Kanskje knoting er eit nøkkelord? Eg kjenner fleire Bergensarar som har busett seg i heimbygda mi (Nordfjordeid), som har lagt heilt om og pratar nordfjordsk som ein innfødt ;).

Sjølv har eg, i daglegtale, lagt av meg hardcore nordfjordord som "bakkjen" (bakken) og "hekkjen" (hekken).

Eg har også notert meg at bergensarar sliter med å skjønne kva eg meinar når eg ber om å få vatn og påse, så no må eg seie "vann" og "pose".

Kanskje kvifor er eit slikt ord som forsvinner fort når ein skiftar bustad. Det viktigaste i ein samtale er vel å gjere seg forstått :p

Uff no er eg redd eg sporer kraftig av frå den "raude tråden", eg er lei for det...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var akkurat det eg meinte Bente. Men eg er nok dessverre ingen lingvist, noko som gjer at eg manglar det tvisynet på at språket endrar seg til det betre. Her må du orsake meg, eg er rett og slett ein av dei nostalgikarane som synes alt var så mykje betre før (under krigen)...

Dessutan favoriserer eg ein del ord og ordlydar til fordel for andre. Til dømes synes eg det er svært leit at den flotte "kj" lyden stadig viker plass for "sj" (meiner i alle fall at eg dette er tilfelle). Som den kverulanten eg er brukar eg ofte å korrigere mine venneres "taleskavankar", utan at det ser ut til å hjelpe, det er noko litt sørgjeleg over utsagnet "hold sjeft".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er enig med deg Guro om at "kvifor" er eit betre ord å bruke i ei nynorsk omsetjing enn "korfor" (sjølv brukar eg begge orda i min daglegtale, alt etter kven eg pratar med). Eg synes kvifor vert meir nynorsk, som er ei langt meir poetisk og vakker målform enn bokmål.

Men Aina har vel eit poeng når ho seier at nynorsken har eit vidare godkjent ordspekter enn "kav nynorsk", og det må ein vel berre finne seg i. Språket vårt er i kontinuerlig endring, og i følgje den siste lingvistikk boka eg bladde i, går ikkje denne utviklinga mot det verre (her er eg sjølv uenig), det er berre ei endring.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ildfluene

De var den aftenen med ildfluene
da vi sto og ventet på bussen til Velletri
at vi så de to gamle som sto og kysset hverandre
under platantreet. Det var da
du sa, halvt ut i luften
halvt til meg:
Den som har elsket lenge
har ikke levd forgjeves.
Og de var da jeg fikk øye på de første
ildfluene i mørket, knitrende
med lysblink rundt hodet ditt.
Det var da.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ei flott liste Gro, men eg saknar ei bok på lista di. "Hvit tiger" av Aravind Adiga. Den boka fekk meg til å lengte etter India =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kom på ei anna god bok med litt "episke" trekk. "En by som Alice" av Neville Shute.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg leser det meste, trur eg prøver ei av Sandemo først, så får eg sjå om eg finner meg ei "klassisk" husmorsporno bok, med minst "en erotisk scene" seinare.

Skal sjekke ut Tones bokside, takker for tipset.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hmm det var den einaste episke skjønnlitterære boka eg kunne komme på i farten. Med mindre du også er på utkikk etter episk fantasy, der kan eg nemne fleire ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Åndenes hus" av Isabel Allende, synes eg er ei fantastisk bok med eit litt "episk" preg over seg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Interessant. Eg hadde tenkt å prøve å lese ei bok frå "sjangeren" husmorsporno. Den må jo få ein sjangse sidan den har fått så mykje merksemd her på bokelskere. Nokon du kan anbefale =)?

Eg lånte den første boka i Sagaen om Isfolket i går, er dette ei bok som ein kan klassifisere som husmorsporno?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det var kjedeleg, hadde sett frem til den serien, sjølv om eg misstenkte litt trash over den. Når eg tenker meg om er eg vel også ferdig med vampyrar for ei stund, så må omprioritere leselista for sommaren. Forslag?

Forresten, takk for linkane, var artig med eit gjensyn med karakterane frå true-blood, og eg likte særleg den med Eric og Pam, sikkert fordi dei er favorittkarakterane mine, hadde tenkt å vente til heile sesong 3 er kome ut før eg såg den, men trur eg får gå den lange vegen...

Buffylinken var utrulig vittig, lo høgt gjennom heile, og kunne kjenne meg igjen i ho. Han skodespelaren som har rolla til Edward er utrulig lite truverdig (dårleg!).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Matronene er stort sett ikkje så veldig arrogante, dei er berre veldig enige om at dei bøkene dei synes er bra er bra.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er enig med deg Elianne. Men matrone-hierarkiet har lov til å vere litt arrogante ;)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Gode argument, og eg er naturligvis enig i at kiosklitteraturen "har vore" bøker av masseproduserande forfattarar som Ingulstad. Men eg er ikkje heilt enig i at dette er gjeldande no. Eg føler sjølv at begrepet kiosklitteratur har endra seg kraftigt den siste tida.

Du skriver at dersom kiosklitteraturen aldri hadde eksistert, ville mange mennesker aldri lest ei bok, og det er eg enig med deg i. Det er lettare (dette kan diskuterast) å gå inn i ein kiosk å plukke seg ut ei av dei 10 bøkene i hylla, (dette er vel gjerne eit utval av dei 10 mest solgte/mest populære bøkene som er i omløp - lat oss kalle det "populærlitteratur") enn å gå inn i ein bokhandel der valgets kvaler fort kan få deg til å spørre betjeningen om å anbefale ei bok (noko som igjen kan føre til at du sitter igjen med ei av kiosken sine 10 topp bøker).

Det eg meiner er at kiosklitteraturen i stor grad, gjenspeilar populærlitteraturen. Og då vert det klart at ein ikkje lengre vil finne f.eks Sandra Brown, og andre masseproduserte forfattarar på øverste hylle i kiosken, men heller forfattarar som Hislop og McCarthy, som absolutt ikkje fortjener å verte omtala som kiosklitteratur, men som for tida er ein del av populærlitteraturen, og dermed vert solgt over alt.

Men det er mulig eg tar litt feil når eg stiller den "nye" kiosklitteraturen på linje med populærlitteraturen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg går vanligvis til bokhandleren når eg har lyst på nye bøker, men eg kan hugse 3 bøker som eg kjøpte på den lokale nærmat butikken: "Sahara" av Clive Cussler, "Øya" av Victoria Hislop og "Veien" av Cormac McCarthy. Dette er altså dei bøkene eg tenkjer på når du seier "kisoklitteratur".

Eg synes at både Øya og Veien var gode bøker (Sahara var eit heller dårleg kjøp). Eg har også snust litt rundt og ser at begge desse bøkene har ein stor "favorittprosent" blant "brukarar" her på bokelskere. Som følge av denne "empiriske" underøkinga, kan vi fastslå at det er mange som likar kiosklitteratur.

Du nyttar også ordet "husmorsporno". Eg er litt usikker på kva som ligg i dette begrepet, men det som slår meg er at det er bøker som viser eit omslag med ei (halveis avkledd) dame og ein (halveis avkledd) mann, som oser av lyst og begjær.

Eg hadde ei kristen jente i klassa mi på vidaregåande som las slike bøker. Då eg hinta til at ho kanskje kunne vere litt sex fiksert, fortalte ho at ho hoppa over dei kapittla der karakterane oppførte seg "uskikkeleg". Eg skjønte ikkje i utgangspunktet grunnen til å lese slike bøker, og endå meir i villrede vart eg når ho fortalte meg at ho hoppa over den saftigaste biten. Det er mulig at EG er sex fiksert, men eg ville anta at erotikken var den einaste grunnen til å lese slike bøker.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Enig, og meir sorg, frustrasjon og elende har du i vente i dei neste 2 bøkene =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No har ikkje eg fullført anna enn den første Anne Rice boka, som eg synes var grei om ikkje fantastisk. Eg er generelt ikkje så glad i vampyr-seriar, foretrekker lange episke seriar med magi og mystikk.

Men no hadde eg gleda meg litt til Sookie-serien, vart hekta på tv-serien, som var veldig bra. Eg er godt nøgd så langt, etter 150 sider av første boka. Men du meiner serien ikkje er så veldig bra? Kva inntrykk sitter du igjen med? Var den verdt tida det tok å lese den?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja eg prøver stort sett å lese bøkene på orginalspråket, med mindre dei er oversatt frå eit språk eg ikkje er stødig i (rettelse: ikkje kan), då er det like greit å lese boka på norsk synes eg.

Etter at eg no er ferdig med siste boka er eg vel i grunnen enig i at Edward er den som passar best for Bella, men eg likar han framleis ikkje ;)

Eg synes at kjærleiken som vert skildra i Twilight serien, kanskje også er litt ironisert. Når ein er ung og full av hormoner og opplever sin "første kjærlighet", trur vel dei fleste at den vil vare evig, men dette er vel skjeldent eit faktum. Men Meyer har vel gjort eit forsøk på å gå eit steg lengre enn dette kanskje.

Enig i at skildringa av karakterane er svært ujamn. Eg meiner å hugse at eg likte Alice i den første boka, men i dei 3 siste synes eg ho var tåpleg og masete.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Absolutt eit poeng! Personleg hadde eg litt følelsen av at han allereie hadde bunde seg til ho, men det var vel kanskje berre denne forelskinga.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enhjørningen er ei flott novellesamling, personleg synes eg dei 2 første historiene er langt betre enn dei 2 siste.

Til lange, late dagar, er det viktig med lange, gode bøker, og eg ser du er glad i fantasy så då kan eg anbefale eit par frå denne genren.

George R.R. Martins serie "the song of ice and fire", har blitt omtalt som sopranos i middelalderen, og er ei fantastisk forteljing om maktkampen i det krigsherja Westeros. Dette er min favoritt fantasy serie, grunna den ubarmhjertige realismen, og det at boka ikkje har noko typisk svart/kvitt persongallerie, der karakterane anten er svært gode eller svært vonde, nei her er det mange obskure gråfargar.

Dersom du ikkje synes brutal maktkamp er heilt deg. Kan du prøve deg på Robert Jordans "Wheel of Time". Dette er ei lang episk forteljing (12 av 14 bøker er utkomne), der kampen mot "The Dark One" står sentral. (12 bøker +2) vi følgjer den unge helten Rand al' Thor på hans ferd for å redde verden mot mørkets herskar. Det kan høyres litt klisjeaktig ut, men det er ein spennande og solid serie.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelBeathe SolbergSolTatiana WesserlingHilde H HelsethArne SjønnesenKirsten LundGroMonica CarlsenKetilGrete AastorpEirin EftevandMcHempettTor Arne DahlMads Leonard HolvikJoakimSigrid NygaardIngunnJIngeborg GsiljehusmorOdd HebækJan Arne NygaardToveBjørg L.Thomas KihlmanKristine LouiseLailaEllen E. MartolgretemorAgnete M. HafskjoldKjersti SJon Torger Hetland SalteEivind  VaksvikTine SundalReadninggirl30Trude Jensenmay britt FagertveitEmil ChristiansenVibekeHarald K