The Year of the Flood og Oryx og Crake er meir teknologisk orienterte dystopiar enn kva Tjenerinnens beretning er. Førstnevnte foregår i eit slags anarki, medan sistnevnte skildrar eit samfunn som blir styrt av eit ekstremt regime, der kvinner må leve som slavar. Her handlar det mellom anna om korleis dette regimet terroriserer enkeltmennesket. Det er godt mulig Tjenerinnens beretning kan oppfattast som deprimerande. Eg meinar å hugse at det var ganske brutalt til tider. Vurderte aldri å avbryte boka av den grunn.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Luis Buñuel sin Mitt siste sukk er min favoritt. For ein fantastisk fyr!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hyggeleg at nokon set pris på det. Ein personleg favoritt av desse er muligens Oryx og Crake.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Litt science fiction og såkalla speculative fiction som skil seg litt frå dei bøkene vi tenker på som typiske sci-fi-klassikarar. Alle på lista har eg lese eller held på å lese. Tar gjerne imot tips om litteratur/forfattarar som er beslekta med desse dømene.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nokre av mine favorittar innan fag/popvitskap:

The Fabric of the Cosmos (Brian Greene), Middelalderens høst (Johan Huizinga), Consciousness Explained (Daniel Dennett)

Eg laga for øvrig ei lita liste over god populærvitskap for ei tid sida. Det er nok ein god del fleire verk eg kunne teke med der.

Edit: Off topic, men eg kan absolutt tilrå radioprogrammet Radiolab (NPR), som er det mest fascinerande populærvitskaplege radioprogrammet eg nokon gong har vore borti. Det kan høyrast som podcast eller streamast frå nettsida.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det fins jo allerede ein akademisk diskurs rundt elektronisk litteratur/hypertekstlitteratur, eller skjermtekstar, som det heiter. Det er vel ikkje blitt så populært at ein eigentleg kan konkludere med kva det heiter enno.

Det spørs jo også litt kva vi snakkar om her. Ein elektronisk roman trur eg ikkje kan utvikle seg noko særleg utover hyperteksten før den blir til noko anna, mest truleg eit slags dataspel. Det er i så fall naturleg å anten kalle det hypertekstroman eller spel. Hyperroman, kanskje. Elektroniske diktsamlingar fins for øvrig også.

Tradisjonelle sakprosabøker er eg meir i tvil om kva ein skal kalle dersom dei blir «forbetra». Kanskje det er rom for ein ny sjanger der?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tja … sjølv om bok for dei fleste tyder ei samling ark mellom to permar (med eller utan innhald) så har ein jo til dømes lommebok, som ikkje treng ha noko med ark å gjera. Eg ser ingen grunn til at metaforisk bruk av ordet skal stoppe der. Ellers kallar vi elektroniske brev for e-post, så e-bok passar vel greit inn i den malen.

Eg ser jo at det kan bli utflytande grenser for kva som i digital samanheng vil bli oppfatta som tilsvarande ei tradisjonell bok, men desse tilfella vil uansett også kunne omtalast ved sin litterære sjanger. Det er ikkje utenkeleg at ordet bok blir eit litt unyttig ord etter kvart. Til dømes er det sjeldan vi kallar musikk noko anna når det er på LP enn når det er i MP3-format.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei novelle av Jonas Lie handlar om ei ørn (Hunnørnen).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg kan jo først nevne at eg likte Morgon og Kveld av Jon Fosse, som du har på lista di, og eg har tenkt å lese Mnem.

Eg tar ikkje med sakprosa, då blir det for tidkrevande å prioritere. Mi spontane liste:

Borges: Labyrinter, Kafka: Metamorfosen, Pessoa: Uroens bok, Ulven: Fortæring, DeFoe: Robinson Crusoe

Med unntak av den siste er dette bøker som har overraska meg med sin originalitet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

The Guardian si litteraturavdeling har laga ei liste over dei 100 beste sakprosabøkene i følge dei sjølv. Her var det mykje interessant, og berre ein handfull titlar eg har lese. Eg var tilfeldigvis allerede i gong med Essays av Montaigne og vurderer Bury My Heart at Wounded Knee. Nokon som har lese den?

Edit: Ser for øvrig at eg har oversett denne tråden – var ikkje klar over at Aftenposten hadde referert til lista i går.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Middelalderens høst av den nederlandske historikaren Johan Huizinga (1872-1945) er eit kulturhistorisk meisterverk og ein internasjonal klassikar. Eg har lese verket to gonger, og føler ei sterk trong til å lese det igjen. Det er først og fremst den innlevinga Huizinga skapar i vanlege mennesker sine daglege liv, tankar og idéar som gjer dette verket fascinerande for meg. Som all historieskriving blir den omtalte epoken farga av tida og samanhengen verket er skrive i, men i god historieskriving, slik som her, kjennest ikkje dette som eit problem, men heller som eit stort bidrag til å gjera stoffet meir tilgjengeleg. Om du ikkje er interessert i mellomalderen, så blir du det medan du les denne boka.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I Paris er det heilt klart Bibliothèque François Mitterrand du må oppsøke. For ein bygning!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Wel Im telling Truth here aint I. Thats the woal idear of this writing which I begun wylst thinking on what the idear of us myt be.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har ikkje lest den, men den må no leggast til leselista. Takk for tipset.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei kortfatta innføring i forskinga som er gjort på religiøse opplevingar og gudstru, som på ein konsis og lettlest måte forklarar dei fundamentale mekanismane som ligg bak dei fleste religionar (boka er særleg vinkla mot dei store monoteistiske). Eg har i grunnen ikkje sett ei liknande bok før, og sidan eg ofte har lurt på spørsmålet ho behandlar var dette absolutt interessant lesing. Eg sit imidlertid igjen med ei kjensle av at det kunne vore interessant å vite kva ein religiøs lesar ville fått ut av henne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

The group nature of ritual takes individual minds already primed for belief and throws them into a continuous loop uf mutual reinforcement, creating a volatile congregation of conscious and unconscious forces.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg kastar ein fysisk terning og justerer så mi oppleving av boka til resultatet.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Denne kan absolutt tilrådast. Idérik og tankevekkande.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er ei fortelling av Jorge Luis Borges der han fortel om ein mann som skriv Don Quixote om igjen, men utan å skrive av originalverket.

Nokon som har fleire døme på slikt?

Edit: Eg kom forresten på eit anna døme sjølv. I Dr. Faustus finn jo Thomas Mann opp ein komponist og skildrar verka hans.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg vil ikkje kalle meg synestetikar, men opplever former på ord. Fargar på tal ser eg ikkje.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHanne Kvernmo RyeHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte Furuseth