Ja det er dette eg også liker med Fosse! Skodespela hans får ofte tankane til å arbeide hardt, med fortolkningar, idear om kva han meinar, osb... Så språket er det siste eg leggjer merke til. Men, når eg er ferdig med stykket, har eg eit ekko i hovudet, frå alle rima og rytmen - heilt utrulig korleis dei klarer å snike seg inn, suggerande som du seier! =)

Og aldri skal vi skiljast, synes eg er det beste han har skrive (av skodespel). Draum om hausten og Dei døde hundane, var også svært gode =)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

På fremsida til bokelsker får ein oppdateringar av litt av kvart, og særleg "Bøker som nylig ble lagt til boksamlinger" fasinerer meg - eg har det med å skue hunden på håra.

Det eg lurer på er om det er mogleg å legge til namnet på den som har lagt bøkene til boksamlinga si, slik at det vert lettare å finne desse boksamlingane.

Det hender det dukker opp bøker på denen lista som eg likar, og det kan tyde på at "brukaren" har fleire godbitar i samlinga si =) Saknar litt ein snarveg inn i denne samlinga.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det høyres ut som ein svært god ide! Eg nyter late sommardagar i Nordfjord, så vi får bli enige om ein dag etter ferien.

Eg er rimlig sikker på at interessa er der =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Flott at du skjønte kva eg meinte =) Det som gjorde det heile ekstra mystisk var at dette berre gjaldt halvparten av bokelskarane eg var inne på...

Takk for stjerne =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hehe, ja eg ser at eg kanskje formulerte meg litt klossete. Men min persepsjon kan vel ingen tvile på lengre ;)

Takker for stjerne =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg oppdaga nettopp at eg ikkje kunne sende private meldingar til alle bokelskarar, og synes dette var litt mystisk. =)

Er dette noko ein kan velje å ikkje motta, eller er det ein feil?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Den assosiasjonen fekk eg og, men om det er fordi "Skrik" og "Sult" er ord som liknar på kvarandre, eller om det er noko meir, det er eg ikkje sikker på =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja kan skjønne at ein fort vert metta av Knausgård =) Uansett, lykke til vidare, eg trur eg har fått min porsjon =)

Hehe, berre vent om 20-30 år så er vel også du ein liten englesøkar =p nei no vart eg vulgær, orsak!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne boka las eg då eg var i den rette alderen for slike bøker (16-17), og eg meinar å hugse at eg kom frem til den same vurderinga. Må innrømme at eg synes ho bestemora var litt artig i byrjinga, men ho var vel ikkje nokon sympatisk person når eg tenkjer etter, og plottet var ein vits.

Men eg har lese ein serie i litt den same sjangeren, ("eventyrreise?") som eg har likt godt og det er Gunnar Staalesens trilogi "Vikingskatten": =)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja eg har notert meg at det er ein del som sluker Knausgård slik andre sluker... noko som er lettare å sluke. Du skal vel prøve deg på heile serien? =)

Sjølv la eg ikkje merke til noko rot i setningane, men eg las litt i ei anna bok av Knausgård, "En tid for alt" (trur eg), og den synes eg hadde eit usedvanleg svulstig språk, så den måtte avbrytast.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja viss det er barndommen han skildrar så vert det fort mykje meir spennande - eg synes generelt at oppvekstromanar frå denne perioden er spennande, men eg er overhode ikkje interessert i den vaksne Knausgård.

Eg har litt problem med å sjå Knausgård i boka og forfattaren Knausgård som same person, eg las Min Kamp 1 mest fordi eg var nyskjerrig på alt oppstyret rundt han, ikkje fordi eg var interessert i historia hans - og på den måten oppfatta eg boka som underhaldning og ikkje ein biografi.

Eg synes han skriver svært bra, men historia er, som eg har nemnt tidligare, litt kjedeleg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg oppdaga nettopp at eg kan betegne meg sjølv som eit fruentimmer, med 5 av 6 "treff". Eg velger likevel å ikkje gjere det, fordi eg føler eg ikkje heilt har funne den "riktige" sinnstemninga endå, ja også er det noko feminent over det ordet...

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Eg kan anbefale ei bok av Hemingway og det er Edens Have. I den vert ein kasta inn i eit skikkeleg trekantdrama, og slanger i paradis er alltid aktuelt ;)

Kjenner ikkje til så mange av novellene hans, men ei av dei hugsar eg svært godt: "hills like white elephants". Den skulle eg analysere på vidaregåande og skjønte ikkje bæret av den, men så kjente eg ein gamal, britisk litteraturprofessor som for lengst hadde gått av med pensjon, og ho stillte gjerne opp med forklaringar og moglege tolkningar i både bøtter og spann. Eg trur ho satt i 3 timar og fortalte om denne teksten, noko som verkeleg vekka ein analytisk interesse hos meg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig. Bringsværd gjev nytt og friskt liv til den gamle gudstrua, utan å bevege seg for langt unna "orginalene". Bøkene sine illustrasjonar er fantastisk! Og sårleg bileta i "Loke" fall i smak. =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nei, lesesperre det er ikkje artig! Hadde det sjølv for nokre veker sidan, fordi sommaran gav meg så mykje fridom, og eg ikkje klarte å bestemme meg for kvar eg skulle byrje på boktårnet mitt - løysinga for meg var å lese korte romanar og noveller =)

Eg har vore gjennom bokhylla di, og må innrømme at eg er usikker på kva eg skal anbefale. Men kanskje du kan prøve deg på Erlend Loe.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Husbonden kunne ligge med den han ville, når han ville. På den måten krydde det av hans uekte barn rundt omkring. Det finnes distrikter der så og si alle har samme etternavnet. En av forfedrene mine la seg på kne og bad til Gud, etter hver voldtekt. "Herre. Jeg driver ei hor av last eller lyst, men for å få barn som for deg gjør en dyst."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sjølv leser eg svært mykje, men har ikkje snøring på politikk. Likevel har eg oppfatta meg sjølv som antisosialist. Men før valget i fjor tok eg ein test for å sjå kvar eg sjølv sto på det politiske kompasset. Resultatet plasserte meg overraskande nok ved sidan av Dalai Lama, nede til venstre. Eg er altså ein litt sosialistisk libertarian.

Om dette er fordi eg leser, eller fordi eg er imot dødsstaff og eittpartistat, og for abort og homofili, er endå uvisst ;)

Kjelder: http://www.politicalcompass.org/test

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då kan eg anbefale "Måkespisere". Det er eit skodespel som eg fann svært underhaldande, men måtte lese det to gongar, skjønte ikkje så mykje den første gongen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No har eg lese gjennom teksten 3 gongar. Første gongen synes eg den var litt svulstig, andre gongen litt for intens, men tredje gongen synes eg teksten var ganske fin.

Værsågod for "konstruktiv kritikk".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Artig, eg leser boka no og skulle akkurat til å poste dette sitatet, sidan det var svært så treffande, men ser at du Sidsel kom meg litt i forkjøpet =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Readninggirl30Trude Jensenmay britt FagertveitKirsten LundEmil ChristiansenVibekeHarald KFarfalleLailaLars Johann MiljeEirin EftevandrubbelDagfinn JakobsenMette-MLene AndresenNora KjærstadTom-Erik FallamarithcRonnyRandiAKetilRisRosOgKlagingHanneGodemineAjiniakraPi_MesonTor-Arne JensenHilde H HelsethIngvild RosslundPiippokattaBeathe SolbergDolly DuckgretemorAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLisbeth Marie UvaagAnn-ElinTanteMamieLinda RastenMads Leonard HolvikAnn Ekerhovd