Margaret Mitchell, såklart, eg sto stille på Harriet Beecher Stowe og Onkel Toms hytte...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er det lov å be om eit lite hint på starten? =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Absolutt! Eg begynte på Abercrombies sin serie "the first law" her om dagen, og sjølv om den virka lovande er eg for lite dedikert/konsentrert/engasjert, til å klare å forholde meg til berre ei bok. Synd i grunn, sommaren skulle jo vere ei fin tid til å slappe av og lese mange gode seriar, men til no har eg nesten ikkje fått lese noko eg har fullført, berre funne nye ting eg vil lese ;)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg bryter inn, som vanleg :p - Olav Havnes har eg sjølv begynt på, men eg synes den vart litt...tom? Veit ikkje heilt kva det var, men eg hadde følelsen av at eg satt og stirra inn i eit tomt skal, medan eg las boka, merkleg følelse derfor måtte den avbrytas.

Guy Gavriel Kay har eg lese ei bok av, Tigania. Eg likte den ganske godt, las den på svensk så sikkert ein del eg gjekk glipp av, men eg har sett den dukke opp fleire andre stader på ulike lister over beste episk fantsy.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Uff, litt flaut at andre svarte før meg! Var ein fersk tråd då eg byrja å skrive, men vanskleg å velgje kven eg skulle stemme på av Brontë, Skram og Henriksen, så vart litt somling. Måtte berre oppklare dette! :p

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hehe. Litt usikker på korleis du meiner ein skal avgi stemmer, men mi stemme går i alle fall til Dronningsagaen av Vera Henriksen.

Eg kan ikkje heilt hugse om eg har lese denne, men eg har lese mykje anna av Henriksen, og synes ho skriver svært godt, samtidig som ein får innblikk i Noregs førkristne historie og kultur.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Opne sluttar er vel eit trekk som går igjen i Fossum sine bøker, i alle fall dei første bøkene hennar. Eg og synes det var litt irriterande, i starten, men det er jo unekteleg eit verkemiddel som får lesarens til å delta aktivt med sine eigne tankar og idear, og det er vel bra, ja?

Lenge sidan eg las boka, så huskar ikkje heilt namna på karakterane, men eg fekk inntrykk av at han som tilsto drapet på Poona (Gøran??), var uskyldig.

Uansett ei svært sørgeleg og sterk historie!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har lese det meste av Nærum og synes han er ganske artig, "Monster", synes eg var litt svakare enn dei andre, men den høyrte eg på lydbok så kan hende eg ikkje fekk med meg alle nyansane. Kan anbefale "Sitt ned og hold kjeft".

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne lista er mest for min eigen del, for betre å halde oversikt over pensumet.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er ikkje nokon stor tilhengar av fan fiction, men eg meiner bestemt at elfwood.com har eit stort utvalg av slike tekstar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du har sikkert rett i det. Som Geir var inne på tidligare i diskusjonen går det vel også litt på snobberi, og sjølv setter eg skillet også ved "kvalitet" og kanskje også kvantitet.

Eg kunne gjort det svært enkelt å berre kalla kategorien "Teikna" =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den første boka heiter "Drømmen om Narnia", den har i grunnen ikkje så mykje med resten av serien å gjere, anna enn at vi får høyre korleis Aslan skapte Narnia (med ein sang trur eg det var), korleis Narnia er knytta til vår eiga verd, og vi får eit første møte med Jadis (den hvite heksa).

Personlig synes eg dette er den svakaste boka i serien, kanskje med untak av "prins Caspian", men uansett så er Narnia ein flott, liten serie som er verdt å få med seg.

Ikkje så veldig mørk og dyster, men med mange allusjoner til Bibelen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig i at det er ei svært god bok, men er ikkje sikker på om det er kjærleiken som er det mest fremtredande med den. Uansett kan den anbefalast =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og endå meir far fetched kan det bli. For i Kostovas fantastiske forteljing, "the Historian", driver Vlad Tepes å distrubierer mystiske bøker med drageikon til lovande historikere. Då vert det Drag --- on ;)

Uansett høyres seriane du nemner spennande ut, likar karakterar som bryer med dei tradisjonelle fantasy arketypane!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vitlaus mann
vaker all natti
tenkjer både upp og ut.
Han er trøytt og mod
når morgonen kjem,
og alt er flokut som før.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

"Har du ein venn og trur vel om han, så gjest han ofte, for kratt gror til og gras blir høgt på vegen som ingen går".

Håvamål: nynorsk utgåve.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ikkje den genren eg beveger meg mest innom, men "en langvarig forlovelse" av Sébastien Japrisot, synes eg var ei ganske god bok.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, quizen var vanskeleg. Men bra at eg i alle fall hadde 2 riktige, tsk, og eg som alltid brukar å hovere i pubquiz... jaja. Eg får prøve meg på den siste i morgon.

Dag Solstad misslikar eg sterkt, utan annan grunn enn at eg ikkje heilt klarer å forstå kvar han vil, og kva som er så fantastisk med han. Eg har lese Irr! Grønn! og novella Moskva av han, og sett filmen om gymnaslærer Pedersen. Eg har intrykk av at Irr! Grønn! hanlar om identitet og rollemønster i samfunnet og Moskva og "GP" synes eg verkar som sosialistisk propaganda.

Men Solstad er vel ikkje ein forfattar som skal lesast som underhaldningslektyre.

Nei no tar eg kvelden og vender attende til Brontës stormfulle høyder (på lydbok). God natt!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hmm dette var alt for vanskleg for meg, er også litt usikker på kva eg skal gjere. Eg prøvar å svare på det eg veit (trur eg veit) så kan nokre andre ta over der eg slapp.

Arnulf Øverland har oversatt "Hva nå lille mann", denne er eg sikker på!

Tittelen på boka om mordet i Skippergata er, "Det skjendige drapet i Skippergata" (poetisk), dette er eg rimlig sikker på, men huskar ikkje kva forfattaren heiter, vansklig navn trur eg.

Isabel Allende har direkte bånd til tidligare president i Chile (Salvador Allende?) denne er sikker!

Sigurd Hoel, litt usikker, trur han debuterte med ei diktsamling, men tippar den første romanen hans var "Syndere i sommersol".

Platons verk, også usikker, kjem berre på ein tekst av han, Gorgias, men det var gjerne ein av Sokrates dialoger.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vel, eg ville kalle det flaks. Eg las Bjarne Fidjestøls "Norsk litteratur i tusen år" for nokre veke sidan, så Sivle sto friskt i minne, og Voss vart rein tipping (og ei stor mengde mannleg intuisjon) ;)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

SolTor Arne DahlMads Leonard HolvikJoakimSigrid NygaardIngunnJHilde H HelsethIngeborg GsiljehusmorBeathe SolbergOdd HebækJan Arne NygaardToveBjørg L.Thomas KihlmanKristine LouiseLailaEllen E. MartolgretemorAgnete M. HafskjoldKjersti SJon Torger Hetland SalteEivind  VaksvikTine SundalReadninggirl30Trude Jensenmay britt FagertveitKirsten LundEmil ChristiansenVibekeHarald KFarfalleLars Johann MiljeEirin EftevandrubbelDagfinn JakobsenMette-MLene AndresenNora KjærstadTom-Erik Falla