Roadmovie. Manuset

av (forfatter).

Aschehoug 2012 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 3.75 (4 terningkast.)

12 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Omsetjaren Bodvin Rovde avskyr alle publiserte forfattarar av prinsipp. Han må tene pengar som alle andre, så han går med på å omsetje ein roadmovie skriven av Simon Anderson, professor ved Institutt for nytta kjønnsforsking i Sandane. Vi får også høyre Bodvins eiga mistrøstige livssoge, og på nokre punkt støyter livet til Bodvin saman med teksten han skal omsetje.

Omtale fra forlaget

Den prislønte men psykisk sterkt tyngde Bodvin Rovde har enda opp i eit nedslite syttitals-småbruk ved svenskegrensa. Han er blakk og ser seg nøydd til å omsetje ei bok, ein seksuelt kåt roadmovie skriven av den kjende professoren Simon Anderson. Men først får vi servert Bodvins mistrøstige livssoge. Frå oppvekst i Vanylven ber det via kjøleskapsforsking ved Universitetet i Haugesund til Amerika, kor Bodvin endar opp som barpianist i Las Vegas. På nokre nevrologiske punkt støyter livet til Bodvin saman med teksten han skal omsetje. Da snører alt seg til, og forfattaren, Walton, er nøydd til å melde seg i teksten for å rydje opp. Da vert jo sjølvsagt alt mykje verre.

Bokdetaljer

Forlag Aschehoug

Utgivelsesår 2012

Format Innbundet

ISBN13 9788203351471

EAN 9788203351471

Språk Nynorsk

Sider 250

Utgave 1

Tildelt litteraturpris Norli debutantpris 2012

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 1 1 2 0 0

Bokomtaler

Femordsomtale: Småvittig raljering og pinleg strupleprat

Alt for lang omtale:
Boka handlar om omsetjaren Bodvin Rovde som skal omsetje eit filmmanus frå engelsk til norsk. Men før ein kjem så langt får ein ei utgreiing av det meste av livslaupet til Bodvin, noko som tek om lag 2/3 av boka. Sjølve omsetjinga blir etter kvart ei vanskeleg oppgåve for Bodvin, noko som gjer at forfattaren til boka, Walton, saman med forfattaren til filmmanuset, Simon Anderson, lyt ta ein alvorsprat med han.

Det er mykje herleg raljering i boka, over alt frå kommunsimen sine kår i bygde-Norge, universitets- og høgskulemiljø, rasisme, Framstegspartiet, forlagsbransjen, og ikkje minst seksualitet. Walton er ein god observatør. Kanskje er det nettop det at han er engelskmann som gjer han i stand til å så sylskarpt karikere enkelte norske, eller endåtil sunnmørske, særtrekk?

Når eg likevel endar opp med å like boka berre måteleg godt er det i hovudsak to grunnar til det. For det første er det ein nærmast hemningslaus omgang med tabuord i teksta. Eg visste ikkje at eg var så prippen, men eg tykte faktisk at mykje av dette struplepratet vart direkte pinleg. Som forfattaren skriv på side 115:

Gudskjelov at det framleis var ytringsfridom i Noreg. Han kjende i sin forvirra tilstand at dette var nye tankar, men han kjende seg underleg ør og frigjord av å tenke dei, som ein unge som seier «fitte» høgt for første gong og oppdagar at ingen reagerer.

Dersom det er ein slik samanheng, vil eg tru at Walton kjende seg mektig frigjord innan han var ferdig med boka. Men eg vonar at han som professor i nynorsk skriftkultur formidlar også andre sider av denne kulturen enn det denne boka legg opp til.

Og der er vi ved det andre ankepunktet; sjølve språket. Walton skriv eit slags konservativt nynorsk, med ei salig blanding av gamalmodige uttrykk (økslefør, sovorne, etc) og nyskapingar som overhedden og sørvis. Når dette då leier til samanstillingar som «suggerere hugheil lengting etter samleie» så blir det berre merkelig. Det spørs om det er ein dose humoristisk sjølvinnsikt frå forfattaren som gjer at han let Bodvin føye til følgende fotnotar til manuskriptet han omset:

7 – Som omsetjar lyt eg gjera merksam på at eg stundom har lurt på om forfattaren her ikkje lid av Creutzfeldt-Jacob ev. ein annan degenerativ sjukdom, ettersom samanhengen og flyten i teksten godt kunne ha vore betre.

9 - … Eg lyt samstundes minna lesaren om at det kan verka noko søkt at engelskmannen Anderson her talar norsk, jamvel nynorsk, som han i røynda notorisk ikkje meistrar, trass i årelang butid i ei av dei gjævaste bygdene våre, …

Men for all del, boka hadde sine høgdepunkt. Aller best likte eg kanskje korleis Bodvin greidde å overtyde lokallaget i FrP om at møtereferata skulle skrivast på nynorsk sidan det andre skriftspråket er innvandra. Kosteleg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Men når han Obama kunne få Nobels fredspris når han ikkje hadde gjort anna enn å prate om fred, da burde vel han, Bodvin Rovde, kunne få litteraturprisen for ein god idé til ei bok? Ein disposisjon? Eit konsept, som dei sa no, ja. Han skulle lever inn disposisjonskonseptet sitt ein av dei nærmaste dagane til akademiet i Stockholm.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Han søkte seg inn i bøkene, som det heiter. Det kunne vere vanskeligare å søkje seg ut derifrå

Godt sagt! (5) Varsle Svar

... ein elegant mannsperson i sin beste alder, rundt femti, svart skinnjakke, svart T-skjorte, svart jeansbukse, trendy svarte italienske Eco-skor. Han såg ut som om han kom frå eit gjennomdesigna gravøl. Det var ikkje tvil. Dette var ein postmoderne intellektuell.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ein del av dei eksterne styrerepresentantane frå det lokale næringslivet tende veldig på eit framlegg om "sosialhermeneutikk" i staden for "samfunnsstudiar", i og med at dei rekna med at dette hadde noko med hermetikk å gjere og dermed kunne vere med på å profilere det lokale hjørnesteinsproduktet.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Vekk meg hvis jeg sovner" av Eivind Hofstad Evjemo
  • "Ferskenen - samlede verker" av Johan Harstad
  • "Moderne litteraturteori - en antologi" av Atle Kittang
  • "Den du ringer kan ikke nås for øyeblikket" av Lena Niemi
  • "Vinterdronningen - Fandorins første sak" av Boris Akunin
  • "Darling River - doloresvariasjoner" av Sara Stridsberg
  • "Han er her igjen" av Timur Vermes
  • "Vi har så korte armar - tilstandsrapportar" av Olaug Nilssen
  • "Ville detektiver" av Roberto Bolaño
  • "Perlebryggeriet - roman" av Jenny Hval
  • "Katten" av Takashi Hiraide
  • "Jern" av Torgrim Eggen
Alle bokanbefalinger for dette verket