Tja, eg synes filmatiseringa av "Tatt av kvinnen" og "Parfymen" er gode.

Eg kan vel også nemne at eg synes filmatiseringane av "Twilight" filmane er langt betre enn bøkene (men dette skal altså ikkje så mykje til, for bøkene var heller dårlege).

Når det kjem til bøker som har vorte tv-seriar har eg fleire dømer. Bøkene om Sookie Stackhouse av Charlaine Harris (True Blood) og bøkene om "The No.1 Ladies' Detective Agency" av Alexander McCall Smith, har blitt omgjort til svært gode tv-seriar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg må innrømme at eg synes Harry Potter-filmane er langt ifrå så gode som bøkene, sjølv om filmane er svært solide. Dei klarer likevel ikkje heilt å fange magien og stemninga som ein finner i bøkene, og eg merka også at eg irriterte meg ganske kraftigt over eit utynna persongalleri, og manglande episodar.

Når det gjelder Ringenes Herre-filmane er eg enig i at dei er svært gode, og etter mitt syn langt betre enn boka..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tja eg kan nemne at vi fekk Robinson Crusoe lese høgt til oss då eg gjekk i 6 klasse. Den vart ikkje godt motteken av alle, men dei fleste likte den.

Eg kan anbefale bøkene om "den vesle vampyren" av Angela Sommer-Bodenburg, "det suser i sivet" av Kenneth Grahame ja også er jo Harry Potter ein stor vinner blant dei fleste =)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Artig, klassa mi leste den same boka, men vi likte den svært godt..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er litteratur vi er her inne for å drøfte, ikkje å analysere andre bokelskere sine lesevaner eller deira persepsjon. Å diskutere andre som om vedkommande skulle vere ei bok eller ein stol, synes eg er svært kvalmande, særleg når det foregår rett under nesa på personen.

Eg foreslår at dykk som har kommentarar, spørsmål, fan-brev, osb.. sender ei privat melding til vedrørande bokelskar i stede for å ta dette opp i plenum.

Godt sagt! (28) Varsle Svar

Eg trur ikkje eg skjønar heilt kva du meinar med "skumlest". Vil det seie å lese fort eller å hoppe over nokre linjer, evt, sider i blant?

Sjølv har eg 3 lesemodus:

  1. Pensumlesing, og det går begredeleg sakte, gjerne ikkje meir enn 15 sider i timen.

  2. Vanleg lesing.

  3. Hurtiglesing. Som er ein litt raskare variant av vanleg lesing. Eg har tatt tida og rekna ut at eg leser 80% raskare.

Skilnaden mellom 2 og 3 er berre farten, men eg klarer ikkje å halde på med hurtiglesing så lenge av gangen. På den andre sida går ikkje lesefarten ut over kor mykje eg får med meg av boka, så lenge eg er på det reine med at boka er noko eg lese som kos, og ikkje som pensum.

Pensumlektyre er ikkje kos, og eg er alt for klar over at det må memorerast og dermed oppstår det stress, og eg trenger lengre tid på å få med meg ting. Men dersom det dukkar opp ein digresjon eller ein tekst under eit bilete, merkar eg straks at dei andre lesemodusa slår inn, det er nemleg artig med slike små avbrekk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tror du noen hadde skrevet en bok om Romeo og Julie hvis de hadde fått seks unger?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ville en mann skrive et kjærlighetsdikt til kvinnen han har ektet og som skjeller ham ut fire ganger om dagen?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg er klar over at det er ein lang veg frem, og eg kan jo ikkje ta slike omvegar, som dykk frå det svake kjønn, får innprenta med morsmelka ;)

Er dessutan imponert over din kjennskap til kooperativ multitasking, den manglar nemleg eg!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Godt å høyre at eg er eit førebilete! =) Med litt øvelse vert eg nok i stand til å utføre heilt basisk multitasking, og kanskje eg til og med kjem opp på eit nivå som er lik kooperativ multitasking (kva nå enn det måtte vere..).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er enig med Mr Fongen om at totala tystnad er svært bra å ha i bakgrunnen. Det einaste som kan overgå dette er, regn mot ruta, knitring frå peisen og melankolske vindkast.

I det siste har eg likevel eksprimentert litt med musikk til lesinga, og har kome fram til at det fint går an å høyre på musikk i "genren" episk filmmusikk. Nokre av dei "artistane" (/komponistane?) eg for tida høyrer ein del på er: Hans Zimmer, Michael Nyman, Howard Shore og Craig Armstrong.

Eg nyttar altså musikk til lesinga, først og fremst som eit middel til å forsterke ulike stemningar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Kong Oidipus" av Sofokles og "Fadren" av Strindberg handler begge om korleis galskapen tek over menn med posisjon (og det står sjølvsagt minst ei kvinne bak kvar manns galskap).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja Habakuk kan vere til trøyst for oss all, tidvis ;)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Og det verste er at bøkene er på veg inn i skulen! Såg igjennom ei "litteraturliste" for vgs og fann fleire av desse "omstridte" bøkene på den.

Sjølv om tittlane er "herleg" vulgære, og sikkert appelerer til mange småkåte tenåringar, synes eg at dette er eit stort litterært tilbakesteg.. jaja..

På den andre sida, trur eg ikkje at eg har sett ein diskusjon her på bokelskere som har vore meir spekka av "tabuord". Lurer på om somme bokelskerne eigentleg synes det er litt "pirrende" å lire ut av seg ord som skildrar kjønnsorgan, legninger, rase, osb.. =)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg synes at bøkene til Indridason er av svært varierande kvalitet, men ingen av dei har i grunnen vore det heilt store. Eg er enig med deg i at denne boka vart heilt grei, men eg trur eg skal la bøkene hans ligge ei stund.

Dessutan synes eg at Erlendur vert mindre og mindre "menneskeleg". Eg klarer ikkje lengre å sjå kva som driver han, og det verkar tidvis som om han berre er eit verkemiddel forfattaren nyttar for å drive frem historia. Ein livlaus karakter.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Bibelen..

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Nei det er viktig å ikkje følgje fleirtalet! Eg vil faktisk strekke meg så langt til å seie at det er karakterbyggande.

Men eg må innrømme at eg har større motvilje mot Duun. Vesaas har andre tekstar eg likar, Duun har ingen..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hm.. Stygg var vel ikkje heilt det riktige ordet, men eg har ein personleg motvilje mot boka, sidan min manglande kunnskap om den førte til eit heller dårleg eksamensresultat no i vår.

Las boka på vidaregåande og einaste eg kan hugse frå den var at hovudpersonen "Tusten"(?), fylte meg med avsmak. Men eg var vel kanskje litt for ung og dum den gongen..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dårleg samvit? Kva er det for noko tull! ;) Men bra du vurderer Hovland lesing!

Vær i alle fall så anstendig at du stryker Duun! Han bør ikkje stå på nokon si toppliste.. (etter mitt syn)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Heilt enig! Nynorsk er nydeleg. =)

Saknar Ragnar Hovland på lista di. Kan anbefale "Sveve over vatna", "Mercedes" og "Ei lang reise" av han (NB..), og foreslår at du strykker ut "Fuglane" - stygge boka!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Lars MæhlumTor Arne DahlBerit RBjørg  FrøysaaNicolai Alexander StyveIngeborg GKarin BergToveritaolineHarald KHanne Kvernmo RyeChristofer GabrielsenKristin_Kjersti SPiippokattaKirsten LundNorahSissel ElisabethIngunn SHilde Merete GjessingAnn ChristinTove Obrestad WøienIreneleserG LMads Leonard HolvikCarine OlsrødBjørn SturødVibekeStig TVidar RingstrømLailaJarmo LarsenKari-AnneMarit MogstadAud- HelenTine SundalGladleserCecilieMaikenMaren