Femordsomtale: Pølsevev som kunne vært morosamt

Fireavsnittsomtale:
Hovudpersonen i boka, Sølvi Holmestad, er glad i å lese filosofi men treng pengar. Derfor tek ho seg jobb på ein pølsefabrikk for å legge seg opp pengar til studia. Ho er også glad i å banne og drikke, og har ein lav terskel for å gi seg ut på erotiske eventyr. Ho har også ein forakt for autoritetar, og er i opposisjon til det meste. Ein forholdsvis normal ungdom, med andre ord.

Der er ein del humor i boka, men mykje av den blei litt for simpel for mitt vedkomande (Hjelp, er eg i ferd med å bli vaksen, eller kva er det som skjer?). Så vekslar eg mellom å beundre Sølvi for å vere ein faneberar for sunn fornuft i fabrikken, og å kjenne avsky for ein del av vala ho tek. Eg forstår meg rett og slett ikkje på denne romanfiguren. Trass i eit utsvevande personleg liv er ho ansvarsfull og har stor medkjensle for personar i omgjevnadane hennar, greit nok, men når ansvaret virkelig trengs så spring ho utan vidare frå alt saman.

Sjølve pølsefabrikken kan lesast som ein metafor for A4-samfunnet der menneska, lik pølser på eit samleband, blir pressa inn i det same livslaupet; utdanning, kjæraste, ungar, treroms, Volvo stasjonsvogn og bikkje. Og Sølvi gjer sit beste for ikkje å vere ei pølse som alle andre. For min del blei ho litt uspiselig, men det finnest jo ein smak for alt.

Det beste med boka var tidskoloritten, eller nærmare bestemt korleis det berre med små hint blei klart kva for eit tiår handlinga er lagt til. Det tok meg nokre titals sider før det gjekk opp for meg at handlinga er lagt litt tilbake i tid, og eg likte godt at forfattaren underforklarer dette.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Du oppsummerer boka veldig godt, synes jeg. Og dette kunne ha blitt morsomt, men virket litt krampaktig. Ser at hun innledningsvis har dette sitatet fra Bukowskys "Barfly". Hun prøver kanskje litt for mye å skrive som Bukowsky? Nå skal ikke jeg skryte på meg å kjenne hans bøker veldig godt, men denne når ikke opp til den ene av ham jeg har lest, i alle fall.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeStig TIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundHanne Kvernmo RyeSigrid NygaardHarald KNina SolåsPiippokattaElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAvaAud Merete RambølThomas Heie H.Turid KjendlieStine AskeMads Leonard HolvikIngebjørgGroChristoffer SmedaassiljehusmorCarine OlsrødBrit HonningsvågAlice NordliHanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHeidi