Aha, så det er Rushdie sin sjølvbiografi! Omtalar han seg sjølv i 3. person, eller er det nokon annan han fortel om her?
Og det var moro å sjå kva sausmisbruket egentlig besto av.
Det gav ikkje mykje meining, nei, sjøv om essensen virker å vere at ein ikkje skal finne seg i å bli skulda for noko ein ikkje har gjort. Men eg kjenner at eg blei veldig nyfiken på kva som meinast med sausemisbruk i den aktuelle boka. Karamellsaus på kjøttkaker?
Fantastisk, det er ikkje rart at ein slik person tener som inspirasjon for romanfigurar.
Blei Gondureau omtalt som Bibi-Lupin i Far Goriot? I såfall fekk eg det ikkje med meg.
,,, noen av dem tok med seg termoser med kaffe. Andre fylte grut og varmt vann i lommelerker som de hengte bak det glovarme ovnsrøret i oppholdet. Der hang metallflaskene og brygget kaffe med en smak som nok de fleste var enige om at man måtte venne seg til for å kunne sette pris på.
Da verkslegen i Longyearbyen holdt liksyn over de omkomne, oppdaget han at liket av stiger Enkvist likevel ikke manglet hodet, men at det hadde blitt slått fremover og inn i brystkassen av det voldsomme eksplosjonstrykket.
Hmm, det forklarer litt, men ikkje alt. Eg slit ein del med å forstå Gondureau sitt spel i jakta på Vautrin. I starten av kapittel 3 får vi vite at han vinn Poiret og frk Michonneau sin tillit ved å vise til "Hans Eksellense Ministeren for den Kongelige Politimyndighet", og vidare at han gir seg ut for å vere rentenist frå Rue Buffon, medan han i røynda er ein agent frå Rue de Jérusaleum.
Desse adressene seier meg svært lite, kan hende er det forklart nærmare ein stad utan at eg har fått det med meg.
på side 229 står det også
"Nå var hun gått ut, ledsaget av Poiret, for å oppsøke kriminalpolitiets berømte overhode i Petite rue Sainte-Anne, fremdeles i den tro at hun hadde å gjøre med en høyere tjenestemann ved navn Gondureau"
Det er åpenbart at Poiret og frk. Michonneau er klar over at det er politiet dei er i kontakt med, for to sider seiner seier Poiret
"Tenke seg til ... at det finnes idioter som blir helt tullerusk når de hører ordet politi. Dette var da en meget elskverdig herre ..."
Så det eg ikkje forstår er: På kva måte fører Gondureau dei to pensjonærane bak lyset, kvifor gjer han det, og kven er han egentlig?
He he ... nokre sider seinare skriv jo Balzac omlag det eg tenkte:
"... en behandlingsform som var siste skrik i legevitenskapen, og forøvrig helt virkningsløs."
Det virker som om forfattaren hadde ein god porsjon sunn skepsis. Leitte etter "like"-knappen nederst på boksida ....
Når Goriot nærmar seg slutten fortel Bianchon at ein del av behandlinga dei vil prøve er å brenne moxa på huda hans. Kva er dette for noko då?
Wikipedia fortel at dette er ei gamal kinesisk behandlingsform der ein brenn moxa på akupunkturpunkt på kroppen, og at moxa er laga av tørka burot. Ja ja, det er farleg å vere sjuk.
Goriot omtalar fleire stadar den eine svigersonen sin, ektemannen til Delphine, i nedsetjande ordelag. Mellom anna blir elsassisk nytta nærmast som eit skjellsord. Eg måtte slå opp kva elsassisk tyder, og det var enklare enn eg trudde; det er rett og slett ein person frå Alsace (Elsass på tysk), eit landområde som vekselvis har vært under fransk og tysk herredøme.
Men kvifor skulle det vere negativt å vere frå Alsace? Kanskje ligg noko av bakgrunnen i denne faktaopplysninga frå engelsk wikipedia?
The population grew rapidly, from 800,000 in 1814 to 914,000 in 1830 and 1,067,000 in 1846. The combination of economic and demographic factors led to hunger, housing shortages and a lack of work for young people. Thus, it is not surprising that people left Alsace, not only for Paris – where the Alsatian community grew in numbers ...
Det er vel regelen heller enn unntaket at økonomiske flyktningar som dannar eigne "klikkar" der dei slår seg ned blir sett ned på av den øvrige befolkninga.
"Sylvie," sa fru Vauquer, "finn frem kjeksen og småkakene."
"Småkakene Deres har vokst seg store," sa Vautrin, "de har fått skjegg allerede. Men hit med kjeksen!"
For det skal dere vite; en elskende kvinne er mye flinkere til å finne på nye grunner til å tvile enn til å variere sine gleder. Når det aner henne at hun skal forlates, tolker hun betydningen av hver minste gest raskere enn Vergils hest værer de ørsmå substansene i luften som kan vise vei til dens make.
Intet nytt fra lest-fronten ... her der det same oppleg som førre helg; Kings Bay-saken av Monica Kristensen og Far Goriot i kjell k sin lesesirkel.
Det hjelp ikkje akkurat på konsentrasjonen at det stadig er kattunge og kvalp i fullt firsprang gjennom stova, og gjerne over fanget mitt, men sant å seie så ofrer eg gjerne litt lesero for å få oppleve denne moroa.
God helg!
Eg såg denne, og eg reiknar på ingen måte med at kritikken mot Handke er grunnlaus. Det som provoserte Knausgård mest var vel eit uheldig utsagn frå Nygaard om ytringsfridom, akkurat den er vel lagt død etter at Nygaard sjølv har gått ut og beklaga denne formuleringa.
Så har eg fått inntrykk av at det har vært ein slags flokk-mentalitet i media, med einsidig fokus på motstanden mot pristildelinga og prisvinnaren. Det var spesielt derfor eg synest det var godt å lese Knausgård sin kronikk.
Utover det så er jo tematikken eit reint minefelt, der det er fort gjort å trakke feil. Sidan eg har lite kunnskap om temaet så tør eg ikkje meine korkje det eine eller det andre, men eg er glad i å følge med på ein nyansert debatt der fleire synspunkt blir belyst.
Eg må seie at Knasugård steig nokre hakk hjå meg etter at eg las denne kronikken i VG i dag.
Eg har jo fått med meg litt av rabalderet rundt tildelinga av Ibsen-prisen til Peter Handke. Så må eg med skam melde at både mannen og kontroversane var ukjende for meg fram til dette blei ei medie-sak nyleg. Men eg er samstundes litt overraska over at (i alle fall så langt eg kan sjå) tildelinga ikkje har ført til debatt her på bokelskere.
Ha ha, eg ler så eg griner. Håper det likevel var verdt innsatsen, og at de har litt meir samanfallande preferanser på andre ting enn bøker.
Eg trur det er mange som deler ynskjet ditt, og det har som du er inne på også vært tatt opp i fleire diskusjonstrådar tidlegare.
For enkelte bøker er det jo delvis nettopp slik du ynskjer; ved å klikke på ei bok så finn ein fleire andre versjonar. Sjå for eksempel denne. Ved å skrolle heilt nederst på skjermen finn ein diverse andre utgåver, både norske og engelske. Men det skulle sjølvsagt vært slik for alle bøkene. Og det kunne godt vært bokelskarar med interesse, tid og anledning som gjorde sjølve arbeidet med å koble bøkene dersom dei fekk tilgang til det.
Inntrykket mitt er at nettstadsadministratoren har involvert seg mindre i utviklinga av sidene det siste året i forhold til tidlegare. Det er i alle fall lenge sidan eg har sett han svare på nokon av innlegga om ynskje om endringar. Derfor eg eg berre måteleg optmimistisk med tanke på ei snarleg endring om å slå saman bøker.
Pengar er ikkje det det eingang var, i alle fall ikkje einingane. Dei fleste hugsar sikkert at franc var i bruk fram til euroen kom rundt årtusenskiftet, og at ein franc var lik 100 centime. Men det er mange andre penge-einingar i forteljinga som er ukjende for meg, slik som sou, ecu og louisdor. Er der andre i tillegg som eg har gløymt å nevne?
Eg har søkt litt på wikipedia og diverse andre stadar for å finne ut noko om kor mykje dei ulike penge-einingane er verdt i forhold til einannan, og det er ikkje alltid wikipedia stemmer med det som Balzac angir i boka.
sou
I følge wikipedia forsvann mynteininga etter den franske revolusjonen, men 5 centime-mynten arva sou-namnet. Eg har ikkje fått med meg nokon passasjer i boka hittil som seier noko om kor mykje ein sou er verdt i forhold til andre mynteiningar.
ecu
Side 116:
Agathe hadde 200 franc, men Laure hadde 50 ecuer. Dei sender til saman 350 franc. Altså må 1 ecu tilsvare 3 franc. På engelsk wikipedia blir det påstått at ecu som mynteining forsvann etter den franske revolusjonen, men at namnet vart nytta om 5 franc-myntar.
Det er også verdt å merke seg at ECU (european currency unit) også var ei nemning som var i bruk under førebuingane til å innføre euro.
louisdor(gull-Ludvig)
Side 177:
Rastignac vinn 7200 franc på rulett. Han gir bort 10 louisdor til ein vennleg mann, og gjeng derifrå med 7000 franc. Altså må 1 loiusdor tilsvare 20 franc. Men den engelske wikipedia-sida for Lois d’or påstår at denne mynten under Ludvig XVIII, som regjerte under handlinga for boka, var ein 10 franc-mynt.
Artig å grave litt i dette. Men er det kanskje nokon av felleslesarane som er myntsamlarar eller av annan grunn er spesielt interessert i gamle mynteiningar, og som har meir presis informasjon?
Ein skarve biolog, er det ein som er spesialist på ein viss sjøfugl?
På engelsk wikipedia er det ei liste over diverse bøker der Persefone opptrer.
Er det den same myten som det er gjort greie for her, eller er det ei anna myte som blir omtalt i boka?