Boka heiter Ei kvit stille, og namnet er Knut Rage.

Og, ja, som du seier, det er gjerne andre variablar som spelar inn i val av språk. Eg trur det finst ein eller to nynorskelevar i grunnskulen i heile Oslo nett no, men eg kjenner jo ikkje til korleis dei organiserer det.

Uansett, når forskninga tilseier at det å mestre både bokmål og nynorsk jamgodt kan gi somme av dei same kognitive fordelene som andre tospråklege har, så er det tunge argument for å ta begge språk alvorleg medan ein er ung, så sant ein har moglegheita (og det har ein jo i teorien uansett).

PS: Og elles når det gjeld å lese og skrive på nett, så er det jo like viktig korleis ein vert lesen som korleis ein skriv.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er temmeleg viss på at det er lettare å gå frå nynorsk til bokmål enn omvendt, berre grunna at eksponeringa for språket er så mykje større. Men det kjem jo an på motivasjon, sjølvsagt. Eg har i mitt vaksne liv budd i Bergen og Oslo, men kjem frå ein liten vestlandskommune, der eg hugsar at fleire av mine nynorskskrivande medelevar gjekk over til bokmål så snart dei var gamle nok til å velge. Sjølv hadde eg eit år betre karakter i sidemål enn i nynorsk.

Om eg får velge hovudmålet til mi eiga dotter trur eg på å velge nynorsk, fordi bokmål uansett kjem så mykje lettare inn. Men så spørs det kva moglegheitene er for denslags her i Oslo. Det er uansett eit par år til enno.

Og når det gjeld Rage, så er nok det eit jærsk namn, ja, og ikkje spesielt vanleg på landsbasis. Ellers kan eg jo seie så mykje som at konvertitten eg nevnte ga ut ei diktsamling på nittitalet som han vann ein språkpris for, og eg deler etternamn med han, men det har med min relasjon til dotter hans å gjera.

Og tid, ja. Det skulle ein jo alltids hatt meir av.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var interessant, dette her. Eg kjenner sjølv ein bymann frå Stavanger som har gått over til Nynorsk, muligens av din generasjon, men eg trur også me dels snakkar om litt ulike sider av saka her, kanskje grunna min måte å uttrykke meg om saker på i generelle termer. Det er uansett slik at språkleg estetikk er subjektivt, og eg legg i grunnen også berre fram måten eg sjølv ser det på. Kanskje utdjupar eg litt meir seinare, når eg får tid.

__
Utdjuping:

Eg har kanskje aldri opplevd at ein debatt har noko hensikt for dei som deltek i han. Eventuelt kun for dei som høyrer på, men det er på sida. Difor var det i alle fall ikkje meininga å starte ein debatt.

Det du seier om by og land, og at konservativt bokmål kan bli oppfatta som noko negativt, det er jo eit vesentleg poeng. Kanskje er det fordi det er eit avvik frå det ein oppfattar som den språklege norma.Språk er jo identitet, og med ein gong ein avviker, så kan det tolkast som at ein prøver å gjera det til eit "statement". Eg har ikkje noko problem med konservativt bokmål eller riksmål, men det er klart at når ein byrjar å skrive "nu" og denslags, så blir det jo litt lada.

Det at somme meiner nynorsk er eit godt egna språk til litteratur, det kan eg forstå. Nynorskandelen er langt høgare blant prisvinnande litteratur enn i befolkinga elles. Og så har me ein som Jan Roar Leikvoll, som skreiv skjønnlitteraturen sin på nynorsk, men elles var han bokmålsbrukar. Men til og med han, ein gong eg hørte han snakke om litteraturen sin, vart ubekvem når det kom frå ei i salen at "nynorsk er et vakkert språk". Fordi det igjen spelar tilbake på det at nynorsk er godt egna for dikt, og dermed implisitt skulle vera mindre egna for andre ting. Slik blir sjølv eit kompliment noko som kan lugge litt hjå somme nynorskingar. ;-)

__

Men vidare, så er det sikkert mange som har betre greie på dette med språk og identitet enn meg, samt dette med korleis det har seg at ein oppfattar eitt språk som vakrare enn eit anna, og så er det, som du seier, vel så viktig å beherske det språket ein har, for at det skal verte vakkert og/eller klart og tydeleg, eller kva ein no har som ideal. Men eg kjem også til å tenke på korleis enkelte namn blir sett på som vakrare enn andre, og korleis dei namna ein forbinder med svigermorgenerasjonen ofte ikkje framstår så estetisk velklingande som dei av eldre generasjonar, men no er kanskje namn meir belemra med eins eigne assosiasjonar enn kva språket i seg sjølv er.

Eg lurar imidlertid på om det er ein forskar som heiter Ivar Utne som uttalar seg om namn i ny og ne, og trekk fram visse vokalar som meir velklingande enn andre, så det kan vel vera noko i det, om nynorske diftongar og slikt kan ha meir musikalitet i seg. Men det er vanskeleg å sjå slikt i sitt eige språk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nynorsken har vel fått stempel som eit sidrompa bondespråk, men samstundes har den også dette med at det skal vera noko meir vakkert enn bokmål, noko eg trur har meir å gjera med at det kan oppfattast som eksotisk. Bonderomantisk muligens. Personleg mislikar eg sterkt desse rurale konnotasjonane. Det blir som med dialektbruk i reklame. Når det er landbruksprodukt som skal selgast, så går ein heilt over bord med denslags. Både poesi og nynorsk er jo allereie ting som er belemra med ein del fordommar. Sjølv har eg vanskar for å seie sikkert at anten bokmålet eller nynorsken er noko vakrare enn parallellspråket sitt, men var det ikkje VG som kåra "kjærleik" til det vakraste ordet på norsk?

PS: Og om ikkje det var klart, så er det fordommane mot bønder som er underlaget for dette her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

På vestlandet er dette i alle fall det mest kjende bruksdiktet ved konfirmasjonar, bryllaup og så vidare. Det heiter vel berre Det er den draumen. Trur det finst i samlinga Dropar i austavind. Ein kuriositet eg nyleg lærte om dette diktet er at det opprinneleg vart skrive i fortid, altså Det var den draumen me bar på, og så vidare, noko som gjer det til eit heilt anna dikt, utan håp.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kvardagslige fortellingar utan fiksfakseri, behageleg flyt, knallgodt skrivne personar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg pleier å avbryte bøker eg ikkje likar. Men denne las eg ut likevel, etter kvart kanskje mest fordi språket var så irriterande at det vart lærerikt å studere det, både på det stilistiske planet og det biletmessige.

Ellers trur eg vi kan kalle det ein psykologisk-realistisk roman om utruskap. Det som sit igjen etter lesinga er nokre teikningar som elskerinna hadde laga av jeg-personen som hadde sex med henne, og desse hadde ho vist til broren, men det vart omtrent berre nevnt i ein bisetning, sjølv om det verkar å vera heilt sentralt for å forstå psyken hennar og tilhøvet dei imellom.

Teksten forsøker dessutan å tematisere noko om mediesamfunnet, som tydelegvis ikkje har vore heilt vellukka, for ein av dei siste setningane må påpeike følgande: «Jeg leste brevet hans flere ganger, og opplevde en dyp uhygge og uro også ved vår samtid og ved meg selv».

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein skal vera forsiktig med å seia at kulturen går til helvete, og eg trur papiravisene slit meir enn bøkene, men sport sport sladder du kan dø.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette var i grunnen ei ganske fantastisk bok som glimtar av storheit. Nokre svært treffande innsikter om korleis me som kollektiv kritiserer den som tenker annleis. Hovudpersonen altså ein slik type (gal eller genial), og han lar seg ikkje avfeie.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Man skal være påpasselig når tidene er slik at folk ikke har evne til å la seg forlede av noe som hører til fiksjonene og drømmene lenger. Det er farlig når menneskene ikke lenger lar seg lure, forlede av eventyr. Det eneste de lar seg fortrylle av er den såkalte virkeligheten.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Styrken til denne boka er at ho er er lettlesen og gir mykje stoff til å tenka på.

Svakheita er at mange tema blir for overflatisk behandla og boka mister retning og blir for fragmentert mot slutten. Forfattaren gjer nokre skeive nedslag i felt som ligg utanfor hans eige kompetanseområde. Likevel kan eg vera einig i mange av tankane. Problemet er at det ikkje framstår som klart for meg kvifor eg er det, og det burde vore forfattaren sin jobb å få fram her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hamsun har ei kort novelle som heiter "Et spøgelse". Den står mellom anna i boka Livets røst. Den handlar om noko så typisk som ein kyrkjegard og eit spøkelse, litt horror-aktig.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Forfriskande diktsamling som til tider begeistra meg stort. Ein type humor som òg kan overrumple lesaren med stort alvor.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig i dette, og eg finn det vanlegvis tungt å lesa medan det er musikk på, men lydmessig forutsigbarhet er vel nøkkelen.

Eg kan bruka klaverstykker av Bach eller Scarlatti, men generelt sett opplever eg at den mest langsame (og udramatiske) musikken er best, gjerne dronemusikk (klassisk (t.d. Joep Franssens) eller elektronisk (t.d. Thomas Köner)). På Spotify finst det dessutan lydspor med fuglesong. Kanskje det er aller best, når det funkar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er faktisk overraskande enkelt å droppe bokmerke og berre memorisere sidetalet, så lenge du kan relatere det til eit eller anna – nokons alder, eit pengebeløp, kva som helst.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

For ikkje å gløyme Vemund S. Ådland. «Grovt øye» er verkeleg god.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg likar sjølv Løveid, men for min del krevde det ei omstilling før eg "kom inn i det". Gulliksen var lettare tilgjengeleg for meg. Eit bonustips frå meg kan dessutan vera Yngve Pedersen. Begge samlingane hans er svært gode og originale.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Torill Wardenær, Cecilie Løveid, Geir Gulliksen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Å lesa lyrikk på lesebrett kan i alle fall vera irriterande, sidan lyrikken gjerne har det med å forhalde seg til kva som skal stå på kvar side i mykje større grad enn prosaen, sjølv om t.d. Tomas Espedal og mange andre prosaistar nyttar seg av sideformatet på den måten. Lesebrettet bryt liksom ned dette, og er dermed laga for ein gitt type prosa, i alle fall slik eg ser det. Difor kan det jo henda at papirprosaistar blir meir opptekne av å bruka papiret og sidene medvite.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er ingen ekspert, men:

Du bestemmer av Bård Torgersen. Det er ei diktsamling som brukar spørreskjemaet som form og tullar med det. Eg er framleis usikker på kor mykje eg likte boka, men ho er definitivt underhaldande.

Teori om det eneste av Nils Chr. Moe-Repstad. I to deler med litt ulik form/tematikk, men veldig interessant spenn i samlinga, masse flott.

Ellers likar eg Øyvind Rimbereid og Torill Wardenær, men det er jo godt etablerte navn.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Anita NessIngvild SsomniferumBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesStig TKirsten LundBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasHanne Kvernmo RyeKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BHanneDemetersiljehusmorMads Leonard HolvikSigrid Nygaard