element, slik at eg må skrolle for å i det heile tatt finne det. I mitt døme kunne t.d. Diskusjoner-overskrifta fjernast heilt, og noko kunne gjerast med Bokelskere-logoen for å få den til å gli inn høgare oppe på sida. Det er i grunnen også litt pussig å ha to menyar; her har ein jo ein personleg meny som heiter Min side, og ein annan oppe til høgre. Når det også er to søkeruter blir det fort sjåande ut som om det heile kunne slankast drastisk, og i alle fall omrokkerast for å bruke plassen betre. Sjå til dømes på ei side som last.fm, der logo, personleg meny, søkerute og innhaldsmeny er plassert på same linje øverst.

(Ellers forstår eg at det trengs visse kompromiss dersom same design skal fungere på touch-skjermar og andre maskiner, men det kan eg ikkje forhalde meg til som brukar.)

Skjermbilete

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Problemet med å zoome ut er at sida ikkje skalerer seg til heile skjermbreidda. Det burde den eigentleg gjort. Den skalerer heller ikkje korrekt når ein zoomar inn.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Av romanar eg har lese med skikkeleg WOW!-faktor er Den lille piken som elsket fyrstikker (Gaétan Soucy) ei bok eg fekk hakeslepp av. Den er dyster, men på ein tidvis merkeleg behageleg måte, og så er den gripande og sterk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Personleg prøver eg å ikkje samle opp for mange bøker som eg aldri brukar. Heldigvis fins biblioteket.

Når det er sagt, så er det ein del ting eg godt kunne hatt ståande som eg ikkje har:

  • Bibelen (har mista den eg hadde).

  • Shakespeare (har berre nokre enkeltverk, og skulle gjerne hatt heile verket hans i ei fin samling).

  • Dei mest sentrale tekstane til den gjengen greske og romerske diktarar og tenkarar som la grunnlaget for den vestlege kulturen.

Dette er jo dei tekstane som har hatt desidert størst innverknad på vår kulturelle sfære, så hvis ein liksom objektivt sett skal begynne ein stad, så er det vel også der.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for bra liste! Eg fekk også mange nye bøker på leselista etter å ha lese Dirty Things, og har lese 3-4 av dei allerede, men her ser eg fleire interessante titlar å ta for seg vidare.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har lagt til Granskingen (Philippe Claudel). Noko av det beste eg har lese i år.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei skikkeleg wow-leseoppleving! Å samanlikne med Kafka er opplagt. Det er så mykje som foregår her, både det tragiske og det humoristiske, og fortellinga er så gåtefull og draumelogisk. Det er også lett å dra parallellar til 1984.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Si meg en ting, du som ikke har tatt til deg næring på to dager, etter hva du selv har fortalt, hvis jeg har fulgt resonnementet ditt riktig, du skulle vel ikke være i ferd med å begå selvmord?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Den litteraturen som har klart seg gjennom hundre år og meir blir jo automatisk ein del av vår kulturelle arv, og har gjerne breidt anerkjende litterære verdiar, så kanskje det freistar meir å gjera seg kjend med slike verk enn med litteratur som er så ny at den enno ikkje eigentleg har passert nokon slik «kulturell kvalitetskontroll».

Ein annan ting er litteraturens måte å behandle idéar, språk og annan kultur på. Samtidslitteraturen har best føresetnader for å gjera dette på ein måte som er mest mogleg tilgjengeleg for oss, sidan den blir til i vår kollektive idéverd. At språket, litteraturen og idéane er i stadig forandring gjer det dessutan også vanskeleg å unngå at gamal litteratur blir meir krevande, og kanskje mister somme av sine kvaliteter på vegen. Likevel har eg inntrykk av at dei gamle verka som blir ståande ofte gjer det fordi dei også kan lesast opp mot vår samtid.

Ellers er det jo noko eksotisk ved å fordjupe seg i fortidas litteratur. No er det ikkje så lenge vi har hatt romanforma slik vi kjenner den i dag, men det er vel nok til at ein kan begynne å samanlikne samtidas historiske romanar med dei romanane som vart til i den samtida dei skildrar. Kunne sikkert vore eit interessant prosjekt, men no tenker eg berre høgt.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Her var det mange tips. Tenkte eg berre skulle nevne denne lista, som inneheld nokre perler: http://bokelskere.no/liste/115665/liste/

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det fins forresten også eit videoforedrag Krauss held om dette innhaldet. Dette foredraget var forløparen til boka. Foredraget er verd å sjå, men boka er klarare formulert, syns eg. Trur likevel den må lesast ein gong til etter kvart. Fascinerande saker, og ein del nytt, sjølv om eg har lese Krauss tidlegare, samt Brian Greene, Michio Kaku og fleire.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Les denne boka eller dø i uvitenhet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundVioleta JakobsenPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingIngunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendliesomniferumRune U. Furberg