Artig Tone =) eg skulle til å kveruler litt på lista di, og hevde at lista ser annleis ut på nynorsk, men nynorskordboka hadde ein del fleire forklaringar på ordet fin, så eg lot det vere.

Det var vel ikkje i grunnen bruken av ordet fin som satte meg litt ut, men mangelen på variasjon. Uansett (som den kranglefanten eg er) vil eg hevde at ordet fin (nytta etter punkt 1.), er eit feminint ord som mest blir nytta av kvinner, i dei fleste kontekstar.

Sjølv nyttar eg berre ordet når eg får teikningar av små barn, og når eg er med veninner på shooping og er litt lei.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tja du er kanskje inne på noko, og no må det også nemnast at "damene", hadde fått i seg litt meir vin, enn kva damer i den alderen skal ha i seg. Så ordforådet var nok kutta ned til berre det basiske =)

Å vite kva som er bra med ei bok kan vere skikkeleg vrient. Eg leser ganske mange bøker, og ein del av desse etterlater lite spor, så kva skal ein synes om slike. I ein slik samanheng kunne eg vel sjølv ty til litt simpel skildring som "Boka var heilt grei" eller "Litt kjedeleg", men "damene" snakka om bøker som hadde gjort inntrykk, og dermed burde ein få ei litt større utgreiing, enn ordet "fin" (dei skjønte seg i mellom, kva som låg i dette ordet, og eg ville ikkje bryte av deira intime idyll, derfor lite innspel frå mi side ;) ).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja det skjønnar eg kan bli litt kjedeleg, du får setje dei på plass med nokre gode boksitat.

Eg kom på ei gruppe som eg synes er verre å diskutere med enn snobbane, og det er dei som leser "fine" bøker. Satt i eit grillselskap her om dagen, og høyrte på korleis, "damene" diskuterte bøker; "Øya... åh, den er så fin!", "Drømmehjerte.. ja den er skikkelig fin", "La oss synge deg stille sanger", ja, enig den er veldig fin" og slik gjekk det unna, men det var stor einigheit, om at mange bøker var fine.

Sjølv har eg aldri lese bøker eg ville definere som "fine", eg har lese gode bøker og dårlege bøker, bøker som var betre enn venta og bøker som var skuffande, bøker eg først ikkje likte, men plutseleg byrja å like etter ei stund og bøker som eg aldri likte, eg har til og med lese nokre kokebøker, sjølv om matlaging ikkje heilt er mi greie.

Uansett, så er denne gruppa veldig vanskeleg å diskutere med, sidan dei er så enige om at bøker er fine. Synes du at bøker er fine?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tja eg har støyt på fleire som oppfattar seg sjølv som "eliten" innan snobbelitteratur, ein tittel dei gjev seg sjølve fordi dei ikkje har lese noko som er utgjeve etter krigen. Eg synes litteratureliten, er vel så kvalmande som dei flinke hestejentene (eg gjekk på riding i første klasse, og alt då merka ein kven som trudde dei var flinke) og flinke fotballgutane. Heldigvis ikkje (så mange?) litteratursnobbar her inne =)

Hundetur kombinert med lydbok er verkeleg to fluger i same smekk! =)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ei flott liste! Fleire bøker her som også har gjort stort inntrykk på meg. Karin Boye er favoritt diktaren min, og eg er også svært glad i Woolf, Hugo og Pullman. Men den boka som trulig har gjort størst inntrykk på meg må vere Ringenes Herre. Eg synes ikkje lenger den er så fantastisk som den var då eg var ung (yngre), men likevel har den satt sine spor =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sikkert ingen dum ide, men som eg nemnte for herr Hope, så er ikkje eg sjølv noko dugeleg leiaremne ;) men dersom nokon andre skulle ta på seg ansvaret, er eg lett med på notane.

Lesetempoet i slike grupper vert vel tilrettelagd slik at alle kan henge med.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No var denne tråden, i hovudsak, eit forsøk på å finne ut om ei slik lesegruppe eksisterer i Bergensområdet, men resultatet ser svært dårleg ut, i alle fall til no.

Dersom det vert aktuelt å sette i hop ei slik gruppe, trengs det nok ein litt meir ansvarsfull person, enn meg sjølv, i spissen, men det burde vel kunne la seg ordne dersom interessa er der.

Kor ofte ein skal møtast? Tja det kjem vel litt ann på korleis opplegget til lesegruppa er, dersom ein skal lese bøkene på eiga hånd for så å diskutere dei i plenum, vert det vel ikkje behov for så hyppige møter, slik at alle kan klare å halde følgje. Men dersom ein baserer seg på å lese bøkene i gruppa, altså høgtlesning kan det jo kanskje vere lurt å treffast oftast. Eg veit ikkje heilt kva som er vanleg, eller kva folk er interessert i, men 2 gongar i månaden på det første forslaget og 2-4 gongar i månaden på det andre, høyres det passleg ut?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Flink jente! =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Riktig

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Stemmer =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, det er einaste problemet med natt-quiz ;)

2 - byen er Bergen. 3 - sjå for deg ein person som ser slik ut, du støyter ofte på ho på dagbladet sine nettsider... 5 - det er fleire måtar å kome til denne verda på. 7 - norsk forfattar, emneord: homofili.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig, Puck er ein herleg smådjevel!

Då har du 3 riktige til no, bra!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Riktig , men kven av dei var det som ikkje skulle få trylledrikken på auge?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Berre å seie i frå om du trenger hint ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

ja, det er i alle fall intensjonen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

riktig =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

den første er riktig.

du er inne på noko på 4, men forfattar av verket ikkje poeten

eg har vore gjennom boksamlinga di og du skal faktisk ha grunnlag for å vite alt, kanskje med untak av 2 og 7

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein enkel quiz i dei seine timar. Første bokstav i kvart av svara gjev løysningsordet. Lukke til!

1.Denne underlege skikkelsen meinar han urettmessig har blitt fråstolen ein eigedom han setter pris på, han klarer etter mykje strev å gjenvinne den men døyr så i forsøket. Kva er namnet?

2.Barntung jente søker husvære i ugjestmild vestlandsby ein sein haustkveld. Kva er namnet hennar?

3.Hud så kvit som snø, og hår og lepper som ibenholt. Kva er namnet hennar?

4.Gamal diktar, kom aldri til paradiset i følgje denne forfattaren. Fornamnet på forfattaren?

5.Frelsarskikkelse i eit anna univers. Han skapte ei ny verd med ein song. Namnet?

6.Ein av dei døyelege som fekk nytt syn på kjærleiken etter at Titanias lakei, med vondskap eller uhell, klusset med drikken. Kva er namnet hans?

7.To lepper møtast, og snømannens celler får ny konsistens. Kven har skrive denne boka?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja delar den same filosofien angåande oversettingar, så då vert det norsk. Deilig å kunne slappe av med bøker på norsk av og til.

Du er ikkje så veldig gjennomsiktig, men eg leser dei fleste som bøker (løgn?). Du får trøyste deg med det. Kva alderen din angår kan eg ikkje hjelpe... ;)

Synspunktet er svart på!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då skal eg sjå om eg kan få laga ein quiz, utfordringar er alltid artige.

Det er verre personar å hylle enn Shakespeare, eg tippar du må vere ein engelsklærar som likar å formidle! Sjølv likar eg Shakespeare svært godt, og les han no på både norsk og engelsk for å få med meg det meste (synes han skriver litt tungt til tider, og då er det greit å kunne sjå på Bjerkes fantastiske oversetting). Ja den Englandsturen du snakka om her om dagen fekk også meg til å drøyme om Britannia, så no er det mogleg eg sjølv tar turen, men det som appelerer mest til meg er nok arturianske legender.

Enig, Läckberg og Theorin er god underhalding som verkeleg går unna =)

Brontëne likar eg å kikke nærare på, eg driver akkurat no med ein svært omfattande studie av stormfulle høyder og satsar på at eg kan bruke den i ei av semesteroppgåvene. Eg skal vel snart skrive ei bacheloroppgåve innan litteratur og har lurt litt på kvinnelitteratur på 1800-tallet.

Grafiske romanar er fantastiske! Favorittane er til no er Sandman og Elfquest.

Eg hatar Brown så Foucaults Pendel trur eg at eg må plasere litt lengre opp på prioriteringslista. Temaet er jo unekteleg interessant!

Rosens navn høyres skummel ut, eg og er svært bedrøva over all kunnskapen som har gått tapt opp gjennom åra, alt var jo unekteleg betre før (under krigen).

Eco er vel då ein forfattar som fortjener mi merksemd, du har overbevist, men bør han lesast på norsk eller engelsk?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

gretemorEllen E. MartolAgnete M. HafskjoldKjersti SJon Torger Hetland SalteEivind  VaksvikTine SundalIngeborg GReadninggirl30Trude Jensenmay britt FagertveitKirsten LundEmil ChristiansenVibekeHarald KFarfalleLailaLars Johann MiljeEirin EftevandrubbelDagfinn JakobsenMette-MLene AndresenNora KjærstadTom-Erik FallamarithcRonnyRandiAKetilRisRosOgKlagingHanneGodemineAjiniakraPi_MesonTor-Arne JensenHilde H HelsethIngvild RosslundPiippokattaBeathe SolbergDolly Duck