Ah det forklarar ein del, takk for innsikta =) Då likte eg straks mykje betre det engelske namnet, men Uffert? Hmm.. er endå litt usikker på om eg tykkjer om det, synes kanskje at det kan vere litt unødvendig å knytte namn og personkarakter så sterkt til kvarandre, men Rowling gjorde ein fantastisk jobb med det!

Kom på ei anna namnendring eg ikkje var nøgd med heller: Luna Lovegood - Lulla Lunekjær (men såg no når eg skreiv namna i lag at det ikkje var så gale likevel =)).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hehe - det var vel kanskje ikkje akkurat ei "oh-my-god-fjortis-katastrofe", men enig i at det ikkje var heilt det store =)

Eg synes det er svært spennande når ein vekslar mellom ulike perspektiv i ei bok, variasjon er nyttig i tjukke bøker, og eg likte aldri hovudpersonen i twilight. Men kom meg no igjennom den til slutt! =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg kom brått på at eg har støtt borti ei rekke teikneseriar på nettet, som handlar om homofilt samliv og miljø. Eg har lese ein del av dei. Naturlegvis mykje som ikkje var heilt bra også, men eg kan jo gi deg nokre linkar, så kan du vurdere sjølv om det er verdt å vise til vennen din =)

1: Boy meets boy av Sandra Fuhr - denne las eg for nokre år sidan og synes den var ganske bra, måtte lese nokre stripar før eg kom inn i den, men den er ganske artig, ja og eg ville vel kanskje driste meg til å også kalle den "søt"..

http://boymeetsboy.keenspot.com/d/20000922.html

2: Fur-piled av Leo Magna - Denne likte eg også, sjølv om den var ganske spekka av ein merkeleg moral. Meir drama enn humor.

http://www.liondogworks.com/fur-piled.html

3: Carpe Diem av Graveyard Greg - tja, eg likte den ikkje, var nærast ein kopi av Fur-Piled, men du kan no få linken ..

http://www.webcomicsnation.com/graveyardgreg/carpediem/series.php?view=single&ID=72600

Håpar det faller i smak =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Godt å høyre at eg ikkje står aleine og heiar frem Høverstads namnendringar =)Men artig at du skulle nemne Umbrigde/Uffert - det var nemleg ei av dei få endringane eg ikkje heilt likte (kanskje du vil vere så snill å forklare det engelske namnet for meg =) ). Uansett er Umbrigde, utan tvil, den mest provoserande karakteren i heile HP universet, og eg må innrømme at eg synes ho er ein strålande skurk.

Vargas sine omesttingar kjenner eg ikkje til..

Når det gjelder den kulturelle forståinga, er det noko ein må leve med, dei fleste forfattarar vert nok svært inspirert/styrt av den kulturen dei er ein del av. Eg synes spor av ein framand kultur i litteratur er svært interessant og det hender ofte eg må dykke djupare inn i ymse "sekundærlitteratur" i etterkant. =)

Uansett glad for at HP universet ikkje vart gjort norsk, det hadde øydelagt mykje. Einaste bokserien eg har høyrt om som har ei slik fornorsking er Stompa..

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Oi, det la eg ikkje merke til =)

Først må eg berre få innrømme at eg tenkjer svært lite gjennom kva språk eg leser bøker på, og sidan mesteparten av det eg leser er e-bøker (eller lydbøker), må eg ofte ta til takke med det eg klarar å skaffe. Eg leser norsk på nb.no, og eg har skaffa meg ein god del (ca 30 000) engelske e-bøker i pdf format.

Lat oss kikke litt på den påstanden som vi svirrar rundt i denne tråden: om bøker oversatt frå eit "framandt" språk til norsk, vert dårlegare. Personleg trur eg at du har rett i at det er eit snev av snobberi, når folk hevdar at bøker er best på originalspråket, dei fleste omsettingane eg har lese har eg vore nøgd med, det er naturlegvis nokre unntak, spessielt i fantasy genren (t.d. Stephen Kings "dark tower" serie).

Eg kan nemne eit par dømer på bøker eg synes er godt oversatt, og som eg føler eg har grunnlag for å uttale meg om sidan eg har lese dei på både norsk og engelsk.

Harry Potter - eg veit at ein del irriterar seg over namnendringar, men eg synes ikkje boka vert svakare om ein kallar t.d. Dumbledore for Humlesnurr, snarare tvert imot, eg synes det er svært spenstigt og ikkje minst pedagogisk av oversetjaren, Torstein Bugge Høverstad, å gjere slike endringar. Eg synes også at Tolkien sine verker er godt oversatt, og Andre Bjerke har gjort ein fantastisk jobb med å omsetje Shakespeare til norsk.

Eg må også få seie at nynorsk er det skriftspråket eg setter høgast. Kosar meg verkeleg med Kristine Tofte si bok, Song for Eirabu, nett no. =)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kva med Ragdes trilogi: Berlinerpoplene, Eremittkrepsene og Ligge i grønne enger. Ein av hovudpersonane i desse bøkene lever i eit samliv med ein annan mann.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tja.. Eg er enig i det du skriver om at Tolkien sine verker er varmare på norsk enn på engelsk, og eg synes dette gjelder Hobbiten i størst grad. Særleg den første omsettinga har noko gamalmodige og traust/koselege over seg, som eg saknar på engelsk.

Men eg klarer ikkje heilt å relatere til denne vikingskammen. Eg trur kanskje eg har fått vikingtida romantisert gjennom hyppig lesing av forfattarar som Vera Hennriksen.

Eg er dessutan meir tilbøyeleg til å vere enig med historikaren Tacitus, som skildrar dei nordbuande folkegruppene som "edle barbarer", og som ein motpol til romersk dekadens.

Eg er langt ifrå nokon patriot, berre "litt" over gjennomsnittleg interessert i vår forhistorie, og fotball finner eg svært lite fengjande. Likevel ser eg på vikingtida, med eit blikk som bugner av paradislengsel (alt var jo betre før).

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg har nyleg lese tre bøker av Paasilinna. Harens År, Kollektivt Selvmord og "Den Senile Landmåleren". Eg synes Paasilinna skriver ganske bra, og han er tidvis utruleg morosam, men etter å ha lese 3 bøker av han vart eg farleg metta, for det er jo ein del trekk som... tja.. om dei ikkje går igjen, så liknar dei i alle fall svært på kvarandre.

Eg las Harens år på svensk, og synes det gjekk bra (eg har store mengder pensum på svensk, så likar å "øve meg" på svensk lesing ;) ). Om eg hadde fått eit anna eller betre inntrykk av Harens år om eg hadde lese den på norsk, veit eg ikkje.

Forøvrig synes eg dette var den beste av dei bøkene eg las av Paasilinna - "likskjendinga" var hysterisk morosam =)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

De kan sjølvsagt få lov til anbefale denne boka til meg, herr Røkkum. =) Og eg burde vel lese den igjen, sidan eg berre hugsar den svakt.

Kva meir ein kan ønske seg? Vel eg er glad i både "sildrande språk" og "fine betraktninger", men ulukkeleg kjærleik, kan eg klare meg utan. Eller kanskje ikkje? For det er vel desse forteljingane om slik elende, som best klarar å tvinge frem sympati frå meg, sjølv om eg også tidvis irriterar meg over det.

Eg las nyleg "Wuthering Heights" av Emily Brönte, og har i den siste tida arbeida med ein omfattande analyse (sommaren er alt for lang =p ), så er ganske så metta på ulukkeleg kjærleik. Men du har jo eit poeng i at det kunne vore interessant å gjere seg opp ei ny vurdering.

Og endå meir interessant kan det bli dersom eg setter Victoria opp mot Pan, og ser etter likskap - eg likte Pan =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då er vi enige om at Boktyven er bra saker!

Eg laug faktisk litt i forrige melding, då eg skreiv at Boktyven var sommarens høgdepunkt, for sjølv om den står høgt oppe, var det eit "litterært verk" som verkeleg trollband meg, og det var den grafiske romanserien Preacher!

Hehe, kan eg få lov å spørre kva for nokre bøker du har lese over fleire år? I mitt tilfelle gjelder dette stort sett diktsamlingar, sjølv om eg sleit kraftig, og i long tid, første gongen eg las "Divina Commedia" og "Don Quijote".

Enig, ulike sjangerar er essensielt når ein leser fleire bøker samstundes. =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er kjekt når ein klarer å plukke ut dei riktige bøkene =) og når ein er medlem av bokelskere får ein vel stort sett perlene servert på sølvfatt! Er så utrulig mange bøker som freistar etter litt snusing i andre sine boksamlingar =)

Evig kjærleik (til bøker) har også eg stor tru på, men eg er alt for ung til å kunne klare å skilje mellom ei hyppig romanse og livslong elskov. =)

Boktyven kan eg verkeleg anbefale, sjølv om eg ser at det er litt blanda meiningar om denne boka her inne. Betty Smith har eg ikkje lese noko av, men eg trur eg såg ein gamal film som var basert på den boka du nemner, A tree grows in Brooklyn.

Simultanlesing er ein dyd =) og eg er også svært glad i lukta av nedstøva bøker!

3 lydbøker går greit. Eg veljer som regel bøker frå ulike sjangrar, og høyrer ofte bøker på engelsk, og tidvis svensk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Å ja, det er så kjekt når ein finner ei slik bok ein berre kan synke inn i. Det går som regel lenge mellom kvar gong, men no i forgårs hadde eg ein slik "forelskelse". Eg las nemleg Boktyven av Zusak og den klarte eg ikkje å legge i frå meg, før den var ferdiglesen, ei fantastisk bok og truleg sommarens høgdepunkt =)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ja krim er farleg å blande, eg las for ikkje så lenge sidan "Steinhuggeren" av Läckberg og "Gutten i kofferten" av Kaaberbøl, samstundes, og det vart det berre rot av. Vanskeleg å prøve å fange opp alle prolepsene, og forutsjå fleire utfall/løsninger på same tid. Men når eg tenker meg om var kanskje Kaaberbøl si bok litt rotete i utgangspunktet...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg leser rundt 10 bøker no for tida, og har 3 mp3 spelarar med ulike lydbøker. Litt av kvart frå ulike sjangrar, alt etter humør og sinnelag.

Det er skjeldant eg fullfører ei bok før eg har starta på eit par nye, men eg brukar stort sett å få lese alt eg har byrja på, sjølv om det kan gå fleire månadar før eg gjenoppdagar ei bok eg er halveis ferdig med.

Eg er utstyrt med ein svært god "litterær" hukommelse, men dette omfattar diverre ikkje pensum... Jaja eg kan ikkje klage =)

Eg har merka meg at krimbøker vert fullført raskare enn bøker frå andre sjangrar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er eg heilt enig med deg i, bøker er noko av det flottaste ein kan dekorere heimen sin med, men då fortjenar dei å bli opna og bladd i ein gong i blant, og ikkje spinne ut i gløyma.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, kjenner du til forskjellen ;) ??

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mogleg eg overdreiv litt der, sjølv om det stadig vekk hender at bøkene mine vert misshandla av den vesle tosken - akkurat som eigaren sin setter han bøker høgare enn til dømes sko.

Men nye og velbrukte bøker er ein fin ting =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja dette er den første boka i Joe Abercrombie sin trilogi, "the first law". Eg har akkurat byrja på boka sjølv og den verkar svært lovande =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg likar at bøker ser brukt ut, og for meg er det ikkje ei større skam enn å ha ei bokhylle full av bøker, som ser uleste ut (har ei gamal tante som kjøper bøker for å nytte dei som pynt - fysj!).

På den andre sida synes eg det er kjekkast å kjøpe bøkene nye frå butikken. Problemet då er korleis eg skal få frem den litt fillete og rufsete "looken", eg setter slik pris på.

Eg brukar derfor å ta med meg ein del bøker i veska ("manbagen") min, og lar dei ligge fritt der ilag med alt skrotet eg likar å drasse rundt på, resultatet vert stort sett svært bra. Om eg ikkje er heilt nøgd, lar eg hundene min, Karsten, tygge litt på permen.

Bøker eg kjøper med paperback, er sjølvsagt eit unntak frå denne regelen..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ein trenger ikkje andre sin respekt når ein berre er ute etter å provosere, eller flotte seg med framandorda..

Men subjektivisme synes eg er ein edel dyd! =)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Hanne MidtsundNorahFriskusenBjørg  FrøysaaAnna Katharina MyklebustNabodamaMarianne  SkageIngunnJBjørg RistvedtToveandreas h. o.PirelliLars Johann MiljeHarald KPiippokattaingar hPär J ThorssonKirsten LundGodemineVannflaskeNina M. Haugan FinnsonTor Arne DahlAnne Lise JohannessenMads Leonard HolvikRufsetufsaElisabeth SveeJarmo LarsenKristine Louisemay britt FagertveitGroStig TKari FredriksensiljehusmorMarianneNMona HagenritaolineTone Maria JonassenDolly DuckSolveigVibeke