Gratulerer =) Eg misunner deg litt - å ha ei lesegruppe som støtte, må verkeleg gjere det heile mykje meir gjevande. Boka viser jo til så mange andre litterære verk, historiske personer og soger, så det er sikkert lurt å kunne drøfte den ilag med andre.

Sjølv er eg enig med deg i at Helvete er den einaste staden som eigentleg engasjerer, eg vart stadig vekk sitjande å fundere på kva for ein av ringane eg kom til å havne i, utan at eg kunne finne noko klart svar på det. Skiringsheimen og Paradiset synes eg var svært trøytande, var litt interessant å sjå kven Dante plasserte på dei ulike nivåa, men likevel litt kjedeleg.

Eg er også enig i at språket var litt tungt, eg er til vanleg stor fan av nynorsk litteratur, men denne var vanskeleg. Og kor pokker kjem ordet "Skiringsheimen" frå?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lydbøker er geniale, spesielt når ein ønsker å gjere fleire ting på ein gang. No har det etterkvart blitt svært mykje å velje gjennom, så alle burde kunne finne eit eller anna som passar deira lesevaner. Eg er heilt avhengig av å ha ei lydbok tilgjengleg til ei kvar tid, viss eg ikkje har det vert dagen berre halveis. Multitasking er ordet ^^

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då vil eg anbefale deg å høyre den på lydbok. Eg og synes språket var litt tungt, men når det vert lest opp til deg går det mykje betre. Du bør prøve det ;)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ny gul duk på bordet.
Og nye kvite ark!
Her må då ordi koma,
her som er so fin duk
og so fint papir!
Isen la seg på fjorden,
so kom fuglane og sette seg.














Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hehe, ja lasta ned "På sporet av den tapte tid" som e-bok for nokre veke sidan, men trur eg må vente til eg har blitt vaksen før eg vågar meg ut på den. ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg synes ikkje det du skriver vert noko anna enn vulgært og tåpeleg uansett kor mange stader du postar det...

Eg veit ikkje om du er ute etter å provosere eller om du oppfattar deg sjølv som morosam, men eg rådar deg til å stoppe å poste slike innlegg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne lista likte eg. No kan eg endeleg skimte tittelen "kultursnobb" i det fjerne, og utan for mykje eigeninnsats!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No tykkjer eg at du vart litt ufin mr Johansen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja det er viktig å gjere det litt vanskeleg, ikkje sant ;). Eg tykkjer at det vert heilt feil å plassere fantastiske forteljingar som Marjane Satrapis "Persepolis" i ein så enkel kategori som "teikneseriar", saman med rølpehumoren til kollektivet og pondus. Og det må no seiast at det høyres betre ut når ein får slengt på eit ...roman. Uansett om ein veljer å kalle det grafisk roman eller "tegneseriroman".

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kva med "Vaaren" av Aasmund Olavsson Vinje? Det innehelde ikkje så mykje alvor, men er svært idyllisk =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

^^

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Las dei to første bøkene fant dei svært trøytande, likte ikkje karakterane noko særleg, men plottet var heilt greit. Trur ikkje eg kjem til å lese meir frå Terry Goodkind.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tykkjer dette var ein spanande tråd.

Det første som slo meg var at skilje på maskulin og feminin litteratur først og fremst er fremtredande i bøker for barn. Då eg var liten (for veldig lenge sidan), var alle jentene i klassa medlem i Pennyklubben, eg ville også vere med i den, men fekk ikkje lov. Eg måtte ta til takke med Hardy guttene, Bobbsy barna, og til nøds frk. detektiv. Ein gong sneik eg meg ned i kjellarstova midt på natta for å lese, og vart tatt på fersken med ei bok frå "Ina-Serien" i fanget. Dette vart slått hardt ned på. Den gongen trudde eg at det var fordi eg hadde lese i ei ungpikebok, men det slår meg no at det kanskje kan ha vore nattevandringa som vart sett på med skepsis.

I vaksen alder trur eg skilje vert mindre, men vi har jo, som mr Garatun var inne på, chick-litten, ein sjanger svært få menn vågar seg inn på. Sjølv las eg 17 sider i "En shopoholiker treffer blink", og det holdt for meg. Trur bøkene stort sett handler om kvinner som bruker alt for mange pengar på sko. Hornby har eg ikkje lese så eg kan ikkje bekrefte eller avkrefte noko maskulint motstykke.

Eg har også inntrykk av at kvinner er meir tilbøylege til å lese bøker av kvinnlege forfattarar, men det kan hende eg baserer dette på at kvinner generelt leser meir enn menn. Då eg var inne på Norli for å kjøpe "Øya" av Hislop, vart eg møtt med det konstanterande "Det er vel en gave" frå ekspeditøren. Ho vart sjokkert då eg avkrefta det.

Når det gjelder mine eigne lesevaner så leser eg like mykje av kvinnlege forfattarar som av mannlege, sjølv om dette er vanskleg å bekrefte sidan ein del kvinnlege forfattarar skjuler seg bak anonyme initialer, kjønnsnøytrale namn og mannlege pseudonym.

Vart mange ord dette her, orsak om nokon føler seg støyt, eg veit ikkje betre.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Fantastisk artig bok =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ok, det er mogleg at eg har forstått deg litt feil. Eg hadde i førstninga inntrykk av at du var så konservativ at du med "merkverdige og avskrekkande legning" meinte til dømes homofili, noko som eg ville oppfatte som litt provoserande. Men sidan du siktar til pedofili og nekrofili, er vi meir på linje. Jo - eg er enig at begge desse formane for legning er "merkverdige" og ikkje minst "avskrekkande".

Når det gjelder den kristne nattverden, kjenner eg lite til dens opphav og tradisjon, men eg ser kvar du vil, og med litt fortolkning, kan ein fort forstå nattverden som "kannibalsk magi", der er vi enige. Men fortolkning er jo ofte å setje ting litt på spissen. Kan vi ikkje då på same måten til dømes kalle ein klassefest på barneskulen for eit jomfruball?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det du skriver høyres fornuftig ut, men eg må krangle litt på det ;)

No har ikkje eg lese Constantin endå, men eg har inntrykk av at den byggjer på Sandman universet, og i den forstand kan tolkast som ei kontinuitet av Sandman, sjølv om ikkje historia byggjer vidare rundt Dream og "the Endless". Eg synes at fleire av bøkene i Sandman hadde preg av å vere periodiske, som f.eks "vol 8 Worlds end".

Likevel skjønar eg kvar du vil, og eg er enig i at grensa er tynn, om det då i heile tatt eksisterar nokon grense. Men å plassere litteratur i sjangrar synes eg generelt er ganske vanskleg.

Eg velgjer sjølv å skilje teikneseriar og grafiske romanar, fordi eg er (ønsker å vere) ein liten kulturell snobb, men ikkje gidder å lese klassiske snobbe romanar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg lurer på om nokon kan forklare meg skilnaden på ei teikneserie og ein grafisk roman.

Slik eg har oppfatta det sjølv, er teikneseriar episodiske. Med det meiner eg at handlinga går føre seg i eit bestemt univers med meir eller mindre faste karakterar, men handlingane i forteljingane har ikkje samanheng med kvarandre, som til dømes i Asterix.

Grafiske romanar på si side har ei kontinuerlig historie, nett som ein roman, der handlinga foregår på eit djupare plan. Ja også er det gjerne meir tekst (som til dømes Sandman).

Nokon som kan bekrefte eller avkrefte dette?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Du skreiv:

"Skal vi f.eks. respektere folk med pedofil livsførsel, eller andre merkverdige og avskrekkende legninger? Må jeg respektere den kristne nadverden - som er symbolsk kannibalisme? Jeg synes ikke man skal RESPEKTERE hva diverse livssyn legger fram for oss - uansett om det er fra vår egen kultur eller fra andre kulturer."

Det eg lurte på var kva du oppfatta som "merkverdige og avskrekkende legninger".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Etter 2 semester med alt for mange fag, og alt for lite kosleg litteratur, ser eg no frem til nokre deilige veke med strandhyggje og sommarlitteratur, og for å kome meg så langt unna pensumet som mogleg, vert det fantastisk (fantasy) litteratur som står på prioriteringslista.

Eg gler meg =)

Vert glad for kommentarar og fleire forslag ;)


Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eit fint tallsystem. Eg er ikkje heilt sikker på om eg skjønar det, men så lenge du sjølv har oversikt, så er det det viktigaste =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KBjørn SturødG LKirsten LundCecilieLailaAnne Berit GrønbechDemeterLisbeth Marie UvaagMarit HåverstadHilde Merete GjessingJulie StensethBjørg  FrøysaaMonica CarlsenalpakkaReidun SvenslibEeMeFAmanda ABeathe SolbergInge KnoffLars MæhlumNorahBerit Elisabeth NysæterIngeborg GBjørg RistvedtToveAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreAvaHeidiMarianne  SkageCatrine Olsen ArnesenBruno BilliaertGrete AmundsenSolveigVannflaskeTor-Arne JensenEivind  VaksvikEileen BørresenStig T