2014
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
I denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år, der dei leiker andre verdskrig, opptrer som gatemusikantar, går på sauesanking og lagar Noas ark. Men ein dag blir idyllen brått borte.
Omtale fra forlaget
Trille er sikker på at nabo Lena Lid er bestevennen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. I denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i. Illustrert av Bo Gaustad.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2005
Format Innbundet
ISBN13 9788252166590
EAN 9788252166590
Serie Trille og Lena (1)
Omtalt sted Møre og Romsdal
Språk Nynorsk
Sider 195
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Nynorsk barnelitteraturpris 2005
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Er ikkje ferdig med denne endå. Høyrer på lydboka i bilen til og frå jobb, og i dag høyrde eg kapittelet Snø, og om den tristaste dagen. Og eg berre sit og grin mens eg kjører! Er ikkje så lett å veta kva ein skal lesa når ein er gravid og lettrørt... :) Men for ei nydeleg bok! Gler meg til å høyra resten!
Dagen etter begynte pappa på sommarprosjektet. Det gjer han kvar sommar. Prosjektet er som regel noko stort og vanskeleg som skal byggast. Og det er alltid mamma som har bestemt det.
Nesten alle vaksne i bygda vår syng i blandakoret. Eit blandakor, seier pappa, er eit kor der alle blandar seg, både dei som kan synge, og dei som ikkje kan det.
Då såg farfar alvorleg på meg og sa at å sakne folk er den finaste triste kjensla som finst.
Til slutt tok eg på meg bobledress og gjekk bortom fjøsen. Der la eg meg rett ned. Tankane mine flagra rundt, slik som snøfnugga, og det var ikkje greie på nokon ting. I går hadde tante-farmor levd like mykje som meg, og i dag var ho heilt død. Tenk om eg også døydde. Det kan skje med barn. Tremenningen til Lena døydde i ein trafikkulukke. Han var berre ti år. Døden er nesten slik som snøen, ein veit ikkje kva tid han kjem, sjølv om han oftast kjem om vinteren.
Eg skulle ønskje eg hadde ein knapp i panna som eg kunne trykke på for å forsvinne.
Et blandakor, seier pappa, er eit kor der alle blandar seg, både dei som kan synge, og dei som ikkje kan det.
-Ikkje sei at vi køyrer moped, kviskra eg til Krølla. Ho nikka, og tok røret med viktig mine.
-Kva har du gjort i dag, Krølla-mor? høyrde vi mamma spørje. Farfar fall på kne framfor det yngste barnebarnet sitt og falda hendene. Krølla såg forundra på han.
-Eg har ikkje køyrd moped, sa ho klart og tydeleg. Fargar lét hendene falle og pusta letta ut. Det gjorde visst mamma også, der oppe på songarstemnet.
-Det var fint, sa ho mildt. - Kva har du gjort då, veslevennen?
-Eg har sete på, sa Krølla.
(...) om ein er trist fordi ein saknar eit menneske, då betyr det at ein er glad i det mennesket. Og å vere glad i nokon, det er det finaste som finst. Dei vi saknar, har vi inni oss.
Liste for å halde orden på bøkar eg vil anbefale barn å lese :) Spesielt tenker eg på lillesøstera mi på ti år. Også skal eg bli grunnskolelærar, gleder meg til å lese med borna på skulen!
Sølvbergets tilsette plukkar nynorskbøker for å gratulere Stavanger mållag med 100-årsdagen 10. desember 2015. Les meir her.
Barnebøker stående i bokhylla. Kom gjerne med anbefalinger!
(Prøvde å legge bøkene alfabetisk, men ser ut som de hopper litt rundt av seg selv.)