Denne veka las eg ferdig serien om Jarle Klepp (Tore Renberg), og så starta eg på ei bok eg lenge har venta og gleda meg til - Killing Commandatore av Haruki Murakami. Eg var så gira på denne boka at då eg bestilte på adlibris, fekk eg ikkje med meg at det var den danske versjonen eg klikka på...så eg blei mildt sagt skuffa då "bog 1" viste seg ikkje å vere norsk. Og då den norske oversettinga framleis ikkje er tilgjengeleg for sal, bestilte eg den engelske. Som eg no endeleg er i gang med. Var litt ambivalent mtp å lese ho - for eg er stor fan av Murakami og såg fram til ein god fortelling, men kritikerne har vore relativt lunkne med sine vurderinger. Heldigvis er ikkje eg ein slik bokkritikar, for eg elsker boka og storkoser meg med ho!

Så denne helga er det Murakami sine ord som opptek meg. Det blir dog mindre tid enn normalt til å lese fordi det skjer ein del andre ting denne helga - barnevakt, strikke-festival og krus, klatring og kjæraste-tid. Og med eit nydeleg haustver blir det og ein god tur, tenker er. Men eit par ti-tju-tredve sider her og der blir det heldigvis rom for. :-)

I lydbok-verda har eg omsider funne meg ein krimserie eg trur eg kan like - S. J. Bolton si serie om Lacey Flint. Er i gang med bok nr 1 no; "Now You See Me". Lytter til den norske versjonen heller enn denengelske, rett og slett fordi eg likar stemma og stilen til den norske opplesaren betre.

(Har forresten elles forbanna meg over ein rekke krimbøker som overhodet ikkje fenger! Blir meir og meir kresen merker eg. Nesbø, Fossum,Torkil Damhaug, Stieg Larsson, Håkan Nesser, Michael Connelly - dei leverer alltid og vil alltid vere favoritter. Blandt det nye som kjem syntes eg dessverre det meste er "brukt opp" frå før av - både kva gjelder karakterar og plott. Etterforskere eller journalister som ofte enten er "underdogs" eller sliter med pille/alkohol-misbruk, eit drap eller forsvinning som viser seg å vere meir innvikla enn ein hadde trudd, overordna etterforskarar som er kritiske til hovudpersonen sine teoriar - som til slut viser seg å vere riktige... Syntes også at språkeleg kvalitet ofte er heilt forj**** dårleg... Altså sliter eg med å finne gode krimbøker som fenger.
huff... eg er ikkje gretten altså...eg er ikkje i ferd med å bli ei gamal grinebiter av ei kjerring... eg er berre meir selektiv no enn før... likar eg å tru.)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

KORT OM HANDLINGA (utan ”spoilers!”)
Ei mor vaknar klokka fire natt til sundag med ei kjensle av at noko er feil, og magekjensla har rett; Cressida – den yngste av dei to døtrene har ikkje kome heim. Senga er tom, mobilen svarar ho ikkje på, og innan lunsjtider dagen etter er leiteaksjonen i gong. Vitnar har observert henne saman med store-systeras eks-forlovede; som kort tid etter blir funnet i bilen sin, dehydrert og blodig. I bilen finner dei spor etter Cressida. Søket i området finner henne likevel ikkje. Ingen kropp. Ingen lik. Ingen andre spor. Det går lang tid før ein tilståing kjem, og den er det ymse meiningar om ettersom ein del detaljar skurrar, og ikkje minst fordi han er ein traumatisert og skada krigsveteran (etter eit opphald i Afghanistan). Kva skjedde med Cressida?

Slik starar boka, i 2005 – og vi får skildra denne tida frå ulike hald; systera, den mistenkte, mora og faren. Så hopper vi frem i tid til 2012; og også her får vi sjå korleis dei har det, sju år seinare. Og – så skjer det også ein rekke andre ting som ikkje kan skrivast ned utan å røpe og øydelegge for potensielle lesarar…

KVIFOR EG LIKTE DENNE:
+ eg opplevde boka som ein god miks av sjangrar: drama, thriller, krim i eitt – noko som, for meg, blei ein oppfriskande lett bris inn i leselivet kor eg sjeldan opplever same type spenning samstundes med at eg er knyta til karakterens indre liv. Ofte føler eg at ”typiske” spenningsbøker har hovudfokus på ytre omstende, at spenninga kjem av handlingar og ”ytre plott”. Her skjer det i grunn ikkje så enormt mykje, sett bort i frå sjølve forsvinninga. Men det indre livet i karakterane skaper også ein spenning. Klarar ikkje heilt forklare det betre enn dette – at det er spenning gjennom heile boka knyta både til situasjonen og også til kvar enkelt karakter.
+ Altså ein fin kombo av spenning, nyfikenheit og kjensler.
+ likte godt korleis fleire karakterar fekk ”skine litt”; det handla ikkje berre om hovudpersonen og ”saken”. Mor, far, syster, Cressida, Brett (den mistenkte) – alle får plass.
+ Handlinga går langt utover forsvinninga; indirekte kan ein finnes ein heil haug av samfunnsaktuelle sakar: forholda i fengsel, dødsstraff, psykisk helse, krig, politikk, menneskelege relasjonar, traumar, helse, kjærleik, skuld, tilgiving, religion, sjalusi, media,
+ Likte at hovudpersonen blei skildra som litt spesiell, som med snev av ymse diagnosar; men at denne kanskje-diagnosen ikkje fekk definere henne som person eller karakter – ho blei ikkje framstilt som svak eller evneveik. Likte pgså at denne ”kanskje-diagnosen” var noko som ikkje blei avklart – det verka til å vere eit tema som verken ho eller familien makta å ta tak i. Det blei eit tema som berre blei lagt litt vekk og forsøkt oversett. Ho blei sett på som annleisog ikkje sjuk. Ikkje noko svart eller kvitt. Ein udefinert mellomting. Ofte føler eg at så snart det er snakk om å vere annleis i bøker – då særleg i psykologiske thrillerar – så blir hovudpersonen utilrekneleg og sjukeleggjort, diagnosen får stor plass og definerer karakteren i for stor grad til at eg som lesar kan kome inn på sjølve menneske og bli kjent med det; altså prøver eg å seie at i denne boka er Cressida berre Cressida, ho får vere litt sær og unik utan at ein eventuelt diagnose blir klistra i panna på henne. Eg ser HO og ikkje ein etikett. Også den mistenkte – krigsveteranen – er heilt klart skadd (fysisk og mentalt), men heller ikkje det får definere han som person her. Det blir aldri svart på kvitt i denne boka; det er aldri så ”enkelt” som at Han/ho lider av diagnose X og derfor gjorde an/ho handlinga Y.
+ eit relativt originalt plott; har lese eit utall bøker med forsvinningar o.l – men aldri ein som denne, og det er godt gjort mtp kor mange bøker som inneheld/bygger på forsvinningsnumre som plott

TING EG LIKTE MINDRE:
– Oversetninga er tidvis litt mangelfull; enkelte gonger står det f.eks ”men” i staden for ”med” – noko som jo berre er trykk-Leif, men ganske plagsamt, særleg når det gjelder lengre setningar, og gjer at eg mister tråden og må lese om att; men dette er utelukkande forlaget/oversettarens skuld og ikkje forfattaren – dermed let eg ikkje det gå ut over (prøver iallfall…) mi dom over boka .
– Enkelte deler av boka (ca midtvegs i – det gjelder eit laaaaangt kapittel med besøk i eit fengsel) er unødvendig lange, litt for mange detaljar, litt for mykje unødig dill dall som kunne blitt redigert vekk utan at boka hadde mista noko.
– Litt for mykje “kunstig skapt” mystikk: måten forfattarinna skriv på gjer at mykje blir hinta til heller enn sagt direkte, men desse hinta er det ikkje heilt mogleg å mistolke og det irritere meg derfor ofte at ho ikkje berre kunne skrive ting litt meir direkte.
– Tidvis elska eg språket, men i blant fekk eg den ufullstendege setningane opp i halsen. Det er nok eit bevisst verkemiddel, men æsj altså – av og til skulle eg ønskje forfattaren tillèt seg mindre friheit mtp å seie seg unntatt frå grammatiske reglar.

(Utdrag frå- https://spraakraadblaagg.wordpress.com/2018/10/23/karthago-joyce-carol-oates/)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne broren, Stig... Jeg kommer ikke helt over at han ikke er nevnt i de andre fire bøkene som jo tar for seg Jarles liv helt opp til nå. Ikke en gang nevne Stig ikke en gang ifbm farens død i bok nr to - "kompani orheim". Stemmer dete eller har jeg oversett noe? Får det bare ikke til å rime og det irriterer meg såpass med et potensielt "hull" at jeg kjenner det faktisk ødelegger denne boka litt for meg. Verken denne Hardangerviddaturen, vennene han drakk hos eller broren henger sammen med handlingen fra de andre bøkene...?!

Og så blir jeg forvirra mtp hvor det står at faren bor. I tidligere bøker flytter faren til Forus nærode går fra hverandre og mora inn i en leiligheten og siden et litt større hus eller annen leilighet. Begge forlater altså barndomshjemmet. Men når Jarle her forteller om da han besøkte faren for å tilgi han - da beskriver han faren i barndomshjemmet..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, jeg forhåndsbestilte boka, og var da såpass ivrig at jeg ved et uhell bestilte den danske boka uten å få det med meg. Bler dermed gaaaanske skuffa da en bok det stod "bog 1" på ramla ned i postkassa...sendte den i retur og bestilte heller den engelske for nå gadd jeg ikke venter lenger på en norsk versjon, og jeg leser engelsk ganske problemfritt. Er dog litt skeptisk nå etter,å ha skumlest en del ikke så positive anmeldelser... men, hallo...det er jo Murakami...hvor dårlig kan det da være, liksom?! :-D

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Høyres ut som ein spanande bok. Hadde vore greit å vite om den er basert på noko ekte, Ja. Drit i tempo, kvalitrt over kvantitet, alltid :-)

Denne helga er eg aleine heime og forutan husvask og ein tur eller tre blir det nok ein del lesing. Denne veka har eg lese Sult av Hamsun, og i går starta eg på Karthago av Joyce carol Oates. Er kome godt i gang og er ganske så fengsla! Satsar på å lese ut dei siste tre hundre sidene ila helga. Etterpå venter nemleg ein skatt på meg. For i går... I går kom ho!!! Murakami si nyaste bok landa i postkassa mi - og ho sniker seg forbi alle andre bøker på leselista!

I lydbokverda blei eg just ferdig med mi første Patrick Ness-bok: "The Crane Wife" - som eg har delte meiningar om... Likte jo, jau, men det er todelt, som historia. Alt som handla om medmenneskelege reaksjonar og utviklinga knytta til det var briljant og underhaldande, men referansane til kunstverket i boka og japanske eventyr øydela i mykje større grad enn kva det tilførte verdi, iallfall slik eg opplevde det. No er eg i gang med Den andre kvinnen av therese bohman, så langt er eg veldig begeistra, akkurat den type bok er ville ha. Lett i språket, artig og morosam samstundes som det finst kjensler av verdi og karakterar å bli glad i. Og så er ho nydeleg utført av Gisken Armand. Perfekt bok å lytte til når eg elles leser karthago som e flott tyngre, tristare, djupare og ja.. Litt meir krevande, på ein god måte

God helg til alle, måtte dne bringe mykje kos og hygge, uansett om det kjem frå perm, skjerm eller natur! =)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Har lese mykje av Hjort og synest det har vore ein enorm variasjon mtp kor godt eg har likt bøkene hennar. Har trilla alt frå krasse toarar til sterke femmarar for henne før. Glad eg såg omtala di, for no vil eg òg lese denne, og der hadde eg nok ikkje prioritert elles. Men, eit lite spørsmål - et dette ei roman eller novelle?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg ville berre kommentere for å anbefale "En dag i juni", av same forfatter. Ei verkeleg sjarmbombe av ei bok. :-) osm du brukar appen Storytel så finner du boka der og, lese på meisterleg vis med stor innleving

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Til dere som likte denne boka vil jeg o s å anbefale boka "Å slentre plystrende over kirkegården" og "Hjertet er en ensom jeger". Fikk litt samme vibber av disse bøkene =) også boka "Det blå rommet" kan være verdt å gi en sjans =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Innleia helga på best mogleg vis i går med Stand-up med Dag Sørås - knallbra! Avslutta kvelden heime i senga med regn og vind piskande mot ruta mens eg las - ognoo i morges las eg ut Little Fires Everywhere av Celeste Ng - verkeleg ei sluke-bok av den typen ein berre må lese litt til i heile tida. Likte den e godt! Forfattaren gjer ein god jobb med å fortelle frå mange karakterers perspektiv og vekslar på ein naturleg måte mellom dei ulike karakterane. Truverdig og ekte - både karakterar og plott.

No, laurdag, har eg banka sambuar i Scrabble og fått oss ei økt med klatring. No venter ein lat ettermiddag kor eg skal lese fjerde bok i Jarle Klepp - serien: Pixley Mopogo. Deretter vil eg prøve meg på Knut Hamsun si Sult som havna i postkassa mi i går

Lydbokmessig er eg på jakt etter noko krim - aktig og prøver meg på S J Bolton si serie om Lacey som starter med "now you see me"

Håper regnet varer... Ekstra digg å sitte inne med boka då... Hehe!

Og i kveld skal eg forresten sjå filmatiseringa av En man ved navn Ove, som eg las for nokre veker sia. :-)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Jeg leste dem i tilfeldig rekkefølge første gang, for mange år siden - fordi jeg rett og slett fant dem litt her og der i mine foreldres hus. Så da jeg nå leste dem i riktig rekkefølge var det en helt annen opplevelse enn da. Men - leste dem ikke rett etter hverandre - da blir jeg fort litt lei, så jeg snek inn små/korte lettleste bøker innimellom. Likevel en fantastisk krim-serie jeg ikke har funnet makan til.

Håkan Nesser sin serie om Gunnar Barbarotti, samt Torkil Damhaugs tre siste utgivelser, er vel blandt de få kriminalbøkene jeg virkelig har likt siden. (Og - selvsagt; Milleniumstrilogien..:!)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Artig å lese sinne betraktningar, har nemlig nyleg lese meg gjennom heile Harry Hole - serien sjølv. For min del var denne, Frelseren, blandt dei bøkene eg likte aller best, og Panserhjerte den eg likte minst. Spennande og fascinerande at ein får så ulike favorittar :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fire litt svake stjerner for denne. Elska dei to første bøkene i serien, såpass mykje likte eg dei at dei begge to har fått plass på favorittlista. Så forventningane var kanskje noko for høge til denne tredje boka. Ho er overhodet ikkje dårleg, langt der i frå, men samenlikna med dei føre bøkene er historia tynn. Tidvis blir det òg litt for mykje av litteratur - og filosofi-t refleksjonar. Skjønner at poenget er at Jarle er djupt oppteken av dette og nærmast forelska i heile prinsippet akademia, men likevel blir det litt for mange referansar og litt mykje bla-bla-bla.

Likevel er dette ei lettlest og underhaldande roman. Charlotte Isabel er eit sjarmtroll og eit barn ein ikkje kan unnlate å kjenne seg igjen i. Persongalleriet og karakterutvikling og dialogar redder denne boka. Og som alltid formidler Renberg historia med originalt og krydra språk (sjølv om det her, tidvis, blei litt for mykje av det gode).

Kort om handling - Jarle er no tjuefem, busatt i ei lita leigenheit i Bergen kor han er i ferd med å avslutte studiane sine. Han er stolt og kry over si eiga kunnskap, anser seg sjølv som litt betre og klokare enn alle desse normale, ulærde menneska rundt han. Han har ikkje mange venner, men dei han har er nære og gode, og han er også stolt av å være del av den "utvalte" gruppe studenter som utgjer ein slags elite-gruppe, slik dei sjølv ser det. Så her lever han med vener, studier og ei elskerinne. Og så kjem Charlotte Isabel inn i livet hans og snur opp ned på ganske så mykje, fundamentet Jarle har bygd seg i Bergen slår sprekker og han utvikler seg på fleire måter. Forutan å bli litt meir vaksen og mindre sjølvsentrert, startar han også å tvile litt på verdien og viktigheita av dette han vier all tida si på - litteraturen...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette er mi fjerde boka av Ahern, og eg er glad eg ga henne ei sjanse til. Eg elska PS I Love You, men så las eg to andre bøker av henne som ikkje falt i smak i det heile tatt. Men i desperat jakt på ei etterlengta feel good - bok, fann eg fram til denne etter ei rekke mislykka og avbrote andre "dameromanar". I denne boka fekk eg det eg ba om, verken meir eller mindre - kliss klass, kjærleik, nokre klisjéar, mykje humor - ofte litt klein... Mykje sjarme og endå meir varme. Eit litt forenkla univers og - forutan dei to hovudkarakterane - ganske grunne personligheiter. Men dette fungerer! Sjølve tematikken - sjølvmord - gjer at boka får ei meining og ikkje berre blir ei fjasete kjærleikshistorie. Det enkle og presise språket, dei vittige hendingane og dei livaktige dialogene gjer at boka får eit lett og lystig preg trass i det alvorlege temaet.

Dette er ei bok å lese når ein vil la seg underhalde, lese for å slappe av og berre koble av litt. Dette er ikkje boka for den som søker eit litterært meisterverk eller noko banebrytande nytt. Denne boka er nok ei såkalla chick-lit-bok, kjærleiksroman, dameroman, ei kosebok. Og til å falle inn under den etiketten, står denne høgt på lista over dei få bøkene som faktisk lukkast i å begeistre meg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Las halvveg og la boka bort. Forsøkte fleire gonger å fortsette men nei... Eg klarer faktisk ikkje bry meg om korleis dette går. Eg klarar ikkje legge vekk kjensla av at denne boka har samla i hop ein rekke ulike element frå diverse kjente krimbøker og resultatet er ikkje akkurat noko originalt og nytt. Då karakterane også er som kopiert ut av andre bøker og språket heller ikkje begiestrer var det i grunn ikkje noko igjen som fenga meg. Eg meiner... Politifolk og etterforskarar med enten rus/alkohol/pille-avhengigheit og /eller samlivsproblem som etterforsker ein absurd og brutal drapssak samstundes som ymse problem utspeler seg på privaten... Ja og ei politidame med geniale ferdigheiter men med djupe personlige problem.. Nei
. Gje meg noko nytt. Noko eg ikje har lese før. Gje meg karakterer eg kan bli kjend med frå innsida og ut og som eg likar pga den dei er òg ikkje skal berre skal like fordi alt det grusomme dei har opplevd skal trykke på sympatiknappen min... Og gje meg naturlege dialogar som fungerer... Og slutt å herme etter andre kriminalromanar...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No har eg lese denne to gonger og eg liker den endå betre no enn etter føre gong. Verkeleg ei lita perle av ei bok! Nydeleg språk som skapar ei stemning som er til å ta og føle på medan ein leser. Eg følte meg som ein slags flue på veggen her, pakka inn i ei stille og smådyster stemning tilsvarande slik egså føre meg st karakterane ofte hadde det. Liker veldig godt grepet med at fortellesstmma ikkje er direkte delaktig i heile fottellinga men let ho handle om denne venninna si.

Les denne om du vil ha ein , for ein gongs skuld, KORT murakami - fortelling utan for mykje overnaturlige element. Truverdige og liknades karakterar, herlege dialogar, ei perfekt dose filosofi og undring, eit originalt plott... Tematikk tenker eg er einsemd, sakn, kjærleik, sjølvrealisering og også kanskje sjølvrefleksjon.

Og trass i at dette er blandt Murakami sine mindre "absurde" bøker vil ein Murakami-fan likevel finne igjen enkelte typiske murakami-trekk som klassisk musikk, kattar, brønn og måne...!

Og så... Kort om handlinga:
Vi får høyre om ei ung dame som drøymer om å bli forfattar utan heilt å gå det til. Ei dag treffer ho ei sytten år eldre dame og blir forelska. Denne dama er dessverre gift. Likevel blir dei to godt kjende då dei byrjar å arbeide saman. På jobbreise saman i derimot... Då skjer det sakar og ting i det denne unge jenta brått forsvinner. Fortellerstemma tilhøyrer ein mann som er forelska i hovudpersonen, og han vert kontakta når jo forsvinner... Herleg, vakker bok! Gode dialogar, velutvikla karakterar, spennande og originalt plott... Verkeleg ei bok å kose seg med!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Godt mulig den "en annen" var meg. Dette med preferansar kring fottellerstemmer tenker er nok er svært individuelt. Har funnet meg ein del favorittar med tida og det er heilt utruleg kor god ein middelmålig bok kan bli dersom ein likar stemma som fortel. Og... Dessverre er det også motsatt, at ein kan oppleve ein bok som dårlegare enn kva ein kanskje ville gjort om ein las sjølv, dersom ein ikkje klarar å like stemma. Har vel òg funnet ut at det handler om meir enn berre stemme, innleving, stemmebruk ifbm ulike karakterar, volum, og ikkje minst tempo har mykje å seie. =) hugser framleis denne boka lenge etter at eg blei ferdig med ho så det i seg sjølv anser eg som eit teikn på kvalitet og ei historie som har gjort inntrykk. Nettop det med at dette faktisk foregjekk på den tida satte eg stor pris på å lære meir om for eg visste verkeleg ikkje nok om temaet

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jørgen Jæger har eg framleis ikkje lese noko av. Kanskje noko å notere meg bak øyret til neste gong eg vil utforske noko anna innenfor krimsjangeren.

Denne helga fortsetter eg å lese meg gjennom Renbergs Jarle Klepp-serie. Er no nesten ferdig med bok nr 2.: Kompani Orheim. Rekner med å bli ferdig med den ila laurdag. Så er det neste Jarle Klepp-bok som står for tur, med mindre eg tek ei lita pause - og i så fall er det sannsynleg at eg leser Sputnik Sweetheart av Haruki Murakami.

På lydbok har eg den siste veka gått på ein del "smeller" - altså starta på ein god del bøker som eg ender opp med å bryte av fordi dei ikkje heilt har klart å engasjere meg. Mellom anna A Stranger In The House - som var heilt forferdeleg...verkeleg(!!!) både språkleg og plottmessig. Også Ruth Ware si bok The Death of Lrs Westaway kom eg halvvegs i før eg gav ho opp. For gjentakande, for mykje detaljar som ikkje tilføyerr boka noko av kvalitet, overforklaringer og verkeleg tskjei-foring av all info. Til slut no enda eg opp med Uglen av Samuel Bjørk og er helvvegs inn i den no. Har ikkje heilt bestemt meg for kva eg meiner, syntes dåho h

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Jeg deler mange av dine tanker her. Har starta på denne boka tre ganger og aldri kom i mål forsøkt både lydbok og vanlig bok. Men nei... Ikke for meg, tydeligvis. Interessant det du seier om buskap, for mange kritiserer Mino - bøkene nettopp p pga buskap og menneskesyn

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk, då gjer eg det. Trur faktisk den ligger på Storytel som lydbok. Skal gjer den ein sjanse tenker eg =)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I dag blei eg ferdig med Dostojevskij si Forbrytelse og straff som eg har brukt denne veka på å kome meg gjennom. Fantastisk bok!!skjøner godt at den har fått klassikar - status. No ville eg ha noko heilt anna og har derfor starta på Jarle Klepp - serien til Tore Renberg. Skal på forfattarmøte med han i starten av november og tenkte det dermed var ekstra passande å lese desse bøkene no. Hara frå før lese Teksasserien og Du er så lys og har elska alle bøkene hans så langt. Så no gler eg meg til å fordjupe meg ytterlegare i hans litteratur. Litt ekstra gøy når ein sjølv er oppvaksen i Stavanger og kjenner igjen passende handlinga utespelar qseg på

Lydbokmessig har eg nettop starta på "the death og mrs Westaway" av Ruth Ware. Dette er ein typisk psykologisk thriller, vil eg tru - basert på dei to andre bøkene eg kjenner til av same forfattar. Har ikkje likt bøkene sånn veldig godt men opplesaren er svært dyktig og eg er i humør for denne slags bok akkurat no. Lettlest (letthøyrt?), underhaldande, overdra attisk... litt "guilty pleasure", rett og slett. Slikt gjer godt i blandt. Som om eg liksom må nullstille det intellektuelle etter å ha lese Dostojevskij... Hehe

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

VannflaskeHanne Kvernmo RyeEster SElin FjellheimToveTove AlmaReidun SvensliAmanda AAgnete M. HafskjoldHanneKirsten LundReidun GranberggretemorAud Merete RambølAnne-Stine Ruud HusevågHarald KLailaRonnyAnniken RøilPiippokattaTheaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNicolai Alexander StyveVariosaIngunn SVigdis VoldEli HagelundedgeofawordsiljehusmorTone SundlandFarfalleLinnDemeterGodemineMorten MüllerMarit HåverstadTone Maria JonassenPirelliSynnøve H HoelKoriander