Femordsomtale: Einsam kunstnarsjel i fritt fall

Lengre omtale:
Forfattaren Aschenbach, ein høgt akta kulturpersonlegdom i München, får eit akutt tilfelle av utferdstrang og ender opp i Venezia, der han blir hovudstups forelska i ein unggut i 14-årsalderen som bur saman med familien sin på same badehotellet.

Settinga er egna til å skape kvalme og ubehag hjå lesaren. Denne kjensla blir forsterka av miljøskildringane frå byen, det er kvelande varmt og det er i ferd med å bryte ut ein kolera-epidemi. Likevel kan ein ikkje anna enn å bli fascinert over innsynet som Mann gir i tankebanene til hovudpersonen, eit innsyn som kanskje skuldast at Mann delvis baserer forteljinga på eigne opplevingar. Aschenbach har vigd seg sjølv til forfattarskapen sin og har hatt høg sjølvdisiplin både i arbeidet og i privatlivet, men gir slepp på alt dette i Venezia. Han innser også etter kvart at han slett ikkje ynskjer å vende attende til det normale livet sitt.

Enkelte parti i boka er veldig reflekterande, og her ramlar eg litt av lasset. Eg veit ikkje om det er på grunn av det litt gamalmodige språket, eller om det er manglande litterær modenheit hjå denne lesaren, men under ein slik passasje tidleg i boka var eg nær ved å avbryte den. Heldigvis løsna det veldig opp etter kvart, og totalt sett kan eg på ingen måte påstå at boka var tunglest.

Utgåva mi av boka er frå bokklubben sin «Mestermøte»-serie, og er illustrert med maleri av Kjell Erik Killi Olsen. Maleria er mørke, dystre og underlege, og gjenspeglar på ein ypperleg måte den sjukelege og einsame tilstanden til hovudpersonen i boka.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ser du da nå at vi diktere ikke kan være vise eller verdige? At vi nødvendigvis må fare vill, nødvendigvis alltid må være løsaktige og følelsens eventyrere? Vår stils mesterlige holdning er løgn og narraktighet, vår berømmelse og aktverdighet en farse, mengdens tillit til oss høyst latterlig, folke- og ungdomsoppdragelse gjennom kunsten er et risikabelt foretagende som burde forbys. For hvordan skulle vel de egne seg til å være oppdragere som er født med en uforbederlig og naturlig dragning mot avgrunnen?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

... den som er ute av seg selv, avskyr mest av alt å gå i seg selv.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ikke dårlig! tenkte Aschenbach med denne saklige kjølige vurdering som kunstnere nå og da griper til når de vil skjule sin begeistring og grepethet ved synet av et mesterverk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har ikkje opplevd at teksta blir borte medan eg skriv, men det skjer av og til at noko gjeng galt når eg trykker "Lagre" og at innnlegget då forsvinn. Derfor kopierer eg alltid teksta før eg trykker "Lagre" for å sleppe å skrive opp att alt dei gangane dette skjer. Lengre innlegg eller bokomtaler skriv eg gjerne i Word først, for så å lime dei inn i tekstboksen her.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Og etter at eg skreiv dette såg eg at Olivensteinen av Gunn Marit Nisja hadde ramla ned i postkassa. Signert eksemplar direkte frå forfattaren. Det var så hyggeleg at eg flytter den rett opp på topp i leselista, Monica får vente litt til.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For min del blei det Seierherrene av Roy Jacobsen, og med god margin. Eg las berre 5 bøker i august, så det var enkelt å velge.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Femordsomtale: Historie om Norge i familieformat

Litt lengre omtale:
Ei lang og god bok som på mange måter fortel norsk historie frå mellomkrigsåra fram til omlag 1990. Det er også ein familiesaga, som tek utgangspunkt i ein familie på Helgelandskysten der enkelte av medlemmane flytter til Oslo for å skape seg ei betre framtid. Forfattaren set også fokus på klasseskilja i samfunnet, og på dei sosiale tilhøva såvel i små kystsamfunn som i drabantbyane i Oslo.

Boka er delt i to bolkar, den første handlar i hovudsak om oppveksten til ungjenta Marta og om familien hennar på eit lite småbruk på Helgeland i mellomkrigstida. Faren er fiskarbonde, blir enkemann medan Marta og dei to søskena er små, og gifter seg på nytt med ei passande enke som også har tre barn. Etter kvart kjem det også fleire ungar. Det er eit blodslit for familien å skaffe nok mat og pengar til å halde svolt og naud unna døra, og fleire av jentene i slekta reiser til Oslo for å finne arbeid der.

Den andre delen av boka, som er den lengste, handlar om Rogern, sonen til Marta. Her fortel Rogern i første person om oppveksten på Årvoll, ein drabantby i Oslo, om tilhøva i skulen, om ungdomstid og populærkultur, om kameratskap og kjærleik, men framfor alt om samhaldet mellom han sjølv og dei to eldre brødrene hans og med resten av familien.

Det er mange som roser Jacobsen for språket i bøkene hans. Sjølv får eg det ikkje alltid heilt til å stemme i denne boka. Innimellom er det knakande godt, med flotte skildringar, gode bilete og skarpe observasjonar, men andre gangar blir setningane krøkkete og vrange. Ved enkelte høve sleit eg faktisk med å forstå kva forfattaren meiner. Dette seier nok meir om meg enn om Jacobsen, men er likevel hovudgrunnen til at eg ikkje trilla høgaste terningkast på boka.

Men sjølvsagt vil eg anbefale boka på det varmaste. For den er god, og det var givande å lese den.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vår. Du vet ikke hva det er før den første mildværsdagen slår ned i gata med et brakende lys og en ny larm; syklene kommer på asfalten, de første paradisene blir tegnet, kjettinger opp og ned i flyvern og nigangern, hoppetauet, knestrømper, strikk, demning i gata, stikka - pang, sier det, og det du har samlet opp av forandringer siden i fjor, vekst og interesse-forskyvninger, en ny venn, tapet av en gammel, rokeringer i gjengen, pupper på Mona Fredriksen som var flat som ei fjøl da hun hyllet seg i boblejakka i oktober, utvikling på skolen, i familien - først på denne dagen ser du det, kjenner du det. Det velter ut i lyset og gjør en ung mann mektig og nyfødt ...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

-- Vi lever og lever, og det tar faen meg aldri slutt.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

God helg, ja.

Eg er straks ferdig med Døden i Venedig av Thomas Mann, ei bok eg les med ei blanding av kvalme og begeistring. Så har eg ikkje heilt bestemt meg for kva som blir neste bok, men eg heller mot Kings Bay-saken av Monica Kristensen.

Og sjølvsagt er eg klar for å starte på lesesirkelboka Far Goriot. Jau, helga blir fin, den.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Regnestaven ... er ikkje det den pinnen som Kristian Trægde, Vidar Theisen og Kristen Gislefoss peika på verkartet med før i tida? I alle fall når dei peika på Vestlandet ...

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg las nyleg Seierherrene av same forfattar, og første halvdelen av den er på mange måtar ganske lik De usynlige. Ekstra artig var det å finne ein passasje som peiker direkte framover mot denne boka som kom 22 år seinare:

"... Ravnøya. Dette merkelige stedet, den grønne holmen i havet med de tre bøyde rognetrærne og den lille familien som i årenes løp har levert hele tre konfirmanter til Gunnhilds losji under forberedelsene, den lille familien som det nå bare er to gamle igjen av, i det lille huset av tømmer og bordkledning bare i sørveggen, en anekdote nærmest om tilbakeståenhet som Frank gjerne griper til når han vel tilbake i byen for kompisene skal beskrive dette landets usynlige liv, de enda mer usynlige liv enn de hans elskede Marta nedstammer fra."

side 226 i Seierherrene.

Jacobsen held også fram andre typer menneske som usynlege andre stadar i boka, mellom anna når han skildrar miljøet ved Sinsen Folkeskole.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg merka meg forøvrig at boka fekk spektakulær slakt i VG her om dagen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Travle veker og begrensa lesetid for tida (eller kanskje er det berre det at eg har skjemt bort meg sjølv i sommer?), men denne helga blir eg ferdig med Seierherrene av Roy Jacobsen, kanskje alt i kveld.

Neste bok ut er Døden i Venedig av Thomas Mann. Veldig spent på om eg kjem til å like denne. Men boka er kort, så det er avgrensa skade dersom det skulle vise seg å vere eit feilval.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Strålande! Denne boka har eg alt ståande ulest i bokhylla (og Moby Dick også, som kom høgt opp i avstemminga), så då slepp eg å kjøpe noko. For ein gnien sunnmøring var dette heilt optimalt.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg gløymde å nevne eit viktig argument for å velge denne boka; den er å få på bokklubben for kr 50,- innbunde.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jeg drømte i natt at jeg kom tilbake til Manderley

Av rein latskap så foreslår eg den boka som har stått lengst på vent i bokhylla mi (dersom eg ser vekk frå eit par brasilianske bøker som ikkje er å få i norsk omsetjing), nemleg Rebecca frå 1938 av Daphne du Maurier.

Åpningssetninga (øverst i innlegget) skal visstnok vere særs vidgjeten, så det må vere lov å tru at dei øvrige setningane i boka også er verdt å lese.

Det skal vere ei spanande og uhyggeleg forteljing, som m.a. er filmatisert av Hitchcock. Boka vart nytta som kodenøkkel av tyskerane under andre verdskrigen, og Ken Follet gav i 1980 ut spenningsboka Rebecca-koden der, som tittelen antyder, dette er ein del av plottet.

Så hevdast det at Daphne du Maurier lånte ein god del av plottet frå Jane Eyre av Charlotte Brontë og frå den brasliianske A sucessora av Carolina Nabuco. Eg vil tru at ein del av felleslesarane har lest Jane Eyre og vil ha ekstra glede av å sjå etter likskapar. Sjølv hadde eg planar om å skaffe meg Nabuco sin bok medan eg var i Brasil i sommar, men gløymde det rett og slett bort.

Til slutt må eg korrigere innleiinga til innlegget; det er ikkje berre latskap som gjer at eg foreslår denne boka, eg har faktisk spart på den for å foreslå den til denne felleslesinga.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg har lagt ut ein omtale under den brasilianske utgåva av boka (og det er dumt at ikkje utgåvene kan "slåast saman" her på bokelskere)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I Taterdronningen legg hovudpersonen Marie fram følgende muntlege overlevering av historia:

"Helt fram til slutten av det åttende århundre bodde taterne i en av de indiske provinser, fortalte far min.
Da rykket et vilt krigerfolk inn i det området hvor folket vårt bodde, og dermed ble taterne jaget på flukt. I den første tida holdt de seg i India, og folk som har studert slikt, påstår at språket vårt, romani, er svært likt et språk som kalles sanskrit i India. Etter noen år måtte taterne forlate landet sitt og dra ut i verden. Den ene halvparten reiste gjennom Lille-Asia, Egypten, Nord-Afrika og videre til Spaniens og Frankrigs skjønne lande, fortalte far, den andre halvparten flyktet gjennom Russland til Ungarn og videre til andre land i Europa. Nå er det seks-syv hundre år siden dette hendte.
Romanisæler kalte de seg, og de gamle taterne fortalte at de var pilgrimer som var blitt hjemløse. De var dømt til å vandre omkring i verden i årevis for å sone en svær synd som forfedrene deres hadde gjort seg skyldige i.
De fikk leidebrev fra selveste keiser Sigismund, og dermed kunne de reise fritt omkring. Alle tok vennlig imot romanisælene. Men så ble velviljen plutselig vendt til motvilje, Stor-Johan visste ikke hvorfor, og romanisælene ble et fredløst folk som ingen ville vite av. De var stadig på flukt, fra bygd til bygd, fra land til land."

Marie skil også tydeleg mellom sitt eige folk, taterane, og sigøynerar. På side 34:

"Vi ville ikke blande oss med sigøynerne, vi ville holde blodet rent."

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Heidi LTonje-Elisabeth StørkersenEgil StangelandKirsten LundMarit HøvdeIreneleserFiolingar hAnette Christin MjøsJ FHarald KTine SundalPer LundKaramasov11RufsetufsaInge KnoffAkima MontgomeryJane Foss HaugenJulie StensethSigrid NygaardHarald AndersenBjørg L.Synnøve H HoelAgneslillianerKarin BergIngunn STom-Erik FallaSigrid Blytt TøsdalGroMads Leonard Holvikmay britt FagertveitNorahMcHempettEvaStig TThereseMarit HeimstadLailaHanne