Vart ferdig med "Breaking Down" nett no, men er endå litt usikker på kva eg synes om den, må gjerne gå nokre dagar før sanesinntrykka er på plass ;)
Enig i at Edvard er lik Mr. Darcy (endå ein ulideleg karakter :P), og eg synes at både "New Moon" og Breaking Dawn, minne ein del om Shakespeare sin dramatikk. "Eclipse" er vel den einaste av bøkene som ikkje baserer seg på ei anna bok, sjølv om den stadig reffererer til ei (huskar ikkje kva den heite).
Enig i at "The Short Second Life of Bree Tanner" var eit friskt innpust i serien, men eg synes at "slaget" burde vore skildra frå Bella-vinkelen. Tenker meg at dei gjer den vrien i filmatiseringa. Men der har ein vel ein meir refererende synsvinkling.
Eg trur ikkje eg kjem til å lese "The Midnight Sun" med det første, sjølv om karakteren Edward muligens vil fremstå som meir likandes frå hans eigen ståstad. Var dette den boka Meyer avbraut grunna lekasje?
Det som slo meg var at det kunne vore nyttig, i første omgang, å lage grupper som rettar seg mot ulike bokgenrer. Då kan ein knytte bøker som høyrer til same genrer (eller som har same emneord) opp til gruppa slik at innlegg som blir posta av bøker i desse genrene vert tilgjengleg for alle som er med i den bestemte gruppa.
Sjølv likar eg til dømes å diskure fantastisk litteratur. Å lage ei hovedgruppe som rettar seg mot denne genren kan då vere det første steget. Vidare kan ein dele hovedgruppa inn i ulike undergrupper, som f.eks: anbefalingar, diskusjonar om karakterar i bøkene, ulike forskyggingar og observasjonar ein har oppdaga, som kan vise til hendingar i seinare bøker, osv...
Nokre forslag:
Kva skjer når ein opprettar gruppa?: Ein skriver ei skildring av kva ein ønsker å oppnå med denne gruppa. T.d. Lese klassikere ilag, som ei lesegruppe, diskutere etterkvart som ein les. Eg synes ikkje at grupper skal ha "leiarar", men at dei skal vere opne for alle. Det kan vel heller vere ein utkastings mulighet på linje med varslinga av upassande innlegg, som vernar mot usaklege innlegg, og spam av eigne dikt.
Kva skal skje når ein klikker seg inn på ei gruppe?: Same som "startsida til bokselskere", ein får sjå dei siste diskusjonane/kommentarane. Kanskje ei medlemsliste.
Kva kan ein sjå/gjere inne på gruppa si side?
Kanskje muligheten til å ha litt meir intime diskusjonar som berre medlem av gruppa kan lese og kommentere. Elles vert det vel som nemnt tidligare å diskutere meir målretta om emner, bøker, genrer som ein er opptatt av.
Kva skal ein ikkje kunne gjere på gruppa si side: Einaste som slår meg er at det bør vere forbud mot å poste eigenproduserte, flåsete dikt, med dårlig rim og innhald.
Kva skal det innebære å opprette ei gruppe? ...
Kva skal det innebære å melde seg inn i gruppa. Innsyn i dei siste diskusjonane/kommentarane. Mulighet til å kommentere sjølv (kanskje).
I bunn og grunn synes eg ideen med grupper, er god, men ikkje noko eg eigentleg saknar, eg synes bokelskere er eit fantastisk tiltak slik som det er. Eg veit ikkje om forslaga mine bugner ut i noko som kan gjennomførast, men eg ser for meg at gruppene kanskje kan lage litt betre oversikt, og gjere at folk lettare kan finne diskusjonar og bokelskere med same sinn.
Ja då var du heldig så slapp å vente. Sjølv snubla eg over den første boka då den kom ut, og utgjevinga av "Fortsettelsen" var eit høgdepunkt på linje med Harry Potter utgjevingane. Men "Slutten" gjekk det fleire år før eg tilfeldigvis kom over i ein butikk, og sjølv om eg slukte den ganske raskt var den ein skuffelse. Eg syens det heile vart for enkelt, at dei vonde utbalanserte dei gode i alt for stor grad, og måten dei gode til slutt vant på var litt lite oppfinnsom.
Det eg likte var korleis Hellheimer? (han tyske eventyraren) mysteriet vart knytt opp mot munkane i Ankh Mapur, det var ei fin vending. Men at "Han som gjør galt verre" skulle redde dagen, den tok eg ikkje. Sluttslaget burde også vere litt meir episk.
Men for all del, bøkene er svært vittige. =)
Flott du er enig. Har byrja så smått på "Breaking Dawn" og synes den er treig, men eg har bestemt meg for å fulføre.
Lurer også på om grunnen til at eg likar Eclipse betre enn dei 2 første er fordi eg las den på engelsk. Eg har ein misstanke om at oversettinga var litt tynn, men slik er det vel med ganske mange bøker dessverre.
Må kverulere litt på den der sunt/usunt greia (sjølv om eg er enig, og sjølv om det er lite maskulint og lite modent å diskutere tenåringsromanser).
Eg synes karakteren Edward er heilt grusom, muligens fordi eg ikkje tåler trynet på han skuespilleren som har rolla som han i filmene, men mest fordi han er irriterende. I grunnen når eg tenker over det så er det ingen av karakterene i bøkene eg liker spessielt godt, men eg står på mitt når det gjelder valget varulv foran vampyr ;) iallfall i denne bokserien.
Dickson Carr har eg berre lese ei bok av og det er "Sort Messe" ("the Burning Court"). Eg høyrte den faktisk først som høyrespel av radioteateret, og det var ei dramatisering som verkeleg fekk det til å gå kalt ned over skuldrene. Etter dette måtte eg naturligvis prøve meg på boka også, men eg trur eg må ha lese den første norske oversettinga for språket var svært tungt, så eg har ikkje lese noko meir av han, men du kan anbefale Dickson Carr, ja?
Dette var ein artig tråd, må legge til eit bidrag sjølv. Min topp 5 krim er:
"De dødes tjern" av Bernard Borge (Andre Bjerke).
"Døden i ishuset" av Minette Walters.
"Døde menn går på ski" av Knut Nærum.
"God aften mitt navn er Cox" av Rolf og Alexandra Becker. Høyrespel dramatisert av radioteateret.
"Jernvognen" av Stein Riverton.
Denne måtte eg faktisk avbryte midtveis, vart retten og sletten for kjedlig. Har også sett filmen og det også var langtekkeleg liding. Er ikkje nokon stor fan av Anne Rice, men no har eg byrja på Charlaine Harris sin serie og det er andre boller ;)
Eg er heilt enig i at dette er ei svært skuffande bok. Plottet var gjennomskuelig og faktadelen var ikkje fengjande, men det absolutt aller verste er kor stupide Brown har gjort karakterane sine. Dei skal visstnok vere blant USA sine skarpaste hjerner, men opptrer gjennom heile boka som lettare forvirra.
Eg synes faktisk at "the lost symbol", minner ein god del om Nærum sin Brown-parodi, "Madonna gåten". Einaste forskjellen er at karakterane i den boka bevisst er gjort dumme.
Eg høyrte den på lydbok då eg var 6, og las den sjølv når eg var 7, trur dette var den første boka (på meir enn 100 sider), eg las sjølv. Eg las den også høgt til søstra mi då ho var 8 år, men ho synes den var skummel. Så det varierer litt frå unge til unge.
The Hobbit er uansett ei fantastisk forteljing som ein stadig kan vende tilbake til gjennom heile livet.
Fantastisk artig serie det der, men eg vart litt skuffa over slutten. Synes Follestad gjorde det litt vel enkelt, noko som er synd for dei 2 første bøkene er veldig gode. Men kan hende det var forventningane etter fleire år med venting på avslutninga som gjer at eg ikkje synes den var heilt topp.
Eg trudde aldri eg skulle seie dette om ei bok i ein serie som er så inretta på eit kvinneleg publikum i starten av tenårene, men denne boka var faktisk ikkje så hakkande gale. Eg korigerer meg sjølv: "boka var bra!"
Eg synes dei to første bøkene i serien var svært svake, og dei greide ikkje å fengje meg på nokon måte, men "Eclipse" hentar seg inn og løfter serien opp fleire hakk (etter mi beskjedne meining).
Det eg spessielt likte med boka er at vi får eit djupare innblikk i dei ulike karatkerane si fortid. Eg synes også at spenningsnivået var langt høgare enn i dei tidlegare bøkene, det var bra!
To ting som likevel irriterer meg med "Eclipse" er, for det første, korleis Meyer drar det tragiske trekantforholdet ut i det lengste, det vert jo klart alt frå første bok at hovudpersonen, Bella, kjem til å velje vampyren. Det andre som ergrer meg er nettopp dette valget, kvifor må ho velje nettopp han. Eg synes nemleg at vampyren bør fjernast, eit forhold med ein varulv høyres mykje sunnare ut, for ei ung jente!
Eg må innrømme at eg ikkje er reint lite flau over å sitte å kommentere ei slik bok, med så mykje flas, mas, forboden frukt og evig kjærleik, men Eclipse gjorde faktisk eit såpass intrykk på meg at den var verdt litt ros.
Hei, dette synes eg var ein kjekk tråd, med mange flott dikt og innspel.
Sjølv har eg fleire favoritt lyrikarar, men Karin Boye og Sigbjørn Obstfelder er dei eg for tida setter høgast. Vidare har eg 2 dikt, eit av kvar av desse poetane som eg synes er svært vakre, samstundes som dei gjer eit sterkt inntrykk på meg.
Det første er Karin Boye sitt dikt "Sköldmön" (Gömda land, 1922). Eg er usikker på kvifor nettopp dette diktet fengjer meg slik, men eg føler det har noko sårt over seg,samtidig som det er litt episk.
"Jag drömde om svärd i natt. Jag drömde om strid i natt. Jag drömde jag stred vid din sida rustad och stark, i natt.
Det blixtrade hårt ur din hand, och trollen föll vid din fot Vår skara slöt sig lätt och sjöng i tigande mörkers hot.
Jag drömde om blod i natt. Jag drömde om död i natt. Jag drömde jag föll vid din sida med banesår, i natt.
Du märkte ej alls att jag föll. Din mun var allvarsam. Med stadig hand du skölden höll och gick din väg rakt fram
Jag drömde om eld i natt. Jag drömde om rosor i natt. Jag drömde min död var fager och god. Så drömde jag i natt..."
Det diktet av Obstfelder eg tykjer mest om, er "Navnløs" (Digte, 1893). Det er eit utrulig rørande dikt, samstundes som det viser at ein kan finne trøyst og varme sjølv i det djupaste mørket.
"Mørkets tåge sænker sig over trær, over plæner, bladene har ingen farver, græsset har intet grønt. Lygternes blus er mørkets gule pupiller - gule pupiller, som vider sig ud så sælsomt. Ingen er der, som ler eller sukker i parkens gange. Jeg hoster. Min hosten lyder som spøgelseharken. Jeg går. Mine skridt er som spøgelseskridt.
Men i parkens mørkeste gang, hvor lygter ei brænder, sidder skjult mellem trær på en ensom bænk en skjøge. Der er slør for de blege kinder, sort slør - bag det sorte slør er der øine, som sælsomt glimter.
Og jeg gribes af en vemodig, natlig glæde, ved at møde i mørket, i den døde nat, et menneske. Jeg sætter mig ned stille, drar sløret tilside taust, nærmer mine øine til hendes, min sjæl til hendes.
Lydløst daler nogle blade. Varsomt lægger jeg øret til hendes hjerte . . . Og brister i gråt, gråter i hendes kolde hansker, gråter og gråter, og ved ikke, hvorfor jeg gråter.
Hun støder mig ikke bort. Hun tørrer mine øine nænsomt. Og jeg griber hendes hænder i angstfuldt tungsind og ber hende gjemme mig, gjemme mig, gjemme mig.
Mørkets tåge sænker sig over trær, over sjæle. Løvet har ingen farver, græsset intet grønt. Men i tågen daler lydløst sorte blade, og i mørket sidder skjult på en ensom bænk en navnløs, og gjemmer ved det hede bryst en sygs ansigt, og gjemmer i de myge hænder en ræds øine, og ingen uden Gud hører hans såre hulken, og ingen uden Gud hører hendes trøstende hvisken."
Oi, dette vart mykje tekst, men dette er altså dei dikta eg likar best. Eg har ein forkjærleik for melankolske dikt, og synes svensk er det vakraste diktspråket. Muntre dikt på rim er noko av det verste eg kan tenkje meg (fekk for mykje Bjerke inn med morsmelka, og føler meg no heva over slikt). Dersom nokon har tips om dikt/diktsamlingar dei trur vil passe for meg så ikkje nøl med å svara, poesi er gøy =)
"I møte med innovasjoner og religiøse ytringer fra andre religioner har hinduismen de siste to tusen år snarere inkludert og underordnet enn ekskludert."
"Hinduismen" av Knut A. Jacobsen
Personleg er eg ein stor fan av George R.R. Marin, og bokserien hans "the Song of Ice and Fire".
Handlinga går føre seg i eit oppdikta middelalder-liknande univers, der kampen om kongemakta står sentralt. I bøkene vert ein introdusert for fleire av partane i denne striden. Det er ikkje noko klart skilje mellom godt og vondt (som ellers er så vanleg i fantasy genren), og det står dermed fritt for lesaren å velje kven av hovudpersonane han eller ho skal holde med, alt etter smak og moral.
Bøkene er fullstappa av renkespel og intriger, riddarar, heltinner og prinsesser i eksil, store turneringer og blodige slag, drager og magi, og mykje anna episk og spanande.
Ein bokserie eg absolutt vil anbefale til alle.
Oi takk for tipset, mange eg ikkje hadde lese der =)
Hehe, "Sikringsheimen" faktisk. Ikkje heilt feil den!
Eg har vurdert å sjå om eg kunne finne meg eit "leseselskap" sjølv, her i nærområdet. Problemet med eit slikt lag, slik eg ser det, vert tida ein dvelar ved kvar bok, eg likar nemleg å fullføre bøkene raskt, og ikkje over fleire år. Men sikkert kjekt uansett å drøfte med personar frå fleire generasjonar.
Hjerneetinga hugsar eg faktisk ikkje (var det han som tygde på erkebiskopen?), det som sjokkerte meg mest var faktisk kjettarane si straff, dei måtte ligge nedgravd med beina opp i ildgraver. Litt usikker på kvifor nettopp denne festa seg. Uansett tykkjer eg Gustav Dore sine illustrasjonar var svært gode og livaktige, men eg opplevde ikkje nokon paradislengsel.
Ja eg og ser med stor glede på den aukande mengda nettbøker på NB, det vart billigare å vere litteraturstudent etter eg oppdaga den sida ;)
Eg kan anbefale deg å høyre bøkene til Knut Nærum og Are Kalvø på lydbok. Krig av Nærum er mykje artigare på lydbok sidan den vert dramatisert av fleire kjente komikarar, og det same gjelder Bibelen 2, verkeleg festleg!
Hmm, så dumt då. Du får legje den litt på vent til du vert "vaksen", ikkje at det alltid hjelper, men kven veit ;).
Synes i grunnen biblioteka burde oppretta nokre databaser der ein kunne laste ned gamle klassiske lydbøker gratis, på den måten ville det vore lettare for "mannen i gata" å kome i kontakt med "kulturarven" (og eg preikar piss...)
Det er bra Solvår! Eg hugsar endå den første bokserien eg høyrte på lydbok. Det var steinalderserien til Åse Gyrid Solli, og den har eg høyrt mange ganger =).
Eg er heilt enig at alt det kjedlege vert mykje meir overkomleg med ei bok på øret, men eg føler det byrjar å gå litt hardt for seg sidan eg har starta å høyre bøker eg ikkje likar på dobbel hastighet, berre for å få dei fort overstått...
Akkurat no høyrer eg "Øst for eden" av Steinbeck.
Ja det er kjedleg når det er manglar på biblioteket. Men du kan jo prøve å laste den ned, sidan boka er såpass gamal bør ikkje den vesle moralske stemma som kviskrar oss i øyret at piratverksemd er fy-fy vere til stede ;)