Femordsomtale: Familiedrama frå Egypt i brytningstid
Passe lang omtale:
Den som liker Gunn Marit Nisja sine førre bøker vil truleg også glede seg over denne. Forfattaren virkar å ha funne ein skrivestil som fungerer, og held fast ved den. Som i dei andre bøkene er språket lesevennleg, det er mest damer som er hovudpersonar, og handlinga vekslar ved å følge ulike personar undervegs.
Denne gangen er det ei ung egyptisk dame, Hoda, som er den viktigaste hovudpersonen. Omlag 2/3 av boka fortel historia hennar i 2010 og 2011, med dei dramatiske politiske endringane i landet desse åra som bakteppe. Historia handlar likevel i liten grad om politikk, her er det familiedrama som er hovudmotivet. Hoda er fanga i brytningar mellom vestleg tenkesett og lokale tradisjonar, mellom ynskje om å gjere val som er tenelege for familia og sine eigne kjensler, mellom venskap og kjærleik, for å nevne nokre dilemma som dukkar opp.
Hovud-historia er stykka opp med forteljingar om andre famlilemedlemmer, som til dømes om korleis foreldra hennar traff einannan og måtte kjempe for sin kjærleik, og om grandtanta hennar som også hadde ei uheldig kjærleikshistorie som ung. Den norske turisten/journalisten Sigrid (som det er vanskeleg å unngå å tenke på som forfattaren sjølv) har også ei rolle i forteljinga.
Alt i alt ei passe underhaldande og spennende bok. Ingen innertier for min del, men likevel god nok til at eg garantert kjem til å lese oppfølgaren. Det er nemlig annonsert at dette er den første boka i ein trilogi.
"Hvad tenkte De så, prokurator, før jeg kom?" begynte Rikka Torsen.
"Om De, jomfru Rikka, mon skulde være en syndens dronning," svarte han langsomt; fordi han rett for hennes øines og ansikts innflydelse ikke kunne snakke anderledes enn nettop som han gjorde.
"Syndens trellkvinne er jeg, prokurator - ..."
Så satt de da videre de to kvinner i det halvørke rum, der stillheten forstørredes ved rokkehjulets snurr. Og ofte forekom det jomfru Rikka, der hun selv satt med hendene i sitt skjød, at den annen trådte ennu en rokk, og tråden hun der spant, spant hun av gull, blod, ondskap og fine trevler av kjøtt. Og rokken var jomfru Rikka.
Du verden, er det fredag alt? Blir heilt forvirra av alle desse helgene som kjem og gjeng. Får prøve å finne fotfeste med Kings Bay-saken av Monica Kristensen. Har alt kome nokre sider i veg, og den virkar å vere både grundig og velskriven.
Eg ligg også godt an i Far Goriot, er ferdig med dei to første kapitla, men kjem nok til å nytte helga til å bla litt tilbake i det eg har lest og prøve å finne ut av ting eg lurer på. Blir vel eit innlegg eller to i diskusjonstråden før helga er over.
Strålende! Eg tykte også den kommentaren om porten var malplassert.
Solum-utgåva frå 2010; det ser ut for at språkvasken har svikta litt i enkelte parti. Spesielt litt etter midten av 2. kapittel tykte eg der var mange merkelege skrivefeil.
Har tenkt på nøyaktig det same. Tittelpersonen har så langt nærmast vært ein kulisse i forteljinga.
-- Er det ikke rart at kjærlighet visst må være vanskelig og gå gjennom prøvelser for at vi skal se på den som ekte?
I tillegg til en stikkende og altfor varm drakt bestående av knekort skjørt og jakke, hadde faren med en bok med tittelen "It's easy - engelsk for begynnere". Under små tegninger sto gjenstandenes navn med fonetisk skrift. Ikke alle bildene var av ting Sahar kjente igjen. Slik visste hun hvordan "ice cream" så ut en god stund før hun oppfattet at det var noe spiselig.
Eg henger meg på ynskjet om fire veker. Hadde sikkert greid det på tre, men eg ser at med framdrifta eg har hatt til no så vil fire passe meg best.
Tre av fire barn flytta ut, mannen offshore ... for meg høyrest det ut som at det absolutt er plass til ein hund. Kjekt er det uansett. Vår kvalp kom i går kveld, han er fortsatt litt engstelig, men er i ferd med å finne seg til rette. Vi er nybegynnarar med hund, så vi er kanskje litt hysteriske også ...
Takk for quiz-lenka, den var artig. Eg fekk stadfesta det eg i grunnen visste frå før; sjølv om quiz-sida påstår at eg er ganske god i norsk så er eg likevel langt unna noko elitenivå.
I helga blir det lesesirkelboka Far Goriot, og så tenkjer et at eg blir ferdig med Olivensteinen av Gunn Marit Nisja. Skulle eg mot formodning starte på ei ny bok før helga er over så er det Kings Bay-saken av Monica Kristensen som stend for tur.
Når eg skriv mot formodning, så er det fordi det truleg blir litt mindre lesetid enn vanleg. Vi skal hente ein hundekvalp i ettermiddag, og eg gjeng ut frå at mykje av helga kjem til å handle om den. Eller rettare sagt, om å prøve å få kvalpen og kattungen, som vi også nyleg har fått, til å akseptere einannan. Det ligg an til å bli ei uvanleg interessant helg.
Greit å vite kva for bøker ein ikkje skal bruke tid på ....
Nei, aldri på vent. Det skal svært mykje til før eg avbryt ei bok eg har starta på. Men for å sikre meg mot å kaste bort tid på bøker eg ikkje liker, så undersøker eg litt på førehand før eg kjøper eller låner, f. eks ved¨å sjå på omtaler og diskusjoner her på bokelskere. Er eg ekstra usikker så blar eg litt i boka på førehand i ein bokhandel, på biblioteket, eller på nasjonalbiblioteket sine internettsider. Dei få gangane eg finn på å velge ei bok på impuls så gjer eg det helst for korte bøker, slik at tidsbruken på eit eventuelt feilval blir avgrensa.
Det er kanskje tøvete av meg å nemne dette sidan eg ikkje har lest noko av Dickens, men stemninga og humoren i innleiinga av boka er omlag slik eg forestiller meg at Dickens-bøker kan vere. Spesielt estetikken, om ein kan kalle det for det, i skildringa av fatteslege og slitne omgjevnadar.
Mange av felleslesarane er jo rimeleg godt kjende med Dickens. Er eg heilt på jordet, eller er der ein viss likskap?
Eg synes det var ei fin samanlikning, eg
Og då fekk eg også klarheit i kva ei jaggernautvogn (side 8) er. Dumme meg trudde juggernaut på engelsk var eit pariserhjul eller ein karusell eller noko slikt, men langt derifrå. Aldri for seint å lære.
Ser ut for å vere den same utgåva som eg har.
Så bra! Har savna diskusjonsinnlegga dine.
Er diskos-scena lånt frå gresk mytologi?
Eg las nyleg Døden i Venedig av Thomas Mann, og litt over halvvegs i boka blir det nevnt eit tema frå gresk mytologi der (eg måtte slå det opp i wikipedia for å få klarheit i det) vindguden Zefyr ser Apollo kaste diskos med Hyakinthos, og i sjalusi bles Zefyr på diskosen slik at den treff Hyakinthos og drep han. Då måtte eg tenke på diskos-scena frå Havbroren.
Eg har vondt for å sjå ein direkte parallell mellom den greske myta og handlinga i Halvbroren. Men samstundes greier eg ikkje å fri meg frå kjensla av at myta i det minste har tent som inspirasjon for Saabye Christensen.
Er det nokon av bokelskarane som veit mer om dette? Eller som meg, som berre liker å spekulere på ting dei ikkje veit noko om?