Jeg drømte i natt at jeg kom tilbake til Manderley

Av rein latskap så foreslår eg den boka som har stått lengst på vent i bokhylla mi (dersom eg ser vekk frå eit par brasilianske bøker som ikkje er å få i norsk omsetjing), nemleg Rebecca frå 1938 av Daphne du Maurier.

Åpningssetninga (øverst i innlegget) skal visstnok vere særs vidgjeten, så det må vere lov å tru at dei øvrige setningane i boka også er verdt å lese.

Det skal vere ei spanande og uhyggeleg forteljing, som m.a. er filmatisert av Hitchcock. Boka vart nytta som kodenøkkel av tyskerane under andre verdskrigen, og Ken Follet gav i 1980 ut spenningsboka Rebecca-koden der, som tittelen antyder, dette er ein del av plottet.

Så hevdast det at Daphne du Maurier lånte ein god del av plottet frå Jane Eyre av Charlotte Brontë og frå den brasliianske A sucessora av Carolina Nabuco. Eg vil tru at ein del av felleslesarane har lest Jane Eyre og vil ha ekstra glede av å sjå etter likskapar. Sjølv hadde eg planar om å skaffe meg Nabuco sin bok medan eg var i Brasil i sommar, men gløymde det rett og slett bort.

Til slutt må eg korrigere innleiinga til innlegget; det er ikkje berre latskap som gjer at eg foreslår denne boka, eg har faktisk spart på den for å foreslå den til denne felleslesinga.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Eg kastar meg ut i diskusjonen, sjølv om eg ikkje har vore med på ei felleslesing sia Shakespeare-prosjektet... Rebecca er utan tvil ei god bok vel verdt å lese. Her er det spenning og nerve, og boka har - som du seier - mykje i felles med Jane Eyre. Eg liker begge bøkene godt. Samstundes er boka veldig lett å lese (ho var i si tid månadens bok i Ungdomsbokklubben). Som felleslesing vil eg gjerne ha eit verk eg kanskje ikkje ville greidd lese aleine.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Jeg er enig med deg, Anja: jeg ønsker også at en eventuell felleslesning skal være drahjelp gjennom en bok jeg antagelig ikke ville ha ork til å begynne på/fullføre på egenhånd. Det betyr også at jeg vil bli mest fristet til å delta dersom jeg tror den valgte boken ikke er en "rett-frem-historie".

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg gløymde å nevne eit viktig argument for å velge denne boka; den er å få på bokklubben for kr 50,- innbunde.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kjøpt! Takk!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Therese LierKirsten LundIngunn SLisbeth Kingsrud KvistenGroCathrine PedersenBenedikteRufsetufsaIngeborg GNinaStig TVannflaskeTonjeIvar SandTheaLiv-Torill AustgulenAlice NordliTonesen81EvagretemorHelge-Mikal HartvedtDemeterKarin BergRisRosOgKlagingJan-Olav SelforsHeidi LChristinasiljehusmorToveEllen E. MartolTone HTor-Arne JensenVegard BorgenTine VictoriaEgil StangelandEster SMorten GranheimFindusHeleneTanteMamie