Ikkje i mangel på toalettpapir, håper eg ...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Tistlene brenner, kom den ut som bokklubb-bok for nokre tiår sidan? Har eit vagt minne om å ha sett denne i barndomsheimen. Må ta ein sjekk ved neste vitjing.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sjølv om det er lenge sidan eg gjekk på skule sist, så kjem eg alltid i ei lett melankolsk stemning når sommarferien gjeng mot slutten og skulestarten nærmar seg. Frå Lars Saabye Christensen sitt dikt Gutta:

Snart er det første skoledag igjen.
Jeg har rydda i pennalet
og pakket ranselen
og jeg spør meg selv
for det er ingen andre å spørre:
Hvor var det det butta?
Hvor var det egentlig det butta?
Hvor er det blitt av alle gutta?

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Nei, eg har ikkje lest noko av Bukowski heller, men dette var trass alt eit namn eg kjende frå før. Fante var heilt ukjend. Men eg har lest at Fante var Hamsun-fan, og at tittelen på ei av bøkene, "Spør støvet", er henta frå Hamsun. Og Hamsun har eg lest eit par bøker av. No har eg visst prata meg bort, eg trur poenget skulle vere at eg i det minste har lest noko som har ein viss, om enn vag, kopling til Fante.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dei fleste har vel opplevd innimellom at det dukkar opp referanser til andre bøker eller forfattarar i bøkene ein les, og at ein får lyst til å sjekke opp desse nærmare. Det siste eksemplet for min del kom i Panserjherte av Jo Nesbø, der Harry Hole og kollegaen Kaja Solness deler ein interesse for den amerikanske forfattaren John Fante. Dette var ein forfattar som var heilt ukjend for meg, men etter å ha googla litt har eg funne ut at eg må lese noko av han.

Er det andre som har har gode eksempel på lesetips som har dukka opp i bøkene de les?

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Og der var Olivensteinen bestilt. Forfattaren reklamerer på facebook-sida si med at ho i august tek opp bestilling på signerte eksemplar. Boka kjem i starten av september.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dei ulike opphava til orda (ordet) kjem kanskje betre fram på engelsk, der skytevåpenet skrivast cannon og lista over kvalitetsverk skrivast canon.

Eg prøvde å formulere eit engelsk ordspel på dette som tittel på lista, a la "the literary can(n)on, literally" eller "the literally literary can(n)on", men irriterte meg over at eg måtte skyte inn ein ekstra n for å få det til, så eg landa på den norske tittelen. Like greit.

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Femordsomtale: Foruretta forsvarstale med magisk realisme

Omstendeleg omtale:
Boka er eit tilsvar frå Shah Mohammad Rais, «Bokhandleren i Kabul», til enkelte påstandar i Åsne Seierstad sin bok med denne tittelen. Seierstad sin bok har, sjølv om den er interessant lesing, vakt ein del debatt omkring det etiske ved å utlevere privatlivet til familien Rais. Bokhandlaren sjølv og familien hans har opplevd boka som ærekrenkande, og meiner endåtil at den kan ha satt livet til enkelte familiemedlem i fare.

Forteljarteknisk har Rais gjort eit strålande grep, ved at han ved ein slags magisk realisme får vitjing av to norske troll medan han er på forretningsreise i Karachi. Dei to trolla, som ein må tru er ein metafor for folkeopinionen i Norge, har fått i oppdrag av Trollkongen å få Rais sin versjon av påstandar og hendingar som han meiner er feilaktig framstilt i Seierstad sin bok.

Bortsett frå forteljargrepet med trolla, var den beste delen i boka der Rais raljerer over at Seierstad hevder å ha anonymisert bokhandlaren i boka si. Men for det meste vart boka for mykje einsidig forsvarstale. Det skal godt gjerast å skrive ei god og sakleg tekst når ein er foruretta og harm, og Rais greier det berre unntaksvis. Og på spørsmål frå trolla om enkelte tema som blei tatt opp i boka, t.d. om forholdet til den første kona si, veslesøstera «Leila» sin posisjon i familien, og om pengetransaksjonar ved giftemål som for ein utlending fortoner seg som kjøp av brud, så gir Rais seg ut på ei serie med retoriske spørsmål i staden for å svare direkte på spørsmåla.

Direkte pinleg blir det når han hevder at Seierstad insinuerer at det er menneske som Reis som er skuld i alt elendet i Afghanistan. For ikkje å snakke om denne påstanden på side 66:

«Kvinner i Afghanistan er ikke mer undertrykte enn menn.»

Her tillet eg meg å la fordomane mine sleppe til og påstå at Rais er rimeleg langt ute i bærskogen.

Det er nesten ein føresetnad å ha lest Seierstad sin bok for å få utbytte av denne boka. Men sjølv for den som berre les Rais sin bok vil det vere mogleg å få grei innsikt i kontroversane som leia til rettsak i Norge. Ei rettsak som Rais vann i første omgang, og der Seierstad vann ankesaka, og der den vidare anken til høgsterett vart avvist. Eg skal ikkje ta på meg å uttale meg om korvidt utfallet vart rett, men eg meiner Rais hadde grunn til å vere foruretta. Men det blei altså likevel berre ei middels bra bok ut av det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så langt eg har sett i oversikter over bøker som kjem, så er der ingen eg ikkje kan vente eit år eller to med, til dei er å finne på salg el. l. Einaste unntaket er kanskje den lokale heltinna Gunn Marit Nisja (mest kjend for Naken i hijab) som er ute med ny bok i haust. Olivensteinen, ny forteljing frå Egypt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nå gjenstår det å se om Trollkongen vil ønske deg velkommen til sitt rike i nord. Men vi kan trøste deg med at Trollkongen behandler slike saker raskere enn UDI.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Teppet ble liggende rett ut i luften, mens frynsene viftet svakt i vinden. Trollene steg ut på teppet, det bølget så vidt, og de ga tegn til at jeg skulle følge etter.
"Er ikke dette det foretrukne magiske fremkomstmiddelet i din del av verden?" spurte trollene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Femordsomtale: Harry Hole handterer hardkokt hyperskurk

Lengre omtale:
Bok nr 8 i serien om Harry Hole, og den lengste så langt. Nok ein gang er det ein seriemorder som gjeng laus, og Harry må motviljug (motvilje frå både HH og frå dei som hentar han) hentast inn for å nøste opp i saka. Som om ikkje det er nok, så er det også ein maktkamp på gang innad i politiet som legg sterke begrensingar på Hole sin handlefridom. Men ikkje overraskande så ordnar Harry etter kvart opp i sakene.

Plottet er rimeleg bra. Men dei overraskande vendingane i historia blei ikkje slett så overraskande som dei kunne ha vært. Det var enkelte gangar for lett å sjå kva som kom. Eg misliker også sekvensen der skurken skal forklare i detalj motiva for handlingane sine. Her synes eg, som i fleire andre av bøkene, at Nesbø skulle overlate litt meir til lesaren. Som i dei øvrige Hole-bøkene så er miljøskildringane særs overtydande. Enkelte passasjer er nærmast poetiske. Men der er også enkelte glipp. Ein bitteliten ein som eg hengde meg litt opp i medan eg las den: Harry sit på bar og får ei aha-oppleving medan han kikar på spritflaskene på hylla:

Beefeater, Johnnie Walker, Bristol Cream, Absolute, Jim Beam

Kva i all verda for ein sosemikkel av ein bartender er det som plasserer ei einsleg sherry-flaske midt mellom spritflaskene?

Så kan ein også kritisere Nesbø for å skape ein i overkant stereotyp helt. Einsam ulv, slit med alkoholproblem, draget på damene, i opposisjon til autoritetar, og slik kan ein halde fram. Men bøkene er likevel gode. Dette er ikkje den aller beste etter min vurdering, men over middels. Vingla mellom 4 og 5 på terningkastet, men landa på ein 4’er.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

God tur, og køyr pent. Kanskje du må ta ein omveg for å kome igjennom alle bøkene?
Forøvrig stend En by som Alice høgt på lista over bøker eg ser etter på brukthandlar, loppemarknad o.l.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Og hvordan hadde du tenkt å få folk til å kome til denne teateroppsetningen?" spurte Ærdal og klappet sammen kniven.
"Ved at Kripos gjør det dere er best på," sa Harry.
Stillhet.
"Og det er?" spurte Pelikanen til slutt.
"Pressekonferanse," sa Harry.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Harry lo kort. "Sorry, jeg sender ikke SMS."
"Hvorfor ikke?"
Harry trakk på skuldrene. "Jeg veit ikke. Jeg liker ikke konseptet. Som innfødte som ikke vil tas bilde av fordi de mener de mister noe av sjelen, kanskje."
"Jeg vet det!" sa hun ivrig. "Du vil ikke etterlate kilder. Spor. Uomtvistelige bevis for hvem du var. Du vil vite at du skal forsvinne, helt og totalt."
"Spikeren på hodet," sa Harry tørt og inhalerte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Inntil for eit drygt år sidan så var det uaktuelt for meg å lese meir enn ei bok av gangen. Men så fann eg på å begynne å høyre på lydbok medan eg er på bil- eller busstur, og då blei det to av gangen (lydbok + papirbok).

Så blei eg med på felleslesing, først med Lillevi og Steinbeck og deretter i kjell k sin lesesirkel, og leseplanen var såpass romsleg at ein oftast kunne lese ei anna bok ved sidan av. Tre.

Så er det slik at når eg les brasilianske bøker på portugisisk, så er det mest hensiktsmessig å gjere det medan eg har PC for handa, då eg har ei glimrande ordliste installert på den Dermed har eg på det meste vært oppe i 4 bøker samstundes
- Felleslese-bok (nattbord/reise)
- Attåt-bok (nattbord/reise)
- Lydbok (bil/buss)
- Brasiliansk bok (i lesestol ved PC'en)

Men dette er berre unntaksvis. I gjennomsnitt ligg eg no på 2 bøker samstundes.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Tipper det er like mangfaldig som bokelskarane sjølve.

For min eigen del handlar eg ein del hjå bokklubben, eg er rimeleg nøgd med at dei sender portofritt. Dessutan har dei ofte gode tilbod, til dømes kan ein få mange bøker i verdensbibliotek-serien til ein særs rimeleg penge.

Så sveiper eg av og til innom diverse nett-bokhandlar (haugenbok, ark, adlibris, tanum etc) på jakt etter gode tilbod. Har ingen spesielle preferanser mellom desse. For bruktbøker så har eg gode erfaringar med bokloftet.

Men dei få gangane eg kjøper nye bøker til fullpris så gjeng eg til den lokale bokhandelen. Ser på det som eit tiltak for å beholde bokhandelen i bygda.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Med fare for å framstå som pedantisk, så heiter vel bilmodellen 2CV. Og Beltø følger opp ein fin tradisjon i bilvalet sitt, i filmen "For your eyes only" flykta jo James Bond frå skurkane i ein knallgul 2CV.

Eg plukka med meg denne boka til kr 79,- frå ein bokhandel i dag, håper eg får ei betre oppleving av å lese den enn det du har hatt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nesbø-krim her. Ligg an til å bli ferdig med Panserhjerte i løpet av helga. Liker boka godt så langt.

Deretter planlegg eg å lese Det var en gang en bokhandler i Kabul, som er Shah Mohammed Reis sine tilsvar og korreksjonar til Åsne Seierstad sin bok om Bokhandleren i Kabul. Eg las (høyrde) Seierstad sin bok i fjor, og er spent på kva Reis har å melde.

Skulle eg mot formodning bli ferdig med Reis sin bok før helga er over, så startar eg på Roadmovie. Manuset, ei forholdsvis lite kjend bok av den forholdsvis lite kjende forfattaren Stephen J. Walton. Engelskmann som bur i Norge og skriv på nynorsk. Bakgrunnen hans er nok hovudgrunnen til at eg vart nyfiken på boka.

God helg! Min blir i alle fall det.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Marianne MEllen E. MartolPiippokattaAnneWangFarfalleMonica CarlsenEster SHeidi LTonje-Elisabeth StørkersenEgil StangelandKirsten LundMarit HøvdeIreneleserFiolingar hAnette Christin MjøsJ FHarald KTine SundalPer LundKaramasov11RufsetufsaInge KnoffAkima MontgomeryJane Foss HaugenJulie StensethSigrid NygaardHarald AndersenBjørg L.Synnøve H HoelAgneslillianerKarin BergIngunn STom-Erik FallaSigrid Blytt TøsdalGroMads Leonard Holvikmay britt FagertveitNorah