Femordsomtale: Historie om Norge i familieformat

Litt lengre omtale:
Ei lang og god bok som på mange måter fortel norsk historie frå mellomkrigsåra fram til omlag 1990. Det er også ein familiesaga, som tek utgangspunkt i ein familie på Helgelandskysten der enkelte av medlemmane flytter til Oslo for å skape seg ei betre framtid. Forfattaren set også fokus på klasseskilja i samfunnet, og på dei sosiale tilhøva såvel i små kystsamfunn som i drabantbyane i Oslo.

Boka er delt i to bolkar, den første handlar i hovudsak om oppveksten til ungjenta Marta og om familien hennar på eit lite småbruk på Helgeland i mellomkrigstida. Faren er fiskarbonde, blir enkemann medan Marta og dei to søskena er små, og gifter seg på nytt med ei passande enke som også har tre barn. Etter kvart kjem det også fleire ungar. Det er eit blodslit for familien å skaffe nok mat og pengar til å halde svolt og naud unna døra, og fleire av jentene i slekta reiser til Oslo for å finne arbeid der.

Den andre delen av boka, som er den lengste, handlar om Rogern, sonen til Marta. Her fortel Rogern i første person om oppveksten på Årvoll, ein drabantby i Oslo, om tilhøva i skulen, om ungdomstid og populærkultur, om kameratskap og kjærleik, men framfor alt om samhaldet mellom han sjølv og dei to eldre brødrene hans og med resten av familien.

Det er mange som roser Jacobsen for språket i bøkene hans. Sjølv får eg det ikkje alltid heilt til å stemme i denne boka. Innimellom er det knakande godt, med flotte skildringar, gode bilete og skarpe observasjonar, men andre gangar blir setningane krøkkete og vrange. Ved enkelte høve sleit eg faktisk med å forstå kva forfattaren meiner. Dette seier nok meir om meg enn om Jacobsen, men er likevel hovudgrunnen til at eg ikkje trilla høgaste terningkast på boka.

Men sjølvsagt vil eg anbefale boka på det varmaste. For den er god, og det var givande å lese den.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Er enig med deg i at det språklige var ujevnt, og som jeg husker, såpass irriterende at jeg la boka fra meg til slutt. Innimellom glimtet han til, best var han når han beskrev mødrefellesskapet i blokkene på Årvoll. Det finnes fortsatt som et bilde i hodet mitt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

MarteAmanda ABerit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie Uvaag