Takker for gode tips. Er nettopp ferdig med Tsjekovs tre år og likte den godt. Eg er overraska over kor lettlest boka var (eg har alltid sett for meg forfattarar som Tsjekov og Dostojevskij som tunge).

Fosse er eg svært glad i, men har berre lese nokre skodespel av han, så skal sjå om eg får tak i Andvake og kanskje Naustet i morgon.

Askilsen har eg også vore borti før, og fann utrulig nok, Samlede noveller i mammas bokhyller, så vert nok eit par av dei som kveldsaperitiff.

Blanchot og Pessoa har eg aldri høyrt om, men skal tråle biblioteket. Den anarkistiske bankier høyres svært interssant ut, men også litt tung. Lurer på om eg må bli vaksen før eg kan våge meg bort i den.

Takker igjen for gode tips og lukke til med di eiga lesing!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Heilt i starten tenkte eg at svaret på 1. måtte vere Montaigne (einaste forfattaren eg kunne kome på som "fann opp" ein ny genre), men etter hintet ditt er eg rimlig sikker på at det er Per Sivle som er svaret, meinar i alle fall at han skaut seg.

Har trulig aldri høyrt om forfattaren i spørsmål 2, men når tittelen på boka skal vere ei kommune i Hordaland kan eg ikkje tenkje meg at det kan vere noko anna enn Voss.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne lista var ikkje dum! Berre i dag har eg starta på 7 tjukke bøker, men stoppa etter nokre titals sider fordi eg er rastlaus og vil lese noko anna. Men svaret er naturligvis å lese tynne bøker!

Fann Tsjekhovs "tre år" på nb.no så kastar meg over den i natt =)

Nokon som kan anbefale 3-4 andre frå denne lista?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg lurer på om nokon her inne har kjennskap til ei lesegruppe i bergensområdet.

Med lesegruppe meinar eg ei gruppe der folk samlast for å lese bøker i lag, eller diskutere bøker dei leser.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dine rosende ord smigrer meg =)

Eg oppfattar dei fleste som interesserer seg for litteratur, som ganske sympatiske, i alle fall er "bokelskerene" sympatisek. Sjølv om nokon kan vere litt snobbete fordi dei har lese dei tunge russerne + Proust, eller alle bøkene til Frid Ingulstad.

Enig, bokelskere er ein fantastisk nettstad, som verkeleg oppfordrar til lesing samstundes som ein får mange gode tips og moglegheit til å diskutere. Eg trur eg må ha lese like mykje dette halvåret som eg las til saman dei siste 4 åra.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Artig liste =)

Dersom også faglitteratur skal inkluderast kan lista bli lang, t.d: "Buddhismen".

Eg gjorde eit tilfeldig søk og fann fleire bøker som heite "Twilight", av Stephenie Meyer, Elie Wiesel, Cate Tiernan, Meg Cabot. Sikkert langt fleire.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er usikker på om det vert noko av den tredje filmen, men her er i alle fall traileren:

http://www.youtube.com/watch?v=qf9Xl84b9Wo

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Men det er unekteleg artig å få stjerner ;)

Eg har ein teori om at karmaen til bokelskeren kan spele inn på kva som vert dagens beste innlegg. Stjerner frå "høgt aktede" og populære bokelskere teller nok meir enn stjerner frå meir uglesette og usympatiske bokelskere.

Eg får gi deg ei stjerne å sjå kvar eg sjølv står.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du har noko å glede deg til, eg har sett heile første sesongen, med "the nr 1 ladies detective agency", og serien er heilt herleg =).

Eg synes serien var vel så bra som bokserien, du vert fort glad i karakterane og Botswana er jo også eit nydeleg land.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For ein toåring veit eg ikkje heilt, men kanskje bøkene om Ludde og Tassen kan passe. Ein fireåring burde like Emil i Lønneberget og Pulverheksa.

Karsten og Petra som Stine var inne på er eit svært godt tips, men kanskje det passar best for 5 åringar som snart skal byrje på skulen.

Sjølv synes eg Vestly sine bøker er gode barnebøker, men dei passar vel også best for litt eldre barn, 5 år og oppover.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det var gode nyheter så tidlig på morgonkvisten. Eller var det det? Eg har alltid sett for meg Wheel of Time som ein stor tv-serie, ikkje ein skarve film. Men, ja det skal bli svært spennande å sjå kva dei kan få til.

Casting liste kan dei få av meg. Eg og ei veninner hadde nemlig den merkverdige hobbyen å finne skodespelarar som passa til persongalleriet i dei bøkene vi likte =).

Til neste år kjem også "song of ice and fire" som tv serie, det vert eit stort år!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Småkårsfolk som reddar verden er vel eit kjent trekk i svært mange fantasy bøker, og eg synes stort sett at det funkar ganske bra. Eit unntak som eg kan komme på: Shannara serien til Terry Brooks. Den er usedvanleg kjedeleg.

Øy! Ikkje snakk stygt om Nynaeve, ho er min favortitt karakter gjennom dei fleste bøkene ;)

"Merry England" var ei god skildring av Hobsyssel, eg synes også at Irland kan minne litt om det, men det er vel meir aktuelt å samanlikne Irland med det landet i vest, alvene reiser til for å bli lykklige igjen.

Dvergene er griske og vulgære, alvene er emo og menneska er, ja menneske, så det er hobbitene eg kan kjenne meg mest igjen i, og som interesserer meg mest. Eg kunne godt tenkje meg ein stor bokserie som berre skildrar hobbitane sin livsstil. Sopp-plukking og bygdedans er i alle fall meir spennande enn den sutringa som 1/3 av Ringens Herre består av.

Eg synes i grunnen Hobbiten er ei betre bok enn RH, fordi den er betre til å skildre det som er koseleg, trygt og naturskjønt.

Sarumann synes eg også er ein interessant karakter. Eg veit ikkje om Tolkien bevisst har plassert han i ei slik rolle (eller om det er fortolkning), men det du skriver om at han kan stå for verdsindustrialiseringa høyres fornuftig ut, Tolkien var nok ein liten, nostalgisk naturelskar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Her er eg litt uenig med deg. Tufte og Eia, har, etter mitt syn, ein vulgær og brautande tiss-bæsj-promp humor, medan Loe er meir ironisk på sin eigen litt naive måte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Enig i at Song of Ice and Fire har mykje til felles med rosekrigen - det at adelen kjempar om makta, og at utfallet ikkje har noko å seie for dei lavare klassene, anna enn den elenda krig fører med seg, men i tillegg til denne maktkampen ligger det ein obskur fiende på lur, som kan trur heile verdsordenen, og det er endå ltt uklart om det er "Ice" eller "Fire" som er "the big bad".

Sandman: Ein veldig kompleks serie, så vanskeleg å forklare. Serien handlar vel eigentleg om "Dream" (Morpehus eller på norsk "Ole Lukkøye") som er ein av dei 7 evige (endless = Destiny, Death, Dream, Destruction, Despair, Desire og Delirium (tidligare Delight). Dei er ein slags gudar, men heva over gudane fordi dei er evige, kvar av dei har sitt eige domene som står til namnet.

Sandman har også eit fantastisk persongalleri, med alt frå ”historiske” personar som Marco Polo, Shakespeare og David Letterman, til mytologiske skikkelsar som Odin, Ishtar og Bast, bibelske karakterar som Kain, Abel, Eva og Lucifer, og karakterar frå litteraturen som Titania og Batman.

Serien har vel i grunnen ikkje ei bestemt hovudhistorie, men mange små som lager ein flott heilskap, fleire av karakterane går igjen gjennom heile serien.

Tidshjulet synes eg er ein veldig bra serie, den tok på en måte over for Ringenes Herre, i alle fall i mitt tilfelle, men du har rett i at den køyrer seg fast ein stad mellom 6 og 10 bok. Enig i at den første boka er best, det er noko eige med landsbytullingar på flukt frå vonde makter.

Kjolekniplingar er det mange av, men det som irriterer meg mest med serien er mangelen på sex, vald og døde hovudpersonar. Noko George Martin i stor grad kan tilby deg ;) Likevel bør du prøve å fullføre den, Sanderson gjorde ein fantastisk jobb i den siste boka, ”Gathering Storms”, så no kan ein endeleg skimte ein slutt.

Slik du framstiller Ringens Herre, med natur mot industri, får du meg til å sjå likskapar med ”Markens Grøde”, det var noko eg faktisk ikkje hadde tenkt på før =).

Eg las RH første gang då eg var 8 år, og synes den var fantastisk, men etter filmen kom og alle plutseleg skulle lese boka, synes eg den mista mykje av sjarmen.

Men den første delen, når handlinga går føre seg i Hobsyssel, trur eg er den største leseopplevinga eg har vore bort i, eg er nemlig litt svak for landlig idyll med grøne åsar og blømande enger, ja også landsbytullingar på flukt frå vonde makter.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er litt usikker på om "Malazan Book of The Fallen" serien går under kategorien mørk fantasy, men no har ikkje eg lese meir enn dei to første bøkene i serien, så kan hende den vert mørkare. Uansett så vil eg anbefale serien, på grunnlag av dette magre innhogget. Eg likte spesielt godt måten skjebnen til dei ulike karaktergruppene vart fletta inn i kvarandre, og forholdet mellom gudane og menneska, som minnar litt om forholdet ein finner hos Homer.

Tilbake til dark fantasy. Eg kan anbefale to seriar som eg ville plasere i denne "genren". "The Song of Ice and Fire" av George R.R. Martin og "The Sandman" av Neil Gaiman (Berre spør om du lurer på noko angåande desse seriane).

"The Dark Tower" serien til King, er vel også dark fantasy, men eg veit ikkje heilt om eg vil anbefale denne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for tipset, eg var svært godt nøgd med den siste Wheel of time boka som Sanderson fullførte for Jordan, så Mistborn står absolutt på leselista mi =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tja eg synes den var heilt grei, tykkje det var spannande å lese ei roman frå eit område eg har lese ein del faglitteratur om. Men dette er vel den einaste skjønnlitterære boka eg har lese frå India, utenom Jungelboken då. Trur eg skal kikke nærare på bøkene i lista di =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Norsk fantasy er eg ikkje så veldig godt kjent med, men eg har lese den første boka i "Horngudens tale" av Andreas Bull-Hansen, og Amasone trilogien til Ingar Knudsen. Den sistnemnte synes eg var ganske bra. Eg har også lese "Phenomena" serien til Ruben Eliassen, men den rettar seg vel mest mot barn. Ja, også har eg byrja såvidt på "Song for Eirabu" av Kristine Tofte.

Dersom du er interessert i "utenlandsk" episk fantasy seriar, kan eg nemne "Song of Ice and Fire" av George R.R. Martin, "Malazan Book of the Fallen" av Steven Erikson og "Wheel of Time" av Robert Jordan, som er dei fantasy seriane som eg sjølv setter høgast.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mystisk forsvinning, men takk for tipset. Aldri høyrt om Stephenson, men "The Baroque Cycle" høyres svært interessant ut. Hadde den til og med i e-bok samlinga mi, så her er det glede i gården =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Oi takk for tipset, har venta på tv-serien i lang tid =)

Eg hadde satsa på at pilotepisoden vart lansert snart, men det vert vel litt venting på den og.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Beathe SolbergSolTatiana WesserlingHilde H HelsethArne SjønnesenKirsten LundGroMonica CarlsenKetilGrete AastorpEirin EftevandMcHempettTor Arne DahlMads Leonard HolvikJoakimSigrid NygaardIngunnJIngeborg GsiljehusmorOdd HebækJan Arne NygaardToveBjørg L.Thomas KihlmanKristine LouiseLailaEllen E. MartolgretemorAgnete M. HafskjoldKjersti SJon Torger Hetland SalteEivind  VaksvikTine SundalReadninggirl30Trude Jensenmay britt FagertveitEmil ChristiansenVibekeHarald KFarfalle