Ja, hurtiglesing er ein dyd ;)

Orsak om du oppfattar svaret mitt som eit angrep, men eg følte at du kanskje var litt snar til å skjere alle oss "superlesarar" under same kniv, noko eg synes var litt unødvendig, sidan eg tvilar på at sosiale skavanker og lesing som primær hobby går hånd i hånd. Og om det skulle vere nokre slike tilfeller her på bokelskere, trur eg kanskje dei kunne oppfatte det som litt sårande å få slengt det i fleisen (sjølv om det er tilfelle).

Hehe, kanskje unødvendig å ty til store samanstillingar, men eg har alltid sett på lesing som ein sunn hobby.

Sidan du ønskar innsikt i ein "storelesars" lesevaner kan eg fortelje deg litt om mine. Eg studerar (mellom anna) litteratur og nordisk, noko som fører til ein god del lesing av skjønnlitteratur gjennom studiene.

Vidare har eg alltid ein mp3spelar med lydbøker innan rekkevidde, og høyrer bøker slik andre høyrer musikk, på veg til eller frå noko. Eg har også ein del hobbyar som maling, trening på studio, friluftsliv, etc... som lett kan kombinerast med lydbøker. På kveldstid synes eg det er kjekkare å lese bøker enn til dømes sjå på tv som andre kanskje gjer.

Heilt frå barnsbein har eg interessert meg for gode historier og forteljinger, og eg synes det er kjekt å kunne flette slike inn i kvardagen. Eg oppfattar det ikkje som ein røyndomsflukt, men som kjekke innspel.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Alle muslimer er terrorister, alle politikere lyger og alle unge menneske som les meir enn 3 bøker i veka fungerer dårleg i samfunnet! Slik er verda! Eller kanskje ikkje?

Det er mogleg du er uenig, men eg meiner i alle fall, at det finnes aktiviteter som er meir skadlege for unge menneske enn litteratur. Til dømes: dop, gjengvald, sodomi og politikk.

Eg trur heller ikkje at folk som leser gjer det fordi dei fungerar dårleg i samfunnet, men fordi dei har ein lidenskap for bøker og likar å dyrke denne interessa. Det finnes nok nokre unntak, men dette er nok ei heller lita gruppe.

Når det gjelder lesing som flukt frå realiteten så har eg sjølv aldri oppfatta litteratur på ein slik måte, eller, vel det er eit unntak. Den gongen, for lenge sidan, då eg var ung, respektlaus, misjonerande anarkist ønskte eg veldig sterkt at Da Vinci koden var verkeleg og verdsreligionane skulle bli styrta (det skjedde heldigvis ikkje, og eg har eit litt "sunnare" syn på religion i dag).

Sjølv les eg vanlegvis meir enn 5 bøker i veka, men dette er stort sett ein syssel som foregår på kveldstid. Etter ein dag på farten, er det utrulig deilig å kunne synke ned i godstolen med ei velfortjent bok, og du ville bli overraska over kor mange "lesetimar" ein dedikert lesehest med lite søvnbehov, har til rådighet i løpet av ei natt ;)

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Flink Anja! Quizen var akkurat passe vanskeleg ( eg baserer meg på det å kunne rundt 60%) Kanskje eg sjølv skal prøve å lage ein quiz.

Eco...Har knapt nok høyrt om mannen ;) Men han må nok prøvast, men han må nok stille seg i kø, skal først kome meg gjennom Paasilinna, så er det Shakespeare samlede verker, meir Fosse, Askildsen, litt svensk krim: Läckberg og Theorin, litt av Brontë(ne), Preacher, Lucifer og så har eg tid til Eco - kva likar du best av han?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Umberto Eco...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er heilt enig, sjølv er eg ikkje nokon stor fan av solskinnshistorier utan action, men eg unna verkeleg Poona å få leve lykkeleg med Gunder Joman, men eg trur kanskje ikkje historia ville ha gjort same inntrykk utan denne tragedien.

Heilt enig i at Fossums spørsmål om politiets arbeidsmetodar er interessante, og i tillegg kan jo vi lesarar stille ein del spørsmål når det gjelder kompetansen til Konrad Sejer ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skjønte ikkje mykje av den rebusen og Don Quijote, er langt frå favorittboka, men no har eg kome på svaret på nr.2: Much ado about nothing.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Var sikker på at Love's Labor's Won, var eit tapt Shakespeare stykke, men det er kanskje fleire - uansett svært interessert i å få vite svaret - kan du kviskre det til meg ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har retta på den no, og lurer på om nr.10 kan vere Nesbøs Doktor Proktors prompepulver

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fire: Owen Meany!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

En: har ikkje lese den sjølv, men er ikkje det Ulysses av Joyce?

Tre: Eg kjenner til forfattarane Roslund og Hellstrom, men litt usikker på bok 2, Boks 21?

Sju: Odysseen.

Åtte: Erasmus MOntanus.

Ni: Loves Labors Won.

Kjekt med quiz igjen =D

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Harens år var betre, men eg synes absolutt Den senile landmåleren var verdt å lese! Eg og er hekta "Kollektivt selvmord" neste ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hehe du og vart inspirert til å prøve deg på Paasilinna =) Sjølv har eg nettopp lese Harens år og Den senile landmåleren, svært vittig!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Rushdies "Sataniske vers" provoserte i alle fall muslimer over heile verda, så den burde vel kanskje fått ein plass på lista =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I år har eg lese vanvittig mykje meir enn kva eg har gjort tidligare år. Telte igjennom og kom frem til 189 bøker + 34 teikna romanar til no.

Men eg kombinerar nesten alle andre aktivitetar enn lesing med lydbøker, så bøkene går fort unna =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vi får vente og håpe på at nokon veit om ei slik gruppe. Eg skal søke litt rundt, og førhøre meg på biblioteket. =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det var hyggeleg av deg Ellen =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skjønte ikkje så mykje av tipsa ;)

Var sikker på at Vold oversatte Saramago, men har ikkje han oversatt Beckett også? Becket fekk vel nobelpris for eit eller anna, Mens vi venter på Godot? Kanskje dette er svaret på 4?

Elles var det ein fin quiz, med halvparten rett på litteratur kan eg ta kvelden med god samvit, i kveld vert det Shakespeare, Othello eller King Lear? Ja takk begge deler! =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar
  1. Ragnhild? Jølsen (litt usikker på fornamnet)

  2. Aner ikkje, men Steinbeck skreiv Øst for Eden (halvt poeng =)?)

  3. Ola Bauer!

  4. Han portugisiske som døyde her om dagen - Sarmago?

  5. Du skal ta livet av dei. (trur det var nr 9)

  6. John Berger

  7. Dag Solstad

  8. Dag Solstad?

  9. Johannesen?

  10. Stein Riverton?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hehe. Aldri høyrt om ;) Du lagar flotte quizar Geir og det er ingenting som ei mental utfording på aftenen, men kanskje litt enklare neste gong?!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Æsj, eg skulle akkurat til å tippe Solstads "Gymnaslærer Pedersen...".

Trur eg må gi opp, kva sjanger skriver forresten Loe i?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

McHempettSolTor Arne DahlMads Leonard HolvikJoakimSigrid NygaardIngunnJHilde H HelsethIngeborg GsiljehusmorBeathe SolbergOdd HebækJan Arne NygaardToveBjørg L.Thomas KihlmanKristine LouiseLailaEllen E. MartolgretemorAgnete M. HafskjoldKjersti SJon Torger Hetland SalteEivind  VaksvikTine SundalReadninggirl30Trude Jensenmay britt FagertveitKirsten LundEmil ChristiansenVibekeHarald KFarfalleLars Johann MiljeEirin EftevandrubbelDagfinn JakobsenMette-MLene AndresenNora Kjærstad