På side 19, i kapittel 2, får vi vite om familien Munroe som flytter inn i eit eldre hus, og møblerer det:
"Det var speil i rammer med fine forsiringer, Wilton-tepper og reproduksjoner av malerier av en moderne kunstner som har gjort blått så populært"
Boka kom ut i 1932, men så vidt eg kan forstå så må den aktuelle handlinga i denne historia ligge ein stad mellom 1910 og 1920, kanskje nærmare 1920.
Er det nokon som har ein ide om kva for ein moderne kunstnar Steinbeck siktar til?
Etter å ha grunda litt på begrepet "litterær kanon" fann eg ut at det er på tide at nokon tek begrepet på alvor.
Som kuriositet (eller kanskje er det ikkje det?) kan eg nemne at i Brasil så kjem nesten alle nye bøker berre med mjuke permar. Men eg vil påstå at dei mjuke permane i Brasil er av enno betre kvalitet enn det som er vanleg i Norge. Eg kan ingenting om innbindings-teknikkar, men eg er imponert over kor fine desse bøkene held seg etter lesing.
Kjempebra med struktur.
Er forslaget at vi skal vente ei veke FØR vi foreslår bøker, eller er det pause-veka som skal nyttast til forslag og avstemming?
Så må vi vel også beregne litt tid til å anskaffe boka som blir stemt fram.
Det var meininga mi å rette spørsmålet til alle. Takk for innspel, eg noterer meg titlane.
Eg ser forresten på bokelskere i dag at det ikkje er alle som følger eksemplet ditt med å unnlate å trille terning på eigne bøker ...
Eg har liknande motforestillingar mot Min kamp-bøkene (men ikkje mot mannen) som Strega, men eg kan jo ikkje unngå å legge merke til skrytet både i norske og utanlandske media. Derfor er eg ikkje heilt avvisande til å lese bøkene, i det minste ei, ein gang i framtida, sjølv om denne tanken nok må modne litt til.
Men Knausgård har jo skrive andre bøker også. Kva for ei bok, utanom Min kamp, meiner de der den beste? (evt. kva for ei er mest egna til å overtyde meg om at eg også bør lese Min kamp?)
Det kan nok høyrest rett ut, men likevel er det altså slik at nokon heller vil ha den eine framfor den andre innpakninga.
Gratulerer med ny bok
Eg er ikkje så flink til å lese diktsamlingar, men eg hugsar at du har gitt smakebitar her på bokelskere tidlegare, og dei var jo bra.
Det høyrest knakande bra ut. Gleder meg til å kome i gang igjen.
Eg kjøper helst innbundne bøker, og innrømmer glatt at det er jåleri frå mi side. Men sjølv om eg med overlegg støtter den lokale bokhandelen ved å kjøpe fullprisbøker der av og til, kjøper eg likevel det meste på salg eller brukt, så det blir ikkje så fryktelig dyrt likevel.
Femordsomtale: Flott reiseskildring med kunstnerisk fridom
Litt lengre omtale:
Knut Hamsun la i 1899 ut på reise med tog frå St. Petersburg via Moskva til Kaukasus, der han kryssa fjella med hest og kjerre før ferda gjekk vidare med tog frå Tbilisi til Baku, attende til Tbilisi og til slutt til Batumi ved Svartehavet. Fire år seinare gav han ut ei bok om reisa.
Ein kan sikkert meine mykje om Hamsun, men han kan ikkje ha vært skvetten av seg. Utan å kunne russisk eller andre gagnbare språk i regionen må det ha vært ein prøvelse å gjennomføre reisa. Inntrykka som han samlar inn under reisa er også hemma av mangelen på språkkunnskapar, men diktaren Hamsun veit råd; han diktar. Ved fleire høve blir det fortalt om møte med folk av ymse slag, der samtalen er avgrensa til eit lite knippe ord. Men Hamsun fabulerer likevel over desse personane han møter, og tryllar fram lagnadar og hendingar som kanskje kunne ha vært reelle. Det er ikkje for ingenting at undertittelen på boka er «Oplevet og drømt i Kaukasien».
Naturskildringane undervegs var svært poetiske og livaktige, og eit høgdepunkt i så måte var møtet med fjellet Kazbek, det var nesten til å miste pusten av medan ein las det. Ei anna tiltalande side ved boka er at Hamsun gjennom forteljinga balanserer mellom å vere sjølvhøgtideleg og sjølvironisk, og det var ikkje alltid eg fann ut av når han var kva. Men i enkelte passasjer, som når han i ein avsidesliggande fjellandsby tenker seg å starte ei kvinnerørsle i Kaukasus ved å gi bort bukseselane sine, er det ikkje tvil.
Mi utgåve av boka har eit lengre etterord av Bjørn Rudborg og Ole Petter Førland, som tok opp att Hamsun sin reise 100 år seinare, i 1999. Det var absolutt leseverdig det også.
La meg bekjenne at jeg tror det er noe galt med mine notater. Linjene går så opp og ned at det skjærer meg i hjertet å se på dem og jeg tror at indigofargen er kommet inn i en gal linje. Man skal ikke beskylde meg for lettsindighet i mitt studium av min dagbok, jeg dechiffrerer samvittighetsfullt de dunkle steder og gleder meg som en annen lærd når jeg finner ut det rette.
Fårene er allesammen hvite, den hele hjord står dørgende stille i fjellet, dyrene synes å være stener blant de andre stener. De står kanskje slik og simulerer en stenur for ørnenes skyld.
Plutselig ved en skarp dreining av veien åpner seg et svært gap tilhøyre og vi ser aldeles nær oss istinden Kasbek med sine breer som hvitgnistrer i solen. Den står oss kloss inn på livet, stille og høy, stum. Det rykker en selsom følelse igjennom oss, berget står der som oppsvoren av de andre berg, det er som et vesen fra en annen verden som står og ser på oss.
Jeg tumler ut av vognen og kommer meg bak kalesjen og holder meg fast der og ser. I dette øyeblikk omfavnes jeg av en hvirvelfølelse, jeg løftes opp fra veien, ut av hengslene, det er som jeg står ansikt til ansikt med en gud. Det er klinkende stille, jeg hører bare værets sus deroppe om tinden, skyene driver over midten på den, men kommer ikke opp til dens topp. Jeg har vært i fjell før, jeg har vært på Hardangervidden og i Jotunheimen og litt opp i de bayerske alper og i Colorado og mange andre steder, men jeg har ikke følt meg så uten fotfeste på jorden; men her står jeg og holder meg fast. Så hylles tinden inn i en sky som skjuler den. Synet er borte. Fjellet vedblir å suse der oppe i skyen.
Det kan han sikkert gjere, og det er eit bra tips. Med hjelp frå ein bibliotekar er eg viss på at han raskt finn fram til ei egna bok. Men eg oppfattar den knappe forma i svaret ditt som avvisande, og det tykkjer eg blir feil. Det er alltid moro med boktips på dette forumet, og det kan jo hende at andre brukarar også kan ha glede av å lese tips som kjem inn.
Så koseleg med ny katt! Vi mista nettopp katten vår i veka som gjekk, og heile husstanden gjeng og verker etter å finne ein ny. Kanskje eg burde lese gatekatt-boka for å fyre opp steminga enno meir?
Femordsomtale: Reflektert om gravferder i einsemd
Litt lengre omtale:
Schau gjeng inn i dette bok-prosjektet med eit handicap; som nasjonalt rølpe-ikon og medie-sprellemann skal det godt gjerast å bli tatt på alvor når ein skriv om menneske som blir jordfesta i einsemd. Men forfattaren feier all tvil til side i løpet av dei første sidene; dette er ei reflekterande og ærleg tekst, og attpåtil godt skrive.
Prosjektet er som følger; etter å ha sett ein avisreportasje om kommunale gravferder der ingen kjem for å ta avskjed med den avlidne, bestemmer han seg for å oppsøke slike gravferder i heile 2009 og formidle inntrykka frå dei. Han gav seg etter 1/3 av året, men samla likevel saman tekstene han skreiv i etterkant til ei lita bok.
I tekstene reflekterer han over liva og lagnadane til dei avlidne, og over prestane som anstrenger seg for å lage ei anstendig gravferd trass i at ingen kjem for å delta. Men han reflekterer også vel så mykje over korleis det virkar inn på han sjølv å gå i desse gravferdene, og over korvidt deltakinga hans vil vere eit forstyrrande element for eventuelle sørgande som måtte dukke opp.
Sjølv om tekstane er gode og reflekterande, sit eg med kjensla av at Schau kunne gjort meir ut av dette bokprosjektet. Det blir litt knapt med berre referat frå gravferdene og tankar omkring eigne kjensler. Vidare lurer eg på om premissa for prosjektet øydelegg litt for autensiteten i opplevinga som blir skildra. Kanskje hadde det vært lettare å gå i desse gravferdene dersom han ikkje var kjendis, og kanskje har det at han orienterte gravferdsetaten og gravferdsbyrå om prosjektet sitt i forkant påverka forma gravferdene fekk? Men uansett, resultatet blei ei fin bok til ettertanke, og Schau, som eg på ingen måte ringakta frå før, steig mange hakk i min aktelse medan eg las den.
Bøkene heng saman, men ikkje tettare enn at det fint gjeng an å lese dei frittståande.