Eg kom nettopp igjen frå teater (dns) og har sett "Min familie" av Tracy Letts, og med Anne Marit Jacobsen i hovudrollen. Eg hadde ikkje høyrt om skodespelet, og heller ikkje forfattaren bak det før, og dessutan er det lenge sidan eg har vore på teater, så var ganske forventningsfull.

Eg likte stykket svært godt! Ein kan vel omtale det som eit familiedrama, med ei mengde intriger, forvikklingar og skjulte løyndommar.

Eg lurte på om det var nokre andre her på bokelskere som har sett stykket, og kva dykk synes. Thoughts?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då foreslår eg at du startar på nytt. Eg synes du hadde satt opp gode kriterier for korleis du tenkte at romanen skulle utformast. Einaste problemet var at starten var litt tung, det er ikkje alle som vågar å hive seg på eit slikt prosjekt når starten er så (orsak ordbruken) svulstig..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Synd, eg synes dette høyrtes ut som eit lovande prosjekt =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nei, det er jo mykje meir artig at ein berre diktar sjølv, eg er sikker på at det er mange kreative krabatar her inne med skrivekløe i fingrane ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Der var eg litt enig med deg så derfor gjorde eg ein liten vri, no er det din tur! Håpar du teke utfordringa =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Harry slengte frå seg pennen. Nei, ein vert nok ikkje forfattar av å skrive av velkjende skribentar. Han klødde seg på den hårlause issen og såg ut av vindauget. Der var himmel, hus og eit tre. Himmelen var grå. Husa var raude, kvite og blå. Treet var brunt. Han kunne også sjå nokon folk som gjekk nede på gata. 3 ungdommar, ein gammal mann og ein hund. Ungdommane ropte og skrålte, medan dei dytta kvarandre og lo. Den gamle mannen gjekk stille og krumbøygd. Han hadde stokk. Hunden tissa på treet. Det brune treet. Ein hund som tissar, på eit tre. Harry lente seg tilbake med ei tenksam mine i panna. Det var vel i grunnen ikkje så veldig morsomt, men viss han tenkte at hunden vatna treet... Då vart det straks mykje meir morosamt. Han lo og tok seg ein kakebit.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kanskje du skal vurdere å starte ein ny tråd no, "Målform og alkoholpreferanse" ;)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ja det er viktig med litt variasjon i namnevalget synes eg. Då eg var liten (mindre), var det mi mor som valgte kattenamna, og der var det lite fantasi å spore. Eg trur vi hadde 8 kattar som heite Augusta!

Pus høyres ut som ein skikkeleg bra katt!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har vore anklaga for narsissisme ved fleire høver, men prøver å bli litt meir "vaksen". Trur det går fremover, det er i alle fall lenge sidan eg drukna i mitt eige speglbilete!

Lukke til med stjernesankinga =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg brukar ikkje rope så mykje på dei, men når eg gjer det brukar eg å nytte fellesbegrepet "pus". Det er både kjønnsnøytralt (i motsetning til namna) og passande. Kanin faktisk, ikkje verst. Digresjon: Eg smakte kanin i Portugal, det var smakfullt.

Sjølv har eg ein hund, han heiter Karsten.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No vart eg litt lysten på å høyre kva det var du ikkje hadde trudd om meg.

Ros er alltid bra, og soling i stjerneglans er heller ikkje å forrakte. Du burde prøve det ein dag =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Flott liste! Sjølv har eg berre lese "Den lange reisen" av Torill Thorstad Hauger, som eg synes var svært bra (då eg las den for ca 10 år sidan), men det var også mykje anna som frista her =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Artig kattenamn =) Sjølv har eg ingen kattar buande hos meg, men "har" 5 heime hos ho mor, dei heiter Artemiss, Tiberius den 3, Machopa Exodus, Mozart og Herbjørg. Ingen av dei er "fiksa" noko som fører til svært mange småkattar. Eg er glad for at det framleis er "rev" i skogen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg skjønar kva du meiner, eg brukte også ei stund på å finne ut kva og kven eg skulle påskjønne. I starten gav eg til dømes berre stjerner til sitat eg synes var gode, og seinare berre til innlegg som var svært interessante. Det har også hendt at eg har tatt tilbake stjerner fordi eg har endra på retningslinjene mine angåande kva som fortjener påskjønning.

No har eg heldigvis fått eit litt sunnare syn på dette, og delar ut stjerner i hytt og pine, så lenge innlegget er godt skrive eller fasinerer meg!

Mål: Dele ut fleire stjerner enn Rose-Marie. Så no satsar eg på mange gode diskusjonar =)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Her var det mange bra svar før meg, men eg prøver meg likevel på eit lite bidrag.

Heilt i starten av min "bokelskerkarriere", var det det å finne og legge inn bøker eg hadde størst glede av, eg synes det var utruleg artig å kunne leite rundt, finne bøker eg hadde lese, og etterkvart oppdage at eg faktisk hadde lese ei ganske så stor mengde bøker. Eg vart gira på å lese fleire - mange fleire!

Då bokhyllene var "fylt opp", starta eg å sjå litt nøyare på diskusjonane. Eg ville prøve å forstå korleis bokelskarane vendte seg mot kvarandre og kartlegge kven som vart sett på som "eliten" her inne. Så byrja eg å skrive innlegg sjølv, og brått hadde eg fått mi første stjerne. Dette synes eg var veldig stas og eg måtte sjølvsagt vise den til sambuaren min, som ikkje vart imponert.. "Har du lyst på fleire?", "JA!" sa eg, og brått hadde eg 7 stjerner, dette førte til ei lita glede, men eg byrja også å skamme meg litt, og måtte be om å få desse fjerna. Det var nemleg mykje meir stas å ha ei stjerne som eg hadde fortjent enn 7, der 6 var røva til seg ved juks!

Etter dette hadde eg ein periode der eg debaterte ivrig i håp om å vinne andre bokelskere sin gunst, for å nå målet eg hadde lagt meg, på 50 stjerner. Men då dette målet var oppfylt, etter mange, lange månader, fann eg ut at det eigentleg ikkje var så viktig for meg å få stjerner.

No har eg etter lang tid her på bokelskere (utruleg nok) fått ganske mange stjerner. Desse vil eg først og fremst få lov til å takke for - "takk". Det er alltid kjekt å få ros for noko ein skriv, sjølv om det i det store og det heile er gleda over å drøfte det som opptek meg, som eg ser på som den viktigaste delen av bokelskere.

Eg trudde i grunnen at det å få stjerner ikkje betydde noko særleg, utover at det er litt kjekt, men etter ein episode på byen, der eg kom i prat med ein annan litteraturentusiast, har eg stillt spørsmål ved dette. Vedkommande anbefalte denne sida til meg. Eg fortalte sjølvsagt at eg allereie var medlem. Han spurte kva eg kalla meg, og etter å ha svart, kom eg med det arrogante svaret "Du finner meg på stjernetoppen". Dette er eit svar eg har skamma meg over i lang tid, og eg kan vel ikkje anna enn å skulde på raudvinen!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg er litt usikker på om dette er synestesi, men eg har i alle fall opplevd å sjå fargar når eg ser på eit lys lenge, for deretter å sjå vekk. Eg vert også kvalm av å ta på fisk, noko som fører til ein vond smak ved berøring. Og mange av oss har vel vakna opp tidleg ein morgon, etter ein skikkeleg fuktig kveld på byen, og oppdage at både senga og rommet gyngar faretruande, medan psykedeliske fargar virrer rundt - fantastisk!

Eg har endå ikkje sett lyd!

Uansett så verkar det ganske spennande, og når eg tenker meg litt om har eg nokre ord og tall eg forbinder med fargar. Til dømes er 7 oransje.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ah men den har eg jo faktisk høyrt om! Eg trudde dette var endå eit av desse "ukjente" (lite kjente) Shakespearestykkene, men tydlegvis ikkje, synes at det var noko kjent i plottskildringa =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har ikkje heilt komt meg i gong med "The Taming of the Shrew" endå, men har lese nokre plotskildringar og stykket verkar lovande. Kva heiter skodespelet på norsk?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er ikkje ein kenning, men eit faktum og ei plage ;) Hunden min har i alle fall svært dårleg ånde, sjølv om eg pussar tennene hans rett som det er..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg tok kanskje litt hardt i når eg kalla dei useriøse.. kjedeleg var sjølvsagt eit langt betre ord! Og som du seier er det jo spennande med litt farge. =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KLinda PaulsenNils PharoKirsten LundTorill RevheimHeleneÅsmund ÅdnøyHenrik  Holtvedt AndersenritaolineToveLinda NyrudBirkaAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaNicolai Alexander StyveLailaBjørn BakkenBård StøresiljehusmorAkima MontgomeryBeathe SolbergKjerstiHilde Merete GjessingEster STorAmanda ALilleviFrisk NordvestAnn-Kristin RobstadJMerethe SolstadMorten MüllerEllen E. MartolGro-Anita RoenBenedikteAstrid Terese Bjorland SkjeggerudIngunnBerit RIngunn SLisbeth Kingsrud KvistenThomas Kihlman