Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 13 sitater

(...) om ein er trist fordi ein saknar eit menneske, då betyr det at ein er glad i det mennesket. Og å vere glad i nokon, det er det finaste som finst. Dei vi saknar, har vi inni oss.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Et blandakor, seier pappa, er eit kor der alle blandar seg, både dei som kan synge, og dei som ikkje kan det.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg skulle ønskje eg hadde ein knapp i panna som eg kunne trykke på for å forsvinne.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Lena er så ofte på besøk at ho nesten er nabo med seg sjølv.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

-Ikkje sei at vi køyrer moped, kviskra eg til Krølla. Ho nikka, og tok røret med viktig mine.
-Kva har du gjort i dag, Krølla-mor? høyrde vi mamma spørje. Farfar fall på kne framfor det yngste barnebarnet sitt og falda hendene. Krølla såg forundra på han.
-Eg har ikkje køyrd moped, sa ho klart og tydeleg. Fargar lét hendene falle og pusta letta ut. Det gjorde visst mamma også, der oppe på songarstemnet.
-Det var fint, sa ho mildt. - Kva har du gjort då, veslevennen?
-Eg har sete på, sa Krølla.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nesten alle vaksne i bygda vår syng i blandakoret. Eit blandakor, seier pappa, er eit kor der alle blandar seg, både dei som kan synge, og dei som ikkje kan det.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Den dagen sa pappa at han kom til å verte pensjonist lenge før tida på grunn av oss, men det gjorde ingeting, meinte Lenta, han kunne få plass på aldersheimen, han også. Sjølv om den var mest for hestar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då såg farfar alvorleg på meg og sa at å sakne folk er den finaste triste kjensla som finst.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Då vi hadde undersøkt litt ute, merka vi at det ikkje var lenge til Lena også måtte ta på seg stillongs. Det var is på sølepyttane. Og bortom fjorden hadde Gud dryst melis på dei høgste fjelltoppane.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Til slutt tok eg på meg bobledress og gjekk bortom fjøsen. Der la eg meg rett ned. Tankane mine flagra rundt, slik som snøfnugga, og det var ikkje greie på nokon ting. I går hadde tante-farmor levd like mykje som meg, og i dag var ho heilt død. Tenk om eg også døydde. Det kan skje med barn. Tremenningen til Lena døydde i ein trafikkulukke. Han var berre ti år. Døden er nesten slik som snøen, ein veit ikkje kva tid han kjem, sjølv om han oftast kjem om vinteren.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Marit MogstadPer Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit Rgretemor