Det har vært ei travel helg, men eg har funne tid til å lese litt også. Gjorde ferdig Vinter i Maine, den gjorde inntrykk. Må fordøye den ei stund før eg kan setje ord på kva eg meiner om den, men terningen landa på 6.
Så er eg i gang med lesesirkelboka The Old Man and the Sea, har hatt den i bokhylla eit års tid så det passa bra at denne kom no.
I morgon skal eg til Sverige på jobbreise. Må vel nesten plukke med meg noko svensk til turen, men har ikkje heilt bestemt meg enno. Kanskje Hemsöboerne? Eller Populærmusikk fra Vittula? Det er sikkert like greit å ta med begge to.
Begynte greit, men surra seg bort i plott som ikke gikk sammen og i lite troverdige karakterer.
Eg meiner å hugse at det var særs sparsamt med hint om kva som hadde utløyst den tilstanden som menneska i boka lever under.
Veldig bra opplegg, som vanleg.
Eg hadde nok blitt nøgd uanset kva bok som hadde fått flest stemmer, men er ekstra nøgd med at det blei ei bok eg har ståande ulest i bokhylla. Dei siste felleslesingane har eg havna på etterskot fordi eg har venta på bok ...
Eg har bokklubben sin verdensbibliotek-utgåve, denne er på tre bind.
Bind 1: Ymse forord 34 sider, deretter 3 dagar a 10 noveller, 269 sider
Bind 2: 4 dagar a 10 noveller, 272 sider
Bind 3: 3 dagar a 10 noveller + forfattaren sitt etterord: 252 sider
Til saman 827 sider.
Til samanlikning, verdensbibliotek-utgåva av den aller første boka i lesesirkelen, Middlemarch, hadde 11 sider innleiande essay, så sjølve romanen på 858 sider, deretter 32 sider med merknadar og til slutt oversetjaren sitt etterord på 7 sider. Til saman 908 sider.
Måtte snoke innom bokhylla di, og det ser ut for at du har lest ein god del av serien. Sjølv har eg berre lest Macbeth, men eg har i tillegg Eddikjenta (Troll kan temmes) og Et gap i tiden (Vintereventyret) ståande ulest i bokhylla. Det blir å lese minst ei av desse i år.
Erfaringa frå Macbeth er at det svarar seg å lese Shakespeare-originalen først.
Eg gjorde nettopp unna Verdens beste bygd av Arto Paasilinna. Artig fabel.
No har eg starta på De kommer til å drukne i sine mødres tårer av Johannes Anyuru. Dette er lesesirkelbok i dystopilesesirkelen.
Utover den så trur eg ikkje det blir så mykje lesing, i morgon gjeng dagen med til dugnad.
Skal du lese Margaret Atwood sin gjendikting av Stormen i same slengen?
Jeg er Markus-fan, det er bare å innse det. Absurd, morsomt og sånn passe ekkelt. Loves it!
Side 33;
"... han hadde med seg en skjærebrenner som var anskaffet for formålet; samtidig satte lensmannen og den yngre konstabelen i gang aggregatet som kunne mate skjærebrenneren med strøm."
Kva slags skjærebrennarar er det dei har i Finland som treng straum?
Eg mistenker at det heller dreier seg om ein vinkelslipar.
Det ser ut for å gå mot enno ei avstemming der det blir vanskeleg å plukke ut kva bøker ein ikkje skal stemme på.
I forkant av denne forslagstråden så gjekk eg og tenkte på om eg skulle foreslå Dekameronen, den har også blitt foreslått av andre enn meg i eit par tidlegare runder. Men den ligg litt for tett inntil Canterbury-forteljingane, det får vente til seinare.
Derfor tek eg heller og resirkulerer eit av mine tidlegare forslag som den gangen kom ganske høgt dersom eg hugsar rett, nemlig Familien Moskat av Isaac Bashevis Singer, nobelprisvinnar frå 1978. Det er ein krønike om ei jødisk familie i Warszawa frå rundt 1910 og til 1939, og eg forestiller meg at det er litt "Buddenbrooks-format" over forteljinga.
Det blir nok litt lesing denne helga også. Har nettopp gjort unna Syv korte leksjoner i fysikk, og kort er stikkordet her. Veldig overfladisk, men sidan målgruppa er personar utan kjennskap til fysikk så må den nesten vere slik. Men tankevekkande trass alt.
Neste bok ut er Verdens beste bygd av Arto Paasilinna.
Og i kveld må eg nesten sjå litt på teve. Det gjer eg ikkje så ofte, men det er no eingang ein slags tradisjon å benke seg framom kassa når det er Eurovision Song Contest.
Då har eg endeleg somla meg til å bestille boka. Lavaste prisen eg fann for eit innbunde eksemplar er kr 200,- hjå Norli.
Fantastisk! Spennende historie med nytt blikk på norrøn mytologi, her er vi på jotnenes side. I alle fall nesten... Og for noen tegninger! Jotunheimen blir levende, storslått, vakker, skremmende og underlig. Og både jotner og guder ser helt annerledes ut enn sånn vi er vant til å tenke oss dem. Så flott med noe nytt!
Riktig god spøkelsesfortelling for mellomtrinnet. Passe skummel og ikke for opplagt.
Eg kunne også godt tenke meg å lese ei meir fullstendig utgåve dersom det blir denne boka som får flest stemmer. Eg har bladd litt på nasjonalbiblioteket, og ser at det finnest ei litt mindre nedkorta omsetjing frå 1953, av Egil Tveterås. Denne er på rundt 370 sider.
Men det eg egentlig skulle spørje bokelskarane om; den utgåva som kom i Bokklubben sin Verdensbiblioteket-serie er det same nedkorta utgåvå som Ingunn S lenker til, eller er det ein meil fullstendig versjon?
Det har vært rimtørke i mange veker no, og eg ser ikkje enden enno. Derfor blir det prosa.
Tidlegare i dag gjorde eg unna dei siste sidene i M Train, der Patti Smith tek med lesaren på ein rundtur til eit utval av stadar og minner som har vært viktige for ho. Eg kjenner Smith berre av namn, har ikkje noko forhold til musikken hennar, men har fått med meg at ho skriv bra. Etter å ha lest boka seier eg meg samd i det siste, dette var bra. Eg les gjerne ei bok eller to til av henne.
I morgon blir det jobbreise til Austerrike. Derfor bladde eg igjennom ulest-hylla etter passande lektyre. Eg fann ingen austerrikar, det nærmaste eg kom var Arthur Koestler med boka Mørke midt på dagen. Koestler var fødd i Budapest medan keisardømet Austerrike-Ungarn eksisterte, og hadde også mykje av skulegangen sin i Austerrike. Det får vere nærme nok. Starta på boka i dag.
Eg skal også såvidt innom Sveits. Derfor tek eg også med meg sveitsaren Max Frisch sin Homo Faber, i tilfelle det blir tid til å starte på ei bok til.
Skal bli med, eg.
Eg likte også illustrasjonane, sjølv om dei ikkje alltid likna bileta eg laga meg i hovudet medan eg las.(Lillevi er vel inne på det ein annan plass i denne tråden, kor lett det er å sjå for seg personane i boka)
Illustrasjonen på side 50 og 51 inneheld forøvrig ein artig feil, teikninga illustrerer ø-buarane som har vært og satt poteter ein vårdag. Men i bakgrunnen ser ein at det har vært hesja, der er tre, kanskje fire fine hæser nedom våningshuset. Det var nok litt for tidleg.