Då har eg bladd fort igjennom "Taterdronningen", eg ser ikkje at Marie nemner søstera Milla med navn. Men ho nemner ei anna søster, Amanda ved fleire høve. Men det gjeng fram av teksta fleire stadar at dei er fleire søstre.
Det har blitt noko mindre lesetid enn normalt i veka som gjekk, så eg har ikkje kome lenger enn ca 1/3 i veg på Seierherrene (Roy Jacobsen) som eg starta på førre helg. Får prøve å ta eit godt jafs denne helga.
Ein av tenåringane har forøvrig ei Cornwell-bok i huset. Agincourt. Har lenge tenkt at eg kanskje skulle lese den, så eg kjem til å følge med på vurderingane dine av boka du les no.
God helg!
Det vil eg tru, i alle fall minst halvsøsken. Må bla litt i boka for å sjå, og eg har den ikkje tilgjengeleg akkurat no. Men til helga, tenkjer eg.
Og der var den ja - Tater-Milla som er omtalt av Karen Ramsvik og Karin Jensen lenger oppe i tråden.
Artig at begge desse bøkene kom ut i 1974. Var det spesielt stor interesse for taterar dette året?
Takk for tilbodet og omtanken, eg ville ha takka ja dersom eg ikkje alt hadde kjøpt eit brukt-eksemplar ein annan stad.
Sidan denne diskusjonen no omfattar både Stor-Johan og opphavet til taterfolket;
Eg las ei bok i fjor, "Taterdronningen Marie Lovinie - Stor-Johans datter", av Arvid Møller. Eg meiner å hugse at Marie i denne boka gir ei muntleg overlevering av historia til taterfolket. Må nesten plukke den fram og sjekke nærmare.
Dersom eg ikkje hugsar feil, finnest det også ei anna bok om ei anna av Stor-Johan-døtrene, av ein annan forfattar, som kom ut omlag på same tid.
Imponerende å lese den på fransk. Spesielt sidan statistikken viser at veldig mange som startar på denne boka ikkje fullfører den.
Takk for tips, eg var innom og sjekka no. Beklageligvis er det den danske utgåva. Dei norske er berre i pocket.
No kjem filmen, og eg har fått med meg at boka er ute i nytt opplag, Eit kjapt søk tyder på at den for tida berre er tilgjengeleg i pocket. Er det nokon som veit om den også kjem på nytt i stive permar?
Det smalt verre enn i deres villeste fantasier.
- Det kuin ha vørre fa'le, sa gutten som hadde detonert ladningen, som hadde stjålet dynamitten, lederen for denne lille banden på tre fillete barn uten sko, selv om småsøstrene hadde hisset ham opp med å si at han ikke torde.
Seierherrene av Roy Jacobsen
Der er fleire i same gata, ja. Så dersom du klarer å sjå bort frå dei punkta som gjorde boka til ei middelmådig oppleving for meg, så vil du truleg kose deg med denne.
Femordsomtale: Småvittig raljering og pinleg strupleprat
Alt for lang omtale:
Boka handlar om omsetjaren Bodvin Rovde som skal omsetje eit filmmanus frå engelsk til norsk. Men før ein kjem så langt får ein ei utgreiing av det meste av livslaupet til Bodvin, noko som tek om lag 2/3 av boka. Sjølve omsetjinga blir etter kvart ei vanskeleg oppgåve for Bodvin, noko som gjer at forfattaren til boka, Walton, saman med forfattaren til filmmanuset, Simon Anderson, lyt ta ein alvorsprat med han.
Det er mykje herleg raljering i boka, over alt frå kommunsimen sine kår i bygde-Norge, universitets- og høgskulemiljø, rasisme, Framstegspartiet, forlagsbransjen, og ikkje minst seksualitet. Walton er ein god observatør. Kanskje er det nettop det at han er engelskmann som gjer han i stand til å så sylskarpt karikere enkelte norske, eller endåtil sunnmørske, særtrekk?
Når eg likevel endar opp med å like boka berre måteleg godt er det i hovudsak to grunnar til det. For det første er det ein nærmast hemningslaus omgang med tabuord i teksta. Eg visste ikkje at eg var så prippen, men eg tykte faktisk at mykje av dette struplepratet vart direkte pinleg. Som forfattaren skriv på side 115:
Gudskjelov at det framleis var ytringsfridom i Noreg. Han kjende i sin forvirra tilstand at dette var nye tankar, men han kjende seg underleg ør og frigjord av å tenke dei, som ein unge som seier «fitte» høgt for første gong og oppdagar at ingen reagerer.
Dersom det er ein slik samanheng, vil eg tru at Walton kjende seg mektig frigjord innan han var ferdig med boka. Men eg vonar at han som professor i nynorsk skriftkultur formidlar også andre sider av denne kulturen enn det denne boka legg opp til.
Og der er vi ved det andre ankepunktet; sjølve språket. Walton skriv eit slags konservativt nynorsk, med ei salig blanding av gamalmodige uttrykk (økslefør, sovorne, etc) og nyskapingar som overhedden og sørvis. Når dette då leier til samanstillingar som «suggerere hugheil lengting etter samleie» så blir det berre merkelig. Det spørs om det er ein dose humoristisk sjølvinnsikt frå forfattaren som gjer at han let Bodvin føye til følgende fotnotar til manuskriptet han omset:
7 – Som omsetjar lyt eg gjera merksam på at eg stundom har lurt på om forfattaren her ikkje lid av Creutzfeldt-Jacob ev. ein annan degenerativ sjukdom, ettersom samanhengen og flyten i teksten godt kunne ha vore betre.
9 - … Eg lyt samstundes minna lesaren om at det kan verka noko søkt at engelskmannen Anderson her talar norsk, jamvel nynorsk, som han i røynda notorisk ikkje meistrar, trass i årelang butid i ei av dei gjævaste bygdene våre, …
Men for all del, boka hadde sine høgdepunkt. Aller best likte eg kanskje korleis Bodvin greidde å overtyde lokallaget i FrP om at møtereferata skulle skrivast på nynorsk sidan det andre skriftspråket er innvandra. Kosteleg.
Så bra!
Og så har vi den tungvindte måten, som eg faktisk opplever som den enklaste: skrive nokre parenteser i teksten. (Det var forresten annelingua som lærte meg dette i fjor ein gang) Til dømes, dersom eg vil lenke til bokelskere.no, så skriv eg firkantparenteser "[" og "]" rundt den delen av teksta som skal vere klikkbar, slik:
Eg liker å delta på [Bokelskere], ei kjempefin side.
Rett etter denne firkantparentesen, set eg så en vanleg parentes med URL'en, slik:
[Bokelskere] (http://www.bokelskere.no)
Av omsyn til det pedagogiske har eg her satt inn eit mellomrom mellom ] og (, slik at parentesene og URL'en visest. For at det skal bli ei klikkbar lenke må ein skrive det inn utan mellomrom, slik:
Eg liker å delta på Bokelskere, ei kjempefin side.
Lykke til, håper du finn ut av minst ein av framgangsmåtane.
Etter å ha lest eit par bøker som eg likte berre middels godt, har eg no nettopp starta på Seierherrene av Roy Jacobsen. Det er jo ei litt over middels tjukk bok, så det kan godt hende at den også er helgelektyre komande helg. Men uansett så har eg stor tru på at eg kjem til å like den godt. Starten (knallstart!) lover i alle fall bra.
... ein elegant mannsperson i sin beste alder, rundt femti, svart skinnjakke, svart T-skjorte, svart jeansbukse, trendy svarte italienske Eco-skor. Han såg ut som om han kom frå eit gjennomdesigna gravøl. Det var ikkje tvil. Dette var ein postmoderne intellektuell.
Men når han Obama kunne få Nobels fredspris når han ikkje hadde gjort anna enn å prate om fred, da burde vel han, Bodvin Rovde, kunne få litteraturprisen for ein god idé til ei bok? Ein disposisjon? Eit konsept, som dei sa no, ja. Han skulle lever inn disposisjonskonseptet sitt ein av dei nærmaste dagane til akademiet i Stockholm.
Ein del av dei eksterne styrerepresentantane frå det lokale næringslivet tende veldig på eit framlegg om "sosialhermeneutikk" i staden for "samfunnsstudiar", i og med at dei rekna med at dette hadde noko med hermetikk å gjere og dermed kunne vere med på å profilere det lokale hjørnesteinsproduktet.
Eit farleg godt tips. Frå forlaget sin omtale som ligg ute på bokelsker-sida for boka:
"Med glede og innlevelse skriver han om noen av sine favorittforfattere: Ernest Hemingway, Louis-Ferdinand Céline, Karen Blixen, Kjell Askildsen, Grace Paley, John Fante, Raymond Carver, Ola Bauer, Aksel Sandemose, Paul Bowles og flere."
Flott blanding av forfattarar eg har lest litt av, forfattarar eg berre kjenner navnet på, og for meg heilt ukjende forfattarar. Veit nesten ikkje om eg tør å lese denne boka, for då blir sikkert "skal lese"-lista mi uoverkomeleg lang ...
Sidan Fante fekk så mykje skryt i denne tråden var det ingen anna råd enn å bestille noko av han. Var på nippet til å bestille heile Bandini-kvartetten, men nøyer meg inntil vidare med "Vent til våren, Bandini", som eg forstår er den der handlinga startar.