Eg er håplaus med namn og eg er håplaus med ansikt, men form og farge er eg heldigvis flink til å hugse. Derfor er eg ikkje så nøye med kva folk har bilete av, så lenge dei har eit eller anna eg kan gjenkjenne.

Dei som ikkje har lagt inn profilbilete, synes eg verkar litt "useriøse" og "lite dedikerte", og følgande brukar eg ikkje å sjå så nøye på kva dei skriver.. synd i grunn, for dei har sikkert litt av kvart å kome med dei og.. kanskje.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kjære Ann Christin, du veit vel at kattedyrets ånde er ein velkjent kenning? Den passar altså godt inn her! ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Men Anja, kjære deg, det er jo ikkje figurane i stykket som skal gå gjennom katarsis, det er jo vi som tilskodarar/lesarar. Eller har eg forstått heilt feil? Er ikkje katarsis det å få sterke sympatiske følelsar for ein tragisk karakter, for så, etter at stykket er over, glede seg over at det ikkje er deg det har gått gale med?

Men enig med deg i at moralen i stykket er flott!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bruk av klassiske figurar og mytologi er alltid ein suksess, etter mitt syn! Eg likar også det at Racine teke oppigjen den greske tragedien sin formell, som går ut på at lagnaden (hugsar ikkje heilt fagterminologien her) er forutbestemt, og at denne ikkje kan endrast. I motsetnad til Titus Andronicus, er dette stykket eit skikkeleg stykke tragedie, som verkeleg gjev rom for katarsis. =)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg høyrte dei på lydbok, så språket var på ein måte ingen hindring, men eg synes handlinga var svært tynn, og karakterane er ikkje gode, men det hadde jo vore interessant å ha lese boka då ein var i den rette alderen - lurer på om eg hadde latt meg lokke inn i lengsel etter "evig kjærleik" og "blinkande blodsugarar".. Nett som deg synes eg filmane har vore betre, sjølv om også desse fokuserer litt vel mykje på .. ungdomserotikk?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hehe, eg meinar at det einaste som har vore heilt klinkande klart gjennom heile twilight-serien, er at Bella kom til å verte ein vampyr, og at ho og vampyrguten (Edward?), kom til å leve "lukkeleg" alle sine dagar... Men må innrømme at eg synes den nye synsvinklinga var ein av dei få positive tinga med boka.

Det hadde jo vore spenande å sjå om du likar boka like godt om du les den om 5 år som du gjer no, men samstundes så er det jo viktig å ta med seg gode leseopplevingar frå tidligare, som minner, i staden for å stille spørsmål ved eiga vurderingsevne (veit ikkje heilt om du skjønar kv eg meinar..)

Formelen til Meyer er nok ikkje heilt perfekt, det er sikkert mange tenåringsjenter som ikkje likar boka, samtstundes som du truleg dukkar opp ein og annan "eldre" lesar som tykkjer boka er flott. Det eg meinte var at det truleg er lettare for jenter på din alder å like bøkene, enn kva det er for andre =)

Eg kan også skyte inn at eg synes Twilight filmane er mykje betre enn bøkene!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tja, eg synes det er svært flott at du har funne deg ei bok som du likar. Men eg lurer også litt på kvifor du likar denne boka så godt, var det handlingane du likte, korleis karakterane utvikkla seg, eller kanskje at ein tidvis fekk lese boka frå varulven sitt synspunkt?

Du skriver at alt handlar om smak. Når det kjem til Twilight er eg litt usikker på om dette utsagnet kan nyttast. Stephenie Meyer, har skrive ei bok som når frem til ei bestemt gruppe (jenter frå 12 - 18 år, kanskje?), og innan denne gruppa har boka gjort knallsuksess. Eg står diverre utanfor denne gruppa, og kan derfor ikkje seie anna enn at EG synes boka var svært dårleg, sidan boka ikkje rettar seg mot meg som lesar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja og korleis likte du den Anja, var den like episk og tragisk som du hadde venta? =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hehe, eg måtte finne frem Fedra då vi las the Tempest. Det vart forresten også eit gjennsyn med både Ovids Metamorfose og Vergils Æneiden, etter at eg las denne boka, noko som eg trur var lurt etterson Shakespeare er svært flittig med å referere til dei i andre skodespel.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk, takk, det var hyggelege ord. =) Også er det sjølvsagt berre å hengje seg på lesinga om du får lyst, alltid kjekt å vere fleire! Neste veke skal me lese "Taming of the Shrew ", denne har eg ikkje høyrt om så det skal verte spenande. Det er altså ei komedie..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

KOR ER OLA?
OLA ER DER.
KOR DER?
DER.
KVIFOR ER HAN DER?
OLA SER SOLA.
SER HAN SOLA?
SOLA, JA.
KAN HAN IKKJE SJÅ SOLA HER?
NEI.
KVIFOR IKKJE?
DET HENG EI MØRK SKY OVER HUSET.
EI MØRK SKY, JA.
KJEM OLA HIT?
JA, SNART.
HAN KJEM.
NÅR KJEM HAN?
NÅR SOLA GÅR NED.
HAN ER EIN LATSTOKK.
MEN HAN ER SONEN VÅR.
VEL, HAN ER SONEN MIN.
IKKJE MIN?
NEI.
DA SÅ. SEND MEG SALTET.

(ABC "av" Jon Fosse)

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Enig! Planlagte leseliste (evt. også pensum) er aldri kjekke å følge. Eg har også lagt merke til at dersom eg legger til ei bok her på bokelskere i kategorien "skal lese" eller til og med "leser", så misser eg lysta ganske fort ;)

Når det kjem til dette Shakespeare prosjektet, var eg heldigvis smart nok til å melde meg inn som "støttemedlem" - det vil seie at eg leser dei verkene av han som verkar spennande, eg foreslår derfor at du også gjer dette =)

Enig med Anja, the Tempest oppsettinga høyres svært interessant ut!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Er no snart ferdig med stykket på både norsk og engelsk, og i motsetnad til, for eksempel, the Tempest, der eg synes omsetjinga var vel så god som orginalen, var denne omsetjinga skuffande svak.

Eg synes Titus Andronicus, er eit bra stykke, og eg kan skimte fleire uferdige skisser, på seinare karakterar.

Dette er jo ei tragedie, men eg synes ikkje at Shakespeare heilt klarer å vekke min sympati for nokon av karakterane, korkje Titus sjølv eller hans datter Lavinia. Stykket har altså manglande sympatisuggesjon!

Eg er usikker på om dette har med språket å gjere, karakterane viser jo liten sympati overfor kvarandre, som Karamella viser til i sitt innlegg (sjå under), der Marcus skildrar Lavinias lemlestelse med poetisk malte ord fremfor å hjelpe ho, eller om det rett og slett er karakterane som ikkje heilt når opp til dei store tragiske heltane, som Oidipus, Othello og Phaedra.

På den måten synes eg ikkje at Shakespeare klarer å oppfylle tragediens mål, som er, viss eg huskar Aristoteles riktig, Katarsis ("renselse").

Eg hadde også litt problem med å finne ut kva for ein karakter eg likte best. Eg trur kanskje at det må vere Tamora, ho er sikkert ikkje så grei å ha med å gjere, men ho får i alle fall fart på sakene =)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Her er eg faktisk litt uenig med deg Anja, altså angåande det med å heller sjå eit sykke fremfor å lese det.

Eg synes at ein først og fremst bør lese stykket, få med seg handlinga, gjere seg opp eigne meiningar, notere seg sceneanvisningane osb.. med andre ord; prøve å dramatisere stykket i sitt eige hovud.

Etter dette er det fritt frem for å ta seg ein tur på teateret, og sjå korleis andre veljer å tolke stykket =) Men den dramatiseringa vert jo på ein måte berre ein liten del av skodespelet sitt potensielle spekter.. Leser ein stykket sjølv er det mogleg å utforske ein større del av dette spekteret, og det er bra! =)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sweet mercy is nobility's true badge.

(Act 1, scene 1. "Tamora")

Godt sagt! (3) Varsle Svar

PEER: Er ikke du Døden? Du som går rundt med sånn... (viser)

DØDEN: Ljå?

PEER: Ja.

DØDEN: Nei.

PEER: Jo. Du er Mannen med ljåen!

DØDEN: Jeg har ikke noen ljå.

PEER: Få se! (DØDEN viser ei hand.) Få se den andre handa! (DØDEN viser den andre.) Få se begge på en gang! (DØDEN holder fram begge hender, og mister ljåen sin. Klunk!) Aha!

DØDEN: Okei, da. Jeg er Døden.

PEER: Jeg visste det!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tiller er herleg! Også skriv han på nynorsk attpåtil = fantastisk!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Der mor mi og mor di kom ifrå hadde ei husmor krav på anerkjenning når ho heldt det fint i huset, og mykje av sjølvrespekten stod og fall på at ektefelle og naboar og andre viste ei slik anerkjenning. Når mamma hadde vaska, for eksempel, sette ho aldri nalen og bøtta og vaskefilla tilbake i skapet der det skulle stå, ho stilte alltid nalen opp mot vegge i entreen, plasserte bøtta ved sia av og hengte den fuktige vaskefilla over kanten, og der vart det ståande til neste dag, slik at alle som kom innom skulle hugse på å kommentere den friske lukta av grønsåpe eller seie andre ting som anerkjente mamma som eit pliktoppfyllande og hardtarbeidane kvinnfolk.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Å bruke en livstid på å skjule den erotiske sannheten om en selv har vel en slags kumulativ, forsakende effekt. Seksuell skam er i seg selv en slags død.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det fins tre verdener - fattig hetero, rik hetero, og kunstnerisk intellektuell.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tone HHarald KLinda PaulsenNils PharoKirsten LundTorill RevheimHeleneÅsmund ÅdnøyHenrik  Holtvedt AndersenritaolineToveLinda NyrudBirkaAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaNicolai Alexander StyveLailaBjørn BakkenBård StøresiljehusmorAkima MontgomeryBeathe SolbergKjerstiHilde Merete GjessingEster STorAmanda ALilleviFrisk NordvestAnn-Kristin RobstadJMerethe SolstadMorten MüllerEllen E. MartolGro-Anita RoenBenedikteAstrid Terese Bjorland SkjeggerudIngunnBerit RIngunn SLisbeth Kingsrud Kvisten